Nokre bilete frå kaffikvelden i Symra 15. oktober 2013

Tilbake til hovudsida

Her er nokre bilete frå kaffikvelden i Symra 15. oktober 2013. Det var bra med folk, Toraderkurset med Hallvar i spissen spela til underhaldning og dans, Nina leia leiken og Solvor og Benjamin spela. Det var utlodning, mellom anna av det store fatet som Symra fekk då dei dansa på Hadeland Glassverk etter seminaret på Klækken. Det var også avslutning på nybyrjarkurset i gamaldans.


Folket benkar seg i Storsalen.
  

Loddseljarane er i full gang.
 

Her ser vi også ein del av eit rikhaldig kakebord.
 

Symra-medlemene på toraderkurset i aksjon på scena, f.v. Bjørn Harald, Gunnar, Nina og læraren Hallvar.
 

Erik viser fram fatet som skal loddast ut som siste gjevinst. Fremst f.v. Grete, May-Britt og Bjørn Harald.
    

Den heldige vinnaren var May-Britt. Ei historie: Ho var visst nokså sikker på å vinne, for rett før trekninga spurte ho Vebjørn om ho kunne få sitje på heim i bilen, for det ville bli vanskeleg å dra fatet med på bussen !!
.