Nokre bilete frå Jubileumsreisa til Symra i pinsa 2010 Del 3

Tilbake til hovudsida

Svært vellukka pinsetur til Møre og Romsdal
Dei 35 som var med på Symra sin jubileumstur til heimefylket i pinsa 2010 fekk rike opplevingar. Dei fleste reiste med fly til Ålesund torsdags ettermiddag og tok flyet nedatt frå Molde månadag kveld. Vi overnatta to netter i Ålesund og to netter i Molde. Det var fleire høgdepunkt på turen. Fredag hadde vi ein strålande soldag med Hurtigruta Trollfjord inn til Geiranger, og buss tilbake til Ålesund. Vi fekk også oppleve det flotte utsynet frå Fjellstova på Aksla. Om kvelden hadde vi dansefest saman med Ålesund spelemannslag og Ungdomslaget Ivar Aasen. Svært hyggjeleg, og mykje god mat! Hit kom også Sunnmørsposten og gjorde intervju, og det kom bilete og omtale i avisa dagen etter. Laurdag hadde vi ei interessant gatevandring i jugentbyen saman med ein insprerande guide. Om ettermddagen tok vi Hurtigruta til Molde og vi fekk så kvar Vebjørn og Peder kjem frå mellom alla. Søndag var det heildagstur til fiskeværet Ona. Det bles ikkje, så det vart ein fin tur for alle. Måndag tok vi busstur til Kristiansund via Atlanterhavsvegen. Vi stoppa i Bud og fekk oss velsmakande mat både på Hustad og i Kristiansund. Der fekk vi velsmakande baccalao på ein fin restaurant i ei 200 år gamal smie. Det aller finaste veret hadde vi på fredag, men dei andre dagane var det også stort sett opphaldsver, og langt finare enn meldingane. Mange sit igjen med fine minne frå turen, både i hausen og i fotoapparatet. På biletet ser vi nesten alle på veg mot Ona.
På denne sida er det som skjedde søndag.  Her er det som skjedde måndag.


Vi har reist med bussen til Aukra - øya Gossen - og skal om bord på ferja som skal ta oss til Ona.
  

Nesten same biletet som til venstre.
  

Det er heilt stilt og lite skodde. Ragnhild og Grethe.
  

Vi er på veg utover. Mange stod ute på dekket, men nokre søkte inn i varmen. Første stopp er Orten.
  

Her er eit bilete innafrå, frå salongen oppe.
  

Vi nærmar oss Finnøya, der det går veg til sandshamn og Harøya. Alt her ute er Sandøy kommune.
  

Vi forleg Finnøya.
  

Inger Frøydis, Liv og Jørn trivst visst ute?
  

Vi har vore innom Sandøy og nærmar oss Ona
 

Liv saman med ei statue av ei fiskarkone med barnet.
 

Alle gjekk opp til fyret på Onakalven for å sjå på utsikten. Fyret vart automatisert ca 1990.
 

Fleire ved fyret.
 

Einar og Grethe trivst her oppe ved fyret.

Inne i den gamle fyrvaktarboligen som no er keramikkverkstad. Nokre kjøpe.
 

Her ser vi fyret og fuglefjellet.

  

 Fuglefjellet på nærare hald.
 

Vi har gått over til Husøya. Her også er mange fine idyllar.
   

På Husøya. Vi ser utover mot havet og markene med gamle steingjerde.
 

På andre sida av Husøya ligg den gamle kyrkjegarden. I bakgrunnen ser vi den nedlagte skulen. I dag er det 27 menneske som bor fast på Ona, men ikkje noko born.
 

Ved sida av kyrkja er det ei fin badestrand - med finaste sand du kan tenkje deg. Ben ingen bada.
 

Her er vi framleis på stranda.

 

På veg tilbake fall vi for dette motivet med den gamle løa.
  

Her kan vi lese om Ona
  

Vi ventar på at klokka skal bli to, for då får vi fiskesuppe.
  

I Ona Havstuer var det fint dekka bord og god fiskesuppe.
  

Eit bilete til frå Ona Havstuer
  

Her er det tredje bordet.
  
 

Vi forlet Ona for denne gong.
  

Anders slappar av på veg tilbake.
  

Vi er tilbake på hotellet og får oss middag. Gunnar og Liv.
 

Fleire som får seg middag.
  

Og endå fleire.
  

På spasertur i Molde etter middagen. Grete, Einar, Anne Lise og Gunnar