Nokre bilete frå Pinsa i Oslo 2006 frå Curre i Viljan

Tilbake til hovudsida
Pinsefeiringa i Oslo 2006 vart vellukka på alle måtar. Det var over 20 (24?) frå Viljan som var med bussen, med Curt som sjåfør. Viljan overnatta også denne gongen på Haraldsheim der dei vart møtt av pinse-nemnda i Symra fredags-kvelden. Laurdag drog vi til Drøbak i det strålande veret. Der dansa både Viljan og Symra på brygga. Benjamin sytte for norsk musikk. Etterpå var det god suppe på Skipperstua like ved. Om kvelden var det fest på Høvik Verks skole. Mykje god mat, mykje dans, Fanteladdane og Viljan-spelemennene sytte for det. Oddny og Eystein var toastmaster. Curre B. og Inger Frøydis og Vebjørn  leidde leiken. Det var ca 60 til stades. Søndag var det framleis fint ver, og det var tradisjonell tur til Folkemuseet. Her var det piknik i Trøndertunet, og etterpå dansa Viljan og Symra på Friluftsteateret. Knut spela for Symra. Om kvelden var det så igjen fest på Holterkollen Folkehøgskole. Igjen var det mykje god mat og dans. Særleg godt smakte nasjonaldagsdesserten som Liv Kalvatn hadde laga. Dag Evensen leia den "norske" dansen, og Jon, Mia og Mikke sytte for at vi lærde nye svenske dansar. Spelemenn var Viljans gode orkester saman med våre eigne Knut, Solveig og Lars Petter. Vi avslutta kvelden med "Lev vel" og "Du kan høra".

Her er nokre bilete eg har fått tilsendt frå Curre (vesle Curre) i Viljan.
 


Det er kaffirast - Pia og Magnus vil rive ned ein lyktestolpe?
 

Viljan er i gang med kaffirast på turen
 

Eit bilete til frå kaffirasten
 

Frå hamna i Drøbak
 

Jon ser på hamna i Drøbak.
   

Hamna i Drøbak
  

Hamna i Drøbak
  

hamna i Drøbak
  

Julehuset i drøbak
    

Julehuset i Drøbak
  

Julehuset i Drøbak
 

Julehuset i Drøbak

Julehuset i Drøbak
   

Julehuset i Drøbak
 

Kjerstin og Bjørg på Folkemuseet
  

Kjerstin
 

Kjerstin, Bjørg og Gro på Folkemuseet
  

Bjørg og Gro på Folkemuseet
  

Mikke og Jon
  

På Rolkemuseet
   

På Folkemuseet
  

På Folkemuseet
    

  På Folkemuseet
  

På Folkemuseet

Vi var i godt selskap på Folkemuseet!
   

Eit godt lunch-bord!
  

  Også frå lunch-bordet.