Nokre bilete frå Jubileumsreisa til Symra i pinsa 2010 Del 4

Tilbake til hovudsida

Svært vellukka pinsetur til Møre og Romsdal
Dei 35 som var med på Symra sin jubileumstur til heimefylket i pinsa 2010 fekk rike opplevingar. Dei fleste reiste med fly til Ålesund torsdags ettermiddag og tok flyet nedatt frå Molde månadag kveld. Vi overnatta to netter i Ålesund og to netter i Molde. Det var fleire høgdepunkt på turen. Fredag hadde vi ein strålande soldag med Hurtigruta Trollfjord inn til Geiranger, og buss tilbake til Ålesund. Vi fekk også oppleve det flotte utsynet frå Fjellstova på Aksla. Om kvelden hadde vi dansefest saman med Ålesund spelemannslag og Ungdomslaget Ivar Aasen. Svært hyggjeleg, og mykje god mat! Hit kom også Sunnmørsposten og gjorde intervju, og det kom bilete og omtale i avisa dagen etter. Laurdag hadde vi ei interessant gatevandring i jugentbyen saman med ein insprerande guide. Om ettermddagen tok vi Hurtigruta til Molde og vi fekk så kvar Vebjørn og Peder kjem frå mellom alla. Søndag var det heildagstur til fiskeværet Ona. Det bles ikkje, så det vart ein fin tur for alle. Måndag tok vi busstur til Kristiansund via Atlanterhavsvegen. Vi stoppa i Bud og fekk oss velsmakande mat både på Hustad og i Kristiansund. Der fekk vi velsmakande baccalao på ein fin restaurant i ei 200 år gamal smie. Det aller finaste veret hadde vi på fredag, men dei andre dagane var det også stort sett opphaldsver, og langt finare enn meldingane. Mange sit igjen med fine minne frå turen, både i hausen og i fotoapparatet. På biletet ser vi nesten alle på veg mot Ona.
På denne sida er det som skjedde måndag. 


Måndag. Vi skal på rundtur til Kristainsund. Vi køyrer først innom kongebjørka i Molde der Kong Håkon og kronprins Olav søkte ly då Molde vart bomba i 1940.
  

Vi køyrte forbi ein kjent hage i Molde - også kjent frå TV.
  

Vi har stoppa i Bud for å sjå på det gamle fiskeværet.
  

Bud er mellom anna kjent for det siste Rikstinget som vart halde i Noreg i 1533, før det vart innført einevelde i Danmark/Noreg.
  

Inger Ser utover mot dei nedlagde fiskeværa på Bjørnsund. Det er også mange minne her på haugen frå krigens dagar - store bunkersar og kanoner.
  

Dei få regnbyene kom når vi var inne i bussen. Men her ser vi regnet i det fjerne.
  

Etter å ha køyrt forbu Hustad kom vi til Hustavika Gjestegård. Her fekk vi velsmakande kjøtsupe. Ingen skulle svelte på denne turen!
  

Her er vi benka ved eit fint dekka bord.
  

Her er det andre langbordet
  

Atlanderhavsvegen går frå Hustadvika over til den store øya Averøya. Vi har stoppa og ser på plakaten. Jon og Hilde.
 

I bakgrunnen ser vi den største av bruene. Anne, Anne Grethe, Liv og Peder.
 

Minnesmerke over dei mange som har omkome på havet.
    

Inger Frøydis og Liv
   

Inger Frøydis og Vebjørn
 

Ut mot havet. Astrid, Liv, Petter, Inger Frøydis, Unni og Jørn
  

 Vi er komne til Kristiansund, og det skal bli mat att: På det spesielle fiskerestauranten Smia.
 

Dei opna spesielt for oss.
   

Frå det spesielle interiøret. Smia hadde vore i bruk i over 200 år.
 

Hallvar og Inger hadde bord for seg sjølve.
  

Vi ventar på ein spesielt god baccalao
 

Unni og Liv
 

Jo, maten smakar visst godt.
 

Restauranteigaren fortalte om Smia og om maten. Hyggjeleg!
Dermed gjekk turen vidare til flyplassen i Molde og til Gardermoen. Nokre få vart verande att (Jon, Ragnhild, Inger og Peder).