Nokre bilete frå Pinsa i Stockholm 2005

Tilbake til hovudsida
Pinsefeiringa i Stockholm i 2005 vart vellukka på alle måtar. Vi var over 30 frå Symra som var med bussen, og Svein var sjåfør som mange gonger før. Det var 40 år sidan det første møtet mellom Viljan og Symra i Oslo i 1965. Veret var strålande begge festdagane. Laurdag var vi store deler av dagen på Skansen og vi hadde sams framsyning på dansebana på Skansen. Seinare tok vi turen ut til Arlanda flyplass der vi også hadde ei kort framsyning. Så gjekk ferda til Jubileumsfesten nokre mil nord for Stockholm på eit triveleg forsamlingshus i Edsero. Det vart ein finfin fest. Med talar og songar og gåver og dans. Dagen etter - søndag - var vi igjen på Skansen i bunad - vi var med på den norske høgmessa der spelemennene Vidar Skrede og Erlend Viken spela. Etterpå dansa Symra tre songdansar på kyrkjebakken. Straks etter hadde vi på ny sams framsyning på dansebana på Skansen. Så gjekk turen eit par timar etter attende til Farsta der vi bytte frå bunad til sivil. Så bar det vidare ein halv times busstur sørover til ein gamal husmansplass som var fint restaurert og med eit fint forsamlingslokale. Også her var det god mat og gild dans. Vel attende til Farsta vart det nattmat og nattdans. Og morgonen etter var det igjen frukost og tradisjonell avslutning med avskjedsklemmar. Nokre av bileta er tekne med digitalt kamera, medan andre er tekne med vanleg kamera og scanna inn etterpå. derfor er det ein del motiv som kjem to gonger.

Her er nokre bilete frå jubileumsdagane i Stockholm. No har dei siste bileta kome på plass også..
Her er fleire bilete frå framsyninga på Skansen!


Spelemennene Vidar Skrede og Erlend Viken underheld med spel frå baksetet i bussen. Jon lytter.

Vi er komne til jubileumsfesten - mottaking ute i fineveret

 

Nokre av deltakarane på jubileumsfesten
 

Dei fleste festdeltakarane samla framfor festlokalet Edsero bygdegård
 

Nesten alle samla til jubileumsfotografering
  

Tommy og Britt-Inger inntar lunchen sin på Skansen laurdag
  

Søndag var vi med på gudstenesta på Skansen, og etterpå dansa vi tre songdansar på kyrkjebakken.
  

Her dansar vi som siste dans Bendik og Årolilja
  

Vidar og Erlend spela "postludiet" i kyrkja - ein fin marsj.
  

På Skansen var det mange fine norske program - her er det Øyunn Groven Myhren som syng ei folkevise på Solliden-scena.
 

Sunnmørsbunaden har eit veldig fint skaut, men det er vanskeleg å få knytt det fint og rett. Her er det Liv som hjelper Ragnhild.
  

Her ser vi at plagga set fint- Liv med jenteskaut og Ragnhild med kone-skaut.

Søndagskvelden var vi på eit fint gamalt torp sør for Stockholm - der spelemannen Magnus har sitt spelemannslag.
   

Her får vi omvisng på det koselege torpet.
  
 

Vidar og Erlend spelar nokre flotte slåttar på festen søndag, slik dei også gjorde det på laurdag.
  

Her er vi samla på Farsta gård om morgonen avreisedagen, klare til siste avskjedssermoni.
 

Avskjeden er ikkje komen heilt i gang enno.
 

Klemmerunden er i full gang

 

Ragnhild og Mikke tar farvel for denne gongen
   
Bileta nedanfor er tekne med vanleg kamera og scanna inn etterpå.
  

Folk er klar til avreise til Skansen laurdag.
  

Her er det Ulla som fortel eitkvart. Før avreisa laurdag dette også.
  

Inger Frøydis har fått ferdig Konebunaden frå Vang i Valdres. Då må vi ta bilete.
  

Dag har fått seg ny bunad - etter å ha tenkt seg lenge om. Ein staseleg bunad og ein staseleg kar!
 

Biletet viser "alle" som var med på jubileumsfesten i Delsbo
  

Nokre av dei som var med på Jubileumsfesten
 

Her har vi dei svenske spelemennene og nokre til
  

Ein del som høyrer på Curre før Jubileumsmiddagen
 


  

Dei som var med ved starten i 1965 er kalla fram - før jubileumsmiddagen.
  

Veteranane frå 1965 fekk plass ved æresbordet. Her er det Ulla som fortel.
    

Ulla, Inger og Peder på Farsta Gård framfor dei historiske breva frå 1965.
   

Spelemenn - Vidar og Erlend - i motlys. Dei spela inne i kyrkja på skansen under den norske høgmessa - dei spela postludiet.
  

Spelemennene våre Erlend og Vidar finstemmer hardingfelene og er klar til å spela nokre slåttar.

Spelemennene Vidar og Erlend spela også i bussen - både til underhaldning og for å øve på danseslåttane.
 

Laurdagen reiste vi frå Skansen til Arlanda, der det dkulle vere framsyning. Det vart ein lang køyretur pga trafikkproblem. Men framsyning vart det til slutt!

Her er lle samla til avskjed på Farsta gård måndags morgonen etter ein god frukost.