Nokre bilete frå turen langs Ljanselva 19. juni 2011

Tilbake til hovudsida
Det vart ein fin tur langs Ljanselva frå Skullerud til Hvervenbukta denne søndagen. Ca 20 deltok. Det var litt glatt og vått  sume stader, men ikkje verre enn at dei fleste brukte joggesko. Og på slutten av turen kom sola fram så vidt. Vebjørn hadde lese om turen på internett, og var guide undervegs.

Her startar vi frå Skullerud. Inger Frøydis kom til litt lenger nede.
  

Eit bilete til måtte det bli, slik at fotografen også kom med.
  

Her passerer vi Sagdammen nedanfor Skullerud. Dammen er delvis rekonstruert
      

Vi er på veg gjennom Urskogen - eit område som verkeleg fortener namnet sitt.
   

Her er vi framleis i urskogen.
  

Her er fleire som passerer same brua i Urskogen
 

  

Vi er framme ved husmannsplassen Engebråten, den Ole-Bjørn har sin flotte villa!
  

Vi studerer informasjonen om steinbrua ved Ljabru - eit byggverk som har tolt trafikken i 200 år.
 

Eit stykke nede i Liadalen tok vi matpausen på ein gamal danseplass ikkje langt frå borettslaget Sloreåsen.
  

Her er resten av flokken ved det andre matbordet.