Folkedans
Tilbake til hovudsida

 Ei kort utgreiing om norsk folkedans - mange referansar

Oversikt
Songdans
Turdans 
Gamaldans
Bygdedans
Bygdedansar frå Møre og Romsdal
Bøker i folkedansarbeidet


Oversikt over norske folkedansar

Det er vanleg å dele norske folkedansar inn i 4 grupper: songdans, turdans, gamaldans og bygdedans. Iblant blir songleikar tekne med som eiga gruppe. Nokre gonger blir songdansen ikkje teken med mellom folkedansane i Noreg, fordi han er ein konstruert dans. I seinare år er det også nokre som tar med nye folkelege danseformer som swing og rock.

Songdansen var den vanlege danseforma i middelalderen, men vart trengt unna av musikkdansen for nokre hundre år sidan. Han kom i bruk att i byrjinga av vårt hundreår, då Hulda Garborg starta med songdans. Inspirasjonen til arbeidet henta ho på Færøyane der dansen hadde levd i ubroten tradisjon frå middelalderen. Hulda Garborg skapte ein norsk variant. Dansemåten er ikkje berre eit fast grunnsteg, som på Færøyane, men inneheld også ein variasjon i kvart vers - eit såkalla brigde. Desse brigda er ulike frå dans til dans. Seinare var det Klara Semb som stod i brodden for arbeidet med songdansen (og turdansen) i Noreg. I Noreg dansar vi også ein variant av Færøydansen utan brigde. Vi kallar han Stordans. Hulda Garborg (1862-1934) i sin "Hallingbunad" (klikk på biletet så blir det større).

Bygdedansen er den eldste danseforma som har levd i ubroten tradisjon i landet vårt. Bygdedansane deler vi gjerne i to hovudgrupper: sprigarformene (ujamn takt, 3/4 etc) og gangarformene (jamn takt, 2/4 etc). Av springarformene er springar, pols, springleik og rundom særleg kjent. Av gangarformene er gangar, halling, rull og bonde dei mest kjende. Innan kvar av desse gruppene er det svært mange ulike variantar. I gruppa pringar er det til dømes svært mange former, som til dels er svært ulike. I hardingfeleområdet er det gjerne ein eller fleire variantar i kvar "region" (ein fjord, ein dal etc). Døme: Hallingspringar, Valdresspringar, Telespringar, Numedalsspringar, Sognespringar, Sunnmørsspringar, Sørfjordspringar etc. Mange stader i landet gjekk bygdedansen heilt av bruk, men dei siste 10-åra har han sume stader vorte leita fram att or gløymsla (rekonstruert). Døme: Sunnmørsspringar, Nordmørspols, Romsdalsspringar.

Gamaldansen kom særleg i bruk i andre helvta av førre hundreåret og dei første 10-åra av vårt hundreår. Han vart gjerne kalla runddans. Han trengde til side bygdedansen mange plassar. Ofte vart musikken til gamaldansen spela på trekkspelm en fele og endåtil hardingfele vart også mykje brukt. Dei vanlege grunn-formene er vals, reinlender, polka og masurka, og i tillegg har vi mange avleidde og lokale former og variantar (til dømes hamborgar, springpols, wienerkryss, pariserpolka, ..).

Turdansane er ei stor og mangfaldig gruppe av dansar. Sume dansetyper vart mest brukte på danseskular i byane og på storgardane, og fekk ikkje rot blant folk flest. Andre vart mykje brukt i visse strok av landet. Dei eldste vart tekne i bruk på 1700 talet, og innover på 1800 talet. Det er Klara Semb som framom andre har arbeidd med turdansen i Noreg. I mange 10-år reise ho rundt i landet og skreiv opp halvgløymde dansar og lærde dei frå seg att på kurs. Det finst ulike grupper av turdansar. Dei største kallar vi lausleg for rekkjedansar der mange dansar i rekkje eller i firkantoppstillingar. Døme: Fandango, Fransese, Lansier, Kvadrilje, Figaro, Fireturar, Seksturar, Hopsa. Ei stor gruppe er dei dansane der vi dansar parvis. Døme: Pariserpolka, Varsovienne, Tantoli, Tyrolaren, Rugen, Lottistå. Ei anna gruppe er tre-manns-dansane - det er gjerne rilar.Døme: Tretur frå Hordaland, Tretur frå Aure, Oppdalsril. I nokre turdansar dansar alle i ein stor ring (slik som i songdans). Døme: Åttetur i stor ring, Den største gruppa er vel likevel "normale" turdansar det 4, 6 eller 8 par dannar ring. Døme: Seksmannsril, Åttertur med mylne, Firetur frå Romerike. Klara Sem (1884-1970) på 75-årsdagen i Telemarksbunad (klikk på biletet så blir det større).

Songleikane er for det meste dansar/leikar som barn har nytta i gata, på løkker og tun. Ein del av desse blir brukt i det organiserte folkedansarbeidet. Det finst også nokre songleikar for vaksne.

Når det gjeld organiseringa av arbeidet, er det omtala separat.

tilbake til toppen av dokumentet


Songdans
Det var Hulda Garborg som i slutten av 1901 eller på nyåret 1902 starta arbeidet med norsk songdans. Ho hadde vorte oppglødd for norske folkeviser ved å høyre på songaren Thorvald Lammers og førelesingar av Moltke Moe i åra før. I 1901 las ho boka Dans og Kvaddigtning paa Færøerne av Hjalmar Thuren. Den 7. mars 1902 vart songdans for første gong vist fram offentleg. Det var i Møllergata 20 store sal, med 5-600 som såg på, og endå stod mange utanfor. "Så kom Hulda Garborg og 7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader fram på tilet og synte korleis ein kunde dansa paa gamall gjerd til norske folkevisor. Dei song Knut liten og Sylvelin, Per spelemann og Tosten tala til staven sin", stod det i referatet i Ungdomsbladet Symra. Dei dansa det vi kallar folkevisesteg med små einkle brigde til.

Hulda Garborg arbeidde mykje med songdans framover våren 1902 og han vart vist fram fleire gonger. Sjølvsagt kom også gutane med i dansen. Bondeungdomslaget i Oslo vart ein sentral stad, med fast "framsyningsring" frå 1903 leidd av Hulda Garborg. Tidleg på sumaren reiste Garborg på studietur til Færøyane og Island for å lære dansen. Seinare på året er ho fleire stader rundt om i landet, mellom anna i Bergen, og snakkar om og lærer bort songdans. Etter kvart tar dei til å dansa meir langsetter ringen med såkalla kvilesteg. På nyåret i 1903 gjev ho ut heftet Norske Folkevisor I med ei utgreiding om visedans (8 opplag 1903-22). Seinare på året kjem heftet Songdansen i Nordlandi (nye utgåver i 1913 og 22) der for fortel om dansen på Færøyane. I 1904 kom Norske folkevisor II (4 opplag 1904 -17), Norske Folkevisor III i 1920, og Norske Dansevisur i 1913 (4 utgåver 1913-23). Hulda Garborg skreiv ikkje så grundige rettleiingar om dansane. Det kom først med Klara Semb sine bøker i 1922.

Alt i 1903 - i pinsehelga - reiste Hulda Garborg og dansarane "hennar" utanlands, til Stockholm med 10 par (mest frå BUL) og hallingdansar og spelemann, og hadde fleire gilde framsyningar på Skansen: songdans, turdans, springarar og halling. Mellom dansarane var Klara Semb, 18 år gamal. Vinteren 1904/05 byrja BUL med faste leikøvingar. Hulda Garborg instruerte i byrjinga, men etter kvart tok Klara Semb over. Det var vanskeleg å halde saman ein fast leikarring. Til 10-årsfesten i BUL i 1909 fekk Klara Semb øvt inn ei framsyning der det for første gong vart vist dansemåtar ho hadde laga sjølv. Mellom dei var Bendik og Årolilja og Inga Litimor. Ei tid etter leidde Hulda og Klara eit særlag i BUL - "Ole Bull-laget", men det tok slutt etter ca 2 år. På fleire vis var dansemåtane Klara Semb laga annleis enn dei til Hulda Garborg. Dei vart ein viktigare del av dansen og skulle uttrykkje innhaldet i visa.

Dei første åra voks interessa for folkevisedansen overraskande snøgt, og Hulda Garborg reiste mykje rundt om i landet og fortalde og lærte bort. Etter 1910 fekk ho mindre tid til arbeidet, men mange andre var godt i gang. Klara Semb var til dømes reiseinstruktør i Storelvdal i to vintrar frå 1905. I 1910 startar Garborg arbeidet med Det norske Spellaget, og der fekk folkeviser, dans og folkemusikk ein brei plass. Også Klara Semb (og fleire av syskjena hennar) kom med der. Turen til Den 2. Norrøne stemna på Færøyane i 1911 vart for Klara Semb ein sterk inspirasjon til vidare arbeid med dansen. I 1912 reiser Klara Semb for å halde kurs att rundt om i by og bygd. På 100-års jubileumsutstillinga på Frogner i 1914 fekk Klara Semb i stand ein ring av BUL-dansarar og dei viste folkeviseleik to gonger om dagen i 3 månader (!). Lalla Carlsen var med der. Same året seier Klara Semb opp jobben sin og arbeider frå no av med folkedans på heiltid. Klara Semb vart no den leiande i folkedansarbeidet i Noreg heilt til innpå 1960-talet. Ho skriv opp dansar, lagar dansemåtar og instruerer. I tre år var ho i USA (1916-20) der ho mellom andre samarbeidde med Neva Boyd som hadde gjeve ut rettleiingsbøker i folkedans frå fleire europeiske land. Dette gav nok Klara Semb mot til å prøve sjølv. I 1921 får ho prenta den første rettleiinga si til ein folkedans, det var Tritur (Tretur frå Hordaland) i vekebladet Frå Bygd og By. I 1922 gav ho ut første utgåva av rettleiingsboka i turdans og songdans Norske Folkedansar II. Saman med Liestøl gav ho same året ut første utgåva av Norske Folkedansar I. Danseviser. Her var 50 danseviser - mest store episke viser. Teksten til songdansane stod altså i NFI medan rettleiinga både til songdansen og turdansen stod i NFII. Andre utgåva av NFI kom alt året etter og den tredje i 1925. I denne utgåva var også nokre kortare og nyare viser komne med.

Etter første verdskrigen og eit 10-år frametter var det ein kraftig vokster i interessa for folkedans. I 1919 vart leikarringen i BUL i Oslo skipa og i 1923 Oslo Songdanslag, og på liknande vis i mange andre bygder og byar, i dei store byane ofte knytt til bondeungdomslaga. I 1919 vart det også stifta ein frittståande landssamskipnad av leikarringar - Den norske folkeviseringen, som på stutt tid fekk mange medlemslag, men han vart nedlagt etter nokre år. Interessa for dansen var ikkje berre knytt til bygdelag og den frilynde ungdomsrørsla, men også til fråhaldslag og arbeiderlag. I 1920 var den første Norderlendske Folkedansstemna i Stockhom og den andre i Kjøpenhavn året etter. Dette ga arbeidet med å organisere folkedansrørsla ein framskuv. Klara Semb arbeidde heile tida i NU. Etter NU sitt jubileumsstemne i Trondheim i 1921 (25 år) vart det for alvor Noregs Ungdomslag som vart den leiande organisasjonen for folkedansarbeidet i Noreg særleg innan songdans og turdans. Arbeidet med slåttemusikken og bygdedansen vart i stor mon knytt til Landslaget for spelemenn, som frå skipinga i 1923 var knytt til NU. Etter krigen vart LfS ein sjølvstendig organisasjon. Gamaldansen - runddansen - var på denne tida, og i mange år framover, uglesett i NU, fordi dei trudde han ville øydeleggje for songdansen.

I 1925 kom ei gruppe dansarar frå Færøyane og synte fram sin dans ei rekkje stader i Noreg. Dette skulle sette varige spor i arbeidet med norsk songdans, ikkje minst hjå Klara Semb. Denne dansegruppa dansa med store rørsler, mange appellar og kraftfull dans - meir enn det som elles var vanleg på Færøyane. I 3. utgåva av rettleiingsboka frå 1935 kom atterstega med ulike tempi inn i rettleiingsbøkene, og Klara Semb nytta stadig meir dette steget når ho laga dansemåtar. I den 4. utgåva av NFII i 1948 var også mange viser som tidlegare var dansa med kvilesteg, no overført til attersteg. Dette vekte mykje strid i folkedansmiljøet i åra framover. Samtidig med overgangen til attesteg, kjem ei omlegging av danseutvalet med mindre vekt på folkevisene og meir vekt på viser frå vår tid av kjende diktarar og komponistar. Dette slår sterkt igjennom i NFI frå 1934. Siste utgåvene av NFI og NFII kom i 1961. Men i 1958 kom ei ny dansebok - Danse danse dokka mi, med 17 nye songdansar i tillegg til turdansar.

Sjølv om Hulda Garborg og spesielt Klara Semb er dei to sentrale namna i norsk songdans, var det mange andre som gjorde ein stor innsats både dei første 10-åra og seinare. Sentrale namn er Ragna Gunleivsen (Øygard) og Einar Øygard, Aasmund Svinndal (Oslo) og Arne Hatlestad (Bergen), Mali Furunes (Molde, Lofoten), Signe Five (Trøndelag), Ingebjørg Fedje og andre. Etter krigen på 50- og 60-talet var det mange som gjorde ein viktig innsats ikkje minst som dugande rettleiarar og inspiratorar. Ein kan nemne Ole Ekornes (Oslo), Liv Midttun (Leikleiar NU), Reidar Warme (Oslo), Helga Holte Olsen (Oslo, leikleiar NU), Turid Mørk Øfstås (leikleiar NU, og seinare særleg for arbeid med barn), Gunnar Rødal (leiklærar NU). Romsdalingen Gunnar Rødal vart tilsett i NU som reiseinstruktør i 1967, og har hatt ca 200 000 på folkedanskursa sine. Det er mange gonger meir enn Klara Semb hadde!

Frå slutten av 60-talet er det Egil Bakka, Geir Egil Larsen og Tor Stallvik som har arbeidd mest med utviklinga av songdansen. Det har vorte lagt vekt på lokal og folkelege dans, med mindre svikt (flatare dans). I 1970 kom Egil Bakka si bok Danse danse lett med 17 songdansar i tillegg til turdansar og gamaldansar. Denne boka innførete nye måtar å notere dansemønsteret på og ei skandering av teksten. I 1982 kom heftet Danse mi dokke av Tor Stallvik og i 1984 heftet Trønderviser med 21 dansar av Geir Egil Larsen. Også andre har gjeve ut dansehefte i seinare år, mellom anna frå Nord-Noreg - Dansetradisjonar frå Troms, frå Sørlandet - Dansetradisjonar frå Vest-Agder, og frå Bergenskanten - Her er me grannar.

Det viktigaste for songdansen i seinare tid er likevel den omfattande revideringa av Klara Sem sine dansebøker. Norske Folkedansar Songdansar kom i 1985 og Norske Folkedansar Turdansar i 1991. I songdans-boka vart no både visetekstane og dansemåten samla. Fleire viktige endringar i songdansen kom til uttrykk i denne boka: Dansemåten vart meir "folkeleg" med meir flyt i dansen (ikkje stogg), tonane vart meir lagt opp til originalt tonestoff, målforma i visene vart lagt nærare talemålet der dei kjem frå. Talet på viser er 110. Av desse er 93 henta frå dei totalt 161 visene som Klara Semb hadde brukt i sine bøker, og 17 er nyare viser. Det var ei nemnd nedsett av Noregs Ungdomslag som stod for revideringa.

tilbake til toppen av dokumentet


Gamaldans eller runddans
Gamaldans vart før helst kalla runddans. Desse par-dansane har opphavet sitt i ein folkeleg tysk/austerisk tradisjon. Sist på 1700-talet utvikla denne seg til ein motedans som snøgt spreidde seg over Europa - særleg i form av vals. Utetter på 1800-talet vann runddansen stendig sterkare fotfeste som ein folkeleg dans også i landet vårt. I andre helvta av 1800-talet og utetter på 1900talet trengde rundansen til sides den tradisjonelle folkelege dansen som vi no kallar bygdedans. Religiøse vekkingar gjorde at fela vart uglesett mange stader, og dette bidrog til at bygdedansen gjekk tilbake. Etter kvart vart trekkspelet viktig som instrument for runddansmusikken. Valsen var den dansen som kom først og som heile tida var den viktigaste danseforma. Vals vart også eit viktig innslag i musikkrepertoaret mellom bygdespelemennene, særleg i flatfeledistrikta. Etter kvart kom nye runddansformer - dei yngste omkring hundreårsskiftet.

Kva var grunnane til at runddansen vann seg så sterkt eit rom som folkeleg danseform? Eit av svara ligg nok i at ungdomen har hug til noko nytt, noko som er ulikt det gamle - moten. Viktig var det også at bygdespelemenn tok i bruk den nye musikken. Mange av dei fremstre spelemennene - også på hardingfele - tok i bruk runddansmusikk, til dømes Per Bulken ( - ) , Ola Mosafinn (1828-1912), Anders Kjerland (1900- ), Halvard Ørsal (18 - ) frå Nordmøre, Lars Fykerud ( - ) Telemark og mange andre storspelemenn, seinare også menn som Jon Rosenlid ( - ), Alfred Maurstad ( - ) begge frå Nordfjord og Sigbjørn B. Osa ( - ) frå Voss. På flatfele var Jens Smed (1804-1888) frå Røros, Loms-Jakup (1821-1876) og Fant-Karl (1823- ) frå Røros svært viktige midt på 1800-talet - ikkje minst med sine valsar. Seinare kom også fiolinistar og komponistar som Anders Sørensen (1821-1896) frå Romedal og Per Bolstad (1875-1965?) frå Stryn/Ålesund og Hans H. Geitvik ( - ) frå Volda og Hillmar Alexandersen (189 - ) frå Trøndelag. At trekkspelet kom i bruk var også viktig. Trekkspelet, utvikla på 1830-talet, vann seg ein sterk posisjon på 1860-80-talet, først einradaren, seinare toraderen og etter kvart større spel. På trekkspel vaks det i vårt hundreår fram både ein "konserttradisjon" og ein meir folkeleg runddanstradisjon. Sentrale namn framover var brørne Gotthard ( -) og Henry Erichsen (1895-1977), Hans Erichsen (1890-1973), Ottar E. Akre, Toralf Tollefsen, Arnt Haugen, Kåre Korneliussen, Ole Venge, Oddvar Nygaard (1919-1985), Åsmund Bjørken ( -), Freddy Kristoffersen, Sven Nyhus og framom alle Carl Jularbo (1893- ) frå Sverike.

Nemninga gamaldans ser ut til å ha kome i bruk på 1920-talet, kanskje under påverknad frå Sverike. Etter første verdskrigen kom nye moderne motedansar frå Amerika (tango, foxtrot, kvikstep etc) - ofte kalla jazz som eit samleomgrep. Grammofonen - og frå midt på 20-talet også radioen - bidrog til at desse dansane og musikken fort vann rom hjå ungdomen. På 20- og 30-talet kom runddansane under eit stort press, og stod i fare for å bli trengt heilt til sides som folkeleg dans, på same måten som runddansen hadde trengt bygdedansen til sides 50 år tidlegare. I denne situasjonen var det sume som etterlyste den "gamaldagse musikken", og nemninga gamaldans vart teken i bruk om runddansen.

Innan folkedansrørsla vart runddansen sett på som ein farleg konkurrent til songdansen og turdansen. I mange ungdomslag og leikarringar - og i Noregs Ungdomslag - vart runddansen så godt som forboden. På 1920- og 30-talet og seinare vart det sterk strid om rundansen skulle sleppast til. Mange leiande "frilynde ideologar" stridde imot, medan det på grasrota kom sterkare og sterkare kvrav om å la runddansen sleppe til også i leikarringar og ungdomslag. I NU varde denne striden til langt utpå 1950-talet. Motstanden mot "moderne dans"/jazz etc var på 20- og 30-talet endå sterkare, og er vel ennå ikkje avslutta (?).) I dag er gamaldansen fullt ut akseptert, og blir dei fleste stadene brukt som viktigaste elementet i nybyrjaropplæringa av nye folkedansarar. Dette kjem av at gamaldansen er meir ålment i bruk enn anna folkedans - og folk difor gjerne vil lære han - og at gamaldansformene dannar eit viktig grunnlag for turdansen og til dels også songdansen. Når folkedansarar i dag møtest til dansefestar, er gamaldansen ein viktig del av repertoaret - often den viktigaste. Innan "spelemanns-rørsla" (Landslaget for spelemenn) har ein i seinare år fått ein strid om kva vekt ein skal leggje på gamaldansen, og om runddansspelet som ein del av spelemannslaga sitt arbeidsfelt. Vals i visse utformingar vart tidleg akseptert som ein "skikkeleg slått" på flatfele attåt tradisjonelle slåttar som pols, halling og springleik. Den andre runddansmusikken har enno ikkje fått ei tilsvarande stilling.

Dersom vi deler gamaldansane inn etter musikken, er det grovt rekna fire hovudtyper. Vals, reinlender, masurka og polka. Og det er underformer til kvar type. Vals blir normalt dansa berre som rundvals (går rundt heile tida). Det finst også stegvals. Etter vals har reinlender vore den mest brukte runddansen. Han kom til landet midt på 1800-talet. Her finst det mange lokale variantar - gjerne slike som liknar på turane i reinleder med turar (gamal reinlender, Sunnmørsreinlender). Vi skil gjerne mellom opne og lukka variantar. Mellom masuarkaformene er det vanleg å tale om austlandske masurkavariantar, Polkamasurka-variantar (med heil og halv snu), og springpolka. Mellom polkaformene er "vanleg polka"/galopp og hamborgar mest brukt, men vi har også pariserpolka og wienerkryss. Hamborgar og galopp er begge reine runddansar (ein dansar rundt heile tida). Hamborgar har tre sviktar og polka/galopp har to sviktar. Særleg når det gjeld polkaformene er det mange ulike nemningar i bruk i ulike delar av landet: hamborgar, galopp, skotsk, hoppvals, polkett, tripper, polka med støyt og fleire. Pariserpolka har særleg vore dansa på Vestlandet, gjerne om lag som første turen i det som no allment vert kalla (turdansen) Pariserpolka. Wienerkryss og pariserpolka er truleg dei nyaste gamaldansane i vårt land.

I leikarringane har det dei siste 10-åra vore vanleg å tilby nybyrjarkurs i gamaldans som offentlege kurs for "folk flest". Dei dansane som då er mest vanleg å bruke er vals, åpen reinlender, polka/galopp, masurka (austlandsform), springpols og kanskje hamborgar. Springpols er ein nær variant av den svenske hambo (men med meir svikt på tredje taktdelen i staden for første). "Det ofisielle folkedans-NU" har prøvt i si leiaropplæring å legge vekt på hamborgar - men det har vist seg vanskeleg å få denne forma til å bli ein naturleg del av gamaldans-reperoaret i leikarringane, og endå mindre på nybyrjarkursa i gamaldans.

I store delar av vårt hundreår har gamaldansen vore den "folkelege" folkedansen i Noreg. Ungdomen lærde dansen ved å danse med andre på "lokalet", eller av foreldre/syskjen/vener på kjøkengolvet heime eller i gymsalen. Dei siste 10-åra har rock/swing etc overteke denne rolla, og dei fleste har lært gamaldansen ved organisert opplæring/kurs. Ved sida av leikarringar/ungdomslag er det også mange frittståande "klubbar" som dyrkar gamaldansen. Utanom leikarringane er det trekkspelet som er det mest vanlege instrumentet for gamaldansmusikken, og som det "leiande " instrumentet i gamaldansorkestra. Også torader-musikken har blitt populær i seinare år. Interessa for gamaldansen på 1900-talet har gått i bølgjer. Dansen stod sterkt som folkeleg dans dei først 20 åra etter 1900. Så vart han trengt i bakgrunnen av "jazz-dansen" på 20-, 30- og 40-talet. Frå utpå 50-talet voks interessa att, ikkje minst med orkester som Oddvar Nygårds frå ca 1960.
tilbake til toppen av dokumentet

Turdans
Turdans omfattar mange ulike slag musikkdansar. I det praktiske folkedansarbeidet er det ei samlenemning for alle musikkdansane som ikkje naturleg fell inn under bygdedans, gamaldans eller songleik. Denne nemningsbruken har funne sin plass i leikarringane først og fremst via rettleiingsbøkene til Klara Semb, og speglar att hennar skjøn. Ein del av turdansane har kome frå danseskulane i byane, ein del - særleg større dansar - vart dansa i visse miljø (storgarar) særleg på Austlandet og i Trøndelag, medan ein del har vore i meir folkeleg bruk og kom gjerne til landet frå vest og sør til Vestlandet og Sørlandet. Nokre av dansane er også meir beinveges lån frå andre land gjennom folkedansrørsla. Gjennom sitt arbeid innan folkedansrørsla - nær knytt til Noregs Ungdomslag - har Klara Semb påverka bruken av turdansen i Noreg på ein heilt avgjerande måte.

Sjølve ordet turdans kjem frå det franske ordet "tour" som tyder ei snuing eller omdreiing. Etter kvart (1800-talet) vart det vanleg å bruke ordet "tour" om delane i ein kontradans. I Noreg synest ordet turdans å vere brukt første gong skriftleg av Hulda Garborg i 1914 der ho nyttar ordet mellom anna om menuet, krossadans og ril. Då Klara Semb ga ut første utgåva av rettleiingsbok i musikkdansar i 1922, kalla ho desse dansane turdans. Turdansane er dansar med fast oppbygging. I Noreg er det kontradansane, rilane og pardansane som er dei viktigaste typene av turdansar.

Då folkedansrørsla voks fram frå hundreårsskiftet og framover vart det lagt lite vekt på turdansane. Hulda Garborg la mest vekt på songdansen og bygdedansen (nasjonaldansen) som byggande element for ungdomen og som uttrykk for nasjonal identitet. Det same galdt andre leiande krefter innanfor folkedansrørsla. Det var nok fleire grunnar til dette, både at turdansane vart rekna som nyare og meir direkte innlånt frå Europa, og at dei var knytte til by- og overklasse-kulturen. Den same motstanden, men endå sterkare, finn vi mot runddansen. Medan turdansen frå ca 1920 og utetter vart akseptert i folkedansrørsla, gjekk det fleire 10-år til før runddansen vart akseptert på same måten. Det verkar som det var "grasrota" i folkedansrørsla - dansarane og instruktørane - som gjerne ville ha turdansen som ein del av eit nasjonalt repertoaret. Liksom i songdansen ville dansarane og instruktørane ha eit felles avgrensa repertoar av turdansar som kunne lærast på lærarkurs og nyttast på regionale og nasjonale stemner og samkomer. Her spela nok også påverknaden frå Sverike og Danmark ei rolle, for i desse landa var turdansen vanleg.

Alt i dei første åra - før 1910 og frametter - vart nok sume turdansar nytta av leikarane i det organiserte leikmiljøet. Når det gjeld å skrive opp dansane og lære dei vidare til nye dansarar, står som nemnt Klara Semb i ei særstilling, sjølv om det var andre rundt om i landet som hjelpte til. Korleis Klara Semb starta arbeidet med å samle turdansar er uklart, truleg har ho starta så smått omkring 1910. Dei fyrste turdansane skreiv ho ned i Asker. Det var Seksmannsril, Åttetur og Tretur . Men det finst ikkje noko skrifteleg mareriale som viser slike nedteiningar. Ei hjelp i arbeidet med turdansen var det at Klara Semb på Aschehougs Forlag i 1917 gav ut eit lite notehefte - Atten norske folkedansar - for fele og piano. I forordet i heftet skreiv Hulda Garborg at heftet inneheld musikken til dei turdansane som Klara Semb brukte å ha på kursa sine kringom i landet. Turdansane var desse: Åttetur og Seksmannsril frå Asker, Figaro, Fandango frå Austlandet, Tretur frå Hordaland, Gamal reinlender, Varsovienne, Firetur frå Landvik og Feiar frå Sørlandet.

Frå oktober 1916 til sumaren 1920 var Klara Semb i USA. Her samarbeidde ho ein del med ei amerikansk kvinne, Neva Boyd, som hadde gjeve ut rettleiingsbøker i folkedans frå fleire europeiske land. Då ho kom attende til Noreg vart det meir målmedvite og systematisk arbeid med å samle turdansar. Den første dansenedteikninga ho offentleggjorde var Tretur frå Hordaland, som kom i 1921 i det nynorske vekebladet For bygd og By. Her hadde ho då starta ein fast teig om folkedans - Leikarvollen - og i åra fram til 1932 prenta ho fleire dansenedteikningar der.

Sumaren 1922 kom så Klara Semb med den første rettleiingsboka i turdans Norske Folkedansar II. Vinteren før hadde ho mellom anna vore i Trondheim og skreve opp sju store rekkjedansar etter namdalingen Johannes Moe, med hjelp frå dansarar i Bondeungdomslaget i Nidaros (Firetur I, Firetur II, Sekstur I, Sekstur II, Seierstad-hopsa, Fandango, Honnfeiv). I NF II var det både dansar som ho hadde skreve opp før ho reiste til Amerika, og dansar ho hadde samla i åra etterpå. Ein del av dansane var slike som var i vanleg bruk på danseskular (til dømes Figaro, Fandango frå Austlandet og Polonese). Nokre var i vanleg bruk i ungdomslag i Oslo og Bergen og andre stader (til dømes Gamal reinlender, Varsovienne, Tretur frå Hordaland, Rugen). Dei to første av desse er truleg nokså direkte lån frå Sverike. Av andre dansar i NF II nemner vi Seksmannsril, Åttetur frå Asker, Firetur frå Landvik, Feiar frå Hordaland, Feiar frå Sørlandet og dei sju dansane frå Namdalen. Med unntak av ein var det Klara Semb som skreiv ned alle desse dansane. I andre utgåva av NF II i 1925 kom mellom andre desse til: Krossadansane frå Brekke i Sogn, Firetur frå Romerike, Tantoli, Klappdans, Stoppen, Oppdalsril, Krossadans frå Nordhordland, Tretur frå Fana. I tredje utgåva i 1935 kom det 15 nye til, særleg dansar med bygdedanstilknytning, men også Sunnmørsreinlender og Krabbelur. Mest halvparten av dei hadde andre skreve opp. I utgåva frå 1948 kom det også med ein del nye dansar, til dømes Tyrolaren, Tyrolarvals, Totur frå Holt, Eikerril, Gilleråsen. I siste utgåva av NF II frå 1956 kom to halvvegs "komponerte" dansar - Åttetur med mylne og Pariserpolka med turar, to som er lån frå USA - Allemannsmarsj og Treklappdansen, og to frå danseskulane - Fransese og Lancier. I Danse, danse dokka mi frå 1958 kom også nokre nye: Bømmeren, Mølledansen, Kvadrilje, Pas d'Espagne og Pjokkum. Dei tre første var oppskrevne frå gamle dansebøker, medan Pas d'Espagne var ein motedans i Oslo frå hundreårsskiftet.

Som nemnt tidlegare kom første heftet med turdansmusikk i 1917 med musikk til 9 turdansar, ein menuett og sju bygdedansslåttar. Den neste samlinga med turdansmusikk - NF III - kom i 1924 og inneheld i alt 92 ulike slåttar - ofte fleire slåttar til same dansen. Den siste utgåva kom i 1952 og inneheldt 81 slåttar - nokre fleire turdansslåttar enn i 1924, men færre bygdedansslåttar. Klara Semb var ikkje musikkspesialist, og ho fekk hjelp i arbeidet med slåttesamlingane av ulike spelemenn og musikarar - mellom andre O.M.Sandvik, Alfred Andersen-Wingar og Carsten Carlsen (mannen til Lalla). Sjølv skreiv ho truleg ned 12-15 melodiar, resten fekk ho av andre eller fann dei i ulike notesamlingar og oppskrifter.

Når det gjeld praktisk bruk av turdansen som eit felles, nasjonalt repertoar møtte Klara Semb og andre mange vanskar, ikkje minst at lokale spelemenn ikkje kunne musikken, ikkje kunne notar, og var ukjent med turdansmusikk i det heile. I tillegg kom vansken med å spele turdansmusikken (flatfelemusikk) på hardingfele, som folkedansrørsla stort sett ville skulle brukast også til turdansen. Ein prøvde å bøte på vanskane med å spele inn ein del turdansmusikk på plater. I 1930-åra mellom andre med Sigbjørn Bernhoft Osa, i 1950-åra med Rolf Myklebust sitt turdansorkester. På 1960-talet spela Åge Grundstad og Knut Trøen sitt "gamaldansorkester" (trekkspel, hardingfele, gitar) inn turdansar slik dei hadde utvikla seg i leikarring-tradisjonen. Ei hjelp i denne utviklinga var det heftet med turdansmusikk for hardingfele som den mangeårige spelemannen i leikarringen i BUL Oslo Henrik Gjellesvik (1892-1964) gav ut i 1951 - Tonar til folkedansen. På 1990-talet har innspelingane til Grundstad/Trøen kome i CD-utgåve. På 90-talet har også ein ny serie med turdansmusikk på CD blitt utgitt i samarbeid med NU - basert på eit "flatfeleorkester" under leiing av Dag Vårdal.

Etter 1960 har mykje av arbeidet med å teikne ned nye dansar mest vore knytt til Egil Bakka og hans hjelpesmenn. Dei baserte oppteikningane på filmopptak. I 1970 gav Egil Bakka ut boka Danse, danse lett. Her var det 25 nye turdansar, mellom dei Dobbel reinlender, Hopser frå Ogndal og Tremannsril frå Aure. Den omarbeidde og reviderte utgåva av NF II kom i 1991 og inneheldt også musikken til turdansane, som det vart lagt eit stort arbeid i særleg av Dag Vårdal. Repertoaret i den nye utgåva bygde stort sett på Klara Semb sine rettleiingsbøker. Nokre dansar let nemnda gå ut, nokre fordi dei var lånt frå utlandet (Allemannsmarsj, Treklappdans og Snuspolka), nokre fordi dei var dei var runddansvariantar (Springpols, Stegvals), og nokre fordi dei er songleikar (Veva vadmål og Kjerringa med staven). Med i revisjonsnemnda var Egil Bakka, Kåre Herdlevær, Liv Midttun, Tor Stallvik, Dag Vårdal, Turid Mørk Øfstaas og Ole Ekornes (illustrasjonane).

I sume samanhengar kan det vere greitt å dele den margearta gruppa med turdansar inn i undergrupper. Dette er ikkje så lett og det kan vere fleire måtar å gjere det på. I Norske Folkedansar, Turdansar av 1991 prøver dei å dele dansane inn i grupper ut frå slektskap som det prioriterte prinsippet. Til slike dansehistoriske slekter reknar dei kontradansar, rilar, einmelodipardansar og (veikare) krossedansar, runddansslekta gruppedansar, bygdedansslekta dansar og dugleiksdansar. Vi tar her med nokre sentrale termar frå ei slik inndeling.

Langedansen høyrer med til ei viktig gruppe dansar i europeisk dansesoge, nemleg kjededansane i middelalderen. Dansen har såleis eldre røter enn alle dei andre turdanane. Nokre par-turdansar (Gilros, Krabbelur, Dansa Jase, Kørsdans, Mass og Tridans frå Meråker) blir dansa etter bygdedansslåttar og skil seg på den måten klart ut frå dei andre turdansane, og kan vere gamle. Nokre få turdansar har leik- eller dugleiks-preg, og liknar på den måten på halling (Slinkompas, Pjokkum, Sjusprang). Nokre einkle par-turdansar har ein bestemt einkel melodi knytt til seg (døme: Rugen, Tantoli, Stoggen, Lottistå, Klappdans, Varsovienne) og har eit klårt runddanspreg. Det har også dansar som Tyrolervals og Tyrolaren. Pariserpolka med turar er også bygt på runddans. Dei samansette pardansane Gamal reinlender og Sunnmørsreinlender har truleg blitt importert frå Sverike i byrjinga av vårt hundreår. Ei folkeleg danseform som har hatt etter måten stor utbreiing, særleg på Vestlandet og Sørlandet, er dansar til rilmusikk. Dei mest typiske av desse er med tre dansarar (døme: Tretur frå Hordaland, Tretur frå Fana, Oppdalsril), men sume er med fleire par (Seksmannsril, Sandsværsril). Rilane vart tekne i bruk på 1800-talet og og har nær slektskap til musikk og dans i Storbritania. Dei "store" turdansane, som vi tenkjer på når vi snakkar om "stildansar", høyrer til den viktige gruppa av Kontradansar. Dette er dansar som har røter i dei formasjonsdansane som vart tekne i bruk ved det engelske hoffet tidleg på 1600-talet basert på folkelege elgelske dansar "country dances", dansa i ulike formasjonar (rekkje, firkant, ring). Utorver på 1700-talet utvikla det seg ei særskild frans grein "contredanse" med firkantoppstilling. Dermed blir det ein engelsk og ein fransk kontradans-tradisjon. I Noreg vart kontradansar brukte i visse miljø på 1700-talet, men vann større rom på 1800-talet særleg i byane og på flatbygene austafjells og i Trøndelag. Ein kan skilje mellom engelskdansar (til dømes Firetur I og II og Sekstur I og II frå Namdalen), feiarar (til dømes Seierstad-hopsa, Feiar frå Hordaland, Trondheimar) og andre rekkjedansar (døme: Fandango , Figaro, Honnfeiv, Mølledansen, Fransese, Lancier, Kvadrilje og Polonese). I "finare krinsar" vart Figaro og Fandango mykje brukt utetter på 1800-talet og heilt innpå vårt hundreår. Fransesen, som utvikla seg frå fransk firkantdans til rekkjedans, heldt seg truleg lengst av kontradansane, og vart brukt i "finare krinsar" til langt utpå 1900-talet.
Menuett, som var klassikaren mellom motedansane i Europa på 1600 og 1700-talet, vart utvikla ved det franske hoffet under Ludvik 14. Denne dansen var truleg også omtykt og mykje brukt i visse krinsar i landet vårt. Nokon folkeleg norsk variant er ikkje blitt nedteikna, men har vore vanleg i folkeleg form i Danmark og særleg i Finland, heilt til våre dagar. Det er spor etter han i Noreg i den musikken som blir kalla melovit.

I det praktiske folkedansarbeidet i leikarringane er det vel mest vanleg å dele dansane inn etter den formasjonen dei har. Då kunne følgjande inndeling vere brukbar:

Reine pardansar - dansar der para ikkje inngår i ein formasjon (døme: Pariserpolka, Varsovienne, Tantoli, Rugen, Lottistå, Dobbel reinlender, Klappdans, Tyrolaren, Tyrolarvals, Feiar med vals, Snuspolka, Gamal reinlender, Sunnmørsreinlender, Pas d'Espagne, Herr Smett, ...
Tremannsdansar - dansar med tre personar - normalt ein gut og to jenter (døme: Tretur frå Hordaland, Tretur frå Fana, Oppdalsril, Tremannsril frå Aure, Krossadans med tre, )
Pardansar i stor ring - dansar dr alle held saman eller inngår i formasjonar i stor ring i delar av dansen (døme: Åttetur i stor ring, Familievals, Familiereinlender, Feiar frå Vestlandet, Allemannsmarsj, ..)
2, 3, 4, 6 el 8 par i små ringar (døme: Firetur frå Romerike, Totur frå Holt, Seksmannsril, Sandsværsril, Åttetur med mylne, Eierril, ...)
Diverse i små formasjonar - (døme: Krossadans med seks, Åttepardansen, Trondheimar, Gillerosen, Stjernetur, Krabbelur, ...)
Rekkjedansar - dansarane står i to lange rekkjer, enten gut og jente på kvar si rekkje, eller parvis (døme: Sekstur I, Sekstur II, Firetur I, Firetur II, Seierstad-hopser, Fandango frå Namdalen, Fandango frå Austlandet, Fransese, Mølledansen, ...)
Andre stildansar - danseskuleprega dansar utan rekkjeoppstilling (døme: Lancier, Kvadrilje, Figaro, ..)
Langdans - dansarane held saman i lang rekkje i ulike formasjonar
Polonese - pardans med mange variasjonar og formasjonar


Mange av opplysningane om turdans er henta frå Klara Semb: Norske Folkedansar. Turdansar. 1991.
tilbake til toppen av dokumentet

Bygdedans
Bygdedansane var den vanlege danseforma over alt i landet vårt før gamaldansen vann rom på 1800-talet. Det er vanleg å rekne at det vi kallar bygdedansane kom til landet omkring år 1600, omtrent samstundes med at fela vart eit viktig folkeinstrument. Bygdedansane har såleis den lengste tradisjonen mellom folkedansane, og kan reknast som dei mest typisk norske. Gjennom åra har dansane utvikla mange lokale variantar, på same måten som slåttemusikken som høyrer til. For om lag 100 år sidan var det vanleg å kalle bygdedansen nasjonaldans.

Bygdedansen fell i to hovudgrupper: springartypen som er i tredelt (eller udelt) takt, og gangartypen som er i jamn takt. Springartypen har ulikt namn i ulike delar av landet: På Vestlandet og Austafjells blir han vanlegvis kalla springar (på Sunnmøre og delvis i Romsdalen springdans), i Østerdalen, Trøndelag Nord-Noreg og Nordmøre pols og i Gudbrandsdalen springleik. Av gangartypen er gangar, rull og halling dei viktigaste. Gangar finn vi nesten berre i Telemark og Setesdal. Rull nesten berre på Voss og i Hardanger. Når vi snakkar om halling tenker dei fleste på solodansen med hallingkastet. Denne dansen har stått sterkast i Valdres og Hallingdal og nærliggande område. Men i tidlegare tider har halling også vore dansa som pardans - noko som liknar på gangar, og sume stader har denne dansen blitt teken opp att i seinare år. Slåtteforma halling finn ein over det meste av landet. Frametter på 1900-talet gjekk den lokale bygdedansen nesten eller heilt av bruk i store deler av landet. Best heldt han seg i sentrale delar av Vestlandet, i dalane autafor (Setesdal, Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres) og einkelte andre stader som i Røros-distriktet. På flatbygdene austafjells, på Sørlandet og i Nord-Noreg er det berre veiske spor etter bygdedans.

Frå slutten av 1800-talet vart det i visse nasjonale miljø sett i gang arbeid for å ta vare på og dyrke bygdedansen/ nasjonaldansen. Dette gjekk føre seg parallelt med arbeidet for å fremje slåttemusikken, særleg på hardingfele. sentralt i dette arbeidet var kappleikane, og kursversemda som vaks fram særleg i dei store byane (Bergen, Oslo, Trondheim, Stavanger). Også innan den organiserte folkedansrørsla /Noregs Ungdomslag vart bygdedansen sett på som verdfull, men noko omfattande arbeid med bygdedansen vart ikkje sett i gang - slik som tilfellet var med songdans og turdans. Etter kvart var det Landslaget for spelemenn fekk hovudansvaret for dette arbeidet. I leikarringane har det alltid vore ein del bygdedansaktivitet - og frå 1960-talet vaks denne interessa seg sterkare. I heile NU-organisasjonen vart det ei større vilje til å leggje vekt på lokale dansar, og då stod også bygdedansen sentralt.

I dei fleste strok av landet var bygdedansane nokså korte. Like etter hundreårsskiftet vart det i Bergen konstruert ein lengre meir utbygd dans bygd på lokale dansar i stroka omkring. Dette vart den store dansen som vi no kallar Vestlandsspringar. Det som no vert kalla sørlandsspringar ser ut til å vere ein variant av Vestlandsspringaren overført til Sørlandet ved organisert opplæring i byrjinga av hundreåret.

Det er springartypen som har vore den dominerande bygdedansen i alle delar av landet med unntak av Setesdal, der gangaren dominerte. I dei stroka der gangar og halling og rull stod sterkt, hadde dei også springaren som den "vanlegaste" bygdedansen. Springartypane er også dei mest interessante når ein ser på rytmisk variasjon. På store delar av Vestlandet er den tredelte rytmen lite framtaredande. Dei tre taktslaga er nærpå like sterke. Egil Bakka har understreka dette, og har gjeve rytmen namnet udelt takt (dvs ikkje taktinndeling, alle slag er like: 1/4). I sume miljø og distrikt har det likevel vore normalt å legge tydeleg trykk på første slaget i takta. I stroka autafor langfjella er det derimot ei klår asymmetrisk takt i springaren.
tilbake til toppen av dokumentet


Bygdedansar frå Møre og Romsdal
Sjå eigen artikkel.
tilbake til toppen av dokumentet


Bøker i folkedansarbeidet
a) Rettleiingsbøker
Generelle bøker
Klara Semb: Norske Folkedansar II. Rettleiing om dansen. Oslo, 1922, 1925, 1935, 1948, 1956
Klara Semb: Norske Folkedansar III. Slåttar til turdansane. Oslo 1924, 1952.
Klara Semb: Atten norske folkedansar. (berre musikk) Oslo 1917
Klara Semb: Norske Folkedansar IV. Danse-Danse-Dokka mi. Songdansar, .. for born og ungdom. Oslo 1958.
Klara Semb: Norske Folkedansar. Songdansar. Oslo 1985.
Klara Semb: Norske Folkedansar. Turdansar. Oslo 1991.
Egil Bakka: Danse, danse lett utpå foten. Oslo 1970.
Egil Bakka, Brit Seland og Dag Vårdal: Grunnbok i folkedans. Oslo 1986.
Geir Egil Larsen: Trønderviser. Trondheim 1984.
Tor Stallvik: Danse mi dokke mæ du æ ung. Vågå 1982
Knut Liestøl: Norske Folkedansar I. Dansevisor. Oslo 1925
Knut Liestøl, Klara Semb og Åsm. Svinndal: Norske Folkedansar I
Knut Liestøl og Klara Semb: Norske Folkedansar I. Danseviser. Oslo 1922, 1923, 1925, 1934, 1941, 1946, 1951,1961
Henrik Gjellesvik: Tonar til Folkedansen. Einfelt utsett for hardingfele. Oslo 1951.
Hulda Garborg: Norske folkevisor I, med utgreiding um visedansen. Oslo 1903, 1903, 1904, 1905, 1906, 1910, 1912
Norigs Ungdomslag og Studentmaallaget: Norske Folkevisor II. Oslo 1908, 1917
Norigs Ungdomslag og Studentmaallaget: Norske Folkevisor III. Oslo 1920.
Hulda Garborg: Norske dansevisur. Kristiania 1913. 1917. auka utg. 1920, auka utg. 1923.
Magnhild Winsrygg: Gammeldans. Oslo 1984.
Bygdedansar:
Markvard Antun og Arne Berg: Vestlandsspringdans. Oslo 1967
Leif Aasane: Numedalsspringaren. Kongsberg 1980.
Klara Semb: Numedansspringar. Såleis eg lærde han av Kjetil Dyrbu i Flesberg og Kjetil Mogen i Svene. Oslo 1931?)
Klara Semb: Dances of Norway. Handbooks of european National Dances. Ed. Violet Alfore. Londom 1951
Gullik Kirkevoll: Litt om lausdans i Valdrestradisjon. Tidsskrift for Valdres Historielag 1972.
Gullik Kirkevoll: Valdresspringar. Tidsskrift for Valdres Historielag 1963.
Bjarne Rekdal: Romsdalsspringaren. Jul i Romsdal 1976. Molde 1976.
Bjørg Ingrid Tolland: Turpols i Nord.Østerdal med detaljer fra dette miljøet. særoppgave ved Tynset Gymnas 1975.
Barneleikar:
Egil Bakka m.fl.: - og vil du være kjæresten min. Barnesangleik i Arendal, Moss, Trondheim, Tromsø og Ålesund. Trondheim 1979.
Statens Ungdoms- og Idrettskontor: Sang og leik. Oslo 1957.
Nora Kobberstad: Folkemuseets ringdanse. kristiania 1904.
Nora Kobberstad: Let-på-tå. Lege med sange. Kristiania 1896.
Nora Kopperstad: Norsk Lekebok. Kristiania 1901.
Jostein Kroglund: Bro, bro brille. Sangleiker fra mange land. Oslo 1981.
Lautin: Lekt i Løten. 1980.
Annefi Moe: Inn-til-vegge. Sangleker i Bergen. Bergen 1976.
Tor G. Nordås: Barnet i liv og lek. Barnekultur i en brytningstid. Stavenger 1976.
Tor G. Nordås: Jeg og kulturen min. Sanger, danser, leker og regler som er eller har vært brukt i Stavanger. Stavanger 1973.
Onkel Georg (Einar Nilsson): Sanglekene våre. For store og små barn. Trondheim 1948.
Framfylkingen: Sang og leik. Oslo 19??
Bernt Støylen: Norske barnerim og leikar. Kristiania 1899. Faksimile-utgåve Oslo 1975.
Magnus Vaage: Songleikar til Heim og Folkeskule. Risør 1919.
Magnus Vaage: Songleikar til Heim og Folkeskule. Andre boki. Kristiania 1922.
Magnus Vaage: Songleikar til heim og Skule. Tridje boki. Oslo 1925.
Andy Weydahl: Sangleiker for storskolen. Kristiania 1924.
Andy Weydahl: Sangleker for småskolen. Kristiania 1922. Siste opplag 1967.
Berit Østberg: På livets landevei. Sangleker fra Trondheim. Trondheim 1976.
Åse Enerstvedt: Kongen over gata. Oslobarns lek i dag. Oslo 1976.

b) Generelle bøker, biografiar, artiklar etc
Generelle bøker, oversikt, ..
Egil Bakka: Norske dansetradisjonar. Oslo 1979
Egil Bakka: Springar, gangar, rull og pols: Hovudliner i eldre norsk folkedanstradisjon. Universitetet i Oslo. Stensil 1973.
Egil Bakka, Brit Seland, Dag Vårdal: Dansetradisjonar frå Vest-Agder.Vest-Agder Ungdomslag 1990.
Egil Bakka m.fl.: Dansetradisjonar frå Nordland og Troms. Trondheim 1984.
Egil Bakka (red.): . Nordisk forening for folkedansforskning 1988
Johan Austbø og Einar Øygard (red): Folkedansen i 20 år. 1903-1923. Den Norske Folkeviseringen. Oslo 1923.
Olav Midttun: Norske folkeviser i leik og dans. Oslo 1969.
Knut Liestøl: Norsk folkedikting. Norske Folkeskrifter nr 62. Oslo 1937
Reimund Kvideland: 1600-talsviser. Eit handskrift frå Røldal. Norsk folkeminnelags skrifter nr 118. Bergen 1976.
Ole Tobias Olsen: Folketonar frå Nordland. Oslo 1982.
Brynjulf Alver: Draumkvedet. Oslo 1971.
Sofus Bugge: Gamle Norske Folkeviser. Opptrykk av utgåva frå 1858. Oslo 1971.
Geir Egil Larsen og Leiv Ramfjord: Sull, song og slått. Verdal 198?.
Ingar Ranheim: Folkedans, disiplinering og nasjonsbygging. Norsk Folkemusikklag skrift 8 1994.
Ingar Ranheim (sekr.): Handlingsplan for folkedans og folkemusikk. 1994.
Arne Bjørndal og Brynjulf Alver: Og fela ho let, Oslo 1966
Arne Bjørndal og Brynjulf Alver: Og fela ho let. Norsk spelemannstradisjon. Oslo 1985.
Arne Bjørndal: Norsk folkemusikk. Festskrift til 70-årsdagen. Bergen 1952.
Ole M. Sandvik: Østerdalsmusikken. Oslo 1943, 1979.
Ole M. Sandvik: Gudbrandsdalsmusikken. Kristiania 1919 og Oslo 1948.
Ole M. Sandvik og Gerhard Schjeldrup (red.): Norges Musikkhistorie. Kristiania 1921.
Øystein Gaukstad: Toner fra Valdres. Leira 1972
Eva Hov: Pinsti-rauke. Songleiktradisjon i Hessdalen. Trondheim 1989
Leif Braseth m.fl.: Utgreiing om folkemusikk og folkedans i skoleverket. Oslo 1982.
Ei orientering om Rådet for folkemusikk og folkedans og norsk folkemusikk og folkedans. Trondheim 1989.
Egil Bakka (red): Folkedanslitteratur i Norden. Ein bibliografi. Trondheim 1983.
Anders Gjendem: Musikantar i Romsdal. En biografi. Molde 1979
Rådet for folkemusikk og folkedans: Årsmeldingar og div. hefte.
Bernt Støylen: Norske Barnerim og Leikar. Med tonar. Kristiania 1899. Faksimileutgave 1975.
Torleiv Hannaas: Hardingfela. Bergens Museums Aarbok 1916-17.
L.M. Lindeman: Ældre og nyere Norske fjeldmelodier. Kristiania
Catharinus Elling: Vore folkemelodier. Kristiania 1909.
Catharinus Elling: Vore Slaatter. Kristiania 1915.
Arild Hoksnes: Vals til tusen. Oslo 1988
Reidar Sevåg: Det gjallar og det let. Oslo 1973.
Reidar Warme: Nogle engelske dantzer med sinne Thourer udi. Av Johannes Bruu 1777. Innleiing og kommentarar av Reidar Warme.
Erik Eggen: Norsk musikksoge. Oslo 1923.
Boris borisoff og Hortense Panum: Lærebok i langeleikspill for selvstudium. Oslo 19??.
Helge Dillan: Folkemusikk i Trøndelag. Band 1 - 5. Oslo 19?? - 1982.
Steinar Kyvik: Soga om Fela. Oslo 1947.
Jon Faukstad: Ein-raderen i norsk folkemusikk. Oslo 1978
Sven Nyhus: Pols i Rørostraktom. Oslo 1973
Asbjørn Hernes: Impuls og tradisjon i norsk musikk 1500-1800. Oslo 1952
Norsk folkemusikk. Serie I. Hardingfeleslåttar. I-VII. 1958-1981.
Jan Petter Blom: Struktur og dialekt i norske bygdedanser (stensil). Bergen 1968.
Tellef kvifte: Om variabilitet i fremføring av hardingfeleslåtter. Utkast til en analysemodell. (Stensil) Oslo 1978.
Vidar Lande: Slåttar og spelemenn i Bygland. Oslo 1983
Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982
Halvard Kaasa og Astrid Versto: Hardingfela. Det norske nasjonalinstrumentet. Oslo 1997.
Egil Bakka: Innleiing. Klara Semb: Norske folkedansar. Turdansar. Oslo 1991. s. 17ff
Egil Bakka: Songdansen. Klara Semb: Norske folkedansar. Songdansar. Oslo 1985 s. 20ff
Hulda Garborg: Song-Dansen i Nord-Landi. Krisitania 1903, 1913, auka utgåve 1922.
Hulda Garborg: Norsk Klædebunad. Kristiania 1903
Hulda Garborg: Norsk Klædebunad. Med 100 bilæte og 8 fargelagde mynsterteikningar av Halfdan Arneberg. Kristiania 1917.
Bjørn Anmarkrud: De ulike felestille i hardingfeletradisjonene. Hovedoppgave i usikk, UiO, Oslo 1975.
Johan Krogsæter: Folk Dancing in Norway. Oslo 1968.
Hannas m.fl. (red.): Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Torleiv Hannaas: Vestmannalager i femti år. Bergen 1918.
Øystein Gaukstad: Norsk folkemusikk. Ein bibliografi. Oslo 1951.
Ådel Gjøstein Blom: Ballader og legender frå norsk middelalderdiktning. Oslo 1971.
Hanne Kjersti Buen, Agnes Buen Garnås og Dagne Groven Myhren: Ei vise vil eg kveda. Songar på folkemunn i Telemark. Oslo 1978.
Agnes Buen Garnås m.fl: Norske folkemusikkfonogram. Diskografi. Plater og kassettar frå 1970 og 80-åra. Trondheim 1988.
Inger Johanne Jore: Om sangtradisjonen i Tuddal. Hovudfagsoppgåve UiO 1984
Anne Tone Hageland: Folkemusikk og verdiformidling. Hovudfagsoppgåve UiO 1984.
Leiv Solberg: De eldste grammofoninnspillinger med hardingfele. Presentasjon av et materiale, og undersøkelser fra ulike vinkler. Hovudfagsoppgåve UiO 1984.
Gjermund Andreassen: "Vangsvikprosjektet. Delrapport 3. Livet og musikken i fristaten Senja." UiT 1983.
Festskrift til O.M.Sandvik. Oslo 1945
Symposium før førberedelse av nordisk samarbete inom folmusik og -dans. Kaustinen 1980
Hans Geitvik: Spelemenn. Volda 1938.
Sverre Halbakken: Notater om Mål-Måter og Midler i arbeidet for et bruksmiljø som sikrer folketradisjonen en naturlig plass i sitt eget lokalsamfunn. Østerdølenes spell- og Bygdedanslag 1981.
Biografiar (spelemenn, dansarar, forskarar, etc)
Kjerlandstonar i norsk folkemusikk. Festskrift til Anders Kjerland på 80-årsdagen 17. oktober 1980. Voss 1980.
Olav Fjærestad (red.): Eivind Groven. Heidersskrift til 70-årsdagen 8. oktober 1971. Oslo 1971.
Arvid Møller: Hans med fela. (Om Hans W. Brimi) Oslo 1977.
Arvid Møller: Anders fra Underdal. Oslo 1973
Sigbjørn Bernhoft Osa: Hardingfela. Oslo 1952.
Sigbjørn Bernhoft Osa: Spelemannsliv. Oslo 1979.
Arne Bjørndal: Ola Mosafinn. Bergen 1922 og Voss 1978.
Fleire forfattarar: Arne Bjørndals hundreårs minne. Bergen 1985.
Tor Obrestad: Hulda. (ein biografi om Hulda Garborg) Oslo 1992.
Hulda Garorg: Dagbok 1903-1914. (Ved Karen Grude Koth og Rolv Thesen) Oslo 1964.1962?
Erling Kjøk og Jarnfrid Kjøk: "og så spelte o Guri" Ei spelemannsoge. Spelemenn, spel og dans i Ottadalen. Garmo1995.
Jon Bleie: Halldor Meland - eit liv i tonar. Ein bolk av soga om folkemusikken i Hardanger. Oslo 1976.
Richard Berge: Myllarguten. Utgåve ved Olav Fjalestad, Oslo 1972
Richard Berge: Haavaard Gibøen. Utgåve ved Olav Fjalestad, Oslo 1972
Olav Kvalen: Soga om Myllarguten. I poesi og prosa. Bø i Telemark 1972.
Jon Låte (red.): "med danse og slåttespel i vestlands tradisjon" Halvor Sørsdal 80 år. Bergen 1979
Kjell Thomsen: Meisterspelemannen Loretz Hop. Ætt og miljø. Voss 1982.
Halvor Braaten: Lars Fykerud. Hans liv og kunstnergivnad. Notodden 1939 og 1979.
Leif Rygg m.fl.: Ord og tonar. Per Berge 85 år. Voss 1972
Ingald Bolstad m.fl. (red): Norske tonar. Heidersskrift til Sigbjørn Bernhoft Osa på 75-årsdagen. Oslo 1985.
Johs. A. Dale: Hulda Garborg. Oslo 1961.
Kr. Sælid (red.) Ho tok oss med. Festskrift til Klara Semb på 80-årsdagen. Oslo 1964.
Folkedansrørsla, Noregs Ungdomslag, Ungdomslag, Frilyndt ungdomsrørsle
Sven Moren og Edv. Os (red.): Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag 25 år. Oslo 1921.
Lars Busk (Edv. Os): Stemneskrå 1923. Oslo 1924.
Lars Busk (Edv. Os): Stemneskrå 1927. Oslo 1927.
Ørnulf Hodne: Fedreland og fritid, en mellomkrigsstudie av Noregs Ungdomslag. Oslo 1995.
Bjarne Rabben: Sunnmøre sett innanfrå, drag frå folkelivet 1860-1940. Oslo 1978
Øystein Sørensen (red): Nasjonal identitet - et kunstprodukt? NF KULT skriftserie nr 30, Oslo 1994.
Jon Tvinnereim: Ei folkerørsle blir til. Oslo 1981
Norsk Ungdom /Ungdom: Organ for Noregs Ungdomslag. 1916-
Oddvin Lundanes og Sigmund Moren (red): Ung i 75 år. Noregs Ungdomslag 1896-1971. Oslo 1971.
Jan Kløvstad (red): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996. Oslo 1996.
Margunn Drivenes: NU-soge. I nasjonalhistorisk perspektiv. Oslo 197?
Olaf Almenningen m.fl.(red.): "Og byen er vår bror". Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989. Oslo 1989.
Einar Breidsvoll m.fl. (red): Bondeungdomslaget i Oslo. 30-årsskrift. Oslo 1929.
Sigmund Moren (red): Bondeungdomslaget i Oslo. 1929-1949. Oslo 1950.
Oddvin Lundanes (red.): Bondeungdomslaget i Oslo 75 år. 1899-1974. (Jubileumsnr. av BUL-nytt) nr 4/1974.
Aasmund Svinndal m. fl. (red.): Barnelaget i Bondeungdomslaget i Oslo 40 år., 1924-1964. Oslo 1964.
Johan Krogsæter: Fram dansar. Leikarringen i Bondeungdomslaget 1919-1969. Oslo 1969.
Åsmund Svinndal: Hugmål. Eit minneskrift. Bondeungdomslaget i Oslo 50 år i arbeid for norsk folkedans. Oslo 1953.
Ivar Eskeland (red): Bondeungdomslaget i Bergen 1909-1959. Bergen 1959.
A. Hernes og K. Bakken (red.): Bondeungdomslaget i Nidaros gjennom 30 år. Trondheim 1934.
A. Todal: Femtiårsskrift for Bondeungdomslaget i Nidaros. 1904-1954. Trondheim 1954.
Harald Heggdal m.fl.(red): Den frilynde ungdomsrørsla i Romsdal. Romsdal Ungdomssamlag i 30 år. 1895-1925. Molde 1925.
Kr. Sælid (red.): Glytt frå Lagslivet. I Noregs Ungdomslag i eldre tid. Oslo 1951.
Kr. Sælid (red): Glytt frå Lagsliver. Oslo 1949.
Kr. Sælid: Frilyndt ungdomsarbeid i 75 år. Oslo ????
Ola Straumsheim: Songdansen. Hefte 6. Handbokserien i NU. Oslo 1971.
Ivar Grøvik: Noregs Ungdomslag - ei historisk synfaring. Handbokserien i NU, Oslo 1970?
Knut Fortun: Mål og meining. Oslo 1966
Knut Fortun: På langs gjennom lagssoga. Handbokserien i NU. Oslo 1970?
Klaus Sletten: Då dagen rann. Frå Wergeland til dei frilyndte ungdomlaga. Oslo 1952.
Knut Fortun: Mål og meining. Noregs Ungdomslag 1966. Oslo 1966
Viktor Krüger (red): Oslo Fylkeslag. 1923-1953. Oslo 1953
Oddmund Utskarpen m.fl. (red.): Bygda i byen. Oslo Fylkeslag Bygdelagssamskipnaden i Oslo 1923-1973. Oslo 1973
Gunnar Lande: Vest-Agder Ungdomslag 75 år 1893-1968.
Lillian Eltvik Dyrnes m. fl. (red): Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Noreg. Oslo 1986.
Vebjørn Bakken m.fl.: Leikarringen Symra 25 år. 1960-1985. Oslo 1989.
Nils Oddvar Bergheim:Valdreslaget i Oslo 1899-1974. Valdres 1974.
Grethe Tanding Sørensen: Oslo Songdanslag 1922-72. Oslo 1973.
Aasmund Stokke: Nordmørslaget i Oslo 75 år. 1922-1997. Oslo 1997
Leiv Flatebø m.fl. (red.): Hardinglaget i Oslo 1914-64. Oslo 1964.
Reidar Fønnebø m.fl. (red.): Numedalslaget i Oslo 50 år. Oslo 1959.
Oddvin Lundanes (red.): Nordfjordlaget i Oslo 50 år. Oslo 1965.
Olivant: Organ for Leikarringen i bondeungdomslaget i Oslo. 1946-
Symra: Organ for Leikarringen Symra i Oslo. 1979-
Tor Stallvik: Leikskrå. Leikarlaget i bondeungdomslaget i Nidaros 1921-1971. Trondheim 1971.
Godtemplarungdomslaget "Per Gynt": Godtemplarungdomslaget "Peer Gynts" leikarring 10 år. 1949-1959. Lillestrøm 1959.
Folkemusikkrørsla, Landslaget for spelemenn, spelemannslag, ...
Spelemannsbladet. Organ for Landslaget for Spelemenn. 1941-
Kjell Thomsen: Folkemusikk i Fana. Stord 1968.
Kjell Thomsen: Norsk kappleiksoge og andre hendingar i norsk folkemusikksoga. Stord 1978
Norsk Folkemusikklags skrifter: nr 2, Seminar på Fagernes 28-29.jan 1984 og Flesberg 1.-3. mars 1985. Bergen 1986.
Norsk Folkemusikklags skrifter: nr 3, Seminaret i Bergen 24.-25. jan 1987. Trondheim 1987.
Norsk folkemusikklags skrifter: nr 4, Seminaret i Trondheim 16.-17. januar 1988. Trondheim 1989.
Norsk Folkemusikklags skrifter:
Knut Buen: Som gofa spølå. Tuddal 1984.
Knut Buen: Jørgen Tjønnstaul. Tuddal 1984.
Jostein Meland: Voss spelemannslag 25 års soga. Voss 1966.
Jostein Mæland (red.): Landslaget for spelemenn 1923-1973. Voss 1973.
Andreas Bjørkum m.fl. (red): Folkemusikk og folkemusikkutøvararar i Noreg 2. Oslo 1996.
Dag Hovda Sture: Tevling i Tradisjon. Norske kappleikar på hardingfele. UiB 1985.

tilbake til toppen av dokumentet