"Barna og Folkedansen"
av Ragna Øygard

Dette stykkjet av Ragna Øygard (bilete) er eit av dei som står i heftet "Folkedansen i 20 år. 1903-1923" som kom ut i 1923 utgjeve av "Den Norske Folkeviseringen"

Det er lett å skyna at folkedansen høver sers godt for barn. Det fell so inderleg naturleg for dei, og attåt er det den finaste leik barn kan ha. Eg vil segja til alle somhar barn: Lat dei få lov å dansa folkedans. Barn og ungdom må ha moro. Folket vårt er mykje avhengig av korleis uppsedinga åt barna er, og folkevisene har ei stor makt til å føre dei framover i karakter og sjølvtenkjing. Difor bør folkedansen få større rom i skularne enn han no har. Blir barna fyrst glade i folkevisene får dei eit heilt anna syn på kva som er moro og dei kan bli sparde for  mykje som  dei elles vilde finne på i fritida si som vi vaksne må skjenne på dei for. Attåt er folkedansen ei gild kropsøving som skaper friske og kraftige barn.

Vinteren 1920 var mannen min og eg i Skien for å hjelpe mållaget "Dag" med ein folkedansring til ein marknad dei skulle ha. Fru Bugge-Berge hadde då ein barnering som eg hjelpte henne med. Denne barneringen synte og fram på marknaden og var til stor glede både for dei som hadde lært dei upp og for alle dei som  fekk sjå dei dansa. Då kom det so sterkt for meg at det var eit tiltak som ein måtte gå i gang med alle stader, - over heile landet. Eg freista fyrst å få i gang eit skeid for barn i Bondeungdomslaget i Oslo. Det gjekk ikkje. Vinteren 1921 tok eg til på eiga hand. Eg fekk rom i gymnastikksalen på ein av skulane i hovudstaden. Det var ikkje mange, men dei var flinke. 17. mai og kvar sundag frametter sumaren var dei tinga til å danse på Folkemuseet, Bygdøy, og til jul vilde Det Norske Teateret ha den vesle barneringen til å dansa attåt "Til Sæters". Det var ikkje under at folk likte å sjå dei. Dei dansa slik som rettele folkedansarar skal danse, og song av full hals, og dei ljose fagre augo tindra um kapp med stjernene, og føtene trødde taktfast etter songen eller etter Maurstad si fele. Medan dei små dansarane dansa på Det Norske Teateret dansa dei seg sjølv og folkedansen inn i hjarta til Oslofolket. Medan dei dansa på teateret kom det bod frå arbeidersamfundet um hjelp til å få istand ein ring i barnelaget der. I februar 1922 byrja eg med ein stor flokk, og derifrå gjekk folkedansen sin sigersgang til flest alle kommunistisske barnelag i landet. No kan dei kommunistisske barnelaga i Oslo setja upp ein ring på umlag 400 barn og mange fleire er det som dansar folkedans på møtane og festane i barnelaga.

Hausten 1922 vart eg tinga til å ta barna på C. Bonnevies skule i folkedans. Frk. Schønberg - styrarinna - som er ein varm ven av alt nasjonalt let meg få tvo tredjepartar av gymnastikktida i vika til folkedansen, og barna som vel som foreldra var svært uppglødde for det vesle dei hadde lært til juletentamen.

På dei skeid som eg sjølv skipa vart det større søknad og no er dei gått over til å bli folkedanslag der foreldra til barna er styret og skipar til alt som barna kan ha glede av. På same tid kjem foreldra arbeidet med folkedansen nærare.

Vert voksteren so jamn som dei siste åro, so må vi tru vi er på rett veg. Der er i barneåra ein skal leva seg inn i folkevisene og folkedikting. Då fyrst får vi heilstøypte kulturberarar.