Nokre bilete frå Jubileumsfesten til Symra 50 år
Flott jubileumshelg på Klækken 2010
Det vart ei svært fin jubileumshelg på Klækken hotell 1-3 oktober 2010.
Det var 155 til stades, av dei 22 frå Viljan og mange eldre medlemer i tillegg
til mange av nåverande medlemer. Det var mimrekveld med dans på fredag.
Laurdag føre lunsj var det gjennomgang av dansar, øving på forestillinga.
Etter lunsj var det konkurranse mellom ei lang rekkje lag, både teorispørsmål
og praktiske øvingar. I tida før jubileumsmiddagen var det ei halvannan times
lang forestilling, der ulike aktivitetar i Symra vart framheva, til dømes
Symraorkesteret, dugnadsånda, fjellturane, overnatting på skulerom og
giftermål, i tillegg til mange kunstnarleg innslag som trestemt song,
Spelemannen av Dan Anderson, Fanitullen. Det var gjort videoopptak av
konserten, så det skal nok gå an å få vist den ved eit passande høve. Så var
det jubileumsmiddag, der alle fekk jubileumsnål og fint songhefte. Prolog var
det også, og ei morosam gåveoverrekkjing frå Viljan.Etterpå dans til kl 01.30.
Benjamin, Vegar Vårdal og Laffen Rossebø sytte for fin musikk. Songdansen
gjekk også fint i to store ringar! Det var utstilt mange ting frå Symra sitt
arkiv (gåver), og mange album var lagt ut. Ein del store bilete var også slått
opp. Vi har fått mange tilbakemeldingar om at det var ein fin fest, også frå
Viljan ved Curre Brandt.
Middag fredag kveld - eit av borda. Liv og gunnar nærast |
Eit av dei andre borda fredag kveld. Anne til høgre. |
Eit bord til. Dag nærast til høgre. |
Eit bord til |
Og endå eit bord fredag kveld |
Dei som sat ved langbordet. Svein nærast til venstre. |
Werner foredrog ei vise på fin måte |
Eit langbord til på fredag kveld |
Her er endå eit rundt bord |
Marianne, Anders og Benjamin på nært hald |
Laurdag var det øving på programmet - her f.v. Werner, Tore og Jan Erik |
Her blir fjellturen øvd |
Og her dreier det seg om fjelltur |
Her er kartet framme |
Etter lunsj er det "natursti" innandørs, med ulike konkurransar gruppevis |
Papirflykasting - Helgi i aksjon |
Papirfly her også |
Svein konsentrerer seg skikkeleg |
Det er Dag sin tur |
Det var også teoretiske spørsmål |
Her er ei anna gruppe |
Og her ei |
Papirflykasting igjen, Jon i aksjon |
Anders i fin stil |
Er denne gruppa ferdig alt? |
Her er diskusjonen i gang |
Desse er ferdige |
Og desse ... |
Dei tenkjer så det knakar |
Nå skal vinnargruppa kårast |
Alle er samla i salen, og ventar spent |
Dei følgjer med |
Er dei ikkje ferdige enno? |
No er det like før det blir avgjort |
Nei, desse driv på framleis |
Det tar si tid å kåre ein vinnar |
Resultata blir offentleggjort |
Her er vinnarane |
Vinnarane på ny |
Nokre av dei gåvene Symra har fått gjennom tidene var utstilt |
Ein del av medlemene frå 60-talet samla kring Symra-album |
Her der resten |
Så er folk på plass i salen til jubileumsforestilling |
Symraorkesteret med Knut og Halvar fremst. |
Publikum - Marianne og Anders nærast |
Orkesteret i sving |
Fire par dansar Atildans: Alexandrine |
Framleis Alexandrine |
Her er Viljan i gang med sitt innslag - Magnus på klarinett nærast |
Det er sterke karar i Viljan |
Curre og Tommy dansar oksdans |
Her også |
Her er vi i gang med innslaget om dugnadsånda i Symra |
Etter forestillinga er det middag - her eit av borda |
Tore leier bordsetet og Anne Grethe lytter |
Nokre ved bordet |
Nokre til |
Symra skal få gåve frå Viljan - her er Curre iggang med talen sin |
Gåva er gøymt i ein svart sekk |
Tommy og Annika er også med på gåveutdelinga |
Leiaren i Symra Erik tar imot |
Erik les opp gåvebrevet og Tore hjelper til |
Så er dansen i gang - Ander og Marianne viser |
Her er det dans |
Og her er det dans |
Spelemennene gjjorde ein flott jobb |
Og så er det kaffi og kaker. Grethe nærast |
Nokre ved kaffibordet |
Her nokre til: Nina, Curre og Anne |
Og her endå fleire |
Og her også |
Her er nokre av dei "yngre" medlemene |
Og her nokre til |
Her er Knut og Lisen |
Langvegsfarande gjester frå Sørlandet |
Frå 60- og 70-talet |
Viljan og Symra |
Ein "gamal" og ein "ny" medlem |
Av den "eldre garde" - men like unge |
Dette er folk frå 70 og 80-talet |
Knut og Lisen |
Dansen er i gang igjen |
Nokre ser på |
Vi er komne til søndag morgon og Viljan skal reise austover |
Utafor bussen før dei dreg |
Her også |
Humøret er på topp før avreisa |
Siste samtale |
Og her også |
Og her |
Siste handtrykk |
Og nå har Viljan dratt |
Nokre av dei "gamle" mimra litt også på morgonkvisten søndag |