Nytt frå Symra-livet
Tilbake til hovudsida
Her vil vi presentere ein del nyheiter i Symra - smått og stort. Tanken er at dei som ikkje regelmessig kan delta på øvingar og andre tilskipingar i ringen, kan følje med, og eventuelt ta kontakt. Det vil vere eit lite supplement til Symra-bladet. 
Litt eldre nyheiter blir flytta til denne sida.

  • Årsmøtet 2016
    Årsmøtet vart avvikla på vanleg måte onsdag 10. februar 2016. Det var ca 30 frammøtte. Årsmeldingar, rekneskap, bussjett og pllanar vart godkjende uten nemnande endringar. Desse vart valde i styret for 2016, og fekk styreverv etter konstitueringa:
    Leiar Erik Haugros
    Nestleiar: Eystein Grimstad
    Kasserar: Peder Varhaugvik
    Skrivar: Anne-Grete Granseth
    Styremedlem: Oddvar Kværnhaug
    1. vara: Inger Varhaugvik
    2. vara: Live Callin
     (13/2-2016)
  •  
  • Vellukka kaffikveld om songdansen
    Den 21. oktober hadde Symra kaffikveld med stillinga til songdansen på programmet. Her er eit par bilete frå kvelden.
    (22/10-2015)
    Seminar og leikfest på Klækken oktober 2015
    Her finn du nokre bilete frå den vellukka helga på Klækken hotell.
    (22/10-2015)
    Haustturen til Koster og Strømstad
    Siste helga i august 2015 drog 39 til Strømstad og Kosterøyane på den fine haustturen. Her ligg mange bilete frå turen.
     (10/9-2015)
    Nordlek 2015 i Viborg
    vart eit fint stemne. Ca 2300 deltakarar og mellom 200 og 300 frå Noreg. Her kan du finne mange bilete frå ein del av tilskipingane.
    (21/7-15)
    Stildansavslutning 5. juni 2015
    Det var gledeleg mange som deltok på miniballet på Nygardsstua som avslutning på stildanshalvåret. Som vanleg var det mykje god mat , kaffi og kaker og sjølvsagt mykje dans. Marita leia den som vanleg, og Erik sytte for CD-musikken. Ein fin avslutningskveld! Her er nokre bilete.
     (8/6-2015)
    Fin pinse i Stockholm
    Det var over 40 frå Symra med på den fine feiringa i Stockholm - feiringa av 50 års samarbeid med venskapsringen vår Viljan. Alle budde på eit hotell der også festane/samværet gjekk føre seg, så det var ei fin ordning. Laurdag var vi på lang båttur austover i den flotte svenske skjergarden, og om kvelden ein gild jubileumsfest. Søndag gjekk vi i toget til Folkdansringen i Stockholm frå sentrum til gamlebyen der det var mange presentasjonar av dans, musikk, song og bunader. Også Symra og Viljan hadde sine framsyningar. Symra si framsyning ligg på YouTube. Der ligg òg video av Inger Frøydis som song "Ro fjorden" ved opninga. Om kvelden søndag var det middag og dans på hotellet. Og søndags morgon, etter frukosten, var det vanleg klemmerunde og avskjed. Ei stor takk til alle som bidrog til ein vellukka tur, spesielt til Viljan som stod på og la alt så godt til rette. Dei sytte også for godt vêr. Også takk til folk i Symra som la ned eit stort arbeid for at turen skulle bli vellukka.  Her har eg lagt inn nesten 100 (!) bilete frå turen.
    (23/5-2015)

    Raskt og greitt årsmøte 2015
    Årsmøtet 4. februar 2015 gjekk raskt og greitt føre seg. Tore Granset var ordstyrar og Gunnar Bjelkarøy referent. Årsmelding og rekneskap vart godkjent med eit par tilføyingar. Vala gjekk slik valnemnda foreslo. Det vart små endringar. Erik Haugros vart attvald som leiar. Gro Larsen Kitmitto gjekk ut og Oddvar Kværnberg vart ny i styret, medan Oddny Feragen vart vara. Ved konstitueringa vart Eystein Grimstad nestleiar, Peder Varhaugvik kasserar, Oddvar styremedlem og Erna Skogen skrivar. Av andre verv vart det attval over alt bortsett frå valnemnda. Valet på Råd vart utsett til onsdag 11. februar og då vart Vebjørn Bakken, Peder Varhaugvik og Hallvard Opheim valt.

    Fin avslutning på Stildansen
    Som vanleg var det ein fin avslutningsminiball på Nygårdsstua, og heile 45 deltok, truleg er det ny rekord. Her er nokre bilete frå miniballet.

    Flott julefest i Symra også i 2014
    Julefesten i Symra vart avvikla etter god, gamal oppskrift, som betyr hygge kvalitet i alle ledd. Aulaen på Engebråten skule var fint pynta med grønt og "juleting", maten var skikkeleg julemat, musikken var prima frå 4 manns orkester, Dag og Marita leia dansen fint og festleiing elles var i dei beste hender. Mange fekk takk for innsatsen gjennom året, som har vore eit aktivt år med mange gilde tilskipingar. Festnemnda gjorde ein flott innsats. Curre kunne helse frå Viljan og baud inn til feiring saman i Stockholm i 2015. Her finn du mange bilete frå festen.
     
    Julefesten i Symra er 6. desember 2014
    Vi minner om at julefesten i Symra er laurdag 6. desember. Sjå invitasjonen her.

    Fin Klara Semb-kveld onsdag 22. oktober 2014.
    Det var mykje folk og fin stemning på denne kvelden. Her kan du lese meir og sjå nokre bilete. Det er også lagt eit videosnutt frå dansen på You Tube.

    Vellukka ballhelg på Kjækken i oktober 2014
    I samband med at stildansen i Symra fyllte 15 år, vart det skipa til ballhelg på Kleppen, første helga i oktober 2014. Det var over 140 deltakarar på ballet laurdag, også frå Danmark og Sverige. Her er meir info frå ballet og mange bilete.

    Kurs både i gamaldans/folkedans og torader i haust.

    Det vanlege kurset i gamaldans/folkedans startar 19. september, og er i Storsalen frå 18.00 til 19.30.
    Onsdagane før det i september er det "introduksjonskurs" i vanlege folkedansar, også det kl 18.00 - 19.30.
    Toraderkurs er både for bybyrjarar og vidarekomne på torsdag, sjå forsida til Symras heimeside.Om toraderku
  •  
  • Fin start på hausthalvåret
    Det var bra med folk då Symra starta dansesesongen 27. august. Mykje god mat og fin dans og musikk. Først var det mimring med lysbilete. Vi fekk sjå bilete frå haustturen til Rauland og sumarturen gjennom Europa. Hyggjeleg "gjensyn" både for dei som var med og sei andre.

    Vellukka fjelltur til Rauland august 2014
    Veret var vel ikkje det aller beste, men likevel vart det ein svært vellukka fjelltur til Rauland i Telemark i slutten av august 2014. Det var 51 deltakarar, noko som vel er rekord for fjellturane i Symra? Som vanleg hadde Eystein og Oddny lagt opp til eit allsidig og spennande program som omfatta både turar, kultur og dans på Rauland vandrarheim som er samlokalisert med Raulandakademiet. Her er mange bilete frå turen.

    Vellukka pinsefeiring i Oslo saman med Viljan
    Det vart ei fin pinsehelg 2014. Veret var bra, med unntak av ei regnbyge, og søndag var strålande på Eidsvoll. Det var 25 med på bussen, overnatting som vanleg på Haraldsheim. Her er mange bilete frå helga.

    Fin 17. mai 2014
    Også i år dansa Symra på 4 stader i bærum - dei 4 vanlege. Det var litt færre deltakarar enn vanleg ca 6 par), men det gjekk fint og dansen vart godt motteken. Einar Vestrheim spela første plassen, så kom Benjamin og spela på dei 3 neste. Vebjørn var danseleiar. Etterpå var det som vanleg hyggjeleg og avslappande samling hos Inger og Peder til god mat og nasjonale songar. Her er ein del bilete frå dagen.

    Vellukka Prøysenkveld 23. april 2014
    Kaffikvelden 23. april var til minne om Alf Prøysen - 100 år. Laget var så heldig å få Elin Prøysen og ektemannen Egil Johansson til å underhalde, og det vart svært vellukka. Dei spela og song og fortalde, nye og gamle viser, og sume fekk alle vere med på. Til Tango for to dansa Live og Oddvar til, så då vart det ekstra livat. Mykje god mat var det og. Det vart berre ein time til dans, og då dansa vi mellom anna tre Prøysen-songar. Solvor og Benjamin spela og Vebjørn leia leiken. Det var mykje folk til stades, så vi måtte til dels ha to danseringar. Ein svært velukka kveld! (Trykk på biletet, så blir det stort!)

    Framsyning på Hovseterhejmmet onsdag 19. mars
    Det er nokså lenge mellom framsyningane i Symra, men denne onsdagen hadde vi framsyning på Hovseterhjemmet føre øvinga saman med Lørenskog Toraderi. Vi var 4 par, og Toraderiet spela til dansane. Vi fekk også nokre dansar med nokre av beborarane. Som takk fekk alle saman ein fin bukett blomar, i tillegg til kaffi, rømmegraut og spekemat. Ei hyggjeleg framsyning!
  •  
  • Opptak av Terje Vigen onsdag 19. mars
    Vi har øvt på Terje Vigen på fleire øvingar, og etter øvinga onsdag gjorde vi opptak med dei 7 versa vi har lagt vekta på. Det gjekk fint, og Vebjørn har no lagt det inn på You Tube. Så ta ein titt. Det skal vere eit lite bidrag til jubileumsfeiringa :) Sjå her: https://www.youtube.com/watch?v=iPGCF2-8cGI

    Ander Saxhaug gravlagd
    Anders Saxhaug vart bisett frå Grønland kirke måndag 3. mars. Det var ei fin gravferd. Kyrkja var fint pynta. Det var mange til stades, og mange frå Symra. Symra hadde ein fin bårebukett, og Curre Brandt hadde også med ein frå Viljan. Benjamin spela ein fin pols. Etterpå var eit 10-tals personar med på eit minnesamvær etterpå. Der var det fleire som fortalde frå samvær med Anders. Vebjørn bar fram helsing frå Symra. Biletet viser kyrkja med kista.
     (3/3-2014)
    Årsmøtet i Symra 29. januar
    Det var 30 frammøtte og møtet var snøgt unnagjort. Det var små endringar under vala. Erik Haugros vart attvald som leiar. Gunnar Bjelkarøy og Anne Lise Larsen gjekk ut av styret og i staden vart vald Eystein Grimstad og Erna Skogen. Inger Varhaugvik og Gro Larsen Kitmitto avart attvald som varafolk.

    Vellukka kaffikveld opna året 2014
    Det var mykje folk til stades på kaffikvelden. Vebjørn Bakken las Terje Viken som ein slags introduksjon til 200-års jubileet. Oddvar Kværnhaug og Live Callin leia leiken, og det var mange spelemenn.

    Julefesten 2013 vart svært vellukka
    Det var over 70 til stades på den vellukka festen. Nemnda hadde stelt i stand på finaste måte på Engebråten skole. Det var god middag og mange gode kaker til kaffien. Eit gildt 4-manns orkester med Solvor i brodden sytte for fin dansemusikk, Marita leia musikkdansen og Vebjørn songdansen. Mange fekk blomar for innsatsen på festen og gjennom året og Berit las eit fin juleforteljing frå Stavanger. Ei fin avslutning på danseåret! Her er ein del bilete frå festen.

    Stildansen vart avslutta 1. desember med "miniball"
    Det gjekk som vanleg føre seg på låven til Kristen på Mogreina. Det var 38 til stades, og ei fin avslutning. Sjå nokre bilete her.

    Kari Øksne Herigstad døydde

    Kari døydde 15. november og vart bisett frå Bryne Mølle måndag 25. november 2013. Kari vart 72 år. Ho døydde brått av kreft, sjølv om ho hadde vore sjukleg eit års tid. Kari var frå Sandvika. Kari og mannen Helge Herigstad var i mange år mellom dei mest ihuga medlemene i Symra. Dei vart medlemer i siste helvta av 60-talet og vart gift i 1972 og fekk to gilde gutar. I 1985 flytta dei til Bryne, heimstaden til Helge. Også etter at dei flytta heldt dei god kontakt med Symra og var ofte med på julefesten og reiser, til dømes til Dolomittane for vel eit år sidan. Også på Bryne var dei svært aktive folkedansarar både i Leikarringen i Klepp og i seinare år i stildansgruppa. I bisettinga vart det vist både folkedans og stildans, og fleire innslag med folkemusikk. I bisettinga var det blomehelsing frå Symra, og Inger og Peder Varhaugvik og Vebjørn Bakken var til stades. Det var også tidlegare symramedlem Anne Møllgaard Stav. Vebjørn bar fram helsing frå vener i Symra. Helge bad oss helse attende.

    BLS feira 90 år fredag 8. november
    Styret i BLS baud inn til 90-årsfeiring fredag 8. november i Halli. Det skulle vere ein uformell fest med champagne, bløtkake og dans. Om lag 60 møtte fram fredagskvelden og fekk ein triveleg kveld. Fanteladdane spela til dansen. Det var sett ut bord rundt veggane i Halli, så danseplassen var litt begrensa, men dansen gjekk lystig likevel. På jubileumskaka stod det "BLS 98 år", men ho smakte like godt for det. Her er nokre få bilete frå festen.

    Nytt nybyrjarkurs i gang
    Det er kome igang nytt kurs for nybyrjarar i gamaldans/folkedans, men det er god plass til fleire på golvet. Kurset går frå kl 18.00 - 19.30 føre øvingane på onsdagar.

    To framsyningar på FN-dagen 24. oktober
    På FN-dagen hadde Symra framsyning på to eldreheimar, både Vålerengen og Lambertseter. 6 par deltok og Einar Vestrheim spela. Her er nokre bilete frå framsyningane.

    Vellukka kaffikveld i oktober 2013
    Kaffikvelden var også avslutninga på nybyrjarkurset, det var utlodning og underhaldning av toraderkurset. Benjamin og Solvor spela og Nina leia leiken. Her er ein del bilete frå kvelden.

    Symra har toraderkurs for aller første gong
    Tre frå Symra og to utanfrå har vore med på det toraderkurset som Symra har hatt i haust, med Hallvar som lærar. Kursdaltakarane frå Symra viste elles kunstene sine på kaffikvelden i oktober. Her er eit bilete frå kurset.

    Fin hausttur i Ekebergskogen 13. oktober
    Veret kunne ikkje ha vore betre då ca 10 frå Symra samlast til tur i den nye skulpturpaarken i Ekebergskogen. Ragnhild og Oddny var ansvarlege, og alle tykte det var eit svært fint tiltak. Her er nokre bilete frå turen.

    Fint seminar på Klækken i haustferien 2013
    Det vart eit fint danseseminar på Klækken i haustferien 2013. Heile 61 deltakarar! Det var opplæring i mange typer dansar, songdans, stildans, turdans og bygdedans. Dag Evensen, Marita Ramstad og Inger Frøydis/Vebjørn Bakken var instruktørar. Laurdagskvelden var det ein fin dansekveld med Erik Haugros som danseleiar. Solvor og terje sytte for fin musikk både på øvingane og om kvelden; erik Skogen sytte for CD-musikken. Seminaret starta laurdag kl 10, og slutta søndag kl 12. Etter seminaret var det ei stor gruppe dansarar som heldt framsyning på Hadeland Glassverk. Symra fekk eit fint fat til gåve, det skal visstnok loddast ut på ein kaffikveld. Her er nokre bilete frå seminaret og mange frå framsyninga på Hadeland Glassverk.

    Fin framsyning i Teatersalen med Ivar Aasen-songar
    I slutten av september 2013 var mange frå Symra og Oslo Songdanslag med på ei lita framsyning på ein Ivar Aasen-kveld i Teatersalen i BUL. Vi dansa 7 ulike Aasen-dansar som innleiing på eit program om Ivar Aasen. Det var Vikværingen som stod for tilskipinga. Her kan du sjå nokre bilete frå framsyninga, som Vebjørn Bakken hadde ansvaret for.

    Fin kaffikveld som start på hausthalvåret

    Det var bra med folk på første kaffikvelden. Eystein og Vebjørn viste bilete frå fjellturen og turen til Stockholm. Det var ein journalist og ein fotograf til stade frå Berlingske Tidene i Kjøbenhavn, og det skal stå eit stykke om Symra i søndagsutgåva, og litt på internett. Vebjørn styrte leiken.Vi fekk elles ei oppsummering av det som skal skje i haust av leiar Erik. Det er svært mange som har meldt seg på Klækken-seminaret.
  •  
  • Svært vellukka "Fjelltur" til Sogn i august 2013
    Det var i alt 39 som var med på den svært vellukka turen til indre Sogn 22-25 august 2013. Eystein og Oddny hadde lagt opp ein svært interessant tur, som også vart velsigna med det aller finaste haustveret vi kunne vone på. Vi budde på det fasjonable hotellet Walaker i Solvern i Sogn, og som vanleg vart det ein fin kombinasjon av kultur, fjelltur, matkultur og litt dans. Her er ei lang rekkje bilete frå turen.

    Kaffikveld og våravslutning onsdag 12. juni
    Vi minner om vårens siste kaffikveld onsdag 12. juni kl 19.30. Denne gongen står toradermusikken i sentrum. Lørenskog Toraderi kjem og syter for frisk dansemusikk; Hallvar er som kjent musikalsk leiar der. Hallvar vil også fortelje litt om toraderen og musikken. Elles vil Vebjørn vise nokre dansevideoar frå laget. Så møt opp til hyggjeleg avslutning på vårhalvåret. Kaffikvelden vart vellukka. Her er nokre bilete frå kvelden.
    (27/5-13)
    Fin framsyning i Konserthuset søndag 26. mai 2013
    Vi var 6 par som deltok på ei framsyning i Konserthuset denne dagen, eit av mange innslag på festivalen "Språk og kultur". Visstnok skulle det vere 2000 som såg på. Framsyninga gjekk fint, to songdansar og 3 musikkdansar, og det var trampeklapp gjennom nesten heile framsyninga. Spelemenn var Elisabeth Gaver og Hans-Hinrich Thedens og gruppa deira med små felespelarar frå Nordstrand. Musikken var finfin å danse etter. Det einaste negative var at det vart svært mykje venting: Vi møtte kl 13 og dansa litt over 16 (!) Elles kan vi legge til at det var eit slit å skaffe folk til framsyninga, og musikk likeeins. Men dei musikarane vi fekk tak i til slutt var svært positive. Dette var ei gratisframsyning. Biletet av dansarar/spelemenn vart litt tåkete (for dårleg lys?).
     (27/5-13)

    Vellukka tur langs Alna 2. pinsedag 2013

    Det var ca 20 som deltok på turen langs Alna denne dagen. Oddny Feragen hadde planlagt turen og ho orientert litt undervegs om ting vi såg. Det var fint turver - regnet heldt seg unna. Vi gjekk frå Alna-senteret og ned til Kværner-byen. Dei fleste gjekk også attende til Brynseng, der vi hadde samla oss før turen starta. Eit flott tiltak! Her er nokre bilete frå turen.
     
  • 17. mai 2013
    Som vanleg var Symra i aksjon på 17. mai og dansa på 4 sjukeheimar i Bærum. Talet på dansarar varierte ein del, frå 5 til 8 par. Det var Benjamin Kehlet som spela, og Vebjørn var danseleiar. Først dansa vi på Østerås, så Eiksmarka, deretter Godthaap og til slutt på Stabekk (folket på Solvik hadde flytta dit). Vi dansa inne alle stadene og framsyningane gjekk fint, ikkje minst pga ein stødig spelemann. På dei to siste plassane song vi også "Fagert er landet" og det var ei overrasking både for dansarane og publikum. Etterpå fann som vanleg mange vegen til Inger og Peder der det var mykje god mat, litt kvile og mange 17. maisongar. Veret var fint - med eit par regnbyger innimellom. Her er nokre bilete frå dagen.
     (18. mai 2013)

    Framsynin 15. mai på Romsås og Majorstua
    På Majorstua sykehjem har vi dansa mange gonger, på romsås sjukeheim for første gong. Vi var 4 par og einar Vestrheim spela. Biletet viser dansarane.
     (18. mai 2013)

    Symra hadde framsyning torsdag 4. april
    Det var 4 par som møtte opp på Lambertseter syke og aldersheim midt på dagen. Vi hadde ei framsyning på ein dryg halvtime, og det såg ut til at forsamlinga sette stor pris på det vi viste. Einar Westrheim spela og Vebjørn Bakken leia. På biletet dansar Inger Varhaugvik og Vebjørn Vestlandsspringar. Det er ikkje så ofte vi dansar framsyning lenger, men eg trur vi framleis gler folk når vi er i sving. Så var det hyggjeleg å møte Åse Treider som bur på aldersheimen. Ho sa at vi var svært flinke og at vi skulle helse gamle kjente i Symra. Det gjer vi gjerne! (Trykk på biletet så blir det større)

    Mykje folk på Ivar Aasen-kvelden
    Det var ca 70 til saman på Ivar Aasen-kvelden som Symra hadde på kaffikvelden 3. april. Vebjørn Bakken heldt foredrag og viste lysbilete. Han leia også dansen etterpå, der vi dansa mange Aasen-dansar. Matnemnda hadde laga mykje god mat, og det vart trekt to gåve-billettar frå Det Norske Teatret. I songdansen rakk ringen heilt rundt salen, og det var flott! Biletet viser eit utsnitt av forsamlinga.

    Nytt kurs i folkedans startar onsdag 10. april
    Dette blir det tredje kurset denne våren, det varer 5 veker, og er "vidaregåande". Prisen er kr 200 for heile kurset. Viktig at Symra-folk møter opp og hjelper til! Kursplakat her.
     (18/3-13)
    Kurs i gamaldans/folkedans startar onsdag 27. februar
    Ja, då startar nytt kurs kl 18.00. Det er viktig at mange av medlemene møter fram - det er gratis for dei. Opplæringa går mykje lettar når dei nye får danse med slike som kan frå før. Det er Vebjørn som instruerer på dette kurset.
     (26/2-13)

    Dans på Dagtid
    Februarsamlinga gjekk av stabelen måndag 25. februar. Det var berre 14 til stades, men det vart ei triveleg samling likevel. Hallvar Opheim og Erik Skogen sytte for musikk og Vebjørn Bakken styrde dansen. Vi vonar på betre frammøte på marssamlinga 18. mars. Det er framleis i Halli, kl 12.00 - 14.00.
     (26/2-13)
    Årsmøtet 2013 avvikla på vanleg måte
    Etter at kurset i gamaldans/folkedans var slutt, var det årsmøte. Det var litt færre til stades enn vanle, under 30 denne gongen. Gjennomgang av årsmeldingar og rekneskap/budsjett gjekk greitt. Det vart brukt ein del tid til å diskutere planar for 2013.
    Årspengane for 2013 (dei som går til Symra) blir sett ned med kr 50. Det betyr totalt kr 600 for vanlege hovudmedlemer. Elles skal stildansøvingane koste kr 60. Erik Haugros vart attvald til leiar, Oddny Feragen går inn i styret for 2 år i staden for Tore Granseth som går ut. Peder Varhaugvik er attvald for 2 år. Elles er styret uendra - Gro L. Kitmitto held fram som vara.

    Nybyrjarkurset og "Dans på dagtid"godt i gang
    På første kvelden av nybyrjarkurset var det 15 kursfolk og 10 frå ringen som møtte opp, så det var bra. Kurset varer 4 gonger til og det er viktig at folk frå ringen støttar opp, for då går innlæringa lettare, og kontakten mellom nybyrjarar og ringen kan bli betre. "Dans på dagtid" skal ha 5 samkomer utetter våren. Den første var 21. januar, og det var 26 som deltok, og det er vi godt nøgd med. Dei fleste var frå Symra, Oslo Songdanslag og Sogn og Fjordaneringen, og også nokre andre. Hallvar sytte for musikken, men vi hadde også CD-musikk. Den neste samlinga er måndag 25. februar kl 12.00 - 14.00. Dette er tenkt som eit tilbod til dei som kan litt folkedans frå før. Mottoet er: Kos med dans!

    Bra med folk på første kaffikvelden 9. januar 2013
    Som vanleg var det mykje godt på bordet då Symra opna øvingssesongen 2013. Eystein Grimstad hadde laga ein fin biletpresentasjon av lagsåret 2012. Han opplyste også om haustturen 22-25 august til Sogn og Walaker hotell. Sjå omtale av turen her. Elles var det fin musikk, 3 manns orkester, med Solvor i spissen. Erik Haugros leia dansen.
    Vi minner elles om at onsdag 16. januar er det vanleg øving, og føre øvinga, frå kl 18.00 er det kurs i gamaldans/turdans. Alle i symra blir oppmoda om å møte, særleg gutar. Her er dei dansane som laget vil legge mest vekt på i vårhalvåret.

    Fin avslutning av stildansen 15. desember 2012
    Det var heile 44 til stades då stildansøvingane i Symra vart avslutta med "Miniball" på Nygårdsstua på Mogreina. Som vanleg leiar Marita dansen på ein fin måte, og Erik Skogen styrede musikken. Han hadde endåtil stelt i stand ein særskilt CD for anledninga. Som vanleg var det god varm mat og mange fine kaker til kaffien utpå kvelden. Desse miniballa er forresten fullt på høgde med vanlege ball - berre den levande musikken manglar, men det går heilt fint med CD-musikk. Marita fekk blomar for innsatsen i haust, og Erik og Erna fekk også blomar for innsatsen frå to "nykommarar", Live og Oddvar,  som tykte dei hadde blitt godt mottekne i stildansgruppa. Marita las fine sjølvskrivne juletankar - til ettertanke i ei førjulstid. Vebjørn fekk også gåve frå Moulinetten. Her er ein del bilete frå miniballet.

  • Nytt kurs startar onsdag 16. januar kl 18.00
    På nyåret 2013 blir det på nytt ei kurs over 5 onsdagskveldar føre øvinga. Det er tenkt gamaldans, turdans og pols. framleis vil det vere viktig at folk frå ringen møter opp og hjelper til i opplæringa. Kursplakat her.
     (14/12-12)

    Vellukka julefest i Symra laurdag 8. desember
    Det var heile 101 deltakarar på festen - fleire enn på mange år. Ein del ekstra kom nok fordi dei visste at Vebjørn skulle få medalje. Dei blei ein fin fest. Mykje god mat/kaker som vanleg. Fin musikk frå eit 4 "manns" orkester og Dag Evensen sytte for flott danseleiing. Tre frå Viljan hadde også teke vegen heilt frå Stocckholm. Leiaren i NU, Endre Kleiveland, var også til stades og kasta glans over festen. Fleire av slektningane til Vebjørn var til stades og dei hadde også to programinnslag til ære for prisvinnaren. Elles var det mange helsingar, blomar og talar, frå Symra, Oslo Songdanslag, Sogn og Fjordaneringen, Hordaringen, Leikarringen i BUL, BLS, Folkedansnemnda i BLS, Rakne og Hunar og frå Viljan. Det var også helsingar frå Egil Bakka, Johan Einar Bjerkem og ordføraren i heimekommunen til Vebjørn, Haram. På biletet ser vi prisvinnaren saman med leiaren i NU Endre Kleiveland og (t.v.) leiaren i Symra, Erik Haugros, som styrde sermonien. Her er nokre bilete frå festen.

    Siste kursdag for nybyrjarane onsdag 12. desember frå kl 18.00
    I siste del av hausten har det vore kurs for nybyrjarar føre vanleg øving. Nokså mange har deltatt, av dei mange unge. Desverre har det vore mangel på gutar, men mange frå laget har stilt opp, og det har vore svært viktig for at innlæringa skal gå betre. Dag har vore instruktør og litt ulike spelemenn. Onsdag 12. desember er siste kurskvelden for i år, og då blir det også litt lengre, sidan det ikkje er øving etterpå.
    Difor: Møt opp så mange som råd, og dans saman med dei nye!

    To gonger med Dans på dagtid i haust
    Symra og Oslo Songdanslag har saman prøvt å få i gng eit nytt tilbod med folkedans på dagtid. Det var to måndagar i november i Halli kl 13 - 15. Hallvar Opheim har spela og Vebjørn Bakken styrt dansen. Det har vore litt mat/kaffi og prat, og variert dans. Første gongen var det 20 som deltok, andre gongen litt mindre. Vi reknar med at det blir fleire slike arrangement til våren. Sjå biletet frå første gongen.

    Vellukka nybyrjarkurs føre øvingane
    Denne hausten har det mange gonger vore nybyrjarkurs i Storsalen frå kl 18.00 til kl 19.30. Det har vore bra med folk, men mest jenter. Medlemer har vore flinke å møte opp, men det trengst endå fleire som kan danse gut med nybyrjarane. Siste gongen med kurs er 12. desember, og då varer det lenger enn normalt. Det er Dag Evensen som instruerer.

    Flott fjelltur til Dolemittane i Val Gardena i Italia
    Som venta vart det ein fin tur. Her er masse fine bilete frå turen.

    Oppstart av haustsemesteret
    Hauten 2012 er godt i gang i Symra med både vanlege øvingar onsdagane og stildans på fredagar. Vi har også gjennomført  den første folkedanskvelden med minikurs i Menuett frå Oravais. Det var bra med folk i Halli. Men elles var det nokså lite folk på folkedanskvelden.

    Fint Nordlek i Steinkjer

    Det vart eit fint stemne, med ca 1800 påmeldte deltakarar. Frå Symra var det ca 30. Ein del av dei budde på skule (11 stk) og resten på hotell/hus. Eg har lagt ut nokså mange bilete frå stemnet på nettet. Dersom det er andre som har gode bilete mottar eg gjerne dei. Her er ein link til bileta.
  •  
  • Gild Hulda Garborg-kveld 6. juni
    Det var mykje folk til stades i Storsalen 6. juni då Symra hadde avslutning og Arnhild Skre kåserte svært interessant om Hulda Garborg. Det var også utlodning og mykje god mat/kaffi. Både Arnhild og fleire andre fekk takk og blomar av leiaren Erik Haugros. Etterpå var det dans, som Vebjørn Bakken leia og Solvor Sundsbø med assistanse av mange spela. Ein fin kveld, og songdansringen fylte heile salen då vi dansa ulike Garborg-songar.

    Flott pinse med Viljan
    27 frå Viljan kom fredag kveld, og dei fekk ei fin helg i Oslo. Laurdag var mange med på ein fin 4 timars båttur på Oslo-fjorden. Det var masse folk ute, og trongt på parkeringsplassen i Sandvika då bussen skulle køyre att. Men etter at karane fekk flytta på nokre bilar, kom den store fine bussen seg laus. Curt var flink sjåfør! Om kvelden var det fest i Storsalen. Søndag var det først piknik og framsyningar på Folkemuseet og deretter fest i Ekeberghuset om kvelden. Framsyningane gjekk fint, men det var få som såg på. Pinsenemnda hadde gjort ein fin innsats for å få til ei fin pinse, og ei fin pinse vart det!

    Hulda Garborg-kveld på avslutninga i Symra 6. juni
    Det blir ein flott avslutningskveld i Symra i juni. Då kjem Arnhild Skre og kåserer om Hulda Garborg og hennar arbeid for folkedansen og bunadene. Alle er velkomne, også ikkje - medlemer. Ta med vener og kjente! Her er plakat for kvelden.

    Stildansavslutning 8. juni 2012
    Då er det stildansavslutning for vårhalvåret i Symra, på Nygaardsstua. Her er plakaten med fleire opplysningar.

    Bra frammøte på gamaldanskurset
    Etter påske er det kvar onsdag frå 18.00 - 19.30 kurs i gamaldans. Dag Evensen instruerer og Hallvar Opheim spelar. No er det ca 10 stk som deltar, og det er fint om medlemer i Symra også møter opp.

    Fin Trønderkveld før påske
    Onsdagen før påske var det Trønderkveld i Symra. I tillegg til våre faste spelefolk Solvor og Benjamin var Einar Olav Larsen invitert til å snakke om og spele frå den nye turdans-CD en som NU har gitt ut med turdansmusikk frå Trøndelag. Einar Olav er ein av dei som spelar på CD'en. Dessutan var Synnøve Jørgensen i NU bedt om å kome og gje siste informasjon om Norleik. Det vart ein fin kveld med god musikk og fin underhaldning, og Marianne leia dansen på ein god måte, mellom anna dansar som skal vere fellesdansar i det norske programmet på Nordleik og andre Trønderdansar. Erik hadde kjøpt inn ein stor bukett roser, så alle som var med på forestillinga Liti Kjersti i Teatersalen den 25. mars, fekk kvar si rose. Hyggjeleg! Nemnda hadde også gjort ein god jobb, og sytt for masse gode kaker, så det kunne godt ha vore fleire enn dei som kom. Her er nokre bilete frå denne kaffikvelden. Her er også eit bilete frå forestilliga Liti Kjersti.

    Kurs i gamaldans/folkedans etter påske
    Dei 4 onsdagane etter påske blir det introduksjonskurs i gamaldans/folkedans i Storsalen kl 18.00 - 19.30. Datoane er 11., 18. og 25. april og 2. mai. Pris kr 200 for 4 kveldar.

    Årsmøtet 8. februar 2012
    Årsmøtet gjekk unna på grei måte. Også alle vala gjekk greitt, for valnemnda hadde gjort ein fin jobb. Eystein Grimstad var ordstyrar. Ny leiar vart Erik Haugros. Anne Lise Larsen kom med i styret, og Gro L. Kitmitto vart 2. vara. Vebjørn Bakken, Nina Evje og Oddny Feragen vart valt inn i rådet. Elles var det attval på alle plassar.

    Husk Julefesten i Symra laurdag 3. desember 2011
    Då er det tradisjonell julefest på Engebråten skole Kapellveien 120 kl 18.00. Det blir varm julemat som vanleg, og kaffi og mange gode heimebaka kaker utpå kvelden. Flott 4-manns orkestr syter for dansemusikken. Info / påmelding Anne-Grete Granseth 97081862 / 22608417.
    Det vart ein fin fest. Her er mange bilete frå festen.

    Siste øvingskvelden er 30. november 2011
    Vi minner om at 30. november er siste øvingskvelden i Symra. I pausen skal vi snakke saman om Nordleik, om påmelding, overnatting, kva folk tenkjer å medle seg på, etc.

    Fin tur til Viljans 70 årsjubileum
    Det var ein på alle måtar vellukka tur til Stockhom for å feire Viljans 70-års jubileum. Det var 40 frå Symra, dei fleste, 30 stk, var med bussen. Her er mange bilete frå turen og fleire detaljar.
      (12/10-11)
    Medlemsmøte 21. september
    Etter kaffipausen onsdag 21. september blir det medlemsmøte der det blir orientert om BLS-hus saka som skal behandlast på omframt Årsmøte den 27. september. Det skal også veljast 4 utsendingar og 2 varamenn til møtet.
     (08/09-11)

    Haustens danseprogrammet
    Programmet vi skal legge vekt på, 10 songdansar og 10 musikkdansar, er utsendt på epost, og kan også lesast her.
    (08/09-11)

    Vellukka fjellturhelg på Dovre
    Det var 40 stk som var med på den vellukka fjellturen på Dovre første helga i september. Sjølv om veret ikkje var det beste, spesielt ikkje laurdag, vart det fine dagar i fjellet og på den trivelege fjellstova Toftemo, der det var overnatting. Det var god mat, greie rom, og fine danseforhold. Så dansen gjekk liveleg kvar kveld, både når Hallvar og Gunnar spela, og når vi brukte CD'ar eller hadde songdans og stordans. "På Dovrefjeld" vart sjølvsagt dansa fleire gonger. På laurdag kom vi i "nærkontakt" med moskus innved Hjerkinn, vi var ikkje stort meir enn 50 meter frå ein flokk på 4-5 dyr. Fredag var det fin tur langs kongsvegen i stort sett bra ver, og søndag var det kultur: Først var vi på omvisning i Dovre kyrkje - kyrkja som vart kledd med store skiferheller - så hadde vi ei grundig omvisning av ein entusiast på Bygningshistorisk senter, der vi også fekk sjå oppgangssaga i drift, og til slutt var vi oppom Kvitskriuprestin på Selsverk. Takk til Oddny og Eystein for endå ein flott hausttur! Her er mange bilete frå turen.
    (08/09-11)

    Vi minner om at første øving/kaffikveld hausten 2011 er onsdag 24 august.
    Då håper vi på stort frammøte og friske dansebein! I Storsalen som vanleg kl 19.30

    Hyggjeleg avslutning på stildansen fredag 17. juni 2011
    Siste øvingskvelden, som vi ofte kallar Miniball, var fredag 17. juni på Nygaardsstua i Mogreina. Det var ei tradisjonell avslutning med god dans, god mat, fin danseleiing og hyggjeleg samvær. Slik vi vil at det skal vere! Her er nokre bilete frå avslutninga.

    Fin vandring langs Ljanselva
    Det var 20 (?) som deltok på vandringa langs Ljanselva. Vi starta ved Skullerudstua kl 12, og brukte god tid, så klokka var vel nærare 16 då vi kom fram til Hvervenbukta. Under vegs hadde vi matpause på ein gamal danseplass ved Sloreåsen på Holmlia. Det var overskya og passe varmt for å gå tur, men regnet dagane før gjorde at stien var litt blaut og glatt sume stader, men ikkje verre enn at mange brukte joggesko. Eg trur alle syntest det var ein fin måte å bruke delar av søndagen på. Dette er eit område av byen som mange ikkje besøker så ofte. Og det er mykje god histore langs elva, både kultur og natur. Det er lagt godt til rette for vandring. På biletet ser vi dei fleste av deltakarane.Her er ein del fleire bilete frå turen.



    Flott pinsetur til Bornholm
    Det vart ein på alle måtar vellukka pinsetur til folkedansfestivalen på Bornholm. Det var ikkje minst fordi veret var så lageleg: sol, passe varmt og ein lett bris. Alle dei norske overnatta i feriehytter på Hasle ei mils veg nord for Rønne. Festivalen vart arrangert for andre gong som eit samarbeid mellom leikarringen på øya og Team Bornholm. Opplegget var relativt einkelt, og i stor grad retta mot publikum på øya. Laurdagskvelden var det eit felles arrangement for alle deltakarane - det var bortimot 500 dansarar til saman, og ein del spelemenn. Då var det festmiddag og dans i to ulike salar. Symra hadde to framsyningar på laurdag og to på søndag. Dei to på laurdag var i byen Rønne. Den første på søndag var i Gudhjem, ein fin liten by på austkysten, og den andre på Hammershus som er eit flott friluftsområdet rundt ein gamal borgruin. Her var det også felles dansar - dei 4 dansane vi hadde lært på førehand. Framsyningane gjekk fint overalt, og vi kom endåtil på det lokale fjernsynet. Søndags kvelden var det dans i eit telt på ferieplassen. Det kom mykje folk etter kvart, og eit stort samansett orkester, så det vart stor stemning. Men halv elleve måtte det vere ro. Dei fleste kom seg til og frå Bornholm med buss, der også Rakne fekk plass. Festivalen var nordisk. Det var flest deltakarlag frå Noreg, men også nokre frå Sverige og Danmark. Ei fin oppleving for alle. Takk til alle som var med og bidrog med godt humør og danseglede. Ei særleg takk til turnemnda, til reiseleiaren Erik Haugros, til danseleiarane og til spelemennene Solvor og Benjamin. (Trykk på biletet så blir det stort.) Her er mange bilete frå Bornholmturen.

    Påmelding til Jubileumstur til Stockholm 7-9 oktober 2011
    Symra sin "pinsetur" til Viljan blir i år i oktober, då Viljan har sitt 70-års jubileum. Dei vil gjerne ha opplysningar om kor mange vi blir og om overnatting før sumarferien, så ta kontakt med Vebjørn (mobil: 90194897. epost: vebbak@online.no) snarast, dersom du ikkje har medlt deg på. Her er litt meir informasjon og eit lite spørjeskjema.

    Stor interesse for Fjellturen til Dovre
    Det er alt over 40 som har medlt seg på turen 1-4 september 2011.Ver snar dersom du også vil vere med. Her er meir opplysningar.

    Tradisjonell 17. mai og BLS-stemne
    På 17. mai var veret svært fint og passe mange dansarar. Benjamin spela alle stader og Erik var leikleiar.
    På BLS-stemnet var veret meir varierande. Men symra gjennomførte sine to framsyningar: Vanleg framsyning på teletunet og Stildans på Torget. Framsyninga på Teletunet vart litt amputert pga regn. Erik Haugros leiar og Solvor og Benjamin spela. På torget hadde vi CD-spelar og Marita var leiar for dei 8 stildanspara som dansa 4 stildansar. Etterpå var det først stordans og deretter folkedans inne i hovudhuset. Tore og Vebjørn leia dansen og Solvor og Benjamin spela. Seinare var det vårens siste folkedanskveld

    Hyggjeleg teaterkveld på Oslo Nye
    Det var nokså mange frå Symra som møttest på teateret 30. april for å sjå stykket "The Producers - Det våres for Hitler". Det var ein nokså lettbeint musikal, men mykje fin musikk og gode skodespelarar. etterpå gjekk mange på indisk restaurant ved Egertorget, og fekk ein god middag og hyggjeleg prat til fram mot midnatt. Ein hyggjeleg kveld. PÅ biletet spaserer folk nedover Karl Johan på veg til restauranten.

    Gild boklansering i Symra
    Onsdag 27. april vart kaffikvelden annleis enn vanleg. Det var stor lansering av Jubileumsboka for Symra 50 år, og tilhøyrande DVD. Det var 80-90 til stades. Vebjørn stod for sjølve lanseringa - bokka vart høgtidleg oppakka og vist fram. Det var under haldning ved at Inger Frøydis Bakken song "Symra" av Anders Hovden og spela ein langeleikslått, Benjamin Kehlet spela Fanitullen, og ei ny samansetjing av Symraorkesteret, med Hallvar Opheim i spissen, spela både til underhaldning og til dansen til slutt. dansen vart på berre ein halvtime, men Marianne og Anders leia og det vart ei fin dansestund. Vebjørn viste også ein del bilete frå DVD-en, og mange kjøpte boka i tillegg til dei som hadde bestilt og betalt på førehand. Ein fin kveld for alle.Til høgre ser vi nokre som tar ein titt på boka.


    Tidleg i april 2011 - Jubileumsboka er ferdig!
    Etter ca 2 års arbeid er Jubileumsboka "Symra 50 år. 1960 - 2010" ferdig. Nokre dagar seinare vart også DVD-en ferdig. På biletet tar Vebjørn ein første titt på boka. Ho ser visst bra ut, både utapå og inni. Boka er på 304 sider og inneheld over 830 bilete, dei fleste i fargar. Boka har kosta 7600 kr og er trykkt i Latvia.  Skikkeleg innbinding, A4 format og god papirkvalitet.




    Lansering av bok og DVD 27. april kl 19.00
    På kaffikvelden i Storsalen 27. april 2011 ventar vi fullt hus og stor jubel. Då skal Symras jubileumsbok lanserast - Symra 50 år - og DVD med over 10000 bilete frå Symralivet. Det blir både kaffi/kaker, underhaldning, dans og mykje mimring. Sett av kvelden! Boka blir på 304 sider, stive permar, A4-format, over 830 bilete, liste over alle medlemer gjennom tidene, namn på alle personar på alle bilete. Mest stoff om dei site 25 åra, men mykje også frå tidlegare tider, både tekst og bilete. Dette blir stor stas! Det startar kl 19.00 Les meir her.

  • Årsmøtet i BLS
    På årsmøtet var det bestemt at det skal vere omframt årsmøte i september 2011. Det nye styret skal arbeide med å avklare begge dei to alternativa for framtida for BLS-garde. Jon Låte vart attvald til leiar. Med i styret kom også Anne-Lise Berggren og Live Horn. Marianne Dahl sit frå før.

    Seminar på Klækken første helga i oktober
    I månadsskiftet september/oktober blir det seminar på Klækken hotell. Program er enno ikkje bestemt.

    Medlemsmøte i Symra 3. mars
    Denne øvingskvelden vart tida etter kl 21 brukt til å velje utsendingar til årsmøta i BLS og i NU. dessutan vart framtida til BLS-garden drøfta og informert om. Utsendingane til BLS-årsmøtet vart Oddny Feragen, Ped Rinde, Jan Erik Kjelle og Vebjørn Bakken. Vara vart Erik Skogen og Peder Varhaugvik. Vebjørn vart utsending til NU-årsmøtet og Gro L. Kitmitto vara.

    Fint Årsmøte i Symra 9. februar
    Årsmøtet vart avvikla på ein fin og med positiv innstilling frå alle. Alle vedtak vart gjort med akklamasjon. Årsmelding og rekneskap vart godkjent, og vala gjekk radig. Mest tid vart brukt til å drøfte planane for komande år. Det vart også tid til litt orientering om og drøfting av den store saka for BLS-laga: Kva skal skje med BLS-garden. Dette vil bli diskutert nærare på eit medlemsmøte om eit par veker, då det også blir val av utsendingar til årsmøta i BLS og NU. Vebjørn Bakken var ordstyrar og Hallvar Opheim referent. Vebjørn vart vald til ny leiar etter Erik Haugros, som hadde sagt frå seg attvel etter 3 år som leiar. Elles var det attval på alle plassar i styret og i mange ombod. Sjå undet Styre.

    Gamaldanskurset vart berre ein dag
    Gamaldanskurset i byrjinga av februar vart avslutta etter første dag, fordi det var nokså få som møtte fram. Men dei som deltok var flinke, og dei vanlge gamaldansane vart gjennomgått.

    Nytt danseprogram for våren 2011
    Rettleiargruppa har funne fram til 10 songdansar og 10 musikkdansar som det skal leggjast vekt på i vårhalvåret 2011.
    Her er oversikt over dansane. Det er fint om alle les på versa så går dansen mykje betre! Tekst og rettleiing er sendt ut på epost. Det er også å finne under rettlieing: www.folkedans.com.
     (8/1-11)
    Ertresupe og mykje folk på første kaffikvelden i 2011
    Første onsdagen i 2011 var det ertresupe i Symra - gåva frå Viljan ttil Symra på 50 års dagen. Det var mykje folk og stor stemning, og ertresupa, knekkebrøa, pepperkakene og alt det andre smaktre godt. Det var også utlodning av mange presangar. Vebjørn tok bilete og video som skal sendast til Viljan, som bevis for at gåva har blitt brukt på rette måten. Under danse var det Nina Evje som leia leiken og Solvor og Benjamin spela. Ein fin start på året! Her er nokre fleire bilete frå kaffikvelden.

  • Fin julefest laurdag 4. desember 2010
    Årets siste samling er julefesten - og så i år på Engebråten skole. Det var ein fin julefest slik tradisjonen er i Symra. Julebordnemnda hadde stelt alt vel i stand, pynta fint med blomar og nissar og grønt og mange ljos. Våre eigne spelemenn sytte for fin musikk - Solvor Sundsbø, Benjamin Kehlet og Lars Petter Eliasssen. Marita Ramstad og Dag Evensen styrde dansen fint. Middagen var tradisjonell julemat, sog som vanleg var det masse gode heimebaka kaker til kaffien. Julebordnemnda ynske velkomen til bods med ein song! Elles las leiaren i nemnda Bibbi Norby eit eventyr. Det var 75 til stades.  Her er ein del bilete frå festen.
     (5/12-10)




    Siste øvingskvelden 2010
    Så er siste øvingskvelden slutt for 2010. Eg tok eit par bilete, så her tar vi med to. Det er etter pausen, så vi er litt færre enn før pausen. Det er Marianne og Anders som rettleier denne kvelden, og no skal vi øve på Sekstur I. Solvor og Benjamin spelar.


    Årmøtet er 9. februar
  • Årsmøtet er onsdag 9. februar 2011. Frist for å melde saker som ønskes tatt opp på årsmøtet er 9. jan. 2011 Årsmeldingen vil komme i neste nummer av bladet. Terminlista for våren er klar.

    Symratur til festival på Bornholm i pinsa 2011

    I 2011 blir det tur til Bornholm i pinsa, ikkje til Stockholm. Til Viljan blir det i staden tur i samband med deira 70-års jubileum. Her ei er meir info om festivalen.
    Det blir busstur. Påmelding og meir info hjå Gro L. Kitmitto: e-post  eller tlf 980132333.

  • Første øvinga 2011 er Kaffikveld med ertresupe!

    Vi startar med ertesuppekveld med meir onsdag 5. januar 2011 (gåve frå Viljan).

    Julefesten er laurdg 4. desember på Engebråten skole kl 18.00
    Lørdag 4. desember kl. 18.00 på Engebråten skole, Kapellvn. 120, 0493 Oslo.
    Servering av tradisjonell julemat, og selvsagt, Symra's berømte kakebord. (Gi beskjed om eventuell matallergi) Levende musikk v/ Solvor, Benjamin og Lars Petter. Marita og Dag leder dansen. Pris pr. person kr. 450,-. åmelding og betaling innen 20. november. Til Eldbjørg/Kjell Stensrud, tlf: 45261080/92817857 kjell.stensrud@gmail.com. eller Bibbi H. Nordby, tlf.: 92432011, bibbi.nordby@gmail.com. Konto nr: 5070 10 06515.

    Stildansavslutning i Symra 11. desember på Løkenåsen skole
    Stildansen byrjar kl 18.00 og foregår etter gamal god oppskrift.

    Gamaldanskurs 6. og 7. november 2010
    Symra arrangerer nytt nybyrjarkurs i gamaldans laurdag 6. og søndag 7. november kl 11 - 14 begge dagane i Nordahl Brunsgt 22. Hallvar Opheim er spelemann og Vebjørn Bakken instruktør. Kursprisen er berre kr 150. Det er viktig at mange frå Symra møter opp (gratis) for då går innlæringa mykje lettare, og kursdeltakarane får betre kontakt med Symra. Påmelding til : 915 23 192 / 67 90 69 62 eller ved frammøte.  

    Kjerstin Brandt i Viljan er død
    Den 7. oktober kom det ei trist melding frå Curre Brandt om at Kjerstin Brandt døydde den kvelden. Kjerstin har vore sjuk eit par år. Ho har vore ein av våre trugne Viljan-vener som har vore med på samarbeidet i over 40 år. Kjerstin var tidlegare gift med Curre Brandt. Det er vondt når gamle vener blir borte. Men mange av oss sit att med gode minne om Kjerstin, og vil minnest henne lenge. Fred med minnet hennar. Biletet til høgre er frå 2007.

    Strålande fin jubileumshelg på Klækken
    Det vart ei svært fin jubileumshelg på Klækken hotell 1-3 oktober 2010. Det var 155 til stades, av dei 22 frå Viljan og mange eldre medlemer i tillegg til mange av nåverande medlemer. Det var mimrekveld med dans på fredag. Laurdag føre lunsj var det gjennomgang av dansar, øving på forestillinga. Etter lunsj var det konkurranse mellom ei lang rekkje lag, både teorispørsmål og praktiske øvingar. I tida før jubileumsmiddagen var det ei halvannan times lang forestilling, der ulike aktivitetar i Symra vart framheva, til dømes Symraorkesteret, dugnadsånda, fjellturane, overnatting på skulerom og giftermål, i tillegg til mange kunstnarleg innslag som trestemt song, Spelemannen av Dan Anderson, Fanitullen. Det var gjort videoopptak av konserten, så det skal nok gå an å få vist den ved eit passande høve. Så var det jubileumsmiddag, der alle fekk jubileumsnål og fint songhefte. Prolog var det også, og ei morosam gåveoverrekkjing frå Viljan.Etterpå dans til kl 01.30. Benjamin, Vegar Vårdal og Laffen Rossebø sytte for fin musikk. Songdansen gjekk også fint i to store ringar! Det var utstilt mange ting frå Symra sitt arkiv (gåver), og mange album var lagt ut. Ein del store bilete var også slått opp. Vi har fått mange tilbakemeldingar om at det var ein fin fest, også frå Viljan ved Curre Brandt. Erdet nokon som vil ha videopptak frå kvelden, så snakk til Vebjørn.

    Norav Bell er død
    Noralv Bell døydde 2. september, etter å ha vore sjuk ei tid. Noralv var rettleiar i Symra i halvtanna år 1968 -1970, og var etter det også medlem i Symra ei tid. Noralv var ein dugande dansar og songar, og var svært godt likt som rettleiar. Han har også dansa mykje i BUL Nidaros og noko i BUL Oslo. I 1987 busette han seg i Molde, og har i alle åra etterpå lagt ned eit stort arbeid i Leikarringen i BUL.  Han var gravlagt i Røbekk kyrkje fredag 10. september.

    Jon Årekol er død
    Jon Årekol døydde 2. september etter å ha vore sjuk ei tid. Jon var frå Øystese i Hardanger, og har vore aktiv som folkedansar og spelemann heile livet. Som student i Bergen på 70-talet var han aktiv som dansar og rettleiar i BUL og kordirigent og som spelemann i Syndebukken. På 80-talet var har aktiv i norskdomsrørsla på ulike vis, både som tilsett i NU, som leiar i Kringkastingsringen og som tilsett i Noregs Mållag. Han var også med i redaksjonen av Norsk Tidend. I Oslo har Jon vore aktiv på mange område, som dansar, rettleiar, spelemann og organisator både i Sogn og Fjordaneringen, i Barnelaget og i Bærum spelemannslag. Han har også gjort ein innsats i Landslaget for spelemenn. Han vart gravlagd i Grefesen kirke 12. september. Mange i Symra kjente også Jon godt. Han var godt likt av alle.

    Fin helgekurs i gamaldans
    Helga 11-12 september hadde Symra gamaldanskurs i Halli. Det var 11 kursdeltakarar og nokre hjelparar frå Symra. Kursdeltakarane var flinke, mange hadde vore borti gamaldans før. Spelemann var Hallvar Opheim og instruktør var Vebjørn Bakken.

    Danseheftet med nye dansar er ferdig!
    Det nye danseheftet inneheld 24 nye songdansar og 2 musikkdansar. Dansane er elles ikkje nye i Symra - mange har vore flittig brukt. Det er Vebjørn Bakken som gjev ut heftet i samarbeid med Inger Frøydis, Marianne Dahl og Anders Saxhaug, Symra og Oslo Songdanslag. Kunstnaren Harald Aadnevik har illustrert heftet med over 20 flotte fargeteikningar. Her finn vi mange viser som til dømes Menuett i mai, Mellom bakkar og berg. Heftet kostar kr 150, og kan bestillast hjå Vebjørn.

    Øvingane startar onsdag 2. september 2010
    Ja då startar dei vanlege øvingane. Onsdagen før var det kaffikveld, med godt frammøte og Solvor og Benjamin spela, medan Erik H. leia dansen. Vebjørn Bakken og eystein Grimstad vise bilete frå Isleik 2010. På øvingane i haust er det same rettleiarane som før: Inger Frøydis/Vebjørn, Marianne/Anders og Dag.

    Nytt kjerneprogram for hausten 2010
    Rettleiarane har sett opp eit nytt kjerneprogram for hausten 2010, med 10 songdansar og 10 musikkdansar som vanleg. Dansane er: Songdansar: Falkvor Lommannsson, Dei gamle fjell, Kjerringa ho vart ballefeittlaus, Inga Litimor, Stigelin, Ormen Lange, Kongsdøtre, Liddelig galen, Åsmund Frægdegjeva, Strid for fred. Musikkdansar: Firetur II, Bethoven Menuett, Gillerådsen, Posties jig, Feiar frå Vestlandet, Kørsdans frå Valdres, Krabbelur, Sunnmørsreinlender, tyrolervals og Lancier frå Vardø. Dansane med tekst og rettleiing er også sendt ut som epost. Les på tekstane!

    Øvingsstart og kurs i gamaldans hausten 2010
    Vi minner om at onsdag 25. august er det første øvingskvelden i Symra - som vanleg Kaffikveld. Alle vel møtt til kaffi, kaker, prat og underhaldning!

    Kurs i gamaldans helga 11. og 12. september 2010
    Denne helga er det nybyrjarkurs i gamaldans, kl 11.00 - 14.00 begge dagane i Halli i Bygdelagshuset. Grunnkurs i dei vanlege gamaldansane/runddansane. Sprei bodskapen til alle aktuelle deltakarar! Pris for dei to dagane er kr 150 + grastis inngang på Folkedanskvelden den 12. september. Dessutan er det viktig at mange frå Symra også møter opp slik at innøvinga går lettare. Gratis for Symramedlemer!

    Mange vil vere med på jubileet!
    Det er nå heile 145 som har meldt seg på jubileumsfeiringa i oktober 2010. Det er Tore Granset som melder om det.
     (90/08-10)

    Eit flott Isleik 2010
    Det var heile 36 frå Symra med på Isleik 2010. I alt var det ca 370 med på stemnet totalt, 145 av dei frå Noreg. Symra gjorde ein fin innsats på fleire måtar, både med framsyningar, konsertinnslag og anna. Spelemennene våre Benjamin Kehlet og Lars Petter Eliassen var i sving seint og tidleg, med musikk til framsyningar, dans og konsertar. Eg trur alle er godt nøgd med stemnet som også vart velsigna med fint ver det aller meste av tida. Særleg var det mange som tykte at turane var fine og opplevelsesrike. Ikkje minst turen til Vestfjordane fire dagar før sjølve stemnet starta, og turen til Vestmannaeyar. Her finn du ei biletreportasje frå turen.

    Fin avslutningskveld 9. juni 2010
    Det var bra med folk og fin stemning då Symra avslutta vårhalvåret i Storsalen onsdag 9. juni. Vebjørn viste lysbilde frå turen til Møre og Romsdal i pinsa og det var utloddning, mellom anna 2 flotte fruktkorger. Solvor og Benjamin spela og Nina Evje og Dag Evensen styrde dansen. Og som vanleg på kaffikveldane var det mange gode kaker og vaflar. Før kaffikvelden hadde dei som skal til Isleik 2010 øving på framsyningsprogrammet i Halli. Benjamin Kehlet og Lars Petter eliassen skal vere med som spelemenn, og dei var også med påå øvinga. Her er nokre bilete.

    Vellukka BLS-stemne på Folkemuseet 3. juni 2010
    Det var strålande sol heile dagen. Det var vanleg opplegg med tog og "barnestemne" på festplassen. Så var det grilling etc., og seinare dans i alle tun. Symra dansa i Teletunet kl 15.30. Seinare hadde "Stildansen i Symra" stildansframsyning på Torget, og etter det var det folkedans for alle. Kvelden slutta med den siste folkedanskvelden. Her er nokre bilete frå Stemnet.

    Svært vellukka pinsetur til Møre og Romsdal
    Dei 35 som var med på Symra sin jubileumstur til heimefylket i pinsa 2010 fekk rike opplevingar. Dei fleste reiste med fly til Ålesund torsdags ettermiddag og tok flyet nedatt frå Molde månadag kveld. Vi overnatta to netter i Ålesund og to netter i Molde. Det var fleire høgdepunkt på turen. Fredag hadde vi ein strålande soldag med Hurtigruta Trollfjord inn til Geiranger, og buss tilbake til Ålesund. Vi fekk også oppleve det flotte utsynet frå Fjellstova på Aksla. Om kvelden hadde vi dansefest saman med Ålesund spelemannslag og Ungdomslaget Ivar Aasen. Svært hyggjeleg, og mykje god mat! Hit kom også Sunnmørsposten og gjorde intervju, og det kom bilete og omtale i avisa dagen etter. Laurdag hadde vi ei interessant gatevandring i jugentbyen saman med ein insprerande guide. Om ettermddagen tok vi Hurtigruta til Molde og vi fekk så kvar Vebjørn og Peder kjem frå mellom alla. Søndag var det heildagstur til fiskeværet Ona. Det bles ikkje, så det vart ein fin tur for alle. Måndag tok vi busstur til Kristiansund via Atlanterhavsvegen. Vi stoppa i Bud og fekk oss velsmakande mat både på Hustad og i Kristiansund. Der fekk vi velsmakande baccalao på ein fin restaurant i ei 200 år gamal smie. Det aller finaste veret hadde vi på fredag, men dei andre dagane var det også stort sett opphaldsver, og langt finare enn meldingane. Mange sit igjen med fine minne frå turen, både i hausen og i fotoapparatet. På biletet ser vi nesten alle på veg mot Ona. Her er mange bilete frå turen.

    Dansing som vanleg på 17. mai
    Symra dansa også i år på dei fire stadene som har vore vanleg i seinare tid.
    Her er nokre bilete frå 17. mai 2010. Etter dansinga var det samkome for alle som ville heime hjå Inger og Peder. Halvard spela på dei tre første øvingane, Benjamin på den siste.Den innleiande øvinga i Sandvika vart droppa dette året. Det var ein opphaldsver heile tida, men ikkje særleg varmt. Men fint dansever.  Erik Haugros var danseleiar.


    Lekkje til "Symra" på Internett
    I menye på Symra si startside er det nå lagt inn ei lekkje til lagsbladet Symra. her kan du også finne nokre tidlegare Symra-blad og bilete frå tilskipingar i ringen.

    Stor interesse for tur til Møre og Romsdal i pinsa
    I pinsa blir det denne gongen tur til Møre og romsdal - heimefylket til Symra. Det er 34 som har meldt seg på turen, og fristen har nå gått ut. Dei fleste tar fly til Vigra/Ålesund torsdag kveld. Fredag blir det tur med Hurtigruten til Geiranger og med leigd buss tilbake til Ålesund. Laurdag blir det byvandring i Ålesund, og elles fritt program på byen. Om kvelden blir det forflytting til Molde med Hurtigruten. søndag blir det tur til Ona og måndag busstur via atlanterhavsvegen til Kristiansund og tilbake til Molde. Dei fleste tar flyet tilbake til Oslo om kvelden. Kanskje blir det kveldsdans saman med dansarar frå Ålesund og/eller Molde.

    Lita interesse for helgekurset i gamaldans
    Det var berre nokre få kursdeltakarar som møtte opp laurdag 13 mars for å lære gamaldans. Men det var også nokre frå Symra som møtte fram, så kurset vart difor gjennomført, men vart innkorta til ein kursdag.

    Kurshelg i gamaldans/runddans laurdag og søndag 13 og 14 mars
    Laurdag 13. og søndag 14. mars er det på ny nybyrjarkurs i gamaldans/runddans. Det er i Nordahl Brnsgt 22 kl 11 - 14 begge dagane. Hovudvekta blir på dei vanlege gamaldansane vals, reinlender, polka, masurka og springpols. Men det blir også nokre einkle turdansar som byggje på desse gamaldanstypene. Truleg blir det også litt om pols. Det er svært fint om medlemer i Symra stiller opp (gratis) slik at det går lettare for dei nye å lære. Hallvar Opheim er spelemann og Vebjørn Bakken instruktør.

    Fin start på øvingane 2010
    Det var bra med folk og fin stemning på Kaffikvelden 6. januar 2010. Det var som vanleg mange gode kaker, utlodning, fin musikk (Solvor og Lar Petter) og danseleiing (Inger Frøydis).Det var utlodning. Så fekk vi sjå videoopptak frå julefesten då Knut Trøen fekk kongens fortenstmedalje i sølv. Arild Skogen hadde laga eit stort bilete av Knut med diplom og medalje, og det vart avduka, over døra ved sida av scena i Storsalen. Dermed har Knut fått sin faste plass i det huset han har spela så mange gonger på øvingar og festar og folkedanskveldar.

    Øvingane startar 6. januar 2010 med kaffikveld
    Vi minner om at øvingane nå startar kl 19.30 og sluttar kl 22.00. På Kaffikvelden blir det også programinnslag med lokale krefter, og det blir opphenging av bilete av Knut Trøen. Det blir også loddsal, og alle blir bedne om å ta med gevinst. Bunadsko blir auksjonet bort. Velkomne alle - gamle og nye!

    Gild avslutning på stildansen 12. desember 2009
    Det var svært mange til stades (nærare 50?) då Stildansen i Symra vart avslutta laurdag 12. desember på Løkenåsen skole. Det var bordsete med varm mat etter ein knapp time med dans, og kaffi og is. Seinare på kvelden var det kffi og gode kaker. Vi fekk danse gjennom ei rad av dei dansane som det har blitt øvd på denne hausten, og mange andre også. Som vanleg var det Marita ramstad som sytte for danseleiinga. På biletet er Unni, Jørn og Inger Frøydis i ferd med å danse kvadrilje. Fotografen deltar også i dansen.

    Fin julefest 5. desember med mange deltakarar og Knut Trøen i sentrum
    Det var 108 deltakarar på julefesten i Symra, og det er lenge sidan det var så mange. Knut Trøen og slektningar og vener var der, nokre frå Viljan og mange tidlegare medlemer. Det aller viktigaste var at Knut Trøen fekk tildelt kongens fortenstmedalje i sølv for sin store innsat for folkemusikken. Erik Haugros delte ut medalje og diplom, fordi ordførar eller varaordførar i Nord-Aurdal ikkje hadde høve å vere til stades. Inger Frøydis song eit stev, Vebjørn las ein prolog til Knut og spelemannen Trygve Bolstad frå Valdres spela tre slåttar. Trygve kom eins erend frå Hedalen for å ære Knut. Erik overleverte blomar frå Nord-Aurdal kommune og frå Symra, og Kjell Stensrud bar fram helsing og blomar frå Sogn og Fjordane-ringen. Einar Guldbrandsen takka også for speling og samarbeid om barneleikarring i gamle dagar. Og felemakaren Erling Aaning sa litt om samarbeidet med Knut gjennom mange år, og Knut viste fram Aaning-fela som han gjerne bruker. Elles var det ekstra gilt igjen å sjå Knut på scena mellom spelemennene. Både Knut og dei to brørne Kjell og Jørgen var med å spela på ein del av kvelden, i tillegg til dei faste Solvor og Hans Petter. Dag Evensen og Vebjørn Bakken delte på leikleiinga. Tore Granset styrte bordsetet og julebordnemnda hadde pynta fint og sytte for at festen gjekk på beste måte, og maten og kakene var av beste slag. Dei som hadde fortent det (styret , spelemenn, rettleiarar etc) fekk blomar. Kvelden vart avslutta som vanleg med Deilig er jorden. Her eit tre bilete av Knut i litt større format:  Bilete1    Bilete2   Bilete3   Her kan du finne mange bilete frå julefesten.
    Erik orienterte om Isleik
    På siste øvingskvelden kom deiflesteav dei som har meldt seg på til Isleik (31 sstk) saman føre øvinga og snakka litt saman om reisemåte , flybillettar etc. Og i kaffipausen orenterte han litt om dette og andre ting.

    Filming av Nordmørspolsen
    På siste øvingskvelden 2. desember var det to jenter frå Tingvoll innom og gjorde opptak av korleis vi har brukt å danse Nordmørspols i Symra. Dei er interessert i å sasmanlikne kolreis det blir gjort på ulike plassar på Nordmøre, i Trondheim og her hos oss. Dei kan tenkje seg å kome tilbake seinare og fortelje litt om kva resultat dei har funne. Det skal bli interessant.
     (04/12-09)

    Vellukka teaterkveld med Jon Eikemo og Per Sivle

    Vi var ikkje så svært mange som var med på den fine forestillinga på Det Norske Teateret torsdagskvelden 19 november 2009. Vi søg den fine framstillinga som Jon Eikemo gjorde med Per Sivle. Han fortalde om Per Sivle og las og song tekstar. Attåt seg hadde han berre ei russisk pianistinne som spela små musikkstykke av Ketil Bjørnstad. Ragnhild Slyngstad hadde gjort avtale om at vi skulle få møte Jon Eikemo etter forestillinga og få ta eit bilete av oss saman med han. Og det gjorde vi , sjå biletet til høgre. Desverre måtte to av oss gå før, så dei vart ikkje med. Vi tok også fleire bilete, og her kan du sjå eit par av dei.  Bilete1   Bilete2   Bilete3  Bilete4  Vi gjekk også innom Hotel Bristol og fekk ein liten matbit /litt drikke og ein hyggjeleg prat etter forestillinga.

    Sunnmørsspringar på øvingskvelden 18. november 2009
    Denne kvelden vart det meste av tida brukt til Sprindans frå nordre sunnmøre. Svein Are Vatnehol frå Ålesund Spelemannslag var til stades og instruerte springar. Han konsentrerte seg om ting som kunne bli betre, som til dømes mindre feiing, mindre reine grunnsteg framover, variering av grunnsteget, pannekakevending og overgang til den, jenta i motsols rotasjon, handskifte og overgang til pannekakevending. Dette vart ein nyttig gjennomgang. Han viste oss også ein for oss ny turdans - Sunnmørs-pariser. Det var ein fin liten dans som vi får prøve å bruke på øvingane.


    Terminlista for 2010
    Den nye terminlista er no lagt inn under Program.

    Nybyrjarkurset i gamaldans gjennomført
    Det var ikkje så svært mange deltakarar på kurset, men alle var ivrige og lærevillige og unge dei fleste. Det var Vebjørn som instruerte og Hallvar som spela.
    Vi har grunn til å tru at iallfall eit av para vil byrje i Symra. Bra! Takk til dei frå Symra som stilte opp! Trykk på biletet!

    Julefesten i Symra er laurdag 5. desember 2009
    Julefesten i Symra er laurdag 5. desember på Engebråten skole kl 18.00 Det blir tradisjonell julefest, med julemat, kafii og heimebaka kaker, god musikk, mykje dans, underhaldning etc.
    Prisen er kr 400. Betaling på øving eller ved frammøte. Påmelding innan 25. november.  Påmelding til Gunnar Bjelkarøy: gbjelkar@online.no eller tlf 91632280.  Her er Invitasjonen.

    Fant og Fente med flott forestilling
    Fant og Fente hadde fått 100 00 kr til å lage ny forestilling, og den hadde premiære i Teatersalen i Oktober. Det var mange frå Symra som var til stades, kanskje sæleg fordi vi også kunne sjå oss sjølv på bakteppet. Dei hadde tidlegare gjort videoopptak i Symra slik at dei kunne danse med seg sjølv på bakteppet. Det var ei fin og variert framsyning Fant og fente kunne vise fram!

    Avslutninga på stildansen 12. desember 2009
    "Miniballet" er laurdag 12. desember 2009 på Løkenåsen skole på Skårer i Lørenskog. Husk å melde deg på til Inger Varhaugvik eller Grete Syljeset god tid på førehand.

    Stildansøvinga fredag 30. oktober er flytta til Løkenåsen skole på Skårer!

    Helgekurs i gamaldans 7. og 8. november
    Laurdag kl 11-14 og søndag 11-14 vert det nybyrjarkurs i gamaldans. Dei vanlege dansane blir gjennomgått: vals, reinlender, polka, masurka og springpols. Og kanskje noko anna. Hallvar er spelemann og Vebjørn instruerer. Det er fint om mange frå ringen møter opp og hjelper til. Gratis! Plakat her.
     (15/10-09)
    Symra blir bakgrunnsvideo for Fant og fente

    Onsdag 9. september vart første økta brukt til videoopptak. Dei fleste i Symra hadde kledd seg i bunad. Vi skulle vere på leikfest. Fant og fente har fått stønad frå Norsk kulturråd (100 00kr!) til å utvikle ei ny forestilling. På eit av innslaga skal det vere ein video på bakskjermen: leikfest, og dei på scena skal danse "med seg sjølve" på videoen. Dvs to av fant og fentene: Marianne og Torill Schinstad. Ein del av dansarane var med på opptak av fire dansar: Polonese, ein nylaga rekkjedansvariant, vanleg reinlender og ein variant av "Polka frå Danmark". Dessutan kaos på golvet og avslutningssongen med variasjonar. Det skal vere premiære på framsyninga i Teatersalen 10. oktober kl 19.00 med dans etterpå.
     (15/9-09)

    Vellukka helgekurs i gamaldans - men få deltakarar
    Helga 12-13 september var det nybyrjarkurs i gamaldans i Storsalen. Hallvard var spelemann og Vebjørn rettleiar. Det var tre timar laurdag og 3 timar søndag. Det var ikkje meir enn 4-5 par som møtte opp i tillegg til nokr frå ringen. Dei fleste av dei som var med på kurset var flinke og hadde god framgang. Ein melde seg også inn i ringen.
      
    Svært vellukka fjelltur til Nord-Østerdalen
    Det vart ein svært fin fjelltur til Alvdal og Røros første helga i september 2009. Eystein og Oddny hadde som vanleg gjort eit grundig førebuingsarbeid og lagt opp til eit spennande og variert program med innslag både av natur og kultur. Det var i alt 29 deltakarar på turen og 27 av dei kom til fjellhotellet Tronsvangen i Alvdal torsdagskvelden. Hotellet ligg på ca 800 meter og hadde strålande utsikt over Alvdal og fjella i vest, der Sølen var høgst og spissast. Opphaldet på hotellet var fint og relativt billeg. Det var god mat, god danseplass og litt mindre fine rom, men heilt OK. Det var dans kvar kveld, ei blanding av gamaldans, stildans og songdans. Fredag var veret nokså dårleg, men vi hadde ein fin tur i Røros-området. Først hadde vi guida tur i Røros, så guida tur i Smeltehytta og til slutt guida tur i Olavsgruva ei mil nordaust for Røros. Vi hadde dugande guidar, så dette vart ei grundig innføring i Bergstaden og bergmannslivet. Fredag var den store fjelldagen. Vi skulle til topps på Tronfjellet 1660 m over havet. Det var opphaldsver og fint turver, men det var skodde på toppen, så vi fekk ikkje fullt utbytte av den strålande utsikten frå fjellet. Men på veg nedatt lysna det og vi såg fjella rundt både i vest og aust. For at det ikkje skulle bli for langt å gå brukte vi bilen eit stykke oppover til ca 1300m. Her var det også eit minnesmerke over ein indisk munk som budde her første halvdelen av 1900-talet. Etter fjellturen tok dei fleste vegen til Aukrust-museet i Alvdal. Eit veldig fint bygg (aktitekt Fehn) og spennande innhald. Søndag vart veret strålande fint, og vi skulle sjå på Jutulhogget  på heimvegen. Eystein var sjølvsagt ein svært kyndig vegvisar og guide, og hadde funne fram til svært fine utsiktspunkt der vi fekk sjå Jutulhogget i all sin imponerande velde. Jau dette var ein fin haustdag i fjellet med mange fine opplevinga og ein hyggjeleg turflokk. På biletet ser vi nesten alle deltakarane på turen (Vebjørn tar biletet). Her kan du finne ei rad bilete frå turen.

    Kjerneprogrammet for hausten 2009
    Som før har vi sett opp 10 songdansar og 10 musikkdansar som det skal leggjast særleg vekt på dette halvåret. I tillegg kjem sjølvsagt mange andre dansar sosm som vi treng repetere og slik vi kan godt. Dessutan blir framsyningsdansane gjennomgått regelmessig. Kjerneprogrammet finn du her.

    To framsyningar på same dag søndag 30. august 2009
    Søndag 30. august slo Symra to fluger i ein smekk, og fekk unna to framsyningar same dag. Benjamin var spelemann begge stader. Det var ikkje lett å skaffe nok par, men det slutt vart vi fem. Først var vi på Østensjødagen på den gamle garden Bakkehavn ved Østensjøvannet. Veret var fint, sjølv om det bles litt, og det var litt dårleg underlag å danse på, så gjekk framsyninga fint. På biletet kan vi sjå dei fem para som var med. Litt seinare på dagen dansa vi på Årvoll gård der det var ein internasjonal dag, med boder og diverse underhaldning. Her vart framsyninga litt kortare, og ein del av publikum var gått. Men framsyninga gjekk fint her også.


    Fin start på stildansøvingane fredag 28. august 2009
    Stildansøvingane i haust foregår over same lest som tidlegare: Det foregår stort sett i Storslaen fredagar frå 19.00 til 22.0. Marita Ramstad instruerer og vi brukar CD-musikk, slik det er vanleg dei aller fleste plassar der ein driv med stildans.Det var litt færre frammøtte enn vanleg - normal er vi 4 kvadriljer dvs 32 til saman, men denne gongen var det 3 kvadriljer pluss ein dansar. Men det går stadig på rundgan å stå over ei lita stund, så det går heilt fint om det ikkje er fulle kvadriljer. Denne kvelden dansa vi grundig gjennom Den danske Lancier, så den kunne vi bra på slutten av kvelden. Iaalt i alt ei triveleg øving, og vi reknar med at det kjem fleire på neste øvingskveld. oversikt over øvingane står her. På biletet ser vi to av kvadriljene i aksjon. (Biletet blir større når du trykkjer på det.)



    Fin mimrekveld for Lahti-fararane onsdag 19. august
    Dei alle fleste av Lahti-fararane frå Symra og ein god del andre var samla til mimrekveld Løkenåsen skole onsdag 19. august 2009. Mellom andre var det 6 dansarar frå Moss, og sjåføren vår Svein kom heilt frå Lillehammer og Gunnhild kom frå Valdres. Vi fekk sjå på video-opptak som Tone hadde gjort frå heile stemnet og frå turen. Veldig fint! Vi fekk også sjå ein del bilete som folk hadde teke. Så var det dans, som Marita leia fint, og Benjamin og ??? sytte for god dansemusikk. Og kaffi og gode kaker som Bjørg hadde ansvaret for. Primus motor for det heile var Erik H. Til slutt var det takk til dei som hadde gjort ein fin innsats, både på mimrekvelden og i samband med turen til Lahti: Erik, Marita og sjåfør Svein. Det vart ein fin og hyggjeleg kveld der vi fekk fram i minnet eit fint stemne og ein fin tur. På biletet ser vi frå siste dansen - Fransese.
     
    Lahti vart eit svært vellukka nordisk stemne

    Det gode veret og dei fine lokala gjorde sitt til at det vart eit svært vellukka stemne i Lahti i Finland. Rett nok kom det ein del regn under hovudstemnet på laurdag, slik at avslutninga vart flytta inn i Hallen. Men elles var det strålande ver heile tida. Desverre var det også denne gongen ein klar nedgang i deltakartala. I Gøteborg i 2006 var det ca 4000 deltakarar, men denne gongen var det berre 2500. Av desse var over halvparten frå Finland. Frå Noreg var det 300 og frå Danmark berre vistnok berre 200 og frå Sverike heller ikkje så mange. Det var 26 frå Færøyane og 26 frå Island.

    Frå Leikarringen Symra var vi vel 30 dansarar, så mange av bileta viser situasjonar der Symra-folk er med. Dei fleste frå Symra reiste med buss, og på bussen var det også ein del andre som ikkje er med i Symra, mellom andre nokre frå Moss Leikarring og nokre av ungdomane som er med i NU-prosjektet Sans for dans. Busssjåføren Svein og reiseleder Marita gjorde ein fin innsats slik at bussturen gjekk trygt og vel organisert både fram og tilbake. Eit fleirtal av av Symragjengen låg på klasserom på den store yrkesskolen like ved Lahti Hallen, som var hovudarena for stemnet. Det var kort avstand til hallen, men vi låg nokså trongt, 26 stk på eit klasserom, mellom dei 4 stk frå Hordaringen. I romma ved sidan av var det folk frå Danmark, Sverike og Island og Færøyane, og det vart ein del svært fin Færøydans saman med dei frå Færøyane. Solvor var Symra si spelkvinne på turen.

    Det er Vebjørn Bakken som har teke dei fleste bileta, så det forklarar nok at utvalet av bilete er svært skeivt og ikkje representativt for heile stemnet.
    Bileta er stort sett i kronologisk rekkjefølgje.

    Fin avslutning på Stildansen 19. juni
    Det var ca 40 deltakarar på sommaravslutninga, som denne gongen var på Nygårdsstua. Marita leia dansen som vanleg. Denne gongen var det mest vekt på dansar som skal brukast i Finland. Som vanleg var det varm mat og kaffi og kaker seinare på kvelden. Ei fin avslutning på stildanshalvåret! Her kan du sjå nokre bilete frå avslutninga.

    Gild avslutning på øvingane i Symra 10. juni 2009
    I timen før vanleg øving var det gjennomgang av dansane som skal brukast i Finland. Og det hadde gått ut innbyding til "alle" som skulle dit.Og ein del utanom Symra møtte fram. Elles var det kaffi og kaker og utlodning. Men først og fremst var det dans, sjølvsagt. Ei fin avslutning på vårhalvåret.
        

    Flott Viljan-tur i strålande sommarsol
    Det var ein svært vellukka tur på alle måtar til Viljans Stockholm i pinsa 2009. Det var 25 deltakarar på turen. Vi kom fram til Farsta gård ca 11.30 etter ein fin bussturfrå Oslo. Dei fleste budde på Farsta gård, vi disponerte to bygg, så det var godt om plassen. Laurdag var det ein spennande tur til Uppsala, der vi fekk omvisning på museet Gustavianium til det gamle universitetet - det eldste i Norden. Så var det rusletur langs den fine byelva, med innlagt god lunch. Så tilbake til bussen, der mange også nytta høve til å sjå nærare på den gamle domkyrkja med dei to tårna. Frå Uppsala reiste vi litt utanfor byen til Carl von Linne's Hammarby - sommarbustaden hans på 1700-talet. Der smakte det godt med kaffi og kaker og det var fint å gå mellom høge tre i den svale parken. Så gjekk turen tilbake til Farsta, og det vart middag, og hyggjeleg samkvem på låven, norsk og svensk dans, og norsk og svensk musikk. Her vart det også ei triveleg overrasking: Vi fekk sjå glimt frå pinsa 1971 då Viljan vitja Oslo. Sissel og Ludvik hadde laga ein video frå besøket basert på gamle smalfilmopptak. Søndag brukte vi det meste av tida på Skansen. Viljan og Symra hadde ei felles framsyning på 45 min på den fine restaurerte dansebanen på Bollnäsbanan, og det gjekk heilt fint, sjølv om temperaturen var i høgste laget. Benjamin spela på framsyninga, og under dansen på laurdag. Han kom litt seinare og reiste litt før oss andre, han var eigentleg på gjennomreise frå Oslo til Narvik. Det var flott han kunne vere med! Så vart det lunch på Skansen, og anledning til å tørke våte skjorter. Så gjekk turen til den trivelege vesle Trädgårdstorp i Tullinge der det vart middag og samkvem med norsk og svensk dans. Måndags morgonen vara det avreise kl 10, med vanleg avskilsrituale. Og turen tilbake til Oslo gjekk fint. Sjåfør Svein sytte for triveleg og sikker busstransport. Veret var strålande heile turen, med temperatur kring 25 grader. Folket i Viljan hadde lagt opp til ein svært fin helg, med mykje god og heimelaga mat, og eit spennande og godt program Ein minnerik tur for oss alle. Ekstra gildt å få sjå att gamle vener og treffe nye! Biletet viser alle (?) frå Symra og Viljan søndags kvelden. Trykk på biletet så blir det større. Vebjørn leia framsyninga på Skansen og Dag leia den norske dansen om kveldane. Her er mange bilete frå turen.
      
    Fin framsyning i Furuset Kirke
    Symra har mange gonger dansa for gamle og sjuke på Furuset. Denne gongen - 28. mai - var det i Furuset Kirke. Vi var 5 par og Benjamin spela. Alt gjekk fint, dei gamle var nøgde og vi var nøgde, og vi fekk kaffi og kaker etterpå. På biletet ser vi alle som var med. Det var fotografen frå den lokale avisa som også tok biletet for oss. Try<<Merket område i dokumentet>>kk på biletet så blir det større.


    Ein fin 17. mai på tradisjonelt Symravis
    Det var ein strålande fin 17. mai. Symra hadde framsyning dei 4 vanlege stadane. Hallvard spela på øvinga og på Røde kors, og Benjamin dei tre siste plassane. Erik var leiar heile dagen. Mannskapet varierte ein del, nokre kom til og norkre vart borte, også det som vanleg. Her kan du sjå ein del bilete frå den fine dagen.  Også Svein Skogen har teke mange fine bilete frå øvinga i Sandvika og frå Godthaap, og du finn dei her.
       
    Gild polskakveld den 16. mai
    Det var Bo som stod i spissen for arrangementet i Halli der det var polska og gamaldans. Tre speljenter frå Boda spelmannslag hadde teke turen til Oslo, for å syte for fin og ekte poskaspel. Og spel vart det. Mest Boda-polska, men også Bingsjø og litt Rättvik. Kvelden starta med ei kort innføring/repetisjon av polska, det sytte Dagfinn Aa for. Då var det ca 10 par til stades. Seinare på kvelden vart det fleire. Vebjørn fekk med seg litt av kvelden, men måtte ein avstikkar til Aker Brygge der Symra hadde framsyning for ei gruppe frå Tyrkia. Vi var 4 par og Benjamin spela.

    Nytt frå leiaren 26. mars 2009
    Her er epost med nyheter frå Erik:
    1. Gro, Peder og jeg var på årsmøtet i BLS 26.3.09. Tore stilte for Oslo songdanslag.
    a. Marianne Dahl fortsetter i BLS-styret, Bo Carlin er i eigedomsnemnda og Torill Ervik i folkedansnemnda. Roy Sævik fortsetter som leiar
    b. Jeg tok opp tapeten i Storsalen og gardin og lerret som ikke henger skikkelig. Slikt skjemmer. Arbeidet med å rette dette skal prioriteres. Dessuten er brannsikringen en prioritert oppgave på vedlikeholdssiden i BLS-gården. BLS og forretningsvirksomheten skal drøftes i år.
    c. I arbeidsprogrammet sitt vil BLS vitalisere folkedansen og vil være med på et pilotprosjekt på dans og teater (Den mangfaldige scenen).
    d. På første leiarmøte blir regnskapet behandlet. Og da vil en velge ny teaternemnd.
    2. Onsdag 1. april er det stildans (Halli) og runddanskurs (Storsalen) kl 18.00 - 19.30. Vanlig øving etterpå.
    3. Bladstyret har hatt møte, og første nummer kommer i mai. Det blir fire nummer i året.
    4. Styremøte tirsdag 31.3.
    5. Fire par dansa framsyning på Grefsenkollen 23.3.09. Det er viktig at vi deler på disse oppgavene.
    6. Pinseturen. Nå har 23 meldt seg på. Micke ønsker svar på om noen vil overnatte sammen med Svein sjåfør på hotell.


    Dansekveld med Svenske polsker laurdag 16. mai kl 19-23
    Det er Bo som ordnar med dette og Symra er teknisk arrangør. Det kjem nokre spelemenn frå Boda spelemannslag, og det blir truleg også opplæring. Ei fin anledning til å lære og praktisere polska!

    Mange deltakarar på Nordleik frå Symra
    Det blir også i år mange deltakarar frå Symra på Nordleik i Finland. Det blir sett opp buss, og dei fleste frå Symra skal bruke buss.

    Nytt runddanskurs byrjar onsdag 4. mars
    Det startar nytt runddanskurs onsdag 4. mars kl 18.00 - 19.30 i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22. Spelemann er Hallvar Opheim og rettleiar Vebjørn Bakken.
    Det var ikkje så mange nye som kom, men kurset er i gang! Alle frå Symra er velkomne (gratis)!

    Roleg og konstruktivt årsmøte 11. februar
    Det var knapt 30 som møtte til årsmøtet i Symra 11. februar 2009. Møtet vart avvvikla på tradisjonelt vis. Møteleiar var Vebjørn og Hallvar var referent. Valnemnda hadde gjort eit godt arbeid og funne kandidatar til alle verv. Vala gjekk difor også snøgt og reitt unna. Erik haugros vart attvald som leiar. Dei andre i styret er Peder Varhaugvik, Tore Granseth, Grete dørum Syljeset, Gro Larsen Kitmitto, medan Inger Varhaugvik og Bjørn Harald Flobekk er varamedlemer. Det nye bladstyret består av Erik Skogen, Nina Evje, Thor Møller og Erik Haugros  (frå Styret). Dei andre i ulike omgod finn du under "Styret" i menyen.

    Temakveld i Fransese omsdag 21. januar
    Kl 18.00 - 19.30 blir det temakveld i Fransese i Halli. Også for nybyrjarar. Erik vil rettleie og Solvor spelar. Pris kr 30.

    Nybyrjarkurset i gamaldans/runddans er i gang
    Det var mange nok som møtte fram til at vi kjem i gang med kurset. Det er viktig at også medlemer møter opp og er med på dansen (medlemer dansar gratis) så vil kursdeltakarane kunne lære raskare og meir. Så møt opp kl 18.00 onsdag! Det er Vebjørn som rettleier og Halvard som spelar.

    Fin start på vårhalvåret 2009. Marianne utnemt til æresmedlem!
    Det vart ein triveleg start på vårhalvåret 2009 den 7. januar 2009. Solvor var spelkvinne og Inger Frøydis leia leiken, begge gjorde jobben på ein fin måte. Erik orienterte om ting som skal skje framover, og det var mykje gode kaker å forsyne seg av, så tusen takk til ei flink nemnd! Men den store hendinga var at Marianne Dahl vart utnemt til æresmedlem i Symra etter ein imponerande innsats på mange områder særleg i Symra, men også i BLS og i NU sentralt. Ho har særleg gjort ein stor innsats i Symra som leiar i 4 år, som rettleiar i mange år saman med Anders, som kurslærar på ei rekkje kurs saman med Anders, som programskapar, som miljøskapar og mykje anna.  Vi gratulerer!
    Her kan du finne nokre fleire bilete frå utnemninga.

    Nybyrjarkurset i gamaldans/runddans byrjar onsdag 14. januar
    Onsdag den 14. januar startar nybyrjarkurset i gamaldans kl 18.00 - 19.30. Alle medlemer blir oppfordra til å sette opp plakatar på arbeidsplass, nabolag og nærbutikken så det kan bli nok folk som melder seg så det blir kurs. Hallvar på torader spelar og Vebjørn skal instruere.

    Året 2009 startar med kaffikveld 7. januar kl 19.45
    Ja, det blir sesongstart onsdag 7. januar kl 19.45 med kaffikveld som vanleg.

    Gild julefest i Symra 6. desember 2008
    Det var ein fin og tradisjonell julefest i Symra denne laurdagskvelden - og samtidig var det avslutning på hausthalvåret. Ei dugande nemnd hadde lagt alt vel tilrette for ein fin fest: Det var fint dekka bord og fint pynta scene. Maten var av beste slag, fine songar, og så hadde dei også laga fine songinnslag og morosame sketsjar og vitsar. Alle fekk dessutan jolepakkar, som alle hadde teke med seg - maks kr 20.Tore takka for den gode julemiddagen. Det var i alt 82 deltakarar på festen. 11 av dei hadde kome frå Stockholm, og det var ekstra gildt. Det var også andre langvegs frå, mellom anna frå Bryne og frå Hareid. Ekstra kjekt med gamle medlemer som møter opp iblant slik at ein kan halda kontakten. Fin musikk var det Solvor og Lars Petter som sytte for, og Inger Frøydis og Vebjørn stod for danseleiinga. Fint å sjå at det faktisk går bra å danse fransese på ein slik kveld. Elles var det tak og utdeling av blomar til dei som hadde gjort ein ekstra innsats i ringen i året som gjekk, og det var det mange som hadde gjort, sjå biletet. Her er fleire bilete frå festen.

    Fin avslutning på stildansøvingane laurdag 29. november
    Det vart ei fin avslutning på balløvingane på Løkenåsen skole laurdag 29. november med 32 dansarar - akkurat nok til 4 kvadriljer. Dagen før hadd dronning Sonja vore der og delt ut diplom til skulen fordi dei har så godt miljø. Og godt miljø var det også på det såkalla miniballet. Med forsiktig hjelp frå Marita kom vi vel gjennom alle dansane vi prøvde på, mellom dei den finske fransesen og den nye versjonen av Stora menuetten. Etter ein halvtimes "oppvarming" fekk vi servert god middag frå "Ingers kjøken", og god dessert. Seinare på kvelden var det kaffi og heimebaka kaker. Erik fekk ei lita påskjøning fordi han er snill å stille plass til disposisjon, og ordne opp saman med Bjørg. Det er ein svært fin stad for slike arrangement, eit godt dansegolv, bra akustikk, og ein fin matsal og kjøken tett ved. Marita fekk også rosande ord for ein godt gjennomført kveld og eit godt dansehalvår. På biletet ser vi Grete overlevere den fine blomsterbuketten til Marita Her er nokre bilete til frå Miniballet..

    Julefesten er 6. desember

    Det er ikkje for seint å melde seg på julefesten laurdag den 6. desember på Engebråten skole. Her kan du sjå invitasjon

    Terminlista for vårhalvåret 2009 i Symra er klart.
    Her kan du sjå programmet.

    Onsdag 15. oktober var det Amerikakveld
    Onsdag 15. oktober skal dei som var på tur til USA i sumar vise det framsyningsprogrammet dei brukte der borte. Det er også avslutning på kurset i folkedans. Framsyninga/kaffikvelden startar kl 19.30, og det er fint om alle tar med seg slektningar og vener og kjenningar.
    Det vart ein fin kveld. USA-folket fekk vist framsyninga dei hadde i USA, og dei fekk mykje skryt også av dei som såg på i Symra. Inger og Hallvard kunne ikkje delta, men elles var alle på plass. Så fekk vi hjelp av Edvin Øen som erstattar for Hallvar på torader. Så var det utlodning og kaffi og kaker, og etterpå dans. Solvor og Benjamin spela og Nina leia dansen. Ein triveleg kaffikveld. Biletet viser litt frå starten på framsyninga.

    Svært vellukka "fjelltur" i Symra 5-7 september 2008

    Det vart ein på alle måtar vellukka hausttur med Symra til Ringsaker kommune på austsida av Mjøsa mellom Hamar og Lillehammer. Veret var ideelt - litt overskya og med glimt av sol, og passe varmt. Det var mange deltakarar, godt over 30. Lange fjellturar vart det ikkje, men mykje kultur og mykje dans og fine gåturar i kulturlandskapet. Overnatting hadde vi på det flotte hotellet Høsbjør, høgt oppe i fjellsida i Ringsaker, 500 m over havet, og med den finaste utsikt du kan tenkje deg. Biletet syner utsikten frå hotellvidauga vårt. Maten var fin, interiøret likeså, og det var god plass til dans om kvelden i ein fin "ballsal". Symra hadde hotellet heilt for seg sjølv. Fredag kveld var det middag, med innslag av Prøysen-viser som allsang, og dans etterpå. Laurdag var det kulturtur i Ringsaker - i fint kulturlandskap og rike jordbruksbygder. Vi såg på spennande geologi og på flotte helleristningar, og hadde omvisning i den 900 år gamle erverdige Ringsaker kirke. Kyndig omvisar på turen var 86 år gamle Erik Skjeseth, som var tidlegare bonde og mangeårig formann i Ringsaker historielag. Så gjekk vi Præstvegen til Prøysen-stua (der vi ikkje kom inn) og vidare til Prøysen museet på Rudshøgda, der vi tok oss god tid på det fine museet. Om kvelden var det igjen god middag, der vi også fekk fint fløytespel av ein tidlegare Symramedlem Olav Leite (medlem 1978-82). Og mange timar med dans, mest stildans. Marita og Fred frå Sølja hadde teke turen, og leidde oss gjennom ein fin dansekveld, der det også vart litt songdans og stordans. Søndag vart det så ei 8 km lang vandring langs pilgrimsleden tilbake til Hamar. Her gjekk sume på Jernbanemuseet og sume drog til Domkirkeodden, og atter andre drog heim. Vi hadde opplevd ei svært minnerik og fin hausthelg - og alle var takksame for at Øystein og Oddny hadde lagt alt så vel til rette og gjennomførte turen på beste måte. Det er mange bilete frå turen.

    Bra med folk på nybyrjarkurset i gamaldans
    Det var 14 nybyrjarar og nokre frå Symra på første kurskvelden, og det var fint. Og det var ei bra balanse mellom jenter og gutar og unge og litt meir vaksne. Det går fint an å byrje på kurset også neste gong, så sei frå til slike som kan vere interessert! Og det er fint at medlemene stiller opp og er med og dansar med dei nye.
      
    Vellukka tur til Frankrike for mange Symra-medlemer
    Tolv Symra-medlemmer var i Frankrike på ein privat arangsjert tur for stildansgruppa ”Moderato”, 8. til 16. august. Basen var to landsbyar i Gard/Provence og deltaking på den årlege feiringa av LARSOK i ein av dei. Vi var 23 med på den festen. Denne delen av Frankrike er kjent for over 2000 gamle minnesmerke frå romartida, slik som arenaen i Nîmes og Pont du Gard. Både dans og turisme fylte dagane der nede. Felles samvær hadde vi på ein gard frå 1600-talet, borga i landsbyen er frå 1400-talet.  Med stildansar frå 17- 18-talet og moderne salsarytmer vart dette eit minneverdig møte mellom fortid og notid.

    Rettleiarar og spelemenn dei same i haust som dei siste åra - sjå dansane det skal leggjast ekstra vekt på
    Det blir framleis Solvor, med Benjamin i tillegg  ca annakvar gong, som skal spele på øvingane i haust slik som i vår. Så blir det Inger Frøydis/Vebjørn og Marianne/Anders og Dag (dersom hofta blir i orden) som skal rettleie. Det er plukka ut 10 songdansar og 10 musikkdansar det skal leggjast ekstra vekt på dette halvåret. Det er:

    Songdansar: Åremålsdagen, Nordenfor Trondhjem, Inga litimor, Kjærringa var på seter'n, Fram dansar, Mannen og konen, Kjære Olamann, Vesle jenta mi, haugebonden, Her er det land
    Musikkdansar: Sekstur II, Firetur I, Dansk ril, Smygvals, Totur frå Holt, Fyrtur från Barva, Mølledansen, Rugen/Sjutrøar, Kørsdans frå Grue, Stegvals.
     I tillegg skal det øvast jamt og trutt på framsyningsdansane, og dei vi kallar repetisjonsdansar
     Nokre av dei dansane vi fokuserer på er nye for mange, andre er kjente av dei fleste.

    Fin start på hausthalvåret 27. august.
    Øvingane starta med kaffikveld som vanleg. Nemnda hadde stelt fint i stand med kaffi/te og mange gode kaker. Erik ynske velkomen og orienterte litt om det som har skjedd i sumar og la serleg vekt på det som skal skje framover, ikkje minst Nordleik i Finland til sumaren. Dessutan om kurset som startar neste onsdag, og oppmoda alle om å reklamere for kurset og slå opp plakatar. Han minna også om Helgekurset på Klekken 11-12 oktober.. Øystein orienterte om "fjellturen". Benjamin hadde kunsterleg innslag, og spela 3 fine slåttar: Fanitullen, ein trollstemt slått frå Nord-Norge og nordmørspolsen Storpolsdansen. Så leia Erik dansen etter på ein fin måte, Solvor og Benjamin spela, og det var bra med folk denne første øvingskvelden. Kaffilista for hausthalvåret finn du forresten her.

    Starten på hausthalvåret 2008 er onsdag 27. august 2008 - kaffikveld
    Øvingane i Symra startar med kaffikveld i Storsalen i BLS-huset 27. august med kaffikveld. Alle er hjarteleg velkomne!

    Stildansøvingane startar fredag 22. august kl. 19.00 – 22.00 i Storsalen.
    Vi minner også om at det helga 6-7 september er hausttur, sjå litt lenger nede.

    Svært vellukka turne i USA
    Det var i alt 29 personar med på den velukka danseturen til USA. Dei fleste reiste 30. juli og kam att 19. august. Nokre reiste litt før og reiste også heim att litt før. Spelemenn på turen var Solvor og Benjamin, og Hallvar på 2-rader. Den første knappe veka var dei fleste i San Francisco - stort sett ferie. Så reiste vi med fly til Seattle, var der eit par dagar, reiste så på framsyningstur til Junction city, Portland, Poulsbo og atende til Seattle, og hadde til saman 5 framsyningar på 1 time. Den siste helga var vi på ein danseworkspop på Camp Brotherhood litt nord for Seattle - Norsk folkedans stemne, der det var dansarar frå mange ulike ringar både i USA og Canada. Her hadde Symra ei framsyning og vi underviste i norsk folkedans, torader, felespel, bunader og kveding. Overalt (bortsett frå San Francisco) budde vi privat, dei fleste hjå aktive folkedansarar. Vi vart svært godt mottekne overalt og framsyningane våre fekk vi også mykje skryt for. Men det var også til tider ein travel tur, nokså varmt på sume av framsyningane, og det vart eit tett program den siste helga. Alt gjekk etter planen utan uhell eller problem. Det vil kome eit referat frå turen i Symrabladet, og masse bilete og referat også her på nettet. Biletet er frå framsyninga i Seattle.

  • Jonsokkvelden  på Høvikodden
    Det var ikkje så mange som fann vegen til Høvikodden jonsokkvelden - det ustabile veret må vel ta mykje av skulda. Det var mellom 10 og 15 stykke. Som vanleg hadde Peder med mange sekker ved og det vart eit fint bål som brann heile kvelden. Veret var ustabilt og det kom iblant nokre skikkelege regnbyger, så det var bra at Peder også hadde med ein stor presenning som vi kunne krype under. Halvard hadde med seg toraderen så det var også nokre slåttar mellom regnbygene. Litt dans vart det også på den vesle sletta mellom svaberga. Så trass i regnet - temperaturen var forresten fin - vart det ein triveleg kveld med grilling og kaffi og kaker. Her kan du sjå nokre bilete frå jonsokkvelden.
  •  
  • USA-gjengen øver til turen
    I april, mai og juni har det blitt nokså mange øvingar for dei som skal delta i framsyningsprogrammet på USA-ferda. Det er snakk om eit 60 minutts program, med ei blanding av mange typer dans, turdans, songdans, bygdedans, gamaldans, kveding, musikk og bunadpresentasjon. Nyleg var det også ein øvingsdag der deltakarane fekk sjå seg sjølve på video. Dei som er med synest det ser ut til å bli eit fint program, der deler av programmet liknar på ting Symra har vist før, mellom anna i tyskland og på Nordleik. Det har også vore komitemøte, slik vi ser på biletet.
  •  
  • Starten på hausthalvåret 2008
    Øvingane i Symra startar med kaffikveld  onsdag 27. august kl 19.45 - 22.00. Stildansøvingane startar fredag 22. august kl. 19.00 – 22.00 i Storsalen. Vi minner også om at det helga 6-7 september er hausttur, sjå litt lenger nede.

    Fin avslutning på vårsemesteret onsdag 4. juni 2008

    Det var mykje folk til stades på denne siste kaffikvelden før sumaren. Den nyvalde leiaren Erik Haugros hadde teke initiativet til å få mange tidlegare medlemer til å møte fram, mellom dei mange tidlegare leiarar. Det var gilt å helse på gamle medlemer som ein ikkje ser så ofte - sume svært lenge sidan. Også vår trufaste spelemann gjennom mange år Knut Trøen hadde teke turen frå Kolbotn. Kvelden kaffinemnd hadde gjort ein fin innsat med å pynte borda fint med blomar og serviettar, og som vanleg var det mange gode kaker. Det var utlodning av mange fine gjevinstar, mellom anna to store fruktkorger. Inger Frøydis sytte for god underhaldning med songen Vogga frå Telemark. Så vart det sjølvsagt dans, først ein lang polonese, så rekkjedansar og turdansar og til slutt ei økt med songdans. Erik leia kvelden på ein fin måte. Og ikkje minst var det finfin musikk, som Solvor, Benjamin og Lars Petter sytte for. På biletet ser vi dei leiarar som var samla denne kvelden 10 stykker i talet..Her er ein del bilete frå kvelden.

    Opplegg for ein spennande hausttur i Symra 5-7 september 2008
    Som vanleg har Oddny og Eystein laga eit spennande opplegg for årets hausttur, som denne gongen ikkje kolliderer med andre tilskipingar i laget. Det blir ikkje toppturar denne gongen, men spennande turar i eit rikt kulturlandskap på austsida av Mjøsa. Staden der det meste skal skje er det gamle erverdige hoteller Høsbjør ved Brummundal. Det ligg fint til 500 meter over havet og med strålande utsikt over mjøsa  og ver Skreiafjella på Toten. Det er eit retteleg herskpeleg hotell bygd i 1919 med prismekroner, forgylte utskjæringar og klassisk innredning. Det er bestilt 21 dobbeltrom og 3 enkeltrom. Det blir stildans etter middagen laudag kveld med Marita som danseleiar. Det blir vandring frå Prøysenstua til Ringsaker Kirke frå 1100-talet, ei kyrkje som der noko heilt spesielt i landet vårt - mellom dei mest spennande kyrkje vi har. Og det blir vandring langs Pilegrimsleden på søndag. Det er allereide mange som har meldt seg på, men det er ennå plass. Det kostar kr 900 per pers per døgn på dobbeltrom inkludert middag og frokost fredag og lalurdag. Påmelding til Oddny (mob 92452367) eller Eystein (mob 92441962) innan 4. juni.

    BLS-stemne i strålande ver

    Den 1. juni 2008 var det BS-stemne på Folkemuseet. Det starta i 14.00-tida med opptog frå torget til festplassen, der dei ulike barnegruppene i BUL og BLS hadde ei fin framsyning. Så var det ein ganske lang pause, då det var høve til grillin. Men det var vel meir is enn grillmat i dett strålande varme veret. Så kl 16.00 byrja danseframsyningane på den nye scena. Her hadde også Symra si framsyning. Og kvelden vart avslutta med follkedanskveld. Her er det ein del bilete frå stemnet.
       
      
  • Vellukka avslutning på stildansen 30. mai 2008
    Det var i alt 32 deltakarar på avslutningskvelden for stildansøvingane i Symra. Desse avslutningane er ein slags mellomting mellom øving og ball - det er middag, kaffi og kaker og mest gjennomdansing av dansar som dei fleste (nesten) kan. Men litt instruksjon blir det i blant. Det er Marita Ramstad som er fast instruktør for Stildansen i Symra, og øvingane er normalt på fredagar i Storsalen. Men denne avslutningskvelden var i Nygårdstua i Mogreina. Det er ein romsleg og fin ombygd låve, og der var det også plass til dei fint pynta matborda. Marita fekk blomar og takk for sin fine innsats også dette halvåret. På stildansøvingane i Symra er det sjølvsagt mange frå Symra som er med, men det er også mange andre som deltar, heilt frå Hamar. På biletet får Marita velfortenete blomar av Grete. (Trykk på biletet så blir det stort)
     (01/06-08)

    Påminning om kaffikvelden 4. juni 2008
    Avslutninga på vårhalvåret i Symra er på Kaffikvelden den 4. juni, og i samband med det har vår nyvalde leiar Erik Haugros sendt ut eit invitasjonsbrev til medlemene i Symra, men også til ein del tidlegare medlemer, og vonar at det blir stort frammøte på kaffikvelden. Men det skjer også andre ting no i månadsskiftet mai/juni. Onsdag 28. juni har vi siste vanlege øvingskvelden  i vårhalvåret, og her vonar vi også på godt frammøte. Fredag 30. juni er det avslutning på Stildansøvingane på Nygårdsstua, og søndag 1. juni er det BLS-stemne på Folkemuseet. Så her skjer det mykje!

    Fin, men kald 17. mai

    Som vanleg dansa Symra på nokre sjukeheimar/eldreheimar i Bærum 17. mai. Det starta med øving under E18 ved Rådhuset i Sandvika. Så var det dans på Røde kors på Østerås, så Eikstunet, så Godthåp og til slutt Solvik. Overalt dansa vi inne, og det var bra. Ute var det berre eit par varmegrader, den kaldaste 17. mai på 50 år, stod det i avisene. Hallvard sytte for musikken under øvinga og på Røde kors, medan Benjamin spela dei tre siste plassane. Erik Haugros leia framsyningane over alt. Etterpå var dei fleste med til hyggjeleg kveldssete oppe hjå Inger og Peder, med mykje god mat, mange nasjonale songar og mange stordansar!  Her ser du ein del bilete frå 17. mai.
  •  
  • Erik Haugros vald til leiar på øvinga 14. mai
    Som kjent var det vanskeleg å finne leiarkandidat på årsmøtet 2008. Men så viser det seg at Erik Haugros er villig til å vere leiar, og han vart vald med akklamasjon på øvingskvelden 14. mai.Det var bra det vart ei god løysing! Sjå biletet til høgre.
     
  •  
  • Ei strålande pinse-feiring saman med Viljan 2008
    Det vart i dobbel tyding ei strålande pinsefeiring saman med Viljan her i Oslo. Det var 18 stk frå Viljan som kom i stor 48 seters buss (Curre var sjåfør), og dei budde på Haraldsheim som vanleg. Laurdag var det ein lang busstur til hamar/Domkirkeodden, til Løyten og til Eidsvoll, og så var det fest på Nygårdstua. Søndag var det piknik og framsyning på Bygdøy som vanleg, og om kvelden fest på Ekeberghuset. Viljan-folket reiste att måndags morgonen. Eg trur alle syntest det var ei svært vellukke pinse! Og vi er allereide invitert til pinsefeiring i Stockholm i 2009! Her kan du sjå mange biletet frå pinsefeiringa.

    Program for pinsehelga 2008
    I år kjem Viljan til Oslo i pinsa frå 10-12 mai.Pinsenemnda er i full gang med å planlegge opplegget her i Oslo. Svenskane kjem fredags kvelden i eigen buss, og som vanleg bur dei på Haraldsheim. Laurdag blir det busstur i Mjøs-området. Turen startar tidleg, kl 08.30 og går innom Domkirkeodden ved Hamar, Hamar, Løiten og Eidsvoll. Turen stoppar på Nygårdstua litt nord for Jessheim, der det blir fest kl 18.00 med middag, dans og kaffi og kaker. Søndag blir det som vanleg piknik på Folkemuseet og framsyning der saman med Viljan. Om kvelden blir det fest på Egeberghuset kl 19.00. Her kan du sjå programmet som pinsenemnda har utarbeidd. Nemnda vonar at mange vil vere med på dei ulike arrangementa. Programmet kjem i neste Symra-blad, og det vil vere påmeldingslister som går rundt på øvingskveldane. Det går også an å kontakte ein i nemnda. Med i nemnda er Inger Varhaugvik, Peder Varhaugvik, Gro Kitmitto, Anne Lise Larsen, Gunnar Bjelkarøy, Liv Kalvatn og Vebjørn Bakken.

    Arne Korsbrekke er død
    Arne Korsbrekke døydde 1. mars og vart gravlagd frå Nordstrand kirke 13. mars 2008. Han vart sjuk då han var på skytebanen, og døydde på Ullevål sykehus same dagen. Arne var 70 år gamal. Det var mange i Symra i gravferda til Arne. Fana til Symra var plassert i kyrkja og det vart sagt minneord om Arne frå laget. Arne Korsbrekke var frå ein fjellgard i Eidsdal på Sunnmøre. Han var ein aktiv og ihuga medlem i Symra i ca 30 år. I mange år var også kona hans Wivi aktivt med og dei to gutane deira kom tidleg med i barnelaget og dei var medlemer i Symra i mange år, og var ofte med på turar og festar i Symra. Den eldste, Per Arne, var også ein svært aktiv medlem i mange år etter at han vart vaksen, og ein dugande dansar. Arne Korsbrekke var på alle måtar ein godviljens mann som vann seg mange vener i Symra. Alltid viljug til å hjelpe til, og var med på mange framsyningar, turar i inn- og utland (til dømes til USA og Island), ikkje minst på fjellturar. Han var ein ivrig friluftsmann, jeger og skyttar. Han var også mellom dei første som lærte seg Sunnmørsspringar i laget, og var alltid trufast med på øvingane. Vi er mange i laget som vil sakne Arne. Det blir trist ikkje lenger å skulle møte han på onsdags-øvingane. Men mange gode minne om ein trufast medlem og ven vil vi bere med oss lenge.


    Kåre Notto Røvik er død
    Kåre Notto Røvik frå Storlandet ved Kristiansund døydde 13. februar 2008 og vart gravlagd frå Grefsen Kapell 22. februar. Eit par frå Symra var med i gravferda. Kåre var ein svært aktiv medlem i Symra frå tidleg på 70-talet til langt utpå 80-talet. Han var også svært aktiv i Nordmørslaget. Då Kåre fylte 75 år i november 2007 overraska Symra han med ei framsyning, noko han sette stor pris på. Sjå biletet frå framsyninga litt lenger nede. Den siste tida var han sjuk og måtte sitje i rullestol. Vi er enno mange i Symra som med glede og takksemd minnest Kåre og innsatsen hans i ringen.

    NRK TV: Kva skjedde med bygdelaga i Oslo?

    Litt før jul hadde Laaurdagsrevyen eit innslag der dei spør kva som har skjedd med bygdelaga? Programmet er å finne på NRK sine sider, både video av programmet og omtale av programmet. Det er opptak frå øvingar i Symra og i Hallinglaget, og intervju med medlemer i Finnmarkslaget. Det er også intervju med Vebjørn Bakken og leiaren i BLS Aase  Bjorli. Vi ser også gamle opptak med Talleiv Røyseland og frå dans på 1950-talet. Her kan du sjå porgram og programomtale.
     (31/12-07)
    Hyggjeleg julefest i Symra
    Også dette året var julefesten i Engelbråten skole på Kjelsås. Det var mykje folk, fin musikk, god mat, og fin danseleiing. Her kan du sjå ein del bilete frå festen.
      
    Symra dansa for Kåre Røvik på 75-års dagen
    Kåre Røvik er frå Normøre og var i mange år eit ihuga medlem i Nordmørslaget og i Symra. I Symra var han med frå 1971 til fram mot 1990. Etter det vart han borte frå ringen vår. Dei siste åra har Kåre vore sjuk og sit no i rullestol. Rett før han fylte 75 år tok sonen kontakt med Symra og spurte om ringen kunne danse på 75-års festen som dei skulle ha for Kåre på Linderudkollen laurdag 11. november. Inger greidde å samle 4 par og fekk Benjamin som spelemann. Det vart ei hyggjeleg og fin framsyning som vi trur både jubilanten og gjestene sette pris på. Vi la særleg vekt på dansar frå Nordmøre og heimefylket til Kåre. Kåre fekk også kjøpt ei ekstra Symra-bok som dansarane og spelemannen skreiv helsing i. Biletet syner jubilanten med Symraboka saman med dei som dansa og Benjamin.

    Folkedanskveld med stildanskurs den 9. september 2007
    Denne søndagskvelden hadde Symra ansvaret for folkedanskvelden, og dermed var det også minikurs i stildans med marita som instruktør og med 4 kvadriljer. På sjølve folkedanskvelden var det ca 40 ekstra, så når stildansarane kom ned i Storsalen, vart det bra med folk. Det var også ei fin stund med songdans, som Vebjørn leia. Litt turdans vart det også. Og det synte seg at Stensgårdskroken ikkje berre spela fin gamaldans men også diverse turdans. Det vart ca 1000 kr i overskot til fellesskapet og litt til Symra for sal av kaffi og vaflar. Jon hadde ansvaret for kassa, og på biletet tel han pengar for harde livet. Ragnhild, som stod i kiosken saman med nokre andre, passar på at det går rett for seg.

    Fin øvings-start på hausthalvåret
    Det var bra med folk og fin stemning på første kaffikvelden den 29. august 2007. Ellen Kjos-Kendal (biletet) heldt eit kåseri der ho snakka om moral og etikk, og alle fekk sikkert mangt å tenkje på. Elles var det fin dansemusikk og Per leia leiken på ein god måte. Så gjeld det at alle er flinke å møte på øvingane også dette halvåret. Hausten 07 legg vi særleg vekt på desse dansane.

    Hausthalvåret i Symra startar med kaffikveld 29. august
    Som normalt startar Symra semesteret med kaffikveld onsdag 29. august 2007. I ein epost til medlemene skriv leiaren i laget Åse Bjorli:
    "I tillegg får vi besøk av en interessant foredragsholder – Ellen Kjos-Kendal.  Ellen Kjos-Kendal har et budskap som treffer oss alle. Vi er utrolig glad for at hun tar seg tid til å komme til oss, til og med uten betaling.  Ellen skriver også bøker og tar sikkert med noen som det går an å få kjøpt. Prisen er ca kr 250. Gå ikke glipp av denne spesielle opplevelsen. " Og sjølvsagt blir det dans det meste av kvelden, og drøs ved kaffiborda. Vel møtt!

    BLS-stemnet 2007 i strålande ver
    Det var strålande ver då BLS-stemnet gjekk av stabelen 3. juni 2007. Stemnet hadde fått ei noko anna form enn før, og all dansing gjekk føre seg på den nye amfiscena på festplassen. Her kan du sjå nokre bilete frå stemnet.
    På biletet til venstre er Symra i gang med øvinga. Marianne leiar framsyninga.




    Hyggjeleg kveld på Nationalteateret med Markens Grøde
    Dei fleste har nok lese "Markens Grøde" som Hamsun fekk Nobelprisen for og som kom ut i 1919. men testerstykket Markens Grøde var nok litt annleis enn dei fleste hadde tenkt seg på førehand. Det var mykje rart dei hadde funne på, men det var interessant likevel. Det var ca 20 (?) der frå Symra. Vi hadde fått plass på balkongen og hadde god oversikt over scene og sal. På bilete ser vi eit utsnitt av Symra-folket. Etter forestillinga var det mange som tok turen til Biblioteket på Bristol. (Trykk på biletet så blir det større)

    Vellukka tur til Viljan i Stockholm i pinsa 2007
    Det var ikkje mindre enn 34 frå Symra som var med på den vellukka pinseturen til Viljan. Veret var det beste, maten og samværet likeså, og dansen og utfluktene. Her kan du sjå ei rad fine bilete som Dag tok frå turen. Benjamin var spelemann.

    Symra gjennomførte tradisjonell dansing 17. mai
    Også i 2007 vart det dansing på 5 institusjonar i Bærum. Det var ca 10 par som deltok, noko varierande frå stad til stad. Stian spela og dag var danseleiar. Veret var fint - ikkje for varmt. Som vanleg var det mat eller drikke å få etter framsyningane. Til slutt var det mange som vart bedne heim til Inger og Peder der det som vanleg var god mat og hyggjeleg samvær til langt på kveld. På biletet ser vi frå matbordet til Inger og Peder - fint dekka og god 17. mai stemning! Her er nokre bilete til frå 17. mai 2007.
     
  • Vellukka kurs i Stildans på Løkenåsen skole 10. februar 2007
    Det var 54 deltakarar på kurset denne laurdagen frå kl 11 til 15.30, og det er vel nesten rekord for øving/kurs i stildansen (?). Marita Ramstad var som vanleg ein dugande lærar, godt assistert av Magne Sørøy. Vi fekk grundig gjennomgang av desse dansane: Nasjonalkvadrilje, Brudevalsen, Stora Menuetten, Menuettpolonaise og Gavott. Biletet viser ein del av dansarane i aksjon. Marita og Magne ser vi også. Elles går øvingane som vanleg både i Storsalen på fredagane, på Temakveldar og føre Folkedanskveldane.
     

    Danseprogrammet for øvingane i Symra for vårshalvåret 2007
    Som tidlegare er det blinka ut 10 songdansar og 11 musikkdansar som det skal leggjast ekstra vekt på dette halvåret. Dette kallar vi kjeneprogram. i tilegg skal det øvast jamt på framsyningsdansane, og i tillegg blir det sjølvsagt også andre dansar - kjente og mindre kjente. Kjerneprogrammet er slik:
    Songdansar:
    Liti Kjersti og Elvekongen, Jentelokken, Falkvor Lommannsson, Åremålsdagen, Menuett i mai, Jonsoktid, Trolldans, Je veit ei vakker jente, Ung Åslaug, Hei huskom i hei
    Musikkdansar:
    Eikerrik, Gilleråsen, Mølledansen, Ril frå Dønna, Daldans,  Veve vadmål, Lancier, Kørsdans frå Grue, Schubertvals, Firetur I,  Nordmørspols
    Framsyningsdansar (i tillegg til dei som inngår i kjerneprogrammet):
    Ro fjorden, Stigelin, Rotnheimsknut, Bind deg, Hans og hånån, Mellom bakkar og berg. Sandsværsril, Feiar frå Vestlandet, Gamal reinlender, Stjernetur, Pariserpolka, Krossadans med seks, Fandango, Pas d'Espagne, Tretur frå Hordaland, Oppdalsril.
    Som vanleg vil rettleiing til dansane vere å finne på denne sida. Det vil også bli delt ut stensil med teksten til songdansane.
    Dei som skal rettleie i vårsemesterer er Dag Evensen, Maianne Dahl/Anders Saxhaug og Inger Frøydis Bakken /Vebjørn Bakken. Spelemenn/kvinner blir som før.


    Fin start på øvingsåret 2007 onsdag 10. januar
    Det var bra mykje folk på den første kaffikvelden 10. januar. Som vanleg var det Erik Haugros som leia leiken med humør og humor. Alle fekk vi høyre at øvingane no skal starte kl 19.45 og slutte 22.00. Det vart også orientert om mulige turar til sumaren, til USA, eller til Frankrike eller til Baltikum. Dei som skal rettleie i vårsemesterer er Dag Evensen, Maianne Dahl/Anders Saxhaug og Inger Frøydis Bakken /Vebjørn Bakken. Det er styret som har bestemt at ein gjerne vil ha færre rettleiarar enn det har vore dei siste åra. Det blir også litt meir øving på "kjende" dansar og litt færre "ny krevjande" dansar. Så det gjeld å møte fram og sjå korleis det blir i praksis!

    Vellukka avslutningskveld for "Stildansen i Symra" laurdag 2. desember
    Det var i alt 34 deltakarar på avslutningskvelden for stildansøvingane i Symra. Desse avslutningane er ein slags mellomting mellom øving og ball - det er varm mat, kaffi og kaker og mest gjennomdansing av dansar som dei fleste (nesten) kan. Men litt instruksjon blir det i blant. Det er Marita Ramstad som er fast instruktør for Stildansen i Symra, og øvingane er normalt på fredagar i Storsalen. Men denne avslutningskvelden var på Seterbråten skole på Bjørndal i Oslo, der Inger Frøydis er lærar. Det var ein romsleg og fin gymsal vi dansa i, og der var det også plass til dei fint pynta matborda. Marita fekk blomar og takk for sin fine innsats også dette halvåret, og Inger Frøydis fekk også blomar for ho sytte for lokale. På stildansøvingane i Symra er det sjølvsagt mange frå Symra som er med, men det er også mange andre som deltar, heilt frå Hamar. Det er jamt mange som møter fram på øvingane, rekorden i haust var på 52 personar. Stildansøvingane held sjølvsagt fram neste år etter same opplegget som i år. Den første øvinga er første fredagen på nyåret. På biletet ser vi Marita får blomar av Grethe som er styrets stildanskontakt og ein ivrig stildansar. Her kan du finne mange bilete frå "Miniballet".

    Symra hadde framsyning på Soria Moria onsdag 27. november
    Vi var 6 par, med Benjamin som spelemann, som hadde framsyning for ei internasjonal gruppe frå Norsk Hydro. Framsyninga var på Soria Moria Senter for berekrafig utvikling, som ligg tett inntil sjølve Soria Moria senteret. Vi var 6 par, framsyninga gjekk fint og vart vel motteken. Hydro har sikkert god råd å betale dei 6000 som Symra fekk for framsyninga. Dette var ein onsdag, og dei fleste nytta høvet til å danse meir på øvinga etterpå. Biletet syner dansarar og spelemann på loftet der vi øvde.

    Trist melding frå Viljan: Ulla er død
    For nokre dagar sidan kom det er trist melding frå vener i Viljan: Ulla Jansson Christiansen døde den 9. november og blir gravlagt den 30. november. Ulla vart 70 år gamal. Ulla var med i Viljan i alle år frå 1957 - det blir nesten 50 år. I desse åra var ho ein sentral person i Viljan. Ho var ein framifrå dansar som tok arbeidet med dansen og folkedraktene på stort alvor. I Symra minnest vi henne som ein god og trufast Symra-ven som også fekk mange  personlege vener i Symra. Ho var med då Viljan kom til Oslo for første gong i 1965 og vart svært oppglødd for det  og dei ho møtte i Oslo. Ho kom litt seinare attende til Oslo og fekk seg arbeid her, og vart ein ivrig Symra-dansar i innpå 2 år. I alle år seinare har Ulla vore ein av dei som vi har kjent oss nærast knytt til mellom mange gode Viljan-vener, og ofte har ho vore med på dei treffa som Symra og Viljan har hatt. Det var eit sårt tap for Ulla då mannen hennar Bent Christiansen døde for eit par år sidan. Då Symra vitja Stockholm i pinsa litt seinare var vi også ein tur innom gravlunden der Bent var gravlagd, og vi hadde ei fin og høgtidssam stund der. Nå får Ulla også siste kvilestaden sin der. På øvinga 22. november sa Vebjørn nokre minneord om Ulla. I Symra er vi takksame for det arbeidet Ulla gjorde for å fremje det gode og nære tilhøvet mellom dei to venskapsringane. I gravferda vil det vere blomsterhelsingar frå Symra og frå vener i Symra. Vi veit at mange frå Viljan vil vere til stades i gravferda til Ulla.

    Julefesten i Symra laurdag 9. desember kl 18.00
    Julefesten i år er på Engebråten skole, kapellveien 120. Det blir god julemat - ribbe, medisterkake og pølse. Fin Kvalitetsmusikk får vi ved Solvor, Benjamin og Lars Petter. Pris per person er kr 400. Kontaktperson er Thor Møller tlf 90678253. Det beste er å betale for festen på ei øving, eller ved inngangen. Ver snar og meld deg på - årets "leikfest" i Symra.

    Fin framsyning på Furuset Sykehjem
    Før øvinga på onsdag 25 oktober var 4 par på Furuset Sjukehjem og underheldt med dans og spel. Vidar Skrede var spelemann. Det var 3 ulike korte framsyningar på tre ulike postar. Vi trur at beborarane tok vel imot dansen, og mange var med og sang på Mellom bakkar og berg og Menuett i mai.




    Helsing frå Knut Trøen
    Spelemannen vår gjennom mange år Knut Trøen har fått problem med venstrehanda, slik at han ei tid framover ikkje kan spele skikkeleg. Han er i gang med å øve opp handa, og vonar å bli heilt bra etter ei tid. Førre helg var Vebjørn på vitjing med blomar og kort frå Symra. Knut helsar mange takk til medlemene, og han synest det var svært hyggjeleg og oppmuntrande å få helsing. På biletet ser vi Knut spele, sjølv om han ikkje er nøgd med resultatet.

    Nybyrjarkurset i gamaldans/folkedans er i gang

    Nybyrjarkurset onsdagane frå 18.00 - 19.45 er i gang sjølv om det ikkje var så veldig mange som møtte. Alle blir oppfordra til å få fleire med seg og møte fram til neste kurskveld.

    Kjerneprogram for hausten 2006
    I tillegg til dette "kjerneprogrammet" øver vi på mange dansar som vi kan bra eller mindre bra. Men kjerneprogrammet skal vere ein raud tråd gjennom halvåret, og skal leggjast særleg vekt på.
    Songdansar:
    Brom basken i bomba, Tale ved Kleng Spelemanns grav, Mitt bu, min heim, Vise av Hans Bakke, Skreddarsveinen (begge brigda), Marjit og Tarjei Risvollo, Oppi Hallingdal, Åremålsdagen, Liddeli galen, Smalavisa.
    Musikkdansar:
    Veve Vadmål, Nordmørspols, Stiger, Tretur frå Bjerkreim, Firetur I, Firetur II, Kørsdans frå Grue, Lancier frå Vardø, Sekskorsedans, Polka frå Finnmark, Tyrolarvals, Daldans.
    Denne hausten blir det same rettleiarordninga som før, med fleire rettleiarar som samarbeider. Solvor spelar - også det som før.

    Nybyrjarkurset i gamaldans/folkedans startar omsdag 6. september
    Vi får håpe det blir mange som vi gå på kur i haust - dans er vel i vinden? Det er viktig at alle gjer det kjent mellom sine vener og grannar og på arbeidsplassen - direkte påverkning er vel den beste måten?  som vanleg er det Hallvard som syter for fin dansemusikk, og Marianne og Anders er lærarar. Sjå info om kurset her.

    Øvingane i Symra startar med kaffikveld onsdag 30. august
    Då nærmar tida seg for starten på haustsemesteret. Vi vonar mange vi møte på første kaffikvelden - no har det vore lang dansepause for dei fleste, så det skal bli godt å trø dansen att! Sjå terminlista her.

    Vellukka Nordleik i Gøteborg
    Det var vel 30 frå Symra på Nordlek 2006 i Gøteborg i slutten av juli. Det vart eit vellukka stemne i strålande varmt sumarver. Vel halvparten av Symra-folket overnatta på ein skule i nærleiken av "Svenska Mässan" der det meste av kurs og øvingar gjekk føre seg. Her var det også mykje dans om kveldane. Her kan du finne mange bilete frå stemnet.
     

    Fin avslutning på Stildansen
    Laurdag 17. juni var det avslutnings-øving på stildansen, vår såkalla Miniball. Det var 38 til stades - litt mindre enn det som normalt har vore på øvingane (ca 40). Men det vart ein gild kveld. Vi dansa i alt 22 dansar kunne instruktøren vår Marita Ramstad fortelje. I tillegg til mykje dans, var det også god middag og dessert og kaffi og gode heimebaka utpå kvelden. Sjølvsagt fekk Marita blomar og hjarteleg takk for sin fine innsats som instruktør. Takk fekk også nemnda som hadde ordna alt så fint, og Erik haugros som sytte for salen. På biletet har Marita nett motteke blomar frå Grethe. Her er nokre bilete til frå Miniballet.

    Vellukka Pinsefeiring med Viljan
    Pinsefeiringa i Oslo 2006 vart vellukka på alle måtar. Det var over 20 (24?) frå Viljan som var med bussen, med Curt som sjåfør. Viljan overnatta også denne gongen på Haraldsheim, der dei vart møtt av pinse-nemnda i Symra fredags-kvelden. Laurdag drog vi til Drøbak i det strålande veret. Der dansa både Viljan og Symra på brygga, Benjamin sytte for norsk musikk. Etterpå var det god suppe på Skipperstua like ved. Om kvelden var det fest Høvik Verks skole. Mykje god mat, mykje dans, Fanteladdane og Viljan-spelemennene sytte for det. Curre Brandt og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken leidde leiken. Oddny og Eystein leia bordsetet. Det var ca 60 til stades. Søndag var det framleis fint ver, og det var tradisjonell tur til Folkemuseet. Her var det piknik i Trøndertunet, og etterpå dansa Viljan og Symra på Friluftsteateret. Knut spela for Symra. Om kvelden var det så igjen fest på Holterkollen Folkehøgskole. Igjen var det mykje god mat og dans. Særleg godt smakte nasjonaldagsdesserten som Liv hadde laga. Dag leia den "norske" dansen, og Jon, Mia og Mikke sytte for at vi lærde nye svenske dansar. Spelemenn var Viljans gode orkester saman med våre eigne Knut, Solveig og Lars Petter. Vi avslutta kvelden med "Lev vel" og "Du kan høra". Her kan du sjå mange bilete frå pinsa.
      
    Gunn Berit Bonde døde 22. mai 2006
    Gunn Berit Bonde var medlem i Symra ein del  år omkring 1970. Ho var frå Nordmøre. Saman med Gunnar Hals heldt ho fleire gonger kurs i Nordmørspols for Symra. Gunn Berit Bonde vart berre 58 år gamal og ettterlet seg sonen Eyvind. Det er rart å tenkje på at no er begge dei to kursleiarane Gunnar Hals og Gunn Berit Bonde gått bort i alt for ung alder.

    Symra dansa som vanleg på 17. mai
    Det var øving i Sandvika og dansing på 4 stader denne gongen. Sjømennenes helseheim var ikkje med på lista denne gongen. Erik Haugros leia framsyningane og hallvard Opheim og Knut Trøen delte på spelinga. Talet på dansarar varierte ein del gjennom dagen, men det var 8-10 par, så det var bra. Veret var ikkje det aller beste så det vart innedans alle plassane. Mellom 2. og 3. dansing var det ein gngske lang pause, og då var alle bedne heim til Wenche Engen til kaffi og kvile. På bilete ser vi storparten av dansarane på Godthåp. Her er bilete av Knut Trøen og Erik Haugros. Om kvelden var deltakarane som vanleg bedne heim til mat og kvile hjå Inger og Peder Varhaugvik.

    Spennande program for pinsefeiringa med Viljan pinsa 2006
    (biletet er frå Stockholm 2003)
    Alle er velkomne til pinsestemne første helga i juni. Det kjem ca.25 frå Viljan og vi vonar at mange frå Symra finn vegen til dei ulike arrangementa.
    Fredag kveld:
    Viljan kjem til Haraldsheim. Komiteen møter dei der.
    Laurdag:
    Tur til Drøbak. Vi møtest på brygga i Drøbak kl.11.00
    .
    Alle prøver å ordne seg skyss med nokon, har du vanskar med skyss, kontakt komiteen. Viljan har plass til fleire i sin buss. Vi skal danse på brygga og ete lunsj på Skipperstuen (ca.120 kr). Vi returnerer til Oslo ca.kl.15.00.
    18.00: Fest på Høvik Verk skole, Fjordvn.76. Høvik. Køyr E 18, ta av til Høvik. Køyr over E18. Ned forbi Centra, eit stykke på Sanviksvn. Før du tar til venstre ved posthuset. Køyr Hestenga som går over i Fjordvn. Sjå kart.
    Fanteladdane spelar.
    Sundag:
    Vi møtes på Folkemuseet på Bygdøy kl.12.00.

    Piknik i Østerdalstunet. Framsyning på friluftscenen kl.14.00
    19.00: Fest på Holtekilen folkehøgskole, Michelets v.55. sjå kart.
    Her spelar Knut, Solvor og Lars Petter.
    Vi treng hjelp av dykk til å bake kaker til begge festene. På Bygdøy tar alle med piknik til seg sjølv og til Viljan.
    Kvar fest kostar 250 kroner, Lunsjen i Drøbak blir betalt av den enkelte på Skipperstuen.
    Vel møtt til ei triveleg pinsehelg!!
    Helsing pinse-komiteen  ( Liv, Tor, Marianne, Anders og Anne)

    Vellukka seminar i Enebakk i slutten av april
    Det var heile 35 deltakarar på seminaret til Symra helga 23. april. Vi starta laurdag i 10-tida og slutta utpå dagen søndag. Det vart både eit nyttig og hyggeleg seminar. Vi fekk lære Vestlandsspringar, nordiske samdansardansar, stildansar og det var songstunder. Solvor og Hallvard sytte for fin musikk til fridansen, og Solvor sytte for musikken til danseøvingane. Maten var av beste slag, og Marianne og Anders hadde hovudansvaret for seminaret, med god hjelp av Johan. Veret vart også fint. Og det var faktisk deltakarar heilt frå Jæren (Kari og Helge).

  • Roleg og konstruktivt Årsmøte 2006
    Det var godt frammøte på årsmøtet, som gjekk unna på ein grei og konstruktiv måte. Det var noko diskusjon om korleis ein skulle dekkje inn eit lite underskot på det foreløpige budsjettet, og det vart gjort i hovudsak ved å budsjettere med drygt 10000 kroner i dugnad. Det vart også ein del diskusjon om øvingskveldane, og det var stort fleirtal for å halde fram med å satse seriøst på songdans i ringen. Vala gjekk fort og greitt unna. Ny leiar vart Aase Bjorli. På biletet ser vi at Aase får overrekt lykjelen til Symra frå den tidlegare leiaren Marianne. Ho har no vore leiar i 4 år og fekk ståande applaus for sin lange og solide innsats i leiarstolen. Ho fekk også ein stor bukett blomar, og det fekk også dei andre som gjekk ut av styret. Elles kan vi sjå dei som vart valde ved å gå til styret.
     (9/2-06)


    Kjerneprogram for vårhalvåret
    Når det gjeld rettleiinga på øvingane i Symra, blir det same ordninga som i haust. Dei som rettleier blir Brit Håland, Per Kristian Elvestad, Dag Evensen, Marianne Dahl/Anders Saxhaug, Inger Frøydis Bakken og Vebjørn Bakken. Dei har sett opp eit kjeneprogram for vårhalvåret. Det er 11 songdansar og 11 musikkdansar. Nokre er dei same som i haust. Tanken er at desse dansane skal brukast jamt, men i tillegg kjem det også mange andre dansar. Tekst og rettleiing til kjerneprogrammet vil stå på www.folkedans.com/rettleiing . Kjerneprogrammet er slik:
    Songdansar:
    Krist gjeve, Kongsdøtrene, Falkvor Lommannsson, Danse mi dokke, Eg vil ingen spelmann ha, Ein golo gut, Kjære Olamann, Terningspelet, Dei gamle fjell i syningom, Skreddarsveinen, Eg gjekk meg ut i lunden.
    Musikkdansar:
    Firetur III, Krøssdans frå Grue m/turar, Krøssdans frå Valdres, Nordmørspols, Niaren, Trondheimar, Figaro frå Namdalen, Åtteman engel, Ril frå Vegårdshei, Kvadrilje, Polska från Binsjø, Slengpolska

    Vellukka julefest i Symra 10. desember 2005

    Denne gongen var vi tilbake til engebråten skole, og det var over 80 deltakarar. Eit stort orkester gjorde fin innsats, nemnda la ned eit stort arbeid både før og under festen, som leikleiar gjorde Erik ein flott innsats, og det var fleire fine underhaldningsinnslag: Anders spela julesongar, benjamin ein flott slått og ei gruppe utanfrå synte fin internasjonal folkedans.det var også nokre gjester heilt frå Stockholm, og nokre frå Klepp. På biletet får det avtroppande styret blomar og takk for vel utført arbeid i 2005. Det  var det også mange andre som fekk. Her finn du mange bilete frå festen.
     (11/12-05)


    Stildansen i Symra avslutta haustem med "Miniball"
    Laurdag 26. november hadde Stildansen i Symra si siste øving og det var samtidig avslutninga på haustøvingane. Som på dei andre øvingane var det Marita Ramstad som hadde regien og danseleiinga. Det var 51 personar som deltok, og dei hadde ein fin kveld på Løkenåsen skole på Skårer. Utover hausten har det vore stadig aukande oppslutning om stildansøvingane i Symra, både frå Symras eigne medlemer og frå dansar som ikkje er medlemer. Våren 2006 vil Marita Ramstad halde fram som instruktør og det blir øvingar ca kvar 14. dag. Dei fleste øvingane blir på fredagar frå 19 - 22 i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22. På biletet får Marita blomar for vel utført arbeid både på mini-ballet og på øvingane denne hausten. Det er Peder Varhaugvik som overrekkjer blomane. Fleire bilete frå Miniballet her.
     (27/11-05)

    Stildansøvingane i Symra samlar mykje folk

    Stildansøvingane i haust har samla mykje folk, både medlemer i ringen og andre interesserte. Marita Ramstad tar for seg mange av dei mest brukte stildansane, slik at vi skal få nytte dei når det er ball. No står det 2 øvingar att. Den første er fredag 11. juni kl 19-22 i Storsalen, og den andre er "semesteravslutninga" laurdag 26. november på Løkenåsen skole frå kl 18.30. På den siste er det god mat, så der må alle melde seg på på førehand. (Erik Haugros tlf 67906962). Elles er det minikurs i stildans søndag 4. desember kl 18-19.30 i Halli føre Folkedanskvelden.
  •  
  • Songdansseminaret 16 oktober er avlyst!
    Det vart for få som meldte seg på seminaret. Men det skal bli eit liknande seminar i vårhalvåret.

    Mimrekveld for Bremen-fararane 23. september

    Dei som deltok på årets tur til Bremen vil gjerne møtast fredag 23. september på skulen hos Erik Haugros (Løkenåsen skole). Folk tar med seg bilete, filmar, gode minne og godt humør, og det blir noko å ete og drikke. Sølvsagt er også andre som ikkje var med på turen velkomne. Tillegg: Dei fleste som var i Tyskland møtte også fram på mimrekvelden. Det var eit godt utval av ulike pizza, kaffi og gode kaker, det var mange bilete, video og dans. Marianne hadde fått tilsendt både bilete og video frå Bremen, men videoen var teknisk dårleg, så den skal vi få bytta. Benjamin var der også, og han sytte for fin musikk. Vebjørn hadde lasta ned ei masse bilete frå nettet frå Bremen.
  • Danseprogrammet for Hausten 2005
    Dei som skal rettleie i haust er: Brit Håland, Inger Frøydis Bakken, Dag Evensen, Torill Schinstad, Marianne Dahl og Anders Saxhaug, Dagfinn Aa og Vebjørn Bakken. Dei dansane ein spesielt vil konsentrere seg om er desse: Musikkdansar: Polska/Slengpolska, Åttemannaengel, Kørsdans frå Grue, Bøhmerdans m/slutttur, Ril frå Dønna, Krossedansfamilien, Totur frå Jelsa, Molevitt fra Ærø, Feiar frå Sandsvær, Gillerosen, Niaren/Hamborgar. Songdansar: På Dovrefjell, Falkvor Lommansson, Kongsdøtrene, Svarterabben, Agnus Dei, Ola Glomstulen, Jifta deg jenta, Bunadvisa, Jenta som ville gifte seg, No er dagen av full song. Sjølvsagt vil det bli mange andre dansar i tillegg, men desse vil bli dansa mest. Spesielt  når det gjeld songdansane er det viktig at folk lærer versa, slik at vi får god songdans. Teksten til songdansane kan du også finne her.

    Vel gjennomført tur til festivalen i Bremen
    Det var 20 dansarar og spelemannen Benjamin som hadde 3-4 vellukka dagar på folkedansfestival i Bremen saman med dansarar frå 9 andre nasjonar. Ca halvparten av deltakarane budde privat, og resten budde på eit hotell. veret var godt heile tida, bortsett frå ei kraftig regnbyge som kom på slutten av framsyninga som Symra hadde i Bremerhafen (ein by 5 mil nord for Bremen). Programmet var det "normale" for slike festivalar: Opptog og dans i byens sentrum og på torget, oppvisningar for publikum i ein sportshall, samvær med dans om kveldane, sightseeing i gamlebyen, litt fritid og danseframsyning "rundt om" (Symra dansa då altså i Bremerhafen). Framsyningane gjekk bra og vi trur at vi hevda oss bra også i høve til dei andre gruppene. Det var foresten svært mange unge på festivalen så vi kjende oss nok som "litt gamle". På biletet ser vi dei fleste i gruppa få omvisning i gamlebyen i Bremen - her framfor det særmerkte og fine rådhuset. Fleire bilete kjem seinare.Her er masse bilete frå festivalen.
     (11/07-05)
    Symras fjelltur 2005 går til Gaustadtoppen
    Den tradisjonelle fjellturen blir fredag 2. til søndag 4. september. basen blir på Gaustadblikk høyfjellshotell ved Gaustadtoppen i Rjukan. Bindande påmeldingsfrist var eigentleg 21. juni.Kontakt: Eystein Grimstad  tlf: 92441962

    Framleis stildansøvingar i Symra
    Vi tar her med det skrivet som er sendt ut om stildansøvingar i Symra til hausten:

    Hei alle i Symra!
    Som kjent har det i Symra vore stildansøvingar ein del fredagar kvart semester med Per Kristian Elvestad som rettleiar og drivande kraft. Per Kristian har bestemt seg for å starte ei sjølvstendig stildansgruppe som skal ha øvingar annankvar tysdag på Kampen, der det vil bli lagt ekstra vekt på gamle engelske dansar. Symra vil gjerne at øvingane på fredagar i Symra sin regi skal halde fram. Ei "stildansgruppe" har laga eit opplegg for slike øvingar som styret i Symra synest er fint. Hovudrettleiar på desse øvingane blir Marita Ramstad som dei fleste kjenner som ein dugande rettleiar og flink dansar, ikkje minst i stildans. Ho er også rettleiar for stildansgruppa Moulinetten. Per Kristian har sagt at han kanskje kan ta to fredagar, men dette er ennå ikkje endeleg avklart. Difor kan det bli endringar i "programmet" som står nedanfor. Sidan første øving er allereide fredag 26. august (før den første vanlege øving i Symra), synest vi det er viktig å få ut informasjon til gamle og nye stildansarar.
     
    På stildansøvingane i Symra vil det bli lagt hovudvekta på dei stildansane som normalt blir brukt på balla rundt om. Vi vil også legge til rette for at det skal gå greitt for nye dansarar å bli med (dansarar som ikkje før har dreve særleg med stildans).
     
    Det foreløpige programmet for stildansen ser slik ut (står også på Symra sine heimesider):
     
    fredag 26. august kl 19 - 22, Storsalen
    torsdag 15. september kl 19-22, Løkenåsen skole, Lørenskog
    fredag 14. oktober kl 19-22, Storsalen
    fredag 28. oktober kl 19 - 22, Storsalen
    fredag 11. november kl 19-22, Storsalen
    laurdag 26. november kl 18.30-22, Løkenåsen skole, Lørenskog
     
    Som vi ser har vi valt å prøve også ein torsdag, og det blir då bli på skolen til Erik Haugros i Lørenskog. Avslutningskvelden (miniball?) for semesteret er lagt til laurdag, og det blir også på Løkenåsen. Vi håper på godt frammøte på øvingane slik det har vore før. Så gjer det kjent for alle, gamle og nye stildansarar!
    Betalinga blir som før.
     Helsing
    for "stildansgruppa" i Symra (Inger, Peder, Grethe, Einar, Inger Frøydis og Vebjørn)
    Vebjørn


    Onsdag 25. mai: Marianne fyller 30 år!

    Denne øvingskvelden var spesiell: Ei stor bøtkake stod klar til kafipausen. Styret hadde spandert kake på heile leikarringen fordi Marianne Dahl fylte 30 år. Nestleiar Åse heldt ein kort tale, og bar fram nokre godord om jubilanten. Det vart også fødselsdagssong minst ein gong. Marianne takka for gode ord og håpa at snart kjem andre etter ???


    Flott og vellukka jubileums-pinsefeiring i Stockholm 2005
    Det var dette året 40 år sidan Viljan for første gong kom til Oslo i 1965. Det vart innleiinga på eit unikt 40 års nært samarbeid mellom dei to danseringane. Det var over 30 som var med bussen til Stockholm denne pinsa. Overnattinga var som vanleg på Farsta Gård. Veret var strålande begge dagane. Det var fin jubileumsfest laurdag, og gilt samvær søndag. Dei to spelemennene våre Vidar Skrede og Erlend Viken sytte for framifrå musikk både på dei 3-4 framsyningane, på festane, på Farsta Gård og i bussen. Fin musikk sytte også Viljans spelemenn for - som vanleg. Måndag morgon var det frukost og avskjed på vanleg måte med lang klemmerunde. Vårt jubileum fall saman med dei norske dagane i Stockholm i høve 100-års feiringa av oppløysinga av unionen. Difor var det ekstra vekt på framsyningane på Skansen. Curre Brandt var med rette stolt av å ha fått plass til dei fine danseframsyningane i eit stramt Skansen-program som hadde tittelen "Verdens bäste grannar".  Her finn du ein del bilete frå turen.
    Her finn du endå fleire flotte bilete frå Symra si framsyning på Skansen!

    Symratur til Romsdalshytta 8. mai - Kvitsymreturen
    Det var ein fin og vellukka tur ein del av medlemene i Symra hadde til Romsdalshytta på Holterkollen i Nittedal. Vi har fått tilsendt 4 flotte bilete frå turen. Deltakarane var også innom hytta till Ragnhild Slyngstad. Hennar hytte ligg på vegen opp mot Romsdalshytta. På biletet ser vi ein del av deltakarane. Her kan du sjå alle dei fire bileta.
     
    I Symra lærer vi polska
    Den 1. mars og den 8. mars er det Dagfinn Aae frå Sogn og Fjordane-ringen som er rettleiar. Han er beden om å instruere polskor frå Binsjö, og kanskje også frå Boda. Veldig fin dans og sugande musikk! Møt fram!

    Vidaregåande kurs godt i gang
    Det vidaregåande kurset våren 2005 i folkedans/gamaldans er godt i gang, melder rettleiarane Marianne og Anders og Hallvard som spelar.

    Videoopptak for turen til Bremen
    Festival-arrangøren i Bremen, dit Symra skal på tur i juli, vil gjerne ha ein video av ringen og dansen. Ein søndag i januar var ein flokk frå ringen ved Frognersætra, Holmenkollbakken og på Folkemuseet for å gjere videoopptak. Sjølv om det var mykje skodde i Oslo-gryta, var det fin i høgda. Vi trur det blir ein triveleg video. Tina Vilencia hadde ansvaret for opptaka.

    Vidaregåande kurs i folkedans/gamalddans startar onsdag 23. februar
    Kurset går over 7 onsdagar kl 18.00 - 19.45 i Storsalen i BLS-huset Nordahl Brunsgt 22. Kurslærarar er Marianne Dahl og Anders Saxhaug og spelemann er Hallvar Opheim. Kurspris kr 450. Påmelding til 97153857 elller 22415555. 

    Stort sett attval på Årsmøtet i Symra
    Årsmøtet vart halde som vanleg onsdag 9. februar, med bra frammøte. Styret kunne leggje fram eit godt resultat med ca 27000 i overskot. Og det vart ein grundig diskusjon om planar framover. Elles vart det ikkje noko endring i medlemsordninga eller i medlemskontingenten. Marianne Dahl vart attvald som leiar, Aase Bjorli vart vald for 2 år, og Gunnar Bjelkarøy vart vald for 2 år. Wenche Engen og Johan Ulleland var ikkje på val. Elles vart Anders Saxhaug attvald som vara for 1 år og Anne Lise Larsen som vara for 1 år. Halvard Opheim vart ny studieleiar og Harald Nessøe kom som ny inn i bladstyret.

    Det sentrale programmet for Symra i vårhalvåret
    Dei aktuelle rettleiarane som er med i Symra kom saman før kaffikvelden og sette opp ei samling på 11 musikkdansar og 11 songdansar som skal vere eit "kjerneprogram" i halvåret. Dette blir dansar som jamleg blir dansa, og som det er lurt å lære seg, lese versa. Lista ser slik ut:
    Musikkdansar:
    Gamal reinlender/Hans og hånån, Pols/Tretur frå Meråker, Krøssdans frå Valdres, Sekstur II, Figaro der alle dansar, Hopser m/vals, Svensk polska, Nordmørspols, Lancier frå Vardø, Tretur frå Hordaland, Sekskrossedans.
    Songdansar:
    Sinclar-visa (stordans), På Dovrefjell (stordans), Flaumen går, Bendik og Årolilja, Blåmann, blåmann, Åslaug Møy, skreddarsveinen, Strid for fred, tidt eg minnest, Tordivelen og fluga, Falkvor Lommannsson.
       
    Fin start på vårsesongen 2005
    Første onsdagen i det nye året var det kaffikveld i Symra. Det var god mat, god musikk og fin danseleiing (Inger D. og Dag E.). Og mange "godt nytt år helsingar". Marianne ynskte vel møtt og minte om ein del av det som skal skje framover. Inger Frøydis song eit par stev før golvet vart rydda til dansen.

    Vellukka julefest i Symra med over 90 deltakarar
    Samlingssalen på Løkenåsen skole var ein fin stad for Symra sin julefest. Det var fleire deltakarar enn på lenge, og det var fin stemning. Alle som har spela for Symra gjennom året var med i det gone orkesteet, som sytte for framifrå dansemusikk. Salen var så stor at middagsbodra kunne bli ståande heile kvelden. Nemda hadde sytt for fin pynting, og det var svært god julemat og kakebordet var godt og variert som vanleg. Nemnda hadde også sytt for eit pint lysbilde-show som gjekk heile kvelden, og som vart fylt på med nye bilete etter som festen skreid fram. Som vanleg var det også underhaldning under kaffien. Eit lite Symra-kort sytte for visesong, Benjamin Kehlert spela ein fin slått og Anders Saxhaug fekk vist at han også er dugande på piano, og spela to flotte julesong-arrangement. Akustikken var ikkje den beste i salen, men med den trådlause mikrofonen gjekk det fint. Den fekk også Vebjørn Bakken bruke som danseleiar, og det fungerte fint. Her er nokro fotoglimt frå festen.
       
    Julefesten i Symra er laurdag 11. desember kl 18.00
    Festen er i år på Løkenåsen skole, Nordlifaret 41 i Lørenskog. Det er skulen der Erik Haugros arbeider. Det blir vanleg opplegg med litt dans først, så bordsete og så dans med kaffi/kaker og program utpå kvelden. Det blir god musikk. Pris kr 350. Påmelding til Harald Nessø eller Erik Haugros innan 1. desember.

    Symra deltok i lagdans på Oslokappleiken - men vart sist
    Det gjekk dårlegare enn i fjor då Symra deltok på Oslokappleiken 23. oktober. Symra vart sist av dei 6 laga som deltok. Det var 6 par frå Symra som var med "på laget". Så det skal ikkje bli vanskeleg å gjere det betre neste år!

    Hugs at Symra og 3 andre leikarringar har nybyrjarkurs i gamaldans/folkedans helga 16-17 oktober

    Kurset er laurdag 16. kl 12 - 16 og søndag 17. 12 - 18. Det foregår i BLS-huset i Nordahl Bruns gt 22. Sjølvsagt blir det levande musikk og dugande rettleiarar. prisen er kr 400. Her gjeld det å gjere det kjent mellom vener og kjent, ja, gjerne ta dei med på sjølve kurset, så blir det ikkje så skræmande. Det er første gongen på mange år at fleire ringar har kurs saman, så vi får gjere alle ein innsats for at det blir mange deltakarar. Nokre av dei vil nok byrje i Symra!
      
    Fredag 18. september var det mimrekveld for Polen-fararane
    Ikkje alle, men mange av dei som var med på danseferda til Polen i sumar, møttest til mimrefest på den nye skolen til Erik Haugros på Skårer i Lørenskog. Også reiseleiaren vår Waldemar var med. Det var mykje god mat - trøndersodd - og gode kaker, det var mange bilete som friska opp minnet, og det var dans. Det gjekk mest i stildans denne kvelden, og fransesen vart dansa to gonger. Også Waldemar deltok! Biletet viser eit lite utsnitt av deltakarane. Det var også morosamt å få ei omvisning i det fine skulebygget.

    Venners venners fest i Symra torsdag 17. september
    Det vart ein triveleg kveld for drygt 20 symramedlemer og ca 10 vener denne torsdagskvelden. Det byrja med dans, så  mykje god mat, litt underhaldning: Inger Frøydis song eit par stev, og fire par under leiing av Per Kristian viste nokre stildansar. Eit par stildansar fekk alle vere med på. Seinare vart det variert dans, både turdans, songdans og gamaldans. Det var 3 av medlemene i fanteladdane som sytte for fin musikk. Marianne og Anders sytte for god danseleiing. Vi trur dette er eit godt tiltak som kan gje litt nyrekruttering, eit tiltak som vi godt kan få opp att seinare. På biletet ser vi musikken i aksjon.

    Nytt tiltak i Symra: songøving

    I timen føre øvinga onsdag 15. september møttest knapt 20 meldlemer frå Symra til songøving. Det er ei flink venninne av Marianne som var songpedagog. Tanken med øvingane er å hjelpe folk til å bli litt betre songarar, og å prøve å øve inn andre-stemme på nokre songdansar. Denne første gongen hadde vi først øvingar for å varme opp stemma. Så øvte vi på andre-stemme til Bendik og Årolilja. Ikkje så heilt lett, men spennande og morosamt. Til slutt dansa vi to-stemt, og det gjekk ganske fint. Det blir fleire øvingar seinare.Biletet syner ein konsentrert flokk kring pianoet.

    Gunnar Hals er død
    Gunnar Hals frå Tingvoll på Nordmøre døydde 31. august, berre 57 år gamal. Han fekk kreft som utvikla seg snøgt. Gunnar var fleire gonger i Symra og heldt kurs i Nordmørspols, så vi kan seie at det er hans tradisjon vi prøver å arbeide med i ringen vår. Gunnar budde i Oslo det meste av livet. Han vart cand. polit. ved Universitetet i Oslo, og har arbeidd i mange år på Stortinget som sekretær i finanskomiteen. Han var roleg og stillfarande også når han rettleidde, men la vekt på at dansen måtte utførast fint og i tradisjon. Han var søster til Gunvor Hals som var aktiv i Symra i nokre år. Gunnar let etter seg kone og to born. At Gunnar Hals er borte kom brått på alle, og mange i ringen mottok syrgjebodet med stor sorg. På biletet ser vi han på eit kurs i Blåsalen saman med Gunn Berit Bonde.

    Mimrefest for Polen-fararane 18. september
    Det blir mimrefest laurdag 18. september kl 17.30 på Løkenåsen Ungdomsskole, Nordlifaret 41, 1473 Lørenskog.
    Det blir middag og kaffi og dans og mimring. Andre enn dei som var med til Polen er også harteleg velkomne. Ta kontakt med Inger Varhaugvik (22155884) 

    Symra hadde velukka framsyning på Østensjø-dagen 29. august

    Det var 6 par og Benjamin Kelert som spela. Veret var fint men det var litt tungt å danse på grasvollen. Endå verre var det forresten å danse på grusen då vi øvde. Det var mykje folk som såg på. Etter oss var det countrydans. På biletet ser vi ringen i aksjon med ein Sandsværsril.

    Stildans-øving allereide to dagar etter sesongstarten
    Fredagskvelden var det starten på stildansøvingane. Det var bra med folk i Storsalen. Per Kristian Elvestad var som vanleg rettleiar.

    Kjerneprogram i Symra hausten 2004
    Til liks med i vår er det sett opp eit kjerneprogram med 10 musikkdansar og 10 songdansar. Dette er dansar som det blir lagt ekstra vekt på dette halvåret, og som alle bør læra versa på så raskt som råd. Her er lista over dansar:
    Musikkdansar: Honnfeiv, Kørsdans frå Valdres, Gilleråsen, Krabbelur, Finnskogspols, Firetur II, Veve vadmål, Hopser med vals, Masurka (vrangsnu), Engelsk dans nr 6. Songdansar: Liti Kjersti og Bergekongen (vers 1-6, 11-13, 15-25), Aka på isen håle, Zinklarvisa, Horpa, Hei så dansa jenta mi, Kråkevisa (tone frå Valdres), Håvard Hedde, Fram dansar (eldste tonen), Bendik og Årolilja. Versa til songdansane og rettleiing til ein del av dansane finn du her.
       
    Fin start på hausten med kaffikveld
    Siste onsdagen i august starta haustsesongen i Symra med kaffikveld. Det var bra med folk og fin stemning. Erik Haugros var leikleiar og Knut Trøen og  trekkspelar sytte for fin musikk. Marianne fortalde at opplegget for øvingane i haust blir som dei siste to åra. Dei som rettleier i haust er: Inger Frøydis Bakken, Brit Håland, Per Kristian Elvestad, Dag Evensen, Marianne Dahl og Anders Saxhaug og endeleg Vebjørn Bakken. Det er sett opp eit kjerneprogram for hausten på 10 songdansar og 10 musikkdansar. Eystein kunne elles opplyse at det også i år blir fjelltur, sjølv om det blir i skogstraktene i Finnskogen innover mot Sverike. Det blir siste helga i september (starten på skole-haustferien). Meir info om turen  kjem seinare.
      
    Nytt frå styret om programmet hausten 2004
    Programmet finn du på vanleg plass (under program i menyen). 
    "- Nybegynnerkurset blir litt anderledes til høsten. Det blir ikke et vanlig kurs på onsdager, men et helgekurs helgen 16-17 okt. som vi arrangerer sammen med BUL, Sogn og Fjordaneringen og Songdanslaget. Kommer det bra med folk på dette kurset, vil vi arrangere et oppfølgingskurs iukene etterpå."
    "-Fjelltur er heller ikke satt opp, men ifølge Eystein og Oddny blir det tur til Finnskogen litt lenger ut på høsten."
    "-17.sep. arrangerer vi VENNERS VENNER fest. Ta med venner og kjente som har lyst til å "smake" litt på miljøet i Symra. Det blir mat, dans og god musikk."

    Fint Bygdelagsstemne på Folkemuseet
    Det var fint ver men kanskje ikkje så mykje folk på BLS sitt tradisjonelle sumarstemne på Folkemuseet. Opplegget var det same som før om åra. Symra hadde si framsyning som vanleg i Teletunet og det var Knut Trøen som spela - også det som vanleg. Marianne var i sving med borna både på teateret og etterpå og Vebjørn og Inger Frøydis leia den triveleg økta med song og musikkdans på torget mellom 18 og 19. Benjamin spela. På biletet ser vi symra dansa i Teletunet. (Trykk på biletet så blir det stort)

    Mykje folk på siste kaffikvelden i Symra
    Det var nest full sal denne kaffikvelden. Ein av grunnane var at Marianne hadde fått med seg ungdomsringen sin og dei viste nokre dansar - flott utført! Dessutan hadde vi eit heilt danseorkester - Veggpryden sytte for fin dansemusikk. Marianne og Anders leia leiken og det blir moro når det er ein full dansesal. På biletet ser vi Ungdomsringen dansar.
       
    Symra og Viljan hadde ei fin pinsehelg saman
    Det var fleire viljor denne pinsa enn på lenge. Og verert var lageleg heile tida. Som vanleg budde Viljan-folket på Haraldsheim der dei vart mottekne med nattmat nokså seint fredags kvelden. Heile laurdag var det "på tur", først i Fredrikstad og etterpå på Langebåt nord for Drøbakk. I Fredrikstad hadde Viljan og Symra to framsyningar, både før og etter at "kongen kom". På Langebåt var det tradisjonell samkome med god mat, god dans og god utsikt over fjorden. søndag var det som vanleg piknik og sams framsyning på Folkemuseet, og om kvelden på nytt ei gild samkome. Måndags kvelden var det som vanleg hjarteleg avskjed på Haraldsheim. Her kan du sjå nokre fleire bilete frå pinsa med Viljan.

    Einar Woll vart gravlagd 18. mai
    Rett før 17. mai kom det eit trist og uventa sørjebod til Symra. Einar Woll døydde etter berre 3 månaders sjukdom, berre 60 år gamal. Han døydde av kreft. Einar var ein svært aktiv og engasjert medlem i Symra det meste av 1970-talet. Han kom med i styret i 1974 og var formann i 1975. Dette var ei tid då aktiviteten var på topp i leikarringen. I 1976 vart han og Karin Andresen gifte - ho var også Symra-medlem. I seinare år var Einar ikkje aktiv medlem i ringen, men han og Karin dukka iblant opp på julefestar eller andre samkomer. Einar arbeidde i mange år på Radiumhospitalet og dei siste 10-12 åra var han distriktssjef i Arbeidstilsynet i Oslo. Det er mange i Symra som i takksemd minnest Einar for arbeidet han la ned i ringen og som den gode venen han var for alle som fekk lære han å kjenne. Vebjørn fekk vere med på den gripande og høgtidssame gravferda i Voksen kirke 18. mai. På biletet, som er henta frå framsida av Symra-boka, ser vi Einar mottar blomar for vel utført arbeid i ringen. 
      
    Symra dansa på 17. mai som vanleg
    Den 17. mai dansa Symra som vanleg for gamle og sjuke i Bærum, i fint vårver. No er det ikkje lenger dansing På Emma Hjort, så det byrja på Østerås bo og behandlingshjem (Røde kors), vidare til Sjømennenes helseheim, Godthåp og på Solvik. Det var nokså mange med, ikkje minst jenter, så danseleiaren Dag Evensen sytte for at det også vart nokre tremannsdansar. Første staden spela Hallvard Opheim på torader, så overtok Knut Trøen spelinga dei andre stadene. Om morgongen var det nokre få dansarar frå Symra som hjelpte BUL med dansinga på Karl Johan.

    Framsyning på på Bogstad gård
    Søndag 16. mai var det opning av Bogstad Gård, og det var mykje folk over alt. Ein del av dei nytta høve til å så at 6 par frå Symra viste fram stildans på Låven. Per Kristian Elvestad leia den fine framsyninga, og bandspelaren sytte for musikken. Sjå biletet.

    Framsyning på Brynsenteret
    Laurdag 15. mai var det 6 par som hadde framsyning på Bryn-senteret i Oslo. Knut Trøen var spelemann. Framsyninga vart gjennomført på ein fin måte.

    Framsyningsøvingar
    I april/mai er det i alt 3 framsyningsøvingar. Dei som alle kan delta på er onsdagar føre øvinga, frå 18.00 til 19.45. Onsdag 5. mai var det Vebjørn som leidde øvinga, og onsdag 12. mai er det Dag som leier framsyningsøvinga. Meininga med desse øvingane er at alle skal bli trygge på dei dansane som blir brukt 17. mai og på Bygdøystemnet, og elles på dei fleste øvingar.
     (6/5-04)
    Programmet for pinsa ser førebels slik ut, tilsendt frå Marianne:

    Fredag: Viljan ankommer Haraldsheim. Komiteen møter dem der.
    Lørdag: Vi reiser til Gamlebyen i Fredrikstad. Avreise fra Oslo ca. kl. 09.00. Denne dagen er det et arrangement i Gamlebyen som heter ”Kongen kommer”. Arrangørene ønsker at vi deltar i programmet, og vi skal danse to oppvisninger (før og etter lunsj). Klokka 13.00 spiser lunsj i Teglhuset som er en del av Balaklava i Gamlebyen (Pris: 100 + drikke).
    Lørdag kveld blir det fest på Langebåt feriehjem i Hallangen (Nesodden/Drøbak). Vi har fått Fanteladdane til å spille for oss. Her blir det også mulighet for et bad. Festen starter kl.18.00. (Pris: 200,-)
    Søndag møtes vi på Folkemuseet på Bygdøy kl. 12.00. Vi har piknik og danser på friluftsscenen klokken 14. Vi samles på Holtekilen til fest denne kvelden. Festen starter kl. 19.00. (Pris: 200,-)
    Vi trenger hjelp av dere til å bake kaker til festene lørdag og søndag. På Bygdøy tar alle med piknik til seg selv og noe ekstra til svenskene. Kryss av på listen som går rundt på øvingen. Priser på fester kommer litt senere! VELKOMMEN til en trivelig pinsehelg!
     (22/04-04)

    BUL treng dansarar 17. mai
    Dette er ei melding frå Marianne: 
    BUL vil gjerne har med folk til å danse på Karl Johan 17.mai før barnetoget. Det er en veldig morsom opplevelse. Oppmøte på 17.mai er 08.45, og hele saken er ferdig ved slottet klokken 10.00. Vedlagt ligger programmet som skal danses. De som vil være med MÅ møte på øving i BUL tirsdag 11.mai kl.19.30, og helst ha satt seg litt inn i programmet før det. Gi beskjed til meg dersom dere ønsker å være med! (marianne.dahl@rosenvilde.vgs.no)
     (22/04-04)
    Stor interesse for turen til Polen
    Til nå er det ca 35 som har meldt seg på turen til Polen i midten av juli. Men det går enno an å melde seg på. Dersom det blir over 40, blir turen enno billegare. Ta kontakt med Inger Varhaugvik, tlf 22155884.
     
    (22/04-04)
    Programmet for Pinsa er klart - berre å melde seg på!
    Viljan kjen som vanleg fredagskvelden og skal bu på Haraldsheim. Laurdag er det tur til Gamlebyen i Fredrikstad ca kl 9. Om kvelden blir det fest på Langebåt ved Fagerstrand (kl 18). Søndag er det piknik og dans på folkemuseet (møtest kl 12, framsyning kl 14). Om kvelden fest på Holtekilen kl 19.

    Mange på stildans-"minikurset" på Folkedanskvelden 26. mars
    Symra hadde ansvaret for denne kvelden. I tillegg hadde Per Kristian Elvestad ansvaret for minikurset i stildans. Det var nokså mange som deltok - kanskje bortimot 40 på det meste.
       
    Mange frå Symra i BLS-styret
    Eirik Skogen vart på årsmøtet i BLS attvald for eit sytt år som leiar. Werner Dyås held fram som bygningsansvarleg og Aase Bjorli kom inn som leiar i Folkedansnemnda. Bjørn Harald Flobekk heldt fram som leiar i Samfunnsnemnda. Sjå her.
       
    Bilete frå Framsyningskappleiken på Beitostølen i 2003
    Frå Tina Vilenica på NU-kontoret har vi fått mange fine bilete frå Symra si framsyning. Sjå her!

    Marianne Dahl vart attvald til leiar i Symra på Årsmøtet i februar
    Fordelinga av dei andre omboda finn du under "Styret"

    På kurset i Vestlandsspringar i Halli 27. mars var det 10 par
    Knut Trøen var spelemann på kurset og Vebjørn Bakken rettleiar. Det var i alt 10 par som deltok, og gjennomførte kurset på ein fin måte. Symra hadde kurset saman med Oslo Songdanslag.

    Reiseleiaren Waldemar Szyngwelski presenterte Polen-turen 11 -21 juli
    I ein utvida kaffipause på øvinga 24. mars presenterte reiseleiaren turen gjennom Polen. Det blir norsk buss og sjåfør heile vegen, og norsk/polk-talande reiseleiar. Det blir to dagar i Warszawa og 4 dagar i Krakow, og tur attende via berlin og Kiel, med ferje til Gøteborg. Så no er det berre å bestemme seg for å reise. Les meir om turen her.

    S
    tildans-seminar på Sanderstølen 5 - 7 mars
    Sanderstølen ligg på vegen mellom Gol og Leira i Valdres. Det blir danseøkt etter middag fredag, heile laurdag og kanskje også noko på søndag. Per Kristian Elvestad blir som vanleg instruktør. Påmelding etter nyttår enten til Per Kristian eller til Erna Skogen.

    Årsmøtet i Symra blir onsdag 11. februar kl 20.00 i Storsalen. 
    Saklista er som vanleg. Saker som skal drøftast på årsmøtet må vere styret i hende innan 7. januar. Møt opp på årsmøtet og dei di meining om korleis drifta i ringen skal vere.

    Symra med "flygeblad"
    Symra dansar laurdag 6. desember på eit par plassar i Oslo sentrum får å reklamere for kurs og ring. Det var 5 par som deltok. Til dette hadde styret fått laga eit lite flygeblad som vart delt ut til dei som var interessert. Benjamin Kehlert har laga flygebladet.

    Nybyrjarkurs i folkedans/gamaldans startar 14. januar
    Kurset er i Storsalen kl 18.00 - 19.45 og Dag Evensen og Inger Dyås er instruktørar. Hallvard Opheim spelar. Det er viktig at alle seier frå om kurset til vener og kjente, slik at det kan bli god deltaking på kurset.  Desverre vart det for få deltakarar, og kurset vart avlyst.

    Øvingane i Symra startar 7. januar
    Denne første kvelden er det som vanleg Kaffikveld. Opplegget for øvingane i vårhalvåret blir som dei siste 2 åra, ei blanding av gjeste-rettleiarar og rettleiarar frå eigne rekkjer.Solvår Schneider vil ogsså dette halvåret syte for god dansemusikk, og Knut Trøen og Hallvard Opheim vil vere med på kaffikveldane. Knut er også spelemann på sume kurs og framsyningar.

    Julefesten i Symra 6. desember
    Festen i Mortensrud Menighetshus vart ein vellukka julefest. Nemnda hadde lagt ned eit stort arbeid med å legge alt vel til rette. Mussikken  var ved Knut Trøen, Åge Grundstad og Benjamin Kehlert, og dei leverte som vanleg prima vare. Leikleiar var Dag Evensen, og vi fekk eit stort og variert program med krevjande dansar som Fransese, Kvadrilje, Menuett frå Oravais, Fyksdalspolska og mykje meir. Gode økter med songdans var det og. Det var som vanleg god julemat til middags og mange gode kaker til kaffien. Anne Kallåk lag eit fint eventyr av H.C. Andersen. Det var ca 85 deltakarar i alt, mellom dei nokre frå Viljan og nokre få frå andre ringar. Her finn du fleire bilete frå julefesten.

    Symra på kappdans for første gong!
    Siste helga i oktober deltok Symra på Oslokappleiken som Laget for Folkemusikk skipar til kvart år. I år var det jubileumskappleik LfF fyller 80 år! I lagdansen var det 5 par frå Symra som deltok i Sunnmørsspringar, og resultatet vart flott. Det var heile 7 lag som deltok, og Symra vart nr 4, føre lag som Hallinglaget og Telelaget. Også Inger Frøydis og Vebjørn Bakken deltok og kom på 4. plass i B-klassen.

    Hausten i Symra startar 27. august
    Kaffekvelden blir 27. august. Onsdagen etter blir det ordinær øvingsstart og då startar også som vanleg nybyrjarkurset i gamaldans. Husk på å seie frå til vener og kjete slik at det kan bli eit stort og aktivt kurs! Programmet for hausthalvåret er også lagt ut på Internett, men alle stildansøvingane er ikkje bestemt enno. Den første øvinga blir likevel så tidleg som 29. august.

    Symra deltar på framsyningskappleiken under Folkekulturfestivalen på Beitostølen
    Leiaren i NU Johan Einar Bjerkem såg framsyninga til Symra under Nordleik, og synest det ville vore fint om vi også kunne delta på Beitostølen. Slik blir det. Så får vi sjå korleis plasseringa blir - det er vel ikkje det aller viktigaste?
    Tillegg: Det var berre 4 deltakande lag  på kappleiken. Berre eit lag "premiert" - og det var BUL Nidaros. Mange i Symra vart nok skuffa!

    Fint Nordleik i Næstved i Danmark
    Det var i alt ca 40 deltakarar frå Symra. Nokre budde litt utanfor byen i sumarhytter  og sume budde på ein skule inne i byen. Veret var bra heile tida. Dagen før stemnet starta var det ei triveleg grill-samling med alle frå Symra. Seinare gjekk det jamt og trutt med opning, framsyningar, kurs, utferder og avslutning på laurdagskvelden. Her kan du sjå ein del bilete frå stemnet - dei fleste har med Symra å gjere.

    Vellukka tur til Viljan i Stockholm i pinsa 2003
    Det var i alt 19 frå Symra som var i Stockholm på Viljan-vitjing. Vi brukte minibuss, og veret var det aller beste heile tida. Det vart ei svært vellukka vitjing på alle måtar. Halvard var spelemann. Vi hadde to framsyningar i ein liten by Trosa ca 8 mil sør for Stockholm. Les elles litt meir om ferda her, og sjå nokre bilete.
      
    "Minikurs" i Vestlandsspringar på Folkedanskvelden 1. juni
    Den 1. juni er det Symra som har folkedanskvelden. Frå kl 18.00 blir det då minikurs i Vestlandsspringar som ei oppfølgjing av det kurset som vi hadde i mars. Dette blir ei fin anledning til å få praktisere Vestlandsspringaren, eller repetere det du kan ha gløymt.

    Du blir vel med til Stockholm i pinsehelga?
    Denne pinsehelga er det Symra som drar til Stockholm. Vi har fått eit spennande program frå Viljan, og ein bra flokk har allereide meldt seg på lista, så ta kontakt med Marianne Dahl dersom du vil vere med. Det ser ut til å bli med eigen buss.

    Siste temakvelden i vårhalvåret - Sunnmørsspringar - 21. mai kl 18.15 - 19.45
    Det har denne våre vore fleire temakveldar med Sunnmørsspringar og det har vore godt frammøte og god stemning på øvingane. Og alle har gjort god framgang med springaren. Igjen blir det Vebjørn som går gjennom dansen. Hugs at vi tar sikte på å stille opp på Oslokappleiken i slutten av oktober i lagdans med denne springaren. Det blir i så fall første gong at Symra deltar på ein kappleik med eige lag. Så møt fram!

    Framsyningsøving for alle 7. mai og 14. mai
    Desse to temakveldanekveldane blir det framsyningsøving for alle. Det er altså i Storsalen føre øvingane, kl 18.15 - 19.45. Det blir øving på dei vanlege framsyningsdansane - mellom dei vi brukar 17. mai. Alle som har lyst å danse framsyning må møte.

    Siste stildansøvinga blir fredag 9. mai
    Dette er den siste stildansøvinga som er planlagt i vår. Per Kristian Elvestad lærer oss særleg dei dansane som blir brukt på Stildansballet under Nordleik.

    Sjå deg sjølv danse på video føre kaffikvelden 23. april?
    Har du sett deg sjølv danse? Det har vel dei færraste, men det kan vere ein fine måte å bli ein betre dansar på. Frå kl 19.00 til 19.45 vil det bli videopptak av ei danseøkt, og alle kan få sjå korleis dei dansar. Kanskje kan du luke bort ein uvane du har?
      
    Vellukka laurdagskurs i Vestlandsspringar

    Laurdag 29. mars var det kurs i Vestlandsspringar i Halli frå 10 til 15.30. Det var Symra og Oslo Songdanslag som skipa til kurset saman, og det var litt over 30 deltakarar. I tillegg til dei to laga var det også mange frå Hordaringen. Dei fleste var likevel frå Symra. Knut Trøen var spelemann og Vebjørn og Inger Frøydis Bakken rettleidde. Det vart også bestemt at ein skal prøve å få i stand eit minikurs i Vestlandsspringar føre ein av folkedanskveldane - truleg blir det den første i juni. Då blir det altså eit kortkurs frå kl 18.00 til kl 19.30 og truleg kan ein danse springar også litt lengre utover kvelden. På biletet ser vi dei dansarane som heldt ut heilt til slutt. Det var faktisk dei fleste, sjølv om nokre måtte gå litt tidlegare.

    Symra lærer Finnskogspols
    Siste onsdagen i mars og første onsdagen i april står Finnskogspols på programmet i Symra. Det meste av tida desse to øvingskveldane blir brukt til å lære denne dansen som er nokså "ny", og som har blitt populær mange stader. Det er Bjørn Sverre Haugen som rettleiar og Lene Furuli og Helle Steinsholt Jansen frå  gruppa Veggpryden som spelar (sjå biletet).  På den første av dei to øvingane var det mykje folk og det var også høve til å kjøpe ei plate med Finnskogspols og plata som Veggpryden nyleg ga ut. På  www.folkedans.com/rettleiing har Vebjørn lagt inn eit referat frå øvingane så det kan brukast når du repeterer dansen.
      
    Bent Christiansen frå Viljan er død
    På øvinga midt i mars fekk vi den triste og uventa meldinga at ein mangeårig medlem i Symra - Bent Christiansen - døde nokre dagar før. Bent og kona Ulla har i mange år vore mellom dei mest trufaste dansevenene våre i Viljan. Ulla har vore med i samarbeidet med Symra heilt frå starten i 1965. Det vart sagt nokre minneord om Bent i pausen, og vi mintest han med eit minutts stillheit. Ein del av dei som kjente Bent og Ulla godt sendte blomar til gravferda.
      

    Mange er påmeldt til Nordlek i Næstved i Danmark i juli
    Det er ca 40 frå Symra som er påmeldt. Det er om lag det same som har vore det vanlege på mange Nordleik-stemne, og Symra skulle dermed igjen bli mellom dei laga som hara flest deltarar på stemnet frå Noreg.
       
    Onsdag den 12. mars er det igjen øving på Springar frå Nordre Sunnmøre
    Temakveldane i vår vil vi bruke til å lære springar frå Nordre Sunnmøre. Vebjørn er lærar og Solvor spelar. Dette er ein fin liten springar som er frisk og ikkje så vanskeleg å lære. Det var mange med på den første øvinga tidlegare i vinter, og vi vonar fullt hus i Storsalen kl 18.15 - 19.45. Som kjent har vi også som mål å stille opp med dansen i lagdans på Oslo-kappleiken som er i slutten av oktober. Då bør vi vere 6-8 par minst, slik at det blir fart og liv på scena. 

    Det vidaregåande kurset i folkedans avlyst
    Det var for få som møtte opp til det vidaregåande kurset i vår, så kurset måtte avlysast. Men nybyrjarkurset vart avvikla på ein fin måte med vel 10 deltakarar. Vi vonar at nokre av desse vil halde fram i ringen.

    Gjesterettleiarar i februar og mars
    I januar og februar har Per Kristian Elvestad og Marianne Dahl/Anders Sakshaug rettleidd i Symra. I februar var også Inger Frøydis Bakken gjesterettleiar ein gong, og i mars er Brit Håland gjesterettleiar 2 gonger. Så får vi vente og sjå kven det blir som rettleier seinare på våren.

    Heile leikarringen var invitert i bryllupet til Heidi og Geir
    Heidi Sætern og Geir Opdahl gifta seg laurdag 1. mars i Furuset kirke. Det var mange frå Symra til stades, og etter vielsen stilte dansarane seg opp i espaljer utafor kyrkjedøra slik det iblant har vore gjort i Symra. Etterpå vart det mat å få  i kyrkja. Om kvelden var det fest på Årvoll gard og der var det endå fleire frå Symra til stades, og hadde det triveleg saman med brudeparet og mange andre gjester. I "gamle " dagar var det svært vanleg at medlemer i Symra gifta seg med kvarandre - men dei siste to 10-åra har det vore langt sjeldnare. På biletet ser vi Heidi og Geir kome ut frå kyrkja under sverd og kransar. Les også det som står på folkedans.com  Du kan sjå nokre bilete frå bryllupet her.
     
    Årsmøtet gjekk unna på rask og grei måte - mange attval

    Det var knapt 40 frammøtte på årsmøtet - nokså vanleg. Gjennomgang av årsmelding og rekneskap gjekk normalt. Det vart vedteke å auke betalinga for "kaffi og kaker" frå 10 til 15 kr på øvingskveldane og frå 15 til 20 på kaffikveldane. Medlemspengane vart auka litt til kr 500. Det vart gjenval på dei fleste plassar. Marianne Dahl held fram som leiar. Aase Bjorli kom med i styret og Oddny ferangen vart varakvinne. Ei full liste av tillitsvalde og fordeling av verva i styret kjem seinare.

    Lars Steensgaard døde laurdag 1. februar
    Onsdag 4. februar vart ein annleis øvingskveld i Symra. Då fekk alle det triste bodet at Lars var død 77 år gamal. Dansen og øvinga gjekk føre seg meir stillsleg enn vanleg. I pausen var det tent lys i kafeen, og Marianne sa minneord om Lars. Som avslutning på kvelden dansa vi "Å leva det er å elska". Gravferda blir frå Manglerud kirke måndag 10. februar kl 11. Det blir sikkert mange frå Symra som vil fylgje han til grava.
    Onsdagen før var han på øvinga like vital og humørfylt som alltid. Fredags kvelden skulle han vere med på stildansøvinga, men der såg vi han ikkje. Fredag gjekk han på ski til ei av "speiderhyttene sine". Der vart han sjuk og døydde på sjukehuset laurdagsmorgonen. 
    Lars var medlem i Symra frå midt på 80-talet. Han var ein viktig miljøskapar i ringen - han var den eldste av oss, men i sinn var han mellom dei yngste. Han gjekk inn for dansen med glede og la mykje arbeid i å lære dansane. Han var glad i all slags dans, frå songdans til stildans. Med sitt vinnande vesen og gode humør fekk han svært mange gode vener i dansemiljøet. Han var trufast til å møte på øvingar og kurs, på festar og framsyningar og turar, og la ned eit stor arbeid på mange måtar. I over 10 år var han studieleiar. Noko vil mangle i ringen vår når Lars ikkje lenger er der. Men vi vil minnast han med glede og takke for alt han var og alt han gav. Og tankane våre går til Anna-Marie. Vi lyser fred over minnet hans Lars. (Vebjørn)
     (9/2-02)

    Øvingane i Symra våren 2003 i gang
    Som vanleg starta halvåret med kaffikveld. Knut og Halvard sytte for fin musikk, Erik leia dansen, og Inger Frøydis song eit par juleviser. 
    Rettleiing og speling i vårhalvåret blir om lag som i fjor haust. Solvor spelar. Rettleiarar blir nokre gjesterettleiarar pluss at Marianne/Anders, Per Kristian og Vebjørn tar tre gonger kvar innimellom. Det er  bestemt at det skal leggjast vekt på desse songdansane dette halvåret: Liti Kjersti og elvekongen, Åsmund Frægdegjeva, Krist gjeve, Nordlandsvisa, Fram dansar, Oppi Hallingdal, Pål sine høner, Håvard Hedde, Mannen og konen, Beltet mitt. Desse samlar Erik Skogen i eit lite hefte som blir delt ut, så då er det berre å lære vers!
    På temakveldane denne våren blir det mest bygdedans frå Vestlandet. Det er også planlagt eit helgekurs i BLS-huset i Vestlandsspringar. Vebjørn vil rettleie. Vi vil legge nokså stor vekt på springar frå nordre Sunnmøre, og planen er at vi skal stille opp i lagdans med den på Oslo-kappleiken i slutten av oktober 2003. Første temakvelden er onsdag 29. januar,  og då blir det springar frå Sunnmøre.
    Elles nærmar tida seg for påmelding til Nordleik i Danmank til sumaren. På øvingane i januar blir det påmelding/utfylling av skjema og drøfting av kva program/turar/festar som folk vil melde seg på.
    Vi minner også om at det blir Stildansøvingar ein del fredagskveldar utover våren. Sjå detaljane i programmet her.
     
    (17/1-03) 
    Årsmøte i Symra 12. februar 2003 kl 20.00
    Styret har kome med ei foreløpig innkalling til Årsmøtet, utdelt på julefesten. Endeleg innkalling kjem i "Symra" nr 1 2003. Frist for innsending av saker til styret er 15. januar.
     
    (7/12-02) 
    Knut Trøen utnemnt til æresmedlem i Symra
    På  julefesten var Knut Trøen utnemt til æresmedlem for sin langvarige og gode innsats som spelemann i ringen. Som "synleg prov på æra" fekk han den nåla som Anders Sakshaug har laga for formålet. Vebjørn Bakken las eit hyldningskvad til Knut og Marianne sa litt om bakgrunnen for utnemninga. Knut sa at han var stolt og glad for den uventa æra. Vi gratulerer Knut med utnemninga som han har fortent svært godt. Knut er den 7. æresmedlemen i Symra gjennom tidene.
       
    (7/12-02)
    Ein triveleg julefest med dramatisk innslag
    Julefesten i år var av godt gamalt merke. Nemnda hadde som vanleg gjort eit svært godt arbeid, og det var fint pynta og tilstelt til festen. Det var mykje god julemat til middagen og som vanleg svært mange gode kaker til kaffien. Knut, Åge og Benjamin sytte for framifrå musikk, og Dag Evensen leidde dansen på ein fin og sikker måte. Det var gåver og takk til styret og  nemnder og til rettleiarar og spelemenn. Det var ca 85 deltakarar på festen, og ringen fylte heile golvet på Engelbret skole. Midt under middagen byrja alle å hoste og harke og mange rømde ut i friluft. Det var tydeleg at det var komen ein ukjent gass i romet. Det gjekk vel ein halvtime før gassen stort sett var borte og festen kunne halde fram. Det var ikkje heilt klart kvar gassen kom frå, men det kan ha vore ubedne gjester i kjellaren som har utløyst ei gassboks av eitkvart slag. Her kan du sjå ein del bilete frå julefesten.
      (7/12-02)
    Turid og Magne Sørøy rettleidde to gonger i november
    Turid og Magne rettleidde to gonger og hadde mange og varierte dansar som dei lærde oss. Mellom anna lærde vi fleire bytereinlendarar, og andre smådansar. Pedersens polka og songdanse "Spinn spinn". Truleg får vi vitjing også av dei to polulære rettleiarane også til våren. 
    (7/12-02)


    To rettleiarar frå "Kjerringa med staven" i slutten av oktober
    Dei to siste øvingskveldane i oktober hadde vis gjeste rettleiarar frå Nittedals-laget. Det var Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud. Dei gjorde ein fin innsats og fekk god applaus ved avslutninga siste dagen. Vi lærte mellom anna ein nokså lang svensk turdans med fryksdalssteg, hadelandsspringdans, to polkavariantar, og vi fekk dansa ein del songdansar som vi ikkje har hatt på lenge. Dei to blide rettleiarane ser vi på biletet. Truleg vil vi få vitjing av dei også til våren.
       (7/12-02)
    Mange deltakarar på Polshelga i Enebakk
    Etter det vi høyrer blir det mange som blir med på helga på spikerverket der det mellom anna blir opplæring i pols.
     
    (18/10-02)

    Eit vellukka stildansseminar i Valdres
    Det var i alt 11 par frå Symra som deltok på stildansseminaret i Valdres første helga i oktober 2002. Per Kristian og Sonja Elvestad rettleidde på ein framifrå måte. Fleire av dei stildansane som skal nyttast på ballet under Nordlek i 2003 vart grundig gjennomgått, i tilleg til at vi repeterte mange andre stildansar. Seminaret var på ei fin og triveleg fjellstove, og ikkje minst var maten av beste merke. Her finn du nokre bilete frå seminaret.
     (15/10-02)

    Vidaregåande kurs i folkedans startar 16. oktober
    På kurset kan ein lære ril, rekkjedans, pardans, songdansar etc, og ein bør kjenne til vals, reinlender og polka frå før. Kurset går over 7 onsdagar 18.00 -19.45. Prisen er kr 400, og foregår i Storsalen i Nordahl Bruunsgt 22. Opplysningar får ein på tlf: 22415555/97153857. Marianne Dahl og Anders Saxhaug rettleier og Hallvard Opheim spelar. Då er det viktig at medlemene i Symra får vener og kjente til å delta! Det var ikkje så mange deltakarar på første kurskvelden, men likevel nok til at kurset kjem i gang.
     (17/10-02)

    Guro Hernes gjesterettleiar to gonger i haust 

    Onsdag 25. september var det Guro Hernes som rettleidde i Symra, og vi hadde ein triveleg og lærerik øvingskveld. Hovudvekta var på Firetur II og den polkavarianten frå Finnmark som Astrid Skrindo lærde oss for eit år sidan. Guro rettleier for tida i Leikarringen i BUL, og har også rettleidd mykje i Nord-Noreg og på kurs i NU. Vi synest det var fint at ho også kunne ta nokre øvingar i Symra.

    Mykje stildans i haust
    I tillegg til ekstraøvingane i stildans på fredagane blir det som kjent stildans også på temakveldane. Ekstraøvingane på fredagskveldane kl 19-22 blir slik: Fredag 6/9 (sjå biletet), fredag 11/10, fredag 1/11 og fredag 29/11. Tida er frå kl 19 til kl 22 kvar gong. I tillegg blir det som kjent også stildansseminar i Valdres første helga i oktober, sjå programmet.


    Triveleg start med kaffikveld 28. august
    Det vart ein triveleg start på hausthalvåret, og bra frammøte på kaffikvelden. Laila leia leiken få ein fin måte og musikken var framifrå: Knut, Hallvard og Solvor. Leiar Marianne ynskte alle vel møtt til nytt danseår. Det blir Solvor Schneider som blir fast spel-kvinne i haust. Rettleiinga blir omtrent som i fjor: Det blir 4 "gjesterettleiarar" som tar 6 av øvingskveldane, og Vebjørn, Per Kristian og Marianne/Anders dekkjer dei resterande 6 øvingane med 2 stk på kvar. Gjesterettleiarane blir Folke Flatland (11. september), Guro Hernes (25. sept. og 2. okt.), rettleiarane i "Kjerringa med staven" (23. oktober) og Magne og Turid Sørøy (6. og 13. november). Joda, dette skal bli ein spennande øvingshaust! Og vi ønskjer spelkvinne, rettleiarar og dansarar vel møtt!  På biletet til venstre orienterer Øystein Grimstad om fjellture. Trass i ei stor nøkkelhonk klarer ikkje Erik Skogen å opne døra til scena.
      
    Symra startar med kaffikveld 28. august
    Etter ein god sumarferie blir det start på dansesesongen igjen. Vi vonar at det også dette året blir lærerike og trivelege dansekveldar i ringen. På øvingskveldane blir det interne rettleiarar ca kvar tredje øving. Dei andre kveldane blir det "gjesterettleiarar". Foreløpig er det klart med gjesterettleiarar frå Drammen og frå Kjerringa med Staven. Så er det viktig at alle møter fram på øvingane, så det blir fres og driv og trivnad!
       
    Nybyrjarkurset i gamaldans startar onsdag 4. september og går over 6 kveldar. Tida er som vanleg kl 18.00 - 19.45. Hallvard er spelemann på torader og Marianne og Anders rettleier. Så er det viktig at alle informerer vener og kjente som kan vere aktuelle kursdeltakarar, så vi får mange med på kurset.

    Symra hadde ein fin sumartur til Irland i juli 2002
    Medrekna dei to spelemennene Joakim og Magne var det i alt 30 deltakarar på turen. Turnemnda hadde lagt ned eit stort arbeid for at det skulle bli ein variert og opplevingsrik tur. Og det vart det. Vi var 5 dagar i Miltown Malbay på vestkysten og lærte irsk dans (stepdans og/eller setdans). Så var vi 2 dagar i Galway, også ein by i vest, og til slutt 2 dagar i Dublin. I Dublin hadde vi ei lang framsyning, og dans på eit par pubbar. Også i Miltown hadde vi framsyningar, og også ei i Galway. Veret var godt heile tida, mykje betre enn ein kunne vente. Her finn du ein del bilete frå turen.
      
    Fin avslutning med kaffikveld i Symra 12. juni 2002
    Det var mykje folk og god stemning på kaffikvelden som avslutta vårsemesteret. Symraorkesteret med Knut, Solvor og Hallvard (bilete) sytte for god musikk og Erik Haugros leia leiken på ein fin måte. Det var også underhaldning. Songgruppa "Kvintos ad hoc" (sjå biletet) song fint fleirstemt song av mange ulike slag (Marianne og Geir var med der). Elles var det informasjon om Symra sin fjelltur, og om turen til Irland.

    Triveleg Bygelagsstemne på Folkemuseet søndag 9. juni 2002
    Det var strålade ver på stemnet i år som hadde om lag same form og innhald som før om åra. Symra hadde di framsyning i Teletunet. Det var ei fin framsyning med mange dansarar. Knut og Solvor spela. Her finn du ein del bilete frå stemnet.

    Øvinga etter "Bryllupet" 2002
    På øvinga etter bryllupet møtte Anna Marie Steensgaard i ein spesiell kreasjon til ære for brudeparet. Her ser du to bilete, både frammafrå og bakfrå.


    Vi fekk smak på irsk "setdans" 2002
    Onsdag 22. mai fekk vi føre øvinga kl 18-20 besøk av  "Irsk folkedansgruppe i Norge" som lærde oss litt irsk "setdance" - tre turar av ein irsk lancier. Det var nokså mange som deltok - dei fleste som skal til Irland i sumar, og det var ein interessant og morosam smak på det vi skal få lære der borte. På biletet ser vi nokre av dei 8 lærarane våre.

    Pinsa med 17. mai 2002 vart ei strålande langhelg
    Som kjent hadde Symra denne pinsa vitjing både av Viljan og av 34 dansarar frå Tyskland - Neustädter Volktanzkreis - som vi besøkte i fjor sumar. Dei frå Viljan (nesten 20) overnatta som ofte før på Haraldsheim, medan dei frå Tyskland budde privat. Heile langhelga var det strålande ver og det gjorde også sitt til at det vart vellukka på alle måtar. På denne sida kan du finne nokre bilete frå dansingane 17. mai, frå dansingane på Folkemuseet og litt elles. På biletet til høgre ser vi Neustädter Volktanzkreis danse på friluftsteateret på Folkemuseet.

    Søndag 9. juni Bygdøystemnet 2002
    Bygdøystemnet blir avvikla på vanleg måte på Folkemuseet. Det er fint om mange møter til stemnetoget kl 11.45 frå Torget. Symra dansar i Teletunet kl 14.30 (frammøte og øving 1in halv time før!). Elles er det dans for alle frå kl 17 og utover kvelden.
      
    På fest 17. mai og 18. mai?
    På 17. mai om kvelden er det som vanleg fest i BLS-garden, og då blir det særleg mange frå Symra der, med gjester både frå Viljan og frå Tyskland. Du kjem vel du og? Det startar kl 20 (?).
    Den 18. mai er det også fest, denne gongen "berre" for Symra-folk med svenske og tyske gjester. Festen startar kl 18.
       
    Søndag 19. mai møtest vi på Folkemuseet
    Det blir piknik kl 14.00 og framsyning på friluftsteateret kl 15.30. Her vil vi også møte gjestene våre frå Viljan og Tyskland.
       
    Vil du lære litt irsk dans?
    Det blir høve til det i Symra onsdag 22. mai kl 18.00-20.00 i Storsalen. Då kjem det instruktørar som verkeleg kan slik dans og gjev oss eit kort grunnkurs. Særleg aktuelt for dei som skal til Irland i sumar, men også for alle andre.

    Framsyningsøvingar for alle i mai
    Onsdag 8. mai og onsdag 15. mai, begge dagane kl 18.00-19.50 i Storsalen, er det framsyningsøving for alle, også for dei som ikkje har dansa framsyning før. Vi går igjennom dei vanlege framsyningsdansane, slik at alle kan vere trygge på 17. mai, Bygdøystemna etc. Det er Vebjørn som rettleier.
     
    Den 17. mai 2002 i Symra
    Det blir litt endring på tidspunkta for dansing og øving i år. alle brukar som vanleg eigne bilar, og det går godt an å vere med deler av dagen. Ein del dansarar frå Viljan blir også med. Programmet ser slik ut:

    Kl. 1000 Frammøte ved Rådhuset i Sandvika Øving på programmet.
    Kl. 1100 Emma Hjorts hjem Emma Hjorts vei 1, Sandvika
    Kl. 1230 Østerås Bo- og behandlingssenter (tidl. Bærum Røde Kors) Eiksveien 73, Østerås
    Kort pause
    Kl. 1400 Sjømennenes Helseheim Rykkinveien 53, Rykkin
    Kl. 1600 Godthaab rehabiliteringssenter Gamle Ringeriksvei 148, Bekkestua
    Kl. 1700 Solvik aldershjem Solvikveien 21, Blommenholm
    Kl. 1830 Odd Fellow Sykehjem Folke Bernadottesvei 41, 0862 Oslo

    Odd Fellow Sykehjem er noe usikkert om blir noko av.

    Rettleiing "på dugnad" i mai og juni
    I mai og juni blir rettleiinga i Symra  igjen på dugnad. Det blir Marianne Dahl/Anders Sakshaug, Per Kristian Elvestad og Vebjørn Bakken som byter på å rettleie.
      
    Ny spelkvinne attåt Knut
    Frå midten av april har ei ny spelkvinne vore å sjå på øvingane i Symra. Det er Solvor Schneider. Ho spelar til vanleg i Bærum spelemannslag og har spela ein del i Sogn og Fjordane ringen. Ho  er eigentleg opplært på klassisk fiolin, fått opplæring mellom anna i Wien, men har seinare byrja med hardingfele. Vi ynskje henne vel møtt i Symra!

    Det blir sumartur til Irland i år
    Planane er at årets sumartur skal gå til ein festival i Miltown Malbay som heiter Willy Clanacy Summer School, der det blir 3-4 dagar. Dette er på vestkysten. Dette er ein stor folkemusikk- og dans-festival med 2-3000 deltakarar. Så blir det tur til Galway 10 mil lenger nord, og seinare til Dublin eit par dagar før turen går tilbake. Avreise ser ut til å bli måndag 8. juli og varer i 10 dagar. Dermed skulle det også bli råd å få med seg "NU-stemnet" på Beitostølen, som er i dagane før avreisa. Det er ei dugande nemnd som planlegg turen, og no har over 30 meldt seg på reisa, som vil gå med fly både fram og tilbake, og overnatting blir på "Bed and breakfirst".

    Nye rettleiarar i Symra
    På øvinga 13. mars møtte vi dei nye rettleiarane: Victoria Carlsen og Bjørn Carlin (sjå biletet). Victoria er 25 år, sjukepleiar i Bærum, og har dansa i mange år i Sogn og Fjordaneringen. Ho er eigentleg frå Moss. Bjørn har ein far som tidlegare var med i Symra og som no i vinter også har vore med ein del. Han er sivilingeniør og har tidlegare dansa i BUL Nidaros og i BUL Oslo. Både Victoria og Bjørn rettleiar no i ungdomsringen i BUL. Dei to gjorde eit godt inntrykk på første rettleiarkvelden. Det er uvisst  kor lenge dei blir rettleiarar, men vi får vone lenge. På første kvelden fekk vi mellom anna lære Sjuspring i kombinasjon med Rugen, vi fekk lære Pariser, ein enkel dans som er nesten lik første turen i pariserpolka, og som også blir/vart dansa i Møre og Romsdal, og ein svensk polka utan namn, som vert dansa i stor ring. Ein fin songdans frå Sunnfjord: "Å spøte og spinne eg ikkje kan, og ikkje kan eg baka..." fekk vi også lære. Så no er det berre å møte fram på øvingane og ha det triveleg og lærerikt!

    Knut Trøen 70 år - på kaffikvelden
    På kaffikvelden 27. februar var det mykje folk til stades som ville vere med å feire 70-årsdagen til spelemannen vår - nærare 100 må det ha vore. Symra og Oslo songdanslag hadde gått saman om feiringa. Teiknaren Harald Ådnevik hadde laga ei fin karikaturteikning av Knut som gåve frå dei to laga. Det var blomar frå laga, og leiarane Marianne Dahl og Johs. Kolltveit sa nokre velvvalde ord till jubilanten. Dessutan sa Vebjørn fram eit lite hyllingskvad. Her er nokre fleire bilete frå denne kvelden: Marianne og Johs, Johs med biletetKnut og Johs, Knut med biletet.

    Årsmøtet 13. februar gjekk unna i rekordfart
    Det var drygt 30 på årsmøtet i Storsalen. Alt var ferdig eit kvarter føre kl 10, og det er lenge sidan vi var så tidleg ferdig. Både gjennomgang av årsmelding, rekneskap, budsjett og val gjekk snøgt og greitt, med Anne Kallåk som ordstyrar. Likevel vart det nokså god tid å drøfte planane for neste år. Marianne Dahl vart ny leiar, Gunnar Bjelkarøy vart attvald (kasserar), og Torill Ervik og Geir Opdahl vart nye styremedlemer. Nye varamedlemer vart Inger Dyås og Anders Saxhaug. I nemndene vart det stort sett attval. Bladstyret består no av Erik Skogen, Tor Møller og Heidi E. Sætern (ny). Ettersynsfolk vart Anders Kirkhus og Anne Persson (attval begge). I valnemnda er Per Kr. Elvestad , Inger Varhaugvik og Roy Sævik. Nye i rådet vart Anne Kallåk, Laila Sidselrud og Erna Skogen. Trykk her for å sjå bilete av styret. På biletet får Marianne nøklane av Per Kristian.  (15/2-02)

    Astrid Skrindo ny rettleiar
    På kaffikvelden 9. januar vart vi også presentert for den nye rettleiaren - Astrid Skrindo. Ho skal vere rettleiarr den første halvdelen av vårhalvåret. Astrid har begge foreldra sine frå Hallingdal, men er fødd og oppvaksen i Oslo. I typisk BUL-miljø. Ho har dansa i ulike ringar i BUL frå ho var lita, og no er ho 29 år. Ho har også rettleidd i Barnelaget i BUL, og er godt kjent med Knut Trøen som spelemann, så det samarbeidet vil sikkert fungere godt. Ho nemde at sidan det i år er 100 år sidan Hulda Garborg starta med folkeviseleiken i Noreg, vil litt av repertoaret bli prega av det. Vi ynskjer Astrid (sjå biletet) velkomen som rettleiar og dansar i Symra! Siste: Astrid hadde sin siste kveld som rettleiar 6. februar. Vi takkar for innsatsen, og for nye dansar vi fekk lære, mellom andre ein polkavariant frå Finnmark.  (9/1-02, endra 15/2-02)

    Fin start på vårhalvåret
    Det var bra med folk og god stemning på første kaffikvelden. Per Kristian, Marianne og Anders leia leiken og Knut og Hallvard spela, så alt var i dei beste hender. Mykje godt å ete var det, og nemnda hadde stelt alt vel i stand.

    Starten på Symra-året 2002
    Øvingane
    startar med kaffikveld 9. januar. Nybyrjarkurset startar 16. januar. Årsmøtet er 13. februar kl 19. Innkallinga til årsmøtet står i Symra nr 5/2001. Sjå elles i programmet for vårhalvåret.  (9/12-01)

    Fin julefest markerte årsslutt i Symra laurdag 8. desember

    Denne gongen var julefesten lagt til dei vanlege øvingslokala i BLS-garden, Storsalen var dansesal og kafeen var spisesal. Det var totalt 80 deltakarar på festen som vart vellukka på alle måtar. Nemnda hadde gjort eit grundig arbeid med pynting, så overalt var det "julepreg". Maten var svært god julemat, og som vanleg var det mange gode heimebaka kaker til kaffien. Etter kaffepausen fekk vi underhaldning. Ei gruppe Symrafolk viste dans i ulike fasongar, frå barnedans, via rock til stildans. Anna-Marie og Lars Steensgaard (sjå biletet) batt det heile saman på ein morosam måte. Musikken var i dei beste hender: Knut Trøen og Åge Grundstad me god assistanse av Benjamin. Vebjørn var danseleiar og Laila Sidselrud leia bordsetet. Laila las også ei fin juleforteljing av Prøysen. Kvelden starta kl 18 og vart avslutta kl 00.30 med "Deilig er jorden", slik tradisjonen i Symra er. Så bad vi kvarande god kveld og god jul og takka for eit triveleg danseår.  Her kan du sjå ein del bilete frå julefesten(9/12-01)

    Vellukka avslutning på kurs i folkedans hausten 2001

    Nybyrjarkurset i gamaldans kom ikkje i gang i haust fordi det var for få som melde seg på. Men i slutten av oktober starta kurs for dei som var litt øvde frå før, og kurset vart avslutta samtidig med siste øvingskvelden. Hallvard spela og Marianne og Anders (biletet) rettleidde. Det var ca 15 betalande deltakarar.  (9/12-01)
        
    Lars Hauge er død

    Den 23. oktober døydde Lars Hauge 83 år gamal. Han var den mest sentrale i Symra dei 3-4 første kritiske åra i leikarringen sitt unge liv. Han vart æresmedlem i 1970. Her er dei minneorda som Vebjørn Bakken skreiv i Symra  nr 5/2001.  (9/12-01)
     
    Rettleiing på dugnad hausten 2001

    Det har vore vanskeleg å få fast rettleiar på øvingane i haust. Til våren blir det betre. Men vi prøver å gjere det beste ut av situasjonen. Folke Flatland reittleidde på første øvinga, så har Per Kristian, Marianne/Anders og Vebjørn rettleidd, og dei vil også dele på resten av rettleiingane fram til jul. Dei har samordna programmet slik at det blir kontinuitet i arbeidet. Så dette er ei spennande arbeidsdeling som kan fungere fint i ein periode. (sept 2001)

    Mimrekveld for Tysklandsfararane
    Søndag 23. september var mange av Tysklandsfararane på hyggjeleg mimrekveld heime hjå Harald og Rune. Samtidig var det 3 på vitjing frå Neustadt: Claus, Karla og Solveig Peterman, som var Symra sine kontaktfolk på Neustadt-turen. Vi såg på masse bilete frå turen, åt god mat og såg også på to ulike videoar frå turen og framsyningane. Marianne og Anders delte også ut påskjøningar til dei som hadde "utmerka" seg på turen.  Ein svært interessant kveld! På biletet ser vi på video. (sept. 2001)

    Framsyningar
    Søndag 19. august hadde Symra framsyning på tunet på Vøyenvollen på Sagene. Dei 4 para venta med lengsel på spelemann, men ingen kom. Misforståingar førte til at ingen spelemann var tinga. Men framsyning vart det likevel. Ein del songdans og kveding, og så tralla vi både til gamal reinlender, pols og vestlandsspringar! Så  dei 12-15 frammøtte fekk sjå ei litt uvanleg framsyning, men var godt nøgde likevel.

    Søndag 26. august var det framsyning på Østensjø gård i samband med Østensjødagen. Her var det mykje folk og mange såg også på at Symra dansa. Knut spela, og Inger Frøydis spela på langeleik og stevja. Det var 6 par til saman. I springaren fekk Vebjørn muskelbrist i eine leggen og det vart bråstopp på den dansen. Men elles gjekk det bra. Trykk her så får du sjå 3 bilete frå framsyninga: bilete1bilete2, bilete3

    Ein vellukka start på øvingshausten 2001
    Det var godt med folk på første kaffikvelden 22. august. Erik Haugros leia leiken på ein fin måte og visste å nytte det 5 manns store Symra-orkesteret (sjå biletet). Leiar Per Kristian informerte litt om komande sesong. Det er vanskeleg å få fast rettleiar, så året blir delt opp i bolkar. Vårhalvåret ser bra ut, men for hausten er det førebels litt usikkert. Sikkeret er det at på første vanlege øvingskvelden rettleiar Folke Flatland. Og spelemannen Knut er med oss, heldigvis!

    Symra byrjar øvingane onsdag 22. august

    Legg merke til at øvingsstart og kaffikveld er tidleg i år! Sjå programmet her.

    Symra byrjar kurset i gamaldans onsdag 29. august
    Sei frå til alle du kjenner. Kankje kan du sette opp ein lapp på jobben? Sjå her for detaljar.

    Symra har fått vinvitasjon til Jubileumsfest i Viljan laurdag 6. oktober
    Då feirer Viljan 60 år (og samarbeidslaget deira Vämlandsforeningens folkdanslag feirer 55 år) og vi har fått innbyding. Det blir sikkert ei  stor gruppe frå Symra som dreg, så sett av helga du og! Det står meir i "Symra" nr 3/2001.

    Symra på vellukka folkedansstemne i Neustadt i Tyskland

    Det vart eit svært vellukka stemne i Neustadt for dei 29 deltakarane frå Symra - medrekna spelemannen Benjamin. Festivaalen varde frå laurdag 27. juli til laurdag 5. august, og det var i alt 13 ulike land med på festivalen, som hadde 50. års jubileum. Deltakarane var innlosjert privat, og vertskapa gjorde alt dei kunne for at vi gjestene skulle ha ei triveleg veke. Og det hadde vi! Her kan du lese meir om festivalen og sjå mange bilete.

    Jonsokkveld på Høvikodden

    I år var Symra tilbake på Høvikodden jonsokkvelden - ein stråland fin sumarkveld utan vind, nesten skyfritt og ein raudnade himmel i vest. Båtar som siglde til og frå, vinkande, bål av medbrakt ved (Peder og Eirik), grillmat i lange baner, kaffi og vaflar med bringebærsylte på, og trekkspelmusikk. Ei stund var det også dansemusikk av nokre frå Bærum spelemannslag. Nett slik det skal vere ein jonsokkveld. Kl 12 var dei fleste gått heim, men ikkje alle. Det var ca 25 frå Symra til saman. Her kan du sjå fleire bilete frå jonsokkvelden.
    Tidlegare på kvelden var 6 par  på framsyning på Stovner - travelt å danse på uslegen plen - ujamn var han og. men det gjekk!

    Øving til Tyskland-tur
    Som kjent blir det tur til Neustadt i Tyskland i månadsskiftet juli/august, og det er ca 25 som har meldt seg på turen. Marianne og Anders har komponert eit nokså annleis framsyningsprogram, der dansane i større mon enn før går over i kvarandre og blandar songdans og turdans. Så no blir det nokså mange ekstra øvingskveldar for dei som skal på tur.

    Fin Pinsehelg 2001 med Viljan
    Det var 14 som kom frå Viljan dette året, av dei 4 spelemenn, og dei kom i minibuss. Dei kom seint på kvelden fredag, og fekk nattmat på Holterkilen Folkehøgskole, der dei hadde fast kvarter. Laurdag var det reise til Blaafarveverket på Modum i eigne bilar. Her var det også felles framsyning av folkedans. Om kvelden var det fest på Mjøndalen Samfunnshus. Attåt dansen og leiken var det god spekemat. Første pinsedag var det som vanleg Bygdøy-dag, først piknik på Folkemuseet og deretter sams framsyning på friluftsteateret. Om kvelden var det leikfest på Holtekilen frå kl 18 - denne gongen med viltgryte som mat. Måndag morgonen var det så å sette kursen austover att, etter ei travel men hyggeleg godvers pinsehelg saman. Den neste samkoma blir i Stockholm den 6. oktober, då Viljan feirer 60 år. Trykk her så får du sjå nokre bilete frå Folkemuseet.

    Symra hadde framsyning på Holmliadagane

    Laurdag 5. mai var 6 par på framsyning på Holmlia Senter. Marianne var leiar og Åge Grundseth spela. Først øvde vi litt, så dansa vi eit kvarter framfor ein gullsmed og så slapp vi til på sjølve scena på torget, der det var underhaldning heil ettermiddagen. Framsyninga gjekk fint vi dansa i knapt 30 min, og det var bra med folk som såg på. Turid Glommen hadd ny drakt - Kystdrakta, veldig fin! 


    Kaffikvelden i Symra i 7. mars vart ei oppleving
    Ikkje minst fordi vi fekk overraskande besøk av kvedaren Jon Anders Halvorsen i pausen, og han song nokre av visene sine. Jon Anders har gått på kvedarskulen på Voss og utvikla seg til ein av våre aller fremste kvedarar. Det var Liv Kalvatn som hadde fått Jon Anders til å kome - ho arbeider saman med han på Ullevål sykehus. Elles var det fullt hus og god stemning på kaffikvelden - det sytte matnemnda,          Maten i sentrum i Storsalen  leikleiaren Erik Haugros og spelemennene våre for. Ein triveleg kveld!
    Jon Anders i aksjon

    Symra hadde årsmøte den 14. februar 2001.

    Frammøtet på årsmøtet var om lag som vanleg - drygt 30. Årsmøtesakene gjekk unna på vanleg måte - raskt og greitt og det vart bra tid til å drøfte liv og lagnad i ringen. Styret fekk takk for eit økonomisk godt resultat og eit elles godt og aktivt lagsår.Også vala gjekk greitt unna. Kven som vart valde framgår av styreoversikta. Per Kristian Elvestad held fram som leiar. Vi fekk kaffi og kaker, og det var eit triveleg årsmøte. Eystein Grimstad sytte for god møteleiing.

    Symra skal ha stort stilball 20. oktober 2001
    På årsmøtet fekk vi høyre at det er planlagt stilball laurdag 20. oktober 2001 i "byens finaste ballsal" - Losjesalen ved sida av Stortinget. Ein tar sikte på ca 200 deltakarar. For alle stildansinteresserte vert dette flotte saker!

    Symra hadde stildansseminar på Klekken 
    Laurdag og søndag 17. og 18. februar 2001 hadde Symra stildansseminar på Klekken hotell. Det var heile 32 deltakarar - like mange av kvart kjønn, så det passa bra både til kvadriljene og rekkjedansane. Per Kristinan Elvestad godt hjelpt av søstra Sonja, instruerte på ein fin måte. Det var nokre heilt nye dansar - og grundig repetisjon av mange andre. Sume hadde ikkje vore på stildansøving før, og for dei vart det svært mykje lærdom på kort tid. Tilhøva på Klekken låg godt til rette for eit slik seminar. Den salen vi øvde i var passe stor - og mat og hotellrom og svømmebasseng var heilt utmerka. Det starta med lunch kl 12, og så var det ei lang danseøkt frå 13 til 18. Middag kl 19, og så kveldsdans frå 10-12 mest repetisjon og gjennomdansing. Her dansa vi også gjennom dei tre dansane vi har hatt på øvingskveldane: Kvadrilje, Fransese og Lancier frå Vardø. Etter frukost på søndag var det så ei økt igjen frå 10-13.Her er  nokre bilete frå seminaret.Dei dansane som vi gjekk gjennom var desse:
    Kontradansar: Slädfarten, La Vaudeville og Den 1. november
    Playforddansar: Childgrove, The Spanish Jeepsie, Hunnsdon House, Kemps Jegg, Jamaica, The Geud Man of Balingigh
    Salongdansar: Anglo-Dane, Mignon, Poumpadour, Schubert vals og Prinsesse Alexandrines kvadrilje

    Symra i gang igjen på nyåret 2001 

    Det var minst 60 på kaffikvelden den 10. januar, god mat, og fin stemning. Knut har fått med seg ei ung dugande jente på hardingfele. Ho vel vere med å spele på øvingane framover. Ho heiter Synnøve Bjørset, er 21 år og frå Jølster. Ho går på Musikkhøgskolen her i Oslo. Vi ynskjer henne hjarteleg velkomen i
     ringen vår!                                                 Knut og Synnøve i flott driv.

    Symra sin julefest av stabelen 11. desember
    Det var fleire enn på lenge på Symra sin julefest på Engebråten skole - ca 90 til saman, av dei også to frå Viljan. Det vart ein sjeldan triveleg fest. Kommiteen hadde lagt ned eit stort arbeid i å pynte sal og bord og lage til eit julebord med alle slags rettar - nok til to festar! Dei hadde også fått til svært fin underhaldning. Ved middagen og føre kaffien splela ei ung jente frå Olden - Linda Gytri - på trekkspel på ein framifrå måte. Så fekk vi også høyre at ho for eit par år sidan vart norgesmester på trekkspel! Elisabeth styrte bordseta på ein humoristisk og stilfull måte. Til kaffien var det som vanleg masse gode heimebaka kaker - også her vart det mykje til overs. I kaffipausen fekk vi eit morosamt og velkomponert innslag med tekst, dans og musikk - vel utført av Symra-medlemer som viste nye og "gamle" talent. Elles var musikken av beste merke - det må han bli når Knut Trøen og Åge Grundstad sit på podiet. Og likeeins var danseleiinga i dei beste hender - Erik Haugros styrte alt med uhøgtidleg og sikker hand. Det vart ei fin blanding av songdans, turdans og gamaldans, og eit sterkt innslag av rekkjedans - både fransese og kvadrilje gjekk svært bra. Ein hyggjeleg kveld vart avslutta med "Deilig er jorden" slik tradisjonen er på Symras julefestar. Her er nokre bilete frå julefesten.

    Symra feira 40 år på Sundvollen hotell 21. oktober.
    Det var ca 90 på symra sin fine jubileumsfest. Frå Viljan var det 8 stk. Grundtstad og Trøen spela saman med Fanteladdane frå Hordaringen, så musikken var på topp. Ragnhild Slyngstad heldt jubileumstale spekka med historier, Nina Evje styrte bordsetet på ein fin måte, og det var talar og gåve frå Viljan. Werner Dyås takka for maten. Det var ei rose i premie til utvalde medlemer, og så vart Vebjørn Bakken utnemd til æresmedlem i Symra, fint tilrettelagt av Anne Kallåk og Per Kristian Elvestad. Anders Sakshaug hadde laga ei fin kvitsymre-nål i sølv som "synleg prov på æra", og det fekk også Inger og Peder Varhaugvik som vart utnemt til æresmedlemer for 14 år sidan. I kaffipausen var det mykje gode kaker som vanleg. Så fekk vi innslag med bygdedans og stildans: Inger og Peder Varhaugvik og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken viste bygdedansane frå Møre og Romsdal med Knut Trøen som spelemann, og fire par viste to stildansar. Fint gjennomført begge deler. Marianne Dahl og Anders Sakshaug leia dansen på ein framifrå måte, og det vart avslutta med stordans og "et steg nærmare varann". Ei fin avslutning på ein triveleg jubileumsfest. Her kan du finne bilete frå jubileumsfesten.

    Symra jubilerer 21. oktober -  40 år!!
    Jubileumsfesten vert på Sundvollen hotell laurdag 21. oktober kl 18.00. Musikken er av beste merke: Knut Trøen og Fanteladdane. Flott meny også: Lammelår med fløtegratinerte poteter, fløterand til dessert, kaffi og heimebaka kaker. Pris kr 375. Påmelding med betaling innan 27. september på øving eller tilSymra v/ Gunnar Bjelkarøy konto nr. 9100 16 08075. Det er viktig å halde fristen pga avtalar med sundvollen hotell. Treng du overnatting kostar det kr 400. Ver tidleg ute! tlf 32162100 direkte til hotellet. Meld deg på! Dette blir ein triveleg fest, der vi kan treffe både noverande og eldre Symra-medlemer!

    Fjellturen er helga 1-3 september
    Turen går til Kongsberg - det er bestilt 20 plassar på vardrarheimen (Bergmannen). Det kan vere plass til fleire. Tur til Jonsknuten laurdag og besøk på sølvverksmuseet søndag. Einkeltrom m/frukost kr 470 per natt eller 420 med eigne sengeklede. På dobbeltrom kr 580 for 2 personar per natt (480 med eigne sengeklede). Påmelding til Oddny Feragen : 22023150 på dagtid eller e-post: oddny.feragen@ngi.no.

    Ball på Losby Gods i Lørenskog laurdag 14. oktober kl 18.30?
    Då er vi invitert! Musikk ved Christiania Thour  og Runddansensemble. Pris kr 450. Samla påmelding frå Symra innan 28. august. Svært god mat: Hjortefilet  ..... Dette høyrest spennande ut!

    Siste stildansøvinga er torsdag 22. juni i Storsalen kl 19. 
    Siste ekstraøving i stildans vert dette. Det vart bestemt på øvinga 16. juni.  (Innlagt 16/6-2000)

    Vellukka tur til Viljan i pinsa
    Det var 19 stk frå Symra med på bussen til Stockholm, og det vart ein fin tur med fint ver og mykje triveleg samvær og dans. Les meir om turen her og sjå på bileta(Innlagt 16/6-2000)

    To framsyningar ved Alna 
    I byrjinga av juni hadde Symra to dagar på rad framsyning ute i det fri ved elva Alna ved Brynseng. Det var vandring langs eleva i samband med 1000 års feiringa av byen, og det var fleire innslag. Første dagen var det vanleg framsyning, andre dagen berre stildans - i flotte tidstypiske kostymer. Her er to bilete frå første dagen.  (Innlagt 16/6-2000)

    Framsyning i Sandvika i mai 
    Ein flokk - med Anders og Knut i spissen - hadde framsyning på Sandvika torg. Etterpå var vi heime hjå Kirsten og slappa  av med mat og drikke på terrassen. Bilete her. (Innlagt 16/6-2000)

    Framsyningane 17. mai gjekk som normalt.
    Det var mange par heilt frå vi øvde i Sandvika kl 09. Einar Westrheim sspela for oss dei 3 første plassane og så overtok Knut. Veret heldt seg bra det meste av tida, og vi vart vel mottekne over alt.  (Innlagt 16/6-2000)

    Framsyningsøving 24. mai 
    Føre øvinga den 24. mai vert det framsyningsøving kl 18.00 - 19.50! Møt fram alle! (Innlagt 15/5-2000)

    Bygdøystemnet søndag 28. mai
    Søndag 28. mai er det vanleg Bygdelagsstemne på Folkemuseet. Kl 12.00 Stemnetog. 13.30-14.30 Felles lunch. 15.00 Symra dansar. 17-18 Samdans på Torget. 18-19 Bygdedanstime. 19-22 Foledans på Torgkafeen. Møt opp! Det blir mykje Symrafolk denne dagen!  (Innlagt 15/5-2000)

    Stildans 26. mai og 16. juni
    Fredag den 26. mai vert stildanskurset på Eikeli skole kl 19-22 (?) og  fredag 16. juni i Halli same tid.  Per Kristian rettleier. Både for medlemer (kr 75?) og ikkje medlemer (kr 100?).  (Innlagt 15/5-2000)

    Den 17. mai vert det framsyningar som vanleg
    Kort oppsummering av programmet: kl 9.00 Sandvika (øving), kl 10.00 Emma Hjorts Hjem, kl 12.00 Østerås Bo- og behandlingssenter (Røde Kors), kl 14.00 Sjømennenes helseheim, kl 16.00 Godthaab rehabiliteringssenter, kl 17.00 Solvik Aldershjem, kl 18.30 Odd Fellow. (Innlagt 15/5-2000)

    I år skal vi til Stockholm i pinsa 9. -12. juni
    Dei som ikkje møter regelmessig på øvingane, kan ta kontakt dersom de vil vere med. Det blir ein fin tur! Foreløpig program frå Viljan ser spennande ut. Mellom anna heildagstur til Uppland, tur på Stan, og kurs i svenske folkedansar. Det blir buss til Stockholm, og totalprisen blir 1500(?) (buss medrekna) (Innlagt 15/5-2000)

    Stildans i Halli
    Fredag 7. april og fredag 5. mai vert det stildanskurs i Halli kl 19.00-22.00. Per Kristian rettleier. Både for medlemer (kr 75) og ikkje medlemer (kr 100).  (Innlagt 2/4-2000)

    Knut er tilbake på spelemannskrakken
    Medan Knut har vore borte, har Åge Grundstad vore ein framifrå reserve-spelemann. Den 29. mars var Knut på plass att. Velkommen! (Innlagt 2/4-2000)
     
    Godt frammøte på øvingskveldane
    Frammøtet på onsdags-øvingane er godt. Den 29. mars var det godt over 60 til staders og ringen fylte heile salen. Vi vil satse litt på stordans også, og alle "må" lære alle versa på Villemann og Magnhild (32 vers). Elles har vi brukt litt av øvingane til å gjennomgå pols. Og vi har arbeidd nokså mykje med stildans den siste tida (mellom anna Fransese og Kvadrilje). (Innlagt 2/4-2000)

    Mange frå Symra til Nordleik i Stavanger
    Det skal vere heile 49 påmeldte til Nordleik i juli. Dei fleste frå Symra skal bu saman på ein skule. Det har "alltid" vore mange frå Symra på Nordleik, men dette må vel vere rekord? Det skal bli moro! (Innlagt 2. april)

    Milleniums-ballet i Sandefjord vart vellukka

    Det var mange par med frå Symra på ballet der det i alt var ca 270 deltakarar. Dei fleste var også med på ekstraøvinga på førehand. Ballet gjekk av stabelen på det erverdige Park Hotell, og dansesalen var stor og fin. Her kan du sjå nokre bilete frå ballet.  (Innlagt 15. februar)

    Nordleik 2000
    blir som kjent i Stavanger 4. - 9. juli. Det norske samdansprogrammet for stemnet blir slik: 
    1) Springar i udelt takt 
    2) Langedans som overgang for dei som ikkje dansar springar 
    3) Sporven (Norske Folkedansar, Songdansar) 
    4) Totur frå Jelsa (Danse danse lett) 
    5) Feiar frå Hordaland (Norske folkedansar. Turdansar) (Innlagt 29. desember).

    Første kaffikvelden i nytt årtusen
    blir onsdag den 5. januar til vanleg tid kl 20.00  i Storsalen. Kanskje vi skal prøve å få med oss folkedansarar som til vanleg ikkje møter opp - medlemer eller ikkje medlemer? Dersom vi alle gjer ein liten innsats kan vi bli endå fleire på øvingane. Det har dei siste åra vore godt oppmøte på øvingane i Symra samanlikna med dei andre ringane i byen. Men det er plass til ein del fleire - og det blir alltid triveleg når vi er mange på golvet. (Innlagt 29. desember).

    Årsmøte i Symra 9. februar
    som vanleg blir årsmøtet i Storsalen. Saker som skal opp på årsmøtet må vere styret i hende seinast onsdag 12. januar. Årsmelding og rekneskap blir sendt ut med Symra-bladet 19. januar. (Innlagt 29. desember).

    Stildans på temakveldar i vår
    Det blir stildans på temakveldane onsdag 19. januar og 16. februar kl 18.45 - 19.45 i Halli (?). Dessutan blir det kurs 4. februar på Eikeli kl 18.00 - 21.30. Per Kristian er instruktør. Fleire i Symra har meldt seg på 2000-årsballet i Sandefjord 26. februar. (Innlagt 29. desember).

    Symra sine folkedanskveldar
    i vårhalvåret blir søndag 30. januar (Sandar spelemannslag) og 26. mars (Nannestad spelemannslag). Set av datoane i almanakka allereide no! (Innlagt 29. desember).

    Vebjørn Bakken rettleier i vårhalvåret og Knut spelar
    Det er slik at Brit vil sleppe rettleiing for ei tid, og i vårhalvåret blir det Vebjørn som rettleier. I tillegg til turdans og songdans, blir det også sett av litt tid til øving på bygdedans: dei 3 dansane frå Møre og Romsdal og vestlandspringar og pols. Det blir færre temakveldar med bygdedans våren 2000, men fleire med stildans. Og så er det godt å vite at Knut framleis sit på spelemannskrakken. (Innlagt 29. desember).

    Nybyrjarkurset startar 12. januar
    Den 12. januar kl 18.00 - 19.45 startar nytt nybyrjarkurs i gamaldans. Marianne Dahl og Anders Saxhaug er lærarar og Halvard Opheim spelemann. Meld frå om kurset til dei du trur kan vere interesserte, så vi får eit stort og triveleg kurs! Siste kursdag blir 1. mars og prisen blir kr 400. Onsdagen etterpå vil vidaregående kurs i folkedans starte, og det vil ogsså koste kr 400. (Innlagt 29. desember).

    NU-stemnet i Asker i 2001
    Det er bestemt at BLS skal stå som tilskipar av NU-stemnet i 2001, og at det skal foregå i Asker (Hulda og Arne Garborg). Det blir eit litt annleis stemne enn før: billegare og færre tilskipingar, og meir bygdedans. Aktuelt tidspunkt er 5.-8. juli. Også vi i Symra må sjølvsagt vere med å arrangere, så det er viktig at vi er positive når vi blir spurt om å delta i nemnder og utval og dugnader. (Innlagt 29. desember).

    Fredag 26. november var det stildanskurs
    Dette var eit slags framhald på kurset i oktober med Per Kristian Elvestad som lærar og ein bandspelar sytte for musikken. Det var godt frammøte på kurset (ca 20?). Mange av deltakarane har tenkt seg på Stildans-ball i Sandefjord i februar.

    Vestlandsspringar også 10. november.
    Siste temakvelden denne hausten var det også Vestlandsspringar. Vebjørn rettleidde og Knut spela, men det var ikkje mange deltakarar.

    Vestlandsspringar den 13. oktober
    Denne øvingskvelden er det øving/kurs i Vestlandsspringar i Halli kl 18.45 - 19.45. Vi starta med springaren på temakvelden i september, så dette blir eit slags framhald. Møt opp! Knut spelar og Vebjørn instruerer. Vebjørn gløymde at han skulle rettleie, men Per Kristian overtok på kort varsel.(Innlagt 8/10-99)

    Kurs i stildans fredag 29. og laudag 30. oktober
    Det er god interesse for stildans i Symra for tida, vi dansar mellom anna nokre turar av Fransese på vanlege øvingskveldar. Denne helga blir det ekstra moro. Det blir kurs i stildansar frå 17.30 - 21.30 på fredag og frå 11-16 på laurdag. Det er Per Kristian Elvestad som rettleier og Dag Vårdal er spelemann. Det blir ikkje dei mest vanlege stildansane, for Per Kristian har funne nokre spennande og fine dansar som det skal bli moro å lære. Dette kurset er ikkje berre for Symra-folk, alle er velkomne. Det er på Eikeli barneskole i Bærum Ring Anne på telefon 67145527 så får du fleire detaljar. Kurset kostar kr 200 for medlemer og 250 for ikkje-medlemer. (Innlagt 8/10-99)

    Nytt kurs i Symra startar 20. oktober
    Den 13. oktober er det avslutning på nybyrjarkurset i gamaldans, og onsdagen etter, 20. oktober, er det nytt kurs i gamaldans/folkedans. Det er same instruktørane og spelemann som på det noverande kurset. Det har vore bra med folk og topp stemning på kurset, så det blir sikkert morro også på det neste. Møt fram! Det er kvar onsdag kl 18.00 - 19.45. Det er berre å møte fram med godt humør og gode sko! (Innlagt 8/10-99)

    Skogsturar i august
    Som innleiing til ein aktiv Symra-haust, og oppkøyring til fjellturen i Rondane, vert det to skogsturar i slutten av august. Første tur: onsdag 18. aug kl 18.00 Frammøte på endehaldeplassen til den nye trikkelina til Rikshospitalet på Gaustad. Andre tur: søndag 22. august kl 12.00. Frammøte på parkeringsplassen ved badeplassen på Bogstadvatnet Sørkedalsbussen har stoppestad der.  Husk å ta med drikke og niste Vel møtt! (Innlagt 26/6-99)

    Fjellturen 1999
    Fjellturen i åg går til Rondane. Fast losji på Øvre Dørålseter, frå fredag 27. til søndag 29. august. Det er forhåndsbestillt 20 plassar. Påmelding innan 20. juni, men kanskje det går an seinare og? Ring Eystein 22181917(p) eller Oddny 22960232(p). (Innlagt 26/6-99)
    Skogsturar i august
    Som innleiing til ein aktiv Symra-haust, og oppkøyring til fjellturen i Rondane, vert det to skogsturar i slutten av august. Første tur: onsdag 18. aug kl 18.00 Frammøte på endehaldeplassen til den nye trikkelina til Rikshospitalet på Gaustad. Andre tur: søndag 22. august kl 12.00. Frammøte på parkeringsplassen ved badeplassen på Bogstadvatnet Sørkedalsbussen har stoppestad der.  Husk å ta med drikke og niste Vel møtt! (Innlagt 26/6-99)

    Fjellturen 1999
    Fjellturen i åg går til Rondane. Fast losji på Øvre Dørålseter, frå fredag 27. til søndag 29. august. Det er forhåndsbestillt 20 plassar. Påmelding innan 20. juni, men kanskje det går an seinare og? Ring Eystein 22181917(p) eller Oddny 22960232(p). (Innlagt 26/6-99)

    Jonsokkvelden var i  Hvervenbukta
    Først hadde Symra ei kort framsyning på scena, som eit av mange innslag i eit langt program. Seinare på kvelden kom det fleire til, og det var etterkvart mange samla i Symra-flokken. Knut og Halvard hadde instrument med og det vart også dans på den bratte vollen. Trass i dårlege medlingar, vart også veret fint, så kvelden vart absolutt vellukka. (Innlagt 26/6-99)

    Første øvingskveld (kaffikveld) 25. august
    Då startar haustsesongen, og vi reknar med at det blir fullt hus og stormande jubel frå første keld. Eit hyggjeleg møte etter ein einnhaldsrik sommar. Det blir spennande å frette nytt og helse på kjentfolk att. Vi vonar også at nokre nye medlemer møter opp. Velkomne alle! (Innlagt 26/6-99)

    NU-stemnet på Sunndalsøra torsdag til søndag 1. - 4. juli
    Det blir ikkje så svært mange som tar turen til Sunndalsøra. Vi trur det kan bli i underkant av 10, og dei fleste skal bo i ei hyttegrend litt utafor sentrum. Nokre av deltakarane skal vere med på kurset i Nordmørspols, som kjeldene for polsen Ragna og Andres Ansnes frå Aure skal halde.
    (Innlagt 26/6-99)
    Brit rettleier også neste sesong
    Når det gjeld rettleiing i Symra blir det om lag som for 1998/99-sesongen. Brit har dei fleste gongene, men Vebjørn  tar nokre rettleiingar innimellom. Det skal nok bli eit bra opplegg, så vi vonar på godt og stabilt frammøte på alle øvingane. (Innlagt 26/6-99)

    Temakveldar hausten 1999
    Det blir temakveldar også hausten 1999. Tida blir litt annleis enn før: Onsdagar kl 18.45 - 19.45 (dvs rett før øvinga tar til). Det blir i første rekkje bygdedansane frå Møre og Romsdal: Sunnmørsspringar, Romdalsspringar og Nordmørspols. Det kostar kr 25 per gong. Møt fram, nye og "gamle" dansarar. Desse datoane er avsett: 15. september, 13. oktober og 10. november. (Innlagt 6/5-99)

    Helgekurs i stildansar hausten 1999
    Helga 29.-30. oktober vert det helgekurs i stildansar. Sett av datoen allereide no! Det er stor interesse for stildansar for tida, både i Symra og elles. (Innlagt 26/6-99)

    Gamaldanskurset i Symra hausten 1999
    Det første nybyrjarkurset startar onsdag 1. september kl. 18.00- 19.45. Gjer vener og kjente og kollegaer merksame på korset! (Innlagt 26/6-99)

    NU-stemnet på Sunndalsøra torsdag til søndag 1. - 4. juli
    Symra har ting overnattingshytter, og mange (?) har tenkt seg dit. Dette blir Symra sin "sumartur" i år. Ta kontakt med styret!
    (Innlagt 6/5-99)

    Den 3. juni : Tøyenparken
    Då tar Symra botanisk tur til denne fine parken, og Harald Hunderi er guide. Frammøte kl 17.30.
    (Innlagt 6/5-99)

    Ny framsyningsnemnd
    Det er den same som året før: Inger Varhaugvik, Aud-Karin Fosstvedt og Ragnhild hansen.
    (Innlagt 6/5-99)

    Ny teaternemnd
    Det er også dei same som før: Liv Kalvatn og Ragnhild Slyngstad.
    (Innlagt 6/5-99)

    Innbyding til leikfest på Dombås med Nye Ringnesin
    Igjen har det kome innbyding til leikfest på Dombås laurdag 17. april kl 19-02. Det er framifrå musikk: Nye Ringnesin  spelar. Mat og kaffi og kaker, inngangspengar kr 175, og påmelding til Ragnhild Utgaard Smette 61241511 innan 10. april. Dette brukar å vere ein svært gild leikfest med mykje folk og god stemning. Det er 10. gongen leikfesten blir skipa til. Meld deg på!
    (Innlagt 19/3-99)

    Nytt songhefte i Symra
    Symra sitt fine songhefte "Syng med Symra" har nyss (februar 1999) kome i ny utgåve. Det kostar ikkje mange kronene, og er lett å ta med seg på øvingane. Mange av dei mest brukte dansevisene våre står her. Det er på 56 sider. Kjøp det, og ta det med! Det er Ragnhild Slyngstad som står bak det fine tiltaket.
    (Innlagt 19/3-99)

    Framsyningsøving for alle onsdag 28. april kl 18.00
    Det lir mot 17. mai. Då er alle velkomne til å delta på framsyningane, men det er lurt å øve seg "litt" før den tid. Før øvinga blir det framsyningsøving, og dei aktuelle dansane blir gjennomgått. Det foregår i Storsalen.
    (Innlagt 19/3-99)

    Folkedanskveld med Symra 25. april
    Denne dagen er Symra teknisk tilskipar på folkedanskvelden sundag. Ullensaker Spelemannslag spelar. Møt opp!
    (Innlagt 19/3-99)

    Kurskveld i Romsdalsspringar
    Onsdag 14. april kl 18.00 - 19.45 i Halli vert det minikurs i Romsdalsspringar. Vi går i gjennom heile dansen slik at det blir ei fin anledning for dei som kan dansen delvis å repetere og lære han betre, og for nye dansarar å få ein første innføring. Instruktør er Vebjørn Bakken, Inger Varhaugvik og Peder Varhaugvik, spelemann er Knut Trøen og kurset kostar kr 50. Møt opp og lær/øv romsdalsspringar!
    (Innlagt 7/3-99)

     Kurskveld i Vestlandsspringar
    Onsdag 17. mars kl 18.00 - 19.45 i Halli vert det minikurs i Vestlandsspringar. Vi går i gjennom heile dansen slik at det blir ei fin anledning for dei som kan dansen delvis å repetere og lære han betre, og for nye dansarar å få ein første innføring. Instruktør er Vebjørn Bakken, spelemann er Knut Trøen og kurset kostar kr 50. Møt opp og lær/øv vestlandsspringar!
    (Innlagt 7/3-99)
    Det var godt frammøte på vestlandsspringaren. Deifleste var frå symra, men også nokre "utanfrå".

    (Innlagt 19/3-99)
     
    Årsmøtet i Symra
    Årsmøtet var onsdag 10. februar og var eit godt årsmøte der ein fekk god tid til å drøfte programmet og budsjettet for 1999. Alle vala vart slik som valnemnda hadde gjort framlegg om. Det betyr mellom anna at Anne Kallåk vart vald til leiar for eit nytt år. Dei nye tillitsvalde kan ein finna under "styret". Elles kan ein nemne at 1998 vart eit godt år for ringen, både øknomisk (overskot på nesten 12000) og driftsmessig. Det gjekk særleg bra med framsyningane. Medlemstalet for 1998 var 110.
    (Innlagt 25/2-99)

     
    Nytt kurs i gamaldans og folkedans - vidaregåande kurs
    Onsdag 3. mars startar nytt vidaregåande kurs i gamaldans. Det byggjer på nybyrjarkurset i gamaldans som slutta onsdag 24 februar. Det er som vanleg i tidsrommet 18.00-19.45 i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22 og går over 7 kveldar. Prisen er kr 350 for heile kurset. Kursinnhaldet blir repetisjon av gamaldansane og vidareføring av dei, i tillegg til noko turdans og songdans. Det er levande musikk - framifå musikk ved Knut Trøen og Marianne Dahl og Anders Saxhaug er rettleiarar.
    (Innlagt 25/2-99)

     
    Jon Tryti er død
    Spelemannen til Symra gjennom meir enn 25 år Jon Tryti døydde 10. februar og vart gravlagd på Østre Gravlund 16. februar. Det var 10-12 frå Symra i gravferda, og nesten like mange frå Songdanslaget. Fanene til dei to laga med sørgeband stod framme i kapellet, og medlemene i Songdanslaget stor æresvakt nedover midtgangen. Det var ein fin krans felles frå Symra og Oslo Songdanslag, og Vebjørn Bakken bar fram minneord om Jon frå dei to laga. Det var blomar frå Sogn og Fjordane-ringen. Knut Trøen og Åge Grundstad spela ein brureslått som dei hadde lært av Jon og Inger Frøydis Bakken song ein salmetone.
    Vi fekk melding om at Jon var død ved slutten av årsmøtet den dagen han døydde. På øvingskvelden dagen etter gravferda sa Vebjørn Bakken nokre minneord om Jon, Knut spela Jølstrabrura og det var 1 minutts stillheit. Torsdag 25. februar stod det minneord om Jon både i Aftenposten og i Dagsavisen skrive av Vebjørn.
    (Innlagt 25/2-99)

     
    Onsdag 24/2 var det kaffikveld
    Det var bra med folk til stades for vinterferietid å vere - ikkje minst frå kurset. Knut og Hallvard spela og Per Kristian leia leiken - begge deler på ein framifrå måte. Det vart ein triveleg kveld for alle.
    (Innlagt 25/2-99)
    Dei to temakveldane
    I januar og februar var det to gonger temakveldar i Halli - den første timen med Nordmørspols og den andre timen springar frå Nordre Sunnmøre. Gunnar Hals og Gunn Berit Bonde rettleidde i Nordmørspolsen og Vebjørn Bakken i springar. Særleg den første gongen var det mange til stades. Knut Trøen spela som vanleg. Det var to vellukka kurskveldar.
    (Innlagt 25/2-99)
    Litt om programmet i vårhalvåret
    Som halvårsprogrammet syner, blir det 4 temakveldar i vår: 20/1, 17/2, 17/3 og 14/4, som vanleg i Halli frå 18.00-19.45. På dei to første kveldane blir det Nordmørspols den eine timen og Springdans frå Nordre Sunnmøre den andre timen. Den 17/3 blir det Vestlandsspringar og den 14/4 Romsdalsspringar. Vi er så heldige at Gunnar Hals (og Gunn Berit Bonde?) kjem og instruerer Nordmørspolsen. Eller blir det Vebjørn og Inger og Peder som leier desse bygdedansøvingane. Som vanleg spelar Knut Trøen. Vi vonar på godt frammøte både frå nybyrjarar og dei som har vore med på desse dansane tidlegare.
    Nybyrjarkurset i gamaldans byrjar samtidig med øvingane, 6. januar kl 18.00 - 19.45.

    Brit Håland vil halde fram som rettleiar på øvingane i Symra, men nokre av gongene vil Vebjørn Bakken og Dag Evensen vikariere. Semesteret startar med kaffikveld den 6. januar. Den 10. februar er det som kjent Årsmøte, og då er det ikkje øving.
    (Innlagt 29/12-98)

     
    Julefesten 1998 er 12. desember
    Sjølvsagt vert det også i år julefest i Symra. Dette er på mange vis den viktigaste festen vi har - med faste tradisjonar heilt tilbake til dei første åra i leikarringen. I år skal festen vere i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22, så vanskeleg å finne fram skulle det ikkje vere! Festen byrjar kl 18.00 presis. Det blir god varm mat, og sjølvsagt gode heimebaka kaker til kaffien utpå kvelden. Musikken vert av aller beste merke - gamlekara - vil syte for den, og då vert det ikkje noko gamalmodig preg over dansemusikken! Prisen er kr 250. Pengane kan betalast til kontonr. 05402358353. Ta kontakt med nokon i ringen (leiaren til dømes) og sei frå at du kjem! "Alle andre" med tilknytning til Symra kjem også, så det blir ein triveleg førjulsfest.
    (Innlagt 3/12-98)
    Kort referat
    Det vart ein verkeleg fin fest! Musikken og maten var framifrå, vi fekk faktisk heimesteikt kalkun, med godt tilbehør. Festnemnda hadde lagt ned eit stort arbeid i pyntinga og matlaginga. Vi fekk også opplesing, både ein Prøysen-stubb og H.C.Andersen, og vi fekk Lucia-songar. Erik Haugros leia dansen på ein svært fin måte. Det var vel 60 deltakarar i alt. Deltakar også frå Stockholm (Curre Brandt). Dei som hadde fortent det, fekk blomar for innsatsen gjennom året. Alt i alt, ein triveleg kveld.
    (Innlagt 28/12-98)

     
    Onsdag 2/12 var det
    øving i Halli på Romsdalsspringaren. Det var knapt 10 par til stades, som fekk sveitten fram etter kvart. Knut spela og Vebjørn rettleidde med hjelp av Inger. Utpå nyåret vil vi prøve å få til repetisjonsøvingar på springaren, og dei andre bygdedansane vi arbeider med.
    Denne onsdagen var det også avslutning på eit vellukka vidaregåande kurs i folkedans, med Aud Karin som leiar og Knut (og Hallvard) som spelemenn.Det var blomar til spelemenn og rettleiar og diplom til deltakarane.
    (Innlagt 3/12-98)

     
    Rettleiaren vår Brit Håland
    har vorte vald til leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans. Vi i Symra gratulerer!
    (Innlagt 3/12-98)

     
    Kurs i Fransese laurdag 31. oktober 98
    Kurset er i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22 kl 11.00 -14.00. Det er Knut Trøen som spelar og Dag Evensen er rettleiar, su kurset skulle vere i dei beste hender. Dei siste åra har Symra jamt hatt kurs i Fransese ein gong for året minst, og det er viktig at vi kan halde fram med denne tradisjonen. Med på kurset blir det ei blanding av folk som kan delar av dansen frå før og nybyrjarar, og det er ein fin måte for nye å lære på. Det blir oppfølgjing av kurset onsdag 4. november kl 18.00-19.45 (før øving på onsdag).
    (Innlagt 25/10-98)
    Både på kurset og på oppfølgjinga var det 8 par - det passa fint, men det kunne godt ha vore fleire. Det var eit fint kurs. Dei fleste hadde gått på kurs i fransese tidlegare, og det gjekk greitt å lære dansen. Ikkje minst var det moro med den fine musikken. Vi er imponert over Knut (Trøen) som kan alt  - utan bruk av notar. Takk både til Dag og Knut!
    (Innlagt 6/11-98)

    Leikfesten i Symra
    Leikfesten vart ein triveleg kveld for dei ca 55 deltakarane. Det er litt færre enn dei siste åra. Knut Trøen og Åge Grundstad sytte for framifrå og variert musikk. Kvelden stod i "troll"-teikn, og ei av gruppene i barnelaget kom og viste trolldansar for oss. Svært populært! Maten - viltgryte som middag  og gode kaker til kaffien , mellom anna trollkrem - smakte svært godt. Lars Steensgaard leia bordsetet og Inger Frøydis Bakken leia dansen. Alt utført på ein fin måte.
    (Innlagt 25/10-98)

    Onsdag 21. oktober startar nytt vidaregåande kurs i gamaldans/folkedans
    Kurset vil vere eit vidaregåande kurs i gamaldans, men du vil i tillegg få ei innføring i grunnelementa i norsk folkedans, turdans og songdans. Som vanleg er det i Storsalen i BLS-huset, Nordahl Brunsgt. 22 kl 18.00 -19.50. Instruktør vert som før Aud-Karin Fosstvedt og spelemann Knut Trøen. Det er berre å møte fram når kurset startar. Ta med gode sko og godt humør!
    (Innlagt 3/10-98)
    Kurset er no godt i gang, og det er god stemning. Talet på deltakarar er eg ikkje sikker på.
    (Innlagt 6/11-98)

    Onsdag 7. oktober rettleier Dag på øvinga
    Den dagen blir det også øving på menuett!
    (Innlagt 28/9-98)

    På temakvelden 7. oktober kl 18.00 - 19.50

    Denne temakvelden blir det øving på Sunnmørsspringar. Dette er ein svært fin springar som det er moro å kunne. Vi går gjennom heile dansen slik at det er råd å lære han også for heilt nybyrjarar. Elles blir det fint for alle å repetere og å øve på dansen. Det blir Vebjørn pg Inger som rettleier. Velkomne alle saman!
    (Innlagt 28/9-98)

    Nybyrjarkurset er godt i gang

    Det er bra med folk på det nye kurset i gamaldans i Symra. Kurset går som vanleg onsdagar kl 18.00 - 19.45 med Aud-Karin Fosstvedt som lærar og Knut Trøen som spelemann. Vi får vone at mang av dei som deltar også vil halde fram i ringen når det lir så langt.
    (Innlagt 15/9-98)

    Den nye rettleiaren er i gang.
    Brit Håland har hatt sin første kveld i Symra onsdag 2. september. Det var fin stemning og som vanleg mange til stades. Vi vonar på godt og stabilt frammøte på øvingane framover. Det fortener rettleiaren, spelemannen og alle dei som møter. Godt frammøte fører til liv og røre og  hyggje på øvingskveldane.
    (Innlagt 15/9-98)

    Nokså mange på fjelltur
    Ca 20 er med på Symra sin fjelltur 5.-6- september i Gausdal. Vonar veret blir bra! Då vil det sikkert bli ein vellukka tur.
    (Innlagt 15/9-98)

    BLS og laga presenterer seg på byen
    Laurdag 5. september var BLS på Egertorget og presenterte seg for folk i byen mellom 12 og 15. Det var dans i ulike fasongar, utdeling av faldarar, reklame for folkedanskveldane, musikk ved delar av Fanteladdane og bra med folk som såg på. Også Symra hadde ein del medlemer til stades (sjølv om det kolliderte med fjellturen). Ekstra moro var det å sjå dei aller minste borna vise dans og danseglede. På Eidsvolls plass hadde BUL særskild presentasjon.
    (Innlagt 15/9-98)

    Temakveldar i Symra - eit fint høve til å lære/øve bygdedans
    På den første temakvelden i haust - onsdag 9. september kl 18.00 - 19.45 i Halli, er det Vestlandsspringar som står på programmet. Vebjørn Bakken vil instruere og Knut Trøen spelar. Vi vil gjennomgå heile dansen, slik at det er mulig for dei som ikkje kan dansen frå før, å få ei første innføring. Elles er det eit fint høve for alle andre å repetere og praktisere denne fine bygdedansen. Seinare på hausten, vert det temakveldar i bygdedansar frå Møre og Romsdal. Det er berre å møte opp i Halli utan noko påmelding!
    (Innlagt 15/9-98)
     

    Ein fin start på haustsesongen med kaffikveld 26. august.
    Det var ein triveleg start på sesongen denne kaffikvelden. Mykje gode kaker, bra med folk, utveksling av sumarminne, morosame MorenVesås-dikt lesne av leiar Anne. Det var Per Kristian som leia leiken på ein fin og morosam måte og den gode musikken var det som vanleg Symraorkesteret som sytte for.
    (Innlagt 15/9-98)
     

    Symra har leikfest laurdag 17. oktober kl 18.00
    Nemnda har allereide sett opp plakatar og påmeldingsliste er i sirkulasjon. Leikfesten blir på Engebråten skole på Grefsen - ein ny fin skule som vil passe fint til leikfest. Knut Trøen og co skal spele, så det vert god og allsidig musikk. Menyen ser spennande ut! For nærare innformasjon og påmelding: ring Marianne tlf 22462281. Dette skal bli ein fin fest med mange deltakarar!
    (Innlagt 15/9-98)

    Nytt "Symra" på øvingskvelden 2. september
    Det nye bladet inneheld mellom anna referat frå Isleik, annonse for leikfesten og referat frå andre tilskipingar i sumar.
    (Innlagt 15/9-98)

    1