Nokre bilete frå Jubileumsreisa til Symra i pinsa 2010

Tilbake til hovudsida

Svært vellukka pinsetur til Møre og Romsdal
Dei 35 som var med på Symra sin jubileumstur til heimefylket i pinsa 2010 fekk rike opplevingar. Dei fleste reiste med fly til Ålesund torsdags ettermiddag og tok flyet nedatt frå Molde måndag kveld. Vi overnatta to netter i Ålesund og to netter i Molde. Det var fleire høgdepunkt på turen. Fredag hadde vi ein strålande soldag med Hurtigruta Trollfjord inn til Geiranger, og buss tilbake til Ålesund. Vi fekk også oppleve det flotte utsynet frå Fjellstova på Aksla. Om kvelden hadde vi dansefest saman med Ålesund spelemannslag og Ungdomslaget Ivar Aasen. Svært hyggjeleg, og mykje god mat! Hit kom også Sunnmørsposten og gjorde intervju, og det kom bilete og omtale i avisa dagen etter. Laurdag hadde vi ei interessant gatevandring i jugentbyen saman med ein insprerande guide. Om ettermddagen tok vi Hurtigruta til Molde og vi fekk sjå kvar Vebjørn og Peder kjem frå mellom anna. Søndag var det heildagstur til fiskeværet Ona. Det bles ikkje, så det vart ein fin tur for alle. Måndag tok vi busstur til Kristiansund via Atlanterhavsvegen. Vi stoppa i Bud og fekk oss mat både på Hustad og i Kristiansund. Der fekk vi velsmakande baccalao på ein fin restaurant i ei 200 år gamal smie. Det aller finaste veret hadde vi på fredag, men dei andre dagane var det også stort sett opphaldsver, og langt finare enn meldingane. Mange sit igjen med fine minne frå turen, både i hausen og i fotoapparatet.
På denne sida er det som skjedde fredag.  Her er det som skjedde laurdag.


Fredag. Vi skal på tur til Geiranger med Hurtigruta.

Utsikt over Ålesund - Aspøa - frå Hurtigruta
  

Vi ventar på Hurtigruta, Oddny og Bjørg.
  

Vi ser Steinvågbrua og Sukkertoppen i bakgrunnen. Oddny, Liv  og Ragnhild
  

Vi er på Hurtigrutekaia, Inger O. Astrid, Anne Grethe og Unni.
  

Folk finn seg til rette på bakre dekk i det fine men litt kalde veret.
  

Ålesund i bakgrunnen. Oddny, Ragnhild og Liv.
  

Eit bilete til frå dekket, Peder, Anne Lise, Gunnar og Jorunn.
  

Og endå ett frå dekk. Hallvar, Anders, Inger V., Inger Frøydis og Erik.


 


Gunnar har stilt seg lageleg til for fotografering. Hareidlandet i bakgrunnen.
 

Nokon fann på at vi skulle danse litt på dekket. Vi tok Mellom bakkar og berg og Menuett i mai.
 

Her er det framleis Mellom bakkar og berg
 

Og her også.
   

Vi ser opninga av Hjørungfjorden
 

Sykkylven og sykkylvsfjella i det fjrne.

  

  Innover mot Sjøholt. Bror til Vebjørn vinka.



 

Dette er Stordalsholmen, som var eit livleg sentrum i gamal tid. Her vart den siste heksa brent.
   

Petter i sin flotte hatt. Liabygda i bakgrunnen.
 

Ein av dei høgste fjellgardane - Furneset?
 

Fleire fjellgardar i Storfjorden. Er det Yste Skotet som Storfjordens venner har restaurert.
 

Dette er Me-Åkneset - ein av mange fråflytta gardar.
 

Eystein fortel om den store sprekka i Åkernesfjellet
 

Dette er Oadalen
  

Dette er Lundanes, og vi ser inn gjennom Geirangerfjorden
  

Inn gjennom Geirangerfjorden - Ferja frå Hellesylt ser vi også.
  

Her er Matvika - der det alltid var lunt og godt også for fruktdyrking.
  

Matvika på litt lenger avstand. Det var ikkje mykje dyrka mark.
  

Nede ved sjøen ligg garden Syltevik. Oppe til venstre er Blomberg.
  

Eit bilete til av Blomberg og Syltevika
  

Syltevika på nært hald
 

Brudesløret på nordsida av fjorden.
  

Vi ser Skageflå på hylla til høgre. Der feira Dronninga og Kongen sølvbryllup. Restaurert av Storfjordens venner.
  

Skageflå til høgre og dei sju systrene til venstre.
  

Fossen friaren er rett overfor Dei sju systrene
  


Friaren på nært hald
  


Garden Knivsflå ligg på fjellhylla tett inntil Dei sju systrene
 

 


Knivsflå og dei sju systrene på nærare hald
   

Der elva kjem frå er Gomsdalen - den høgstliggande garden i fjorden - 600 meter

 

Vi skimtar Ørnevegen midt på biletet.
  

Nokre av dei som ser på utsikta.
 

Her ser vi inn til sjølve Geiranger - det låg to turistskip der frå før - Marco Polo og Deutschland.
 

Dei to turistskipa på nærare hald. Dalssnipa ser vi midt på biletet.

 

Her ser vi Ørnevegen over til Eidsdal - ferdig kring 1960.
 

Bygda Geiranger
 

Vi ventar på å få sleppe i land frå Hurtigruta, Inger V., Eystein, Hilde og Petter.
 

Bygda Geiranger
 

Vi er på veg frå Hurtigruta og inn til land, Inger V, Inger Frøydis, Bjørg og Eystein.
 

Hurtigruta vår er allereide på veg ut att fjorden.
  

Vi er komne i land og ser ut gjennom fjorden
  

Vi har stoppa i den øvste svingen av Ørnevegen og ser ut gjennom fjorden
  

Her ser vi inn att til Geiranger
  

Her er det tillaga fin for å sjå
  

Her er fleire som ser: Petter, Oddny, Anne Lise, Gunnar og Eystein.
 

Eit fint bilete av Geiranger!
   

Unni og Inger Frøydis vender ryggen til Geirangerfjorden.
 

Inger og Hallvar skundar seg til bussen
  

Vi har stoppa i Stordalen og skal sjå på rosekyrkja. Men ho er under oppussing.
  

Ved Rosekyrkja
  

Bussen har teke vegen til Aksla i Ålesund, for at vi skulle sjå på utsikten i det fine veret. Her ser vi Ellingsøya og Gamlemsveten og vidare nordover.
 

Desse har samla seg på utkikstårnet på Aksla
  

Ålesund i motlys frå Fjellsltua. men det er fint likevel.
  

Det smakte godt med is på Fjellstova
  

Liv tar seg tid til å skrive kort. Det gjer ho alltid!
  

Hilde og Petter om bord på Hurtigruta. Dette biletet skulle vore lenger oppe!
  

På veg inn i lokala til Ungdomslaget Ivar Aasen. I same bygget som Hotell Thon.
 

Vi får god middag
 

Asbjørn Åkre er ein av nestorane i Ivar Aasen. Han var også med i Symra tidleg på 60-talet.
 

Vi fekk sjå deler av det programmet som Ålesund spelemannslag skal vise på turen sin til Amerika seinare i sumar.
 

Dei marsjerer som innleiing. Leiaren i laget Solfrid fremst til venstre.
  

To søstre song to fine stev
   

Dei har mange unge spelemenn - her er ei av dei saman med Svein.
  

Ein av dansane.
 

Ein annan dans.
  

Etter ei stund var det kaffi og kaker. Massevis med gode kaker!
  

Kåre Gausnes er også ein av nestorane i Ivar Aaasen. Det var han og kona som lærde oss Sunnmørsspringar i 1991.
 

Hallvar og Svein spelar til dans
 

Familien Vatnehol er sentrale i Ålesund Spelemannslag