Nokre bilete frå "miniballet" i Symra 2. desember 2006

Tilbake til hovudsida

Stildansen i Symra avslutta med Miniball 2. desember 2006
Det var i alt 34 deltakarar på avslutningskvelden for stildansøvingane i Symra. Desse avslutningane er ein slags mellomting mellom øving og ball - det er varm mat, kaffi og kaker og mest gjennomdansing av dansar som dei fleste (nesten) kan. Men litt instruksjon blir det i blant. Det er Marita Ramstad som er fast instruktør for Stildansen i Symra, og øvingane er normalt på fredagar i Storsalen. Men denne avslutningskvelden var på Seterbråten skole på Bjørndal i Oslo, der Inger Frøydis er lærar. Det var ein romsleg og fin gymsal vi dansa i, og der var det også plass til dei fint pynta matborda. Marita fekk blomar og takk for sin fine innsats også dette halvåret, og Inger Frøydis fekk også blomar for ho sytte for lokale. På stildansøvingane i Symra er det sjølvsagt mange frå Symra som er med, men det er også mange andre som deltar, heilt frå Hamar. Det er jamt mange som møter fram på øvingane, rekorden i haust var på 52 personar. Stildansøvingane held sjølvsagt fram neste år etter same opplegget som i år. Den første øvinga er første fredagen på nyåret. På biletet ser vi Marita får blomar av Grethe som er styrets stildanskontakt og ein ivrig stildansar.
 (03/12-06)

Frå dansegolvet  
  

Frå dansegolvet
  

Det var to langbord - her er frå det eine.
  

Nokre av dei som er i "nemnda" Grethe, Einar og Inger.
   

Og her er frå det andre bordet
  

Frå middagsbordet Eldbjørg, Kjell og Kari
    

Frå middagsbordet, Arill, Sonja og Leif
  

Frå middagsbordet, Marita og Magne
  

Frå middagsbordet, Ingeborg, Dag, Anne Marie og Kjell
  

Frå middagsbordet, Kjell, Bjørg og Erik
  

Frå middagsbordet, Anna og Arne
  

Frå middagsbordet, Hilde, Petter og Kari.
  

Frå middagsbordet, Peder, Wenche og Kristen
  

Frå middagsbordet, Per, Valborg og Oskar
  

Frå middagsbordet, Astrid, Petter og Anne Lise
  

Frå middagsbordet, Gunnar og Inger Frøydis
  

Frå fransesen etter middagen
 

Peder passar på at kakebordet er i orden
  

Marita får velfortente blomar av Grethe
 

Inger Frøydis får også blomar av Grethe