NU-stemnet 2001, "Frå Hulda til Heimen"

Museumsstyrar Fredrikke Hegnar ynskte dei frammøtte velkomne til opninga av utstillinga, og fortalde kort om museet.
Asker Mannskor med Håkon Fetveit  som dirigent song så nokre songar med tilknytning til Hulda og Arne Garborg. Aagot Noss og Elisabeth Stabell heldt korte innlegg, og Bunadnemnda for NU-stemnet fekk takk for god innsats. Asker folkedanslag viste nokre dansar med tilknytning til Hulda og Arne Garborg. Til slutt fortalde stemneleiar for NU-stemnet Heidi Grymyr litt om stemnet og ynskte alle velkomne.

     
Ågot Noss - tidlegare konservator ved Norsk Folkemuseum og nestor i norsk folkedraktforskning, heldt eit kort foredrag, og fortalde sumt om arbeidet til Hulda Garborg og noko om folkedrakttradisjonane i Hallingdal. Ho la vekt på at dei før brukte ulike klede til kyrkjebruk, til helgebruk og til kvardags. Ho fortalde litt om den tradisjonelle hallingdrakta og den modifiserte hallingdrakta som Hulda Garborg utarbeidde, og som i nokre år framover vart omtykt og brukt i heile lande mest som ei nasjonaldrakt - slik Hardangerbunaden allereide hadde fungert på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet.
 
Dagleg leiar i Heimen, Elisabeth Stabell, fortalde litt om Heimen og om at Hulda Garborg var ei av dei som var sentrale då Heimen såg dagens lys i 1912. Heimen var først berre eit teiknekontor for bunadmønster, første eigaren var Axel Waldemar Johansen. Så kjøpte BUL dette, og utvikla det vidare. I dag sel Heimen bunader frå 30 ulike distrikt, i tillegg til Jubileumsdrakta for Oslo 1000 år.
 

Biletet viser to bunader som var i bruk av dansarar i BUL i Oslo så tidleg som i 1902. Bunadane er i privat eige.
   

Tre av dei fire som står bak Bunadutstillinga, frå høgre  Kirsti Eriksen, Lasse Pettersen og Gro Larsen Kitmitto. (Marit Haug Loen var ikkje til stades på opninga.) 

Ågot Noss fotografert framfor bunader frå Hallingdal.
 

Dette er eit av klenodia på utstillinga. Det er den Ål-drakta som Hulda Garborg fekk  av Ål Bondekvinnelag i samband med opninga av Bergensbanen i 1909. Ho brukte denne drakta som utgangspunkt då ho utvikla "si eiga Hallingdrakt".  No er det Heimen som eig bunaden - dei fekk kjøpt han i 1950-åra for kr 25000.
 

Eit av dei andre klenodia på utstillinga. Her er finn vi mellom anna første utkastet til den Valdres-bunaden som Hulda Garborg utvikla, og som vart eit mønster for mange andre bunader i landet. Det er Heimen som eig desse tinga.
 
I fint vårver opna bunadutstillinga "Frå Hulda til Heimen" i Asker Museum 1. mai. Det er Bunadnemnda for NU-stemnet som står bak utstillinga: Kirsti Eriksen, Gro Larsen Kitmitto, Marit Haug Loen og Lasse Pettersen, og utstillinga er ein del av NU-stemnet 2001. Utstillinga varer til 19. august.

Heimeside for NU-stemnet 2001
Bygdelagssamskipnaden (BLS)
 
Garborgåret: www.garborg.no

Asker Museum , Hvalstad, på opningsdagen 1. mai 2001.

Labråten - Heimen til Hulda og Arne Garborg ligg tett inntil museet. Det er no ein del av Asker Museum. Hulda og Arne kom til Labråten i 1897, og budde der resten av livet.
 

Her er det Asker Folkedanslag som som øver føre framsyninga på opninga. Dansen tok seg endå finare ut ute i solskinet enn inne i utstillingshallen. Det er Eli Schjøtz som er rettleiar for ringen og Kjepso på trekkspel er fast spelemann. Asker Folkedanslag står sentralt i arbeidet med NU-stemnet 2001. Dei fyller elles 30 år i 2001.

Her viser jentene i ringen Per Spelemann - på same måten som Hulda Garborg sin første jentering frå den første framsyninga i mars 1902. Dei dansa også andre Hulda Garborg-dansar: "Fram dansar", Maidans ("Sjå det lyser"), "Eg veit ei lita jente", "Seksmannsril frå Asker" og "Åttetur med mylne". Dei synte også for første gong to nye dansar som dei hadde sett dansemåte til. Hulda Garborg  har laga teksten og ein av dansarane i ringen, Håkon Fetveit, hadde sett fine melodiar til. Dei to dikta til Hulda heiter "Fivril" og "Ei lita vise".
  

Her viser ei av eldsjelene bak utstillinga, Gro Larsen Kitmitto, korleis "Hulda-Garborg-bunaden" ser ut.
   

Håkon Fetveit, ein av dansarane i Asker Folkedanslag, har sett tone til to dikt av Hulda Garborg, og laget har laga dansemåten.