Leikarringen Symra

er den største og mest aktive leikarringen i Oslo. Vi har ca 50 deltakarar på kvar øvingskveld.
  
Ringen legg vekt på
 - høg kvalitet på øvingane - gode spelemenn og instruktørar
 - å drive med alle former for norsk folkedans
 - å tilby mange kurs med høg kvalitet både offentlege og interne
 - å kunne tilby framsyningar med høg kvalitet
 - å tilby mange kulturaktivitetar i tillegg til folkedansen

Dei faste øvingane i ringen er kvar onsdag, i Storsalen i 
Nordahl Brunsgt. 22, kl
19.30 - 22.00
Programmet dette halvåret  her.

   

Helgekurs i gamaldans 28. og 29. januar 2012
Kurs i gamaldans for nybyrjarar, Halli, Nordahl Brunsgt 22, kl 11 - 14, Info Vebjørn Bakken 90194897
 
Symra satsar på alle dei vanlege norske folkedansformene
- turdans av alle slag (ril, tretur, åttetur, firetur, ..)
- songdans
- gamaldans (vals, reinlender, polka, masurka, springpols, ...)
- bygdedans (pols, vestlandspringar, rull, dansar frå Møre og Romsdal)
 -
stildans (Fransese, Lancier, Kvadrilje, Playford-dansar, ....)
     
Dei viktigaste aktivitetane i Symra er  
- øvingar i alle typer folkedans kvar onsdag kl 19.30 - 22.00
- offentlege kurs i gamaldans og folkedans kvart semester
- ekstra øvingar i bygdedans og stildans (sjå programmet)
- kveldskurs, helgekurs og seminar i ulike dansar
- danseturar innanlands og utanlands
- framsyningar med folkedans gjennom heile året
- dansefestar med topp musikk, danseleiing og mat
- varierte kulturtilbod (fjellturar, teaterturar, utflukter, ...)
    
Siste nytt
Kurs i gamaldans laurdag 28. og søndag 29. januar  i Halli Nordahl Brunsgt 22
kl . 11 - 14 begge dagar. Pris kr 200. Her er plakat for kurset.
Vårhalvåret 2012 startar med kaffikveld  onsdag 4. januar kl 19.30. 
Sjå detaljar ved programmet.
Symra arrangerer også øvingar i stildans normalt på fredagar 18.30-21.30.
Første stildansøving er fredag 6. januar
Kjøp av boka om Symra - "Symra 50 år" - og DVD med over 10 000 bilete

 

Ta kontakt dersom du vil vite meir!
Vebjørn Bakken (leiar), tlf 90194897
E-post: vebbak@online.no
Har du ikkje e-post, send melding her.
Lagsadresse:
Symra, Nordahl Brunsgt. 22, 0165 Oslo

Har du lyst å bli med?
I Symra er du velkomen som dansar - single og par er like velkomne. Møt fram på ei øving og bli kjent med oss!     Meir informasjon her.
 
Vår nettadresse er:
www.folkedans.com/symra
   
Finne fram til kurs/øving?
Nordahl Bruns gt 22, 0165 Oslo
(ved det gamle Rikshospitalet)
Her er eit kart!
Symra er medlem i:
Bygdelagsamskipnadet (BLS)
Noregs Ungdomslag (NU)

   
Symra tar på seg oppvisningar!
Vi tar på oss oppdrag - norsk folklore - folkedans, folkemusikk, kveding - store og små framsyningar. Ta kontakt! E-post.

 

Hit Counter
Sist oppdatert 14/01-2012

Sideansvarlig: Vebjørn Bakken: vebbak@online.no