Tur til Irland 8 - 18 juli 2002

Tilbake til hovudsida
 

Hovudrettleiaren på nybyrjarkurset i setdans i Miltown.
  

Ein del av dei som deltok på nybyrjarkurset i setdans i Miltown.

Våre to spelemenn, Benjamin (venstre) og Magne spelar på ein pub i Miltown Malbay.

Frå avslutninga på nybyrjarkurset i setdans. Nokre viste oss eksempel på framifrå stepdans.

Vi hadde fast buss og sjåfør under heile turen. Bussen var dårleg men sjåføren var god!

Her ser i sjåføren på nært hald. Ein svært hyggjeleg kar.
  

Her er vi komne til Dublin, Jacobs Inn, og ventar på å få roma klargjort.

Vi var på mange hyggjelege pubbesøk. Her er vi i Dublin på ein kinesisk restaurant.

Her er nokre på ein pub i Dublin.

Vi er i ferd med å starte den lange framsyninga vår i Dublin. Det var usikkert om det blei framsyning pga regn. Men det slutta å regne og vi kom i gang om enn noko forseinka. Ein del tilskodarar var det også.

Eit glimt frå framsyninga. Her skal det bli vendt ring.
  

Her er vi i gang med den vendte ringen.

Her er det også vendt ring framleis.
 

Her er vi midt i rilsekvensen.

Dette er også rilsekvensen - vi byrjar på Lars Lenkilifot.
 

Dei to spelemennene hadde ein slått åleine også.
 

Siste kvelden i Dublin dansa vi litt på eit par pubbar. Her er benjamin og Magne i full sving.

Her dansar Magne halling på den same bubben. Det vekte stor åtguam!

Her er Magne klar til kastet.

Og her får han applaus for innsatsen.

Inger Frøydis song eit stev - dette er på den andre pubben i Dublin.