Nokre bilete frå haustturen i Symra 5-7 september 2008

Tilbake til hovudsida
Her er nokre bilete frå haustturen i Symra i byrjinga av januar 2008. Det vart ein på alle måtar vellukka hausttur med Symra til Ringsaker kommune på austsida av Mjøsa mellom Hamar og Lillehammer. Veret var ideelt - litt overskya og med glimt av sol, og passe varmt. Det var mange deltakarar, godt over 30. Lange fjellturar vart det ikkje, men mykje kultur og mykje dans og fine gåturar i kulturlandskapet. Overnatting hadde vi på det flotte hotellet Høsbjør, høgt oppe i fjellsida i Ringsaker, 500 m over havet, og med den finaste utsikt du kan tenkje deg. Maten var fin, interiøret likeså, og det var god plass til dans om kvelden i ein fin "ballsal". Symra hadde hotellet heilt for seg sjølv. Fredag kveld var det middag, med innslag av Prøysen-viser som allsang, og dans etterpå. Laurdag var det kulturtur i Ringsaker - i fint kulturlandskap og rike jordbruksbygder. Vi såg på spennande geologi og på flotte helleristningar, og hadde omvisning i den 900 år gamle erverdige Ringsaker kirke. Kyndig omvisar på turen var 86 år gamle Erik Skjeseth, som var tidlegare bonde og mangeårig formann i Ringsaker historielag. Så gjekk vi Præstvegen til Prøysen-stua (der vi ikkje kom inn) og vidare til Prøysen museet på Rudshøgda, der vi tok oss god tid på det fine museet. Om kvelden var det igjen god middag, der vi også fekk fint fløytespel av ein tidlegare Symramedlem Olav Leite (medlem 1978-82). Og mange timar med dans, mest stildans. Marita og Fred frå Sølja hadde teke turen, og leidde oss gjennom ein fin dansekveld, der det også vart litt songdans og stordans. Søndag vart det så ei 8 km lang vandring langs pilgrimsleden tilbake til Hamar. Her gjekk sume på Jernbanemuseet og sume drog til Domkirkeodden, og atter andre drog heim. Vi hadde opplevd ei svært minnerik og fin hausthelg - og alle var takksame for at Eystein og Oddny hadde lagt alt så vel til rette og gjennomførte turen på beste måte.



Utsikten frå hotellvinduet på 210 i det same vi kom fram fredag i 6-tida.
 

Bilete som syner matsalen på Høsbjør - fredags kveld.
 

Vi er framme og klar til ein rundtur på Stein gard ved Mjøsa. Erik Skjeseth er ein dugande og sprek omvisar på 86 år. Men så driv han også med folkedans!
   .

Vi blir orientert om geologien og historia her ved odden
    

Mange interesserte tilhøyrarar
   

Eit bilete til av same slag
 

Her ser vi ut til holmen der Kastellet stod.
  

Her ser vi ein rekonstruksjon av Mjøs-kastellet
  

Vi er komne fram til Helleristningane på Steinen
 
  

Også dei same helleristningane
  

Helleristningar på andre sida av steinen
   

Her ser vi overbygninga også. Fremst er Olav.
 

Her er utsikta frå helleristningane til Ringsaker kirke. Dit skulle vi gå, men tida gjorde at vi tok bilen. 
  

På vegen tilbake passerte vi to kyr
  

Den eine av dei ville gjerne ta ein tur på Mjøsa "i ein sprukken holk".
   

Så er vi komen fram til Ringsaker kirke - ei flott steinkirke frå ca år 100.
  

Erik fortel om kirka og interiøret
  

Eit bilete frå andre kanten
  

Her ser vi den imponerande altertavla som vart laga i Holland.
   

Alle saman song Å leva det er å elska, og Inger Frøydis song Ein bruresong frå Odal
  

Vi er komne utafor kyrkja. Våre to dugande tur-organisatorar Eystein og Oddny saman med omvisaren vår Erik Skjeseth.
   

Utafor kyrkja åt vi matpakka

Nokre fann seg ein benk å sitje på.
  

Her er dei fleste samla utafor Prøysen-stua
 

Eit bilete til der også fotografen fekk vere med.
   

Så er vi framme ved Prøysen-museet, og då måtte vi ta bilete av hovudpersonen.
  

Så er vi tilbake på Høsbjør, og middagen er i gang.
   

Eit av dei andre middagsborda
 

Endå eit middagsbord
   

Det fjerde bordet
 

Det femte og siste bordet måtte også kome med.
   

Så fekk vi middagsunderhaldning. Olav Leite frå Valdres/Hamar kom og spela
på eit breitt utval fløyter. Olav Leite var med i Symra 1978-82.
 

Etter middagen bast det rett i dansesalen - eller rettare ballsalen. Her er vi i gang med Fransese.
   

Fransese også her.
  

Her er det nokre som kviler seg i enden av ballsalen
  

Så avsluttar vi dansen på vanleg måte, men etterpå vart det to gilde stordansar.
   

Dag og Per får seg frukost - kan ikkje klage verken på maten eller utsikten.
   

Her er alle samla på søndagens tur om lag halvveis - ved utsiktspunktet. Men utsika var ikkje så mykje å skryte av.
  

Då var det mykje bertre utsikt litt lenger nede, ved det store kalksteinsbrotet.
  

Her er vi på veg gjennom skogen ned mot Hamar.
 

På ein plass var det litt bratt ndeover - men det gjekk fint for alle.
   

Så er vi komne fram til Jernbanemuseet - og sume fann fram restane av matpakka. utsikt over Mjøsa.



 

Her frå det andre bordet.
   

Nokre er i ferd med å dra, og nokre skal på museumstur. Tusen takk for fin tur og fint følgje!