Isleik 1998
For femte gong vart folkedansstemnet Isleik i Reykjavik på Island skipat til 3. -13. juli. Det første Isleik var i 1975.Det er danselaget i Reykjavik - Thjoddansarfelag Reykjavikur - som står som tilskipar av desse stemnene. I år var det til saman knapt 300 deltakarar, islendingane medrekna. Det var flest frå Dannmark og Noreg, noko færre frå Finland, nokre få frå Sverike, ingen frå Færøyane og ei lita gruppe frå USA. Det fleste aktivitetane foregår på ein skule i Reykjavik: Breidholtskolen. På denne skolen overnattar også dei fleste deltakarane. Programmet består av aktivitetar på skulen, og ein rundtur på Island som varer 2-5 dagar. Som tidlegare år vart Isleik 98 ein stor suksess. Aktivitetane er mest opplæring og praktisering av folkedans frå dei ulike nordiske landa, songkveld, foredrag, framsyning av dans på skulen og i byen, uformelt samvær, avslutningsfest på ein restaurant i tillegg til ulike aktivitetar som ridning, bading i varme kjelder etc. Thjoddansarfelag Reykjavikur har ikkje meir enn rundt 50 aktive medlemer, og det er difor ein imponerande innsats av eit så lite lag å ta på seg dette store arrangementet.

Frå Noreg var det 75 deltakarar. Flest var det frå Leikarringen Symra og frå Gamaldanslaget Kvernvik, og så var det ein del frå BUL i Stavanger (tilskipar av Nordleik år 2000), nokre frå BUL i Oslo og nokre få elles. Frå Symra var det 25 deltakarar, medrekna speljenta Ylva frå venskapsringen Viljan. Fordi det var så mange frå Symra, fekk ringen nokre danseoppdrag. Vi dansa på folkemuseet, i den store parken i Reykjavik, på sceneprogrammet på skulen og i eit bryllup. Ylva og Dag Vårdal spela på framsyningane. Rettleiaren vår Dag Evensen instruerte i norske dansar ein av kveldane.
Alle i Symra sender ei hjarteleg takk til alle i Thjoddansarfelag Reykjavikur for ein svært hyggjeleg og opplevelsesrik Isleik 98. Vi gledde oss til turen, alle forventningar vart oppfylt, og mange av oss vil gjerne kome attende seinare! Ein fantastisk innsats av eit lite lag!

Dramatisk på Vatnajøkulen
Dei fleste av dei norske deltakarane deltok på ein lang 5-dagar rundtur på Island. Ein del av turen gjekk over isbreen Vatnajøkul, ca 8 mil med snøskuter eller beltebil. Denne turen vart svært dramatisk for denne gruppa, og vi fortel dior litt ekstra frå desse hendingane. Første dag gjekk frå Reykjavik tvers over Island til overnatting på eit samfunnshus mellom Husavik og Myvatn. Andre dagen gjekk ferda gjennom Myvatn-området og sørover gjennom lavaområdet til vulkanen Askja og til overnatting på ei turisthytte litt nord for Vatnajølul innunder Kverkfjøll. Tredje dagen var det først fottur opp på breen til ei lita hytte - Kverkfjøll-hytta - ei stigning frå ca 800m til 1800 m over havet.Her skulle vi reise med scooter og beltebil tvers over breen mot søraust ca 8 mil til turisthytta Jøklasel. Fjerde dagen var frå Jøklasel til overnatting på eit samfunnshus i Kirkjubærarklaustrur. Siste dagen gjekk turen innom mellom anna Landmannalaugar og vidare til Reykjavik.

Så meir om den tredje dagen som vart svært dramatisk. Fotturen opp til hytta på breen vart tyngre enn vi hadde trudd. Ei breelv hadde vakse, og vi måtte vasse over. Ein breførar viste veg, og guiden vår på turen Thorarna var også med.Vi kom fram til hytta litt over kl 15. Det var litt vind, litt regn og skodde på vegen. Ved hytta skulle vi vente på dei som kom over Rett før vi startar på turen over breen (foto Målfrid Grimstvedt)breen i andre retninga, men dei var forseinka, og klokka var over 18 før vi var klar til å dra sørover. Då hadde veret blitt mykje dårlegare - det var sterk vind, skodde og -7 grader. Vi var til saman 16 som måtte køyre scooter, 9 i talet, og 13 sat i snøbeltebilen. Vi fekk på oss varmedressar og hjelm, men ikkje hanskar og ikkje briller, og mange av oss hadde svært dårlege hanskar. Det var to fjellførarar på kvar sin scooter som skulle køyre først og sist i kolonna, finne veg og hjelpe til under ferda. Meininga var at snøbilen og scooterane skulle køyre i følje, men scooteren køyrde først og på grunn av ulike vanskar med scooterane, veltingar og motorar som stoppa, greidde ikkje scooterane å nå att beltebilen. Det var svært kort sikt - ca 10 meter, og det var uråd å sjå sporet, så alle måtte køyre etter ryggen på den som var framom. Biletet viser beltebilen og scooterane rett før vi startar (foto: Målfrid Grimstvedt)Etter at vi hadde køyt ein knapp time kom den eine fjellføraren bort frå gruppa og fann fram til beltebilen. Han prøvde å finne att gruppa, men lukkast ikkje med det. Sidan beltebilen ikkje fann att scooterane, og veret var svært dårleg, sendte beltebilen melding til redningssentralen, og dei på scooterane vart meldt sakna. I mellomtida hadde den fellføraren som var saman med scooterane bestemt seg for at det var uråd å køyre vidare, vi hadde då køyrt ca 5 km, og vi snudde i håp om å finne tilbake til hytta. Heldigvis fann han fram til hytta, og heldigvis greidde alle å halde saman i ein flokk, så alle kom velberga fram. På vegen tilbake fekk vi snødrevet imot, så det vart svært vanskeleg å sjå og vi fekk snødrevet i ansiktet. Mange hadde difor tendensar til forfrysning i anlet og på fingrar. Fjellføraren i hytta fekk ikkje skikkeleg kontakt med omverda og fekk ikkje gjeve beskjed om at vi alle var komne tilbake til hytta. Melding om at 17 personar var sakna fra snøbilen vart sendt ut ca kl 20. Eit nokså stort apparat vart no sett i gang. Totalt var 100 mann i beredskap. 4 bilar vart sendt inn på breen for å finne dei som var borte, det vart sendt opp helikopter over breen for å lette radiokommunikasjonene. Klokka 01.15 kom redningsmannskapet fram til hytta, og ca klokka 06.30 folket i hytta trygt framme på Jøklasel, der det vart servert varm mat. Så reiste bilane tilbake og henta dei som sat i snøbilen, og dei kom fram ca 08.30. Då hadde dei sete trongt og kaldt i snøbilen i 13 timar. Redningsmannskapet kom svært fort på plass og gjorde ein flott innsats for å finne dei som var sakna. Ein av nordmennene, John Olaf Grimstvedt, gjorde ein ekstra innsats ved å køyre ein av scooterane frå hytta og heilt attende til Jøklasel. Biletet viser heile gruppa, guiden Thorarna heilt til venstre. Vatnajøkulen i bakgrunnen. Foto Målfrid Grimstvedt.

Redningsaksjonen vekte stor oppsikt på Island og også i Noreg. Klokka 2 om natta vart den norske ambasadøren i Reykjavik informert om situasjonen. Då vi kom nesten fram til Jøklasel var Islands TV møtt fram og filma. Framme ved Jøklasel vart vi (Vebjørn Bakken og Thorarna) intervjua, og dette vart eit av hovudinnslag i dagsrevyen om kvelden. Elles var det telefon frå Islands radio, frå TV2 i Noreg hadde intervju og fleire innslag, avisa Morgonbladet i Reykjavik laga ei lang reportasje om hendinga (to av bileta var det Målfrid Grimstved som tok under ferda), Dagbladet i Noreg hadde oppslag og bilete, og hendinga vart nemnt i norsk radio og andre norske aviser.

Det gjekk bra til slutt - ingen fekk varige skadar. Men det var såpass dramatisk, at dersom vi hadde vore uheldige, kunne det gått langt verre. Det gjekk bra både fordi dei norske deltakarane oppførte seg slik dei skulle, og breførarane og redningsmannskapet gjorde ein framifrå innsats då ulykka først oppstod. Dei vanskelege vertilhøva i området rundt Kverkfjøll var ikkje varsla om morgonen, og det var vanskeleg å forutsjå at veret skulle bli så dårleg. Lenger sør på breen var det godver, og styggeveret var nokså lokalt.