Playford-dansar - kva er det?

På 1600-talet vart det i dei finare krinsane i England mindre omtykt å danse dei nokså kompliserte motedansane som i hovudsak kom frå Frankrike. I staden vart deet auka interesse for å danse landets eigne "folkedansar" som van vanleg på landsbygda såkalla "country dances". I 1651 ga så ein musikk-utgjevar i London John Playford ut ei bok han kalla "The English Dancing Master", der det var samla 105 av slike "country dances". Boka inneheld både notar til musikken og korte beskrivingar av korleis dansane skulle utførast. Dette var på ei tid med mykje uro og problem på dei britiske øyane. Boka til Playford vart snart utselt og allereide året etter kom det ei ny utgåve med 9 nye dansar. Denne gongen endra han tittelen på boka - han droppa English og kalla ho berre "The Dancing Master", og slik vart det i alle seinare utgåver. Den opprinnelige tittelen var nok delvis spøkefullt meint, etter som dei store dansemeistrane på den tida var franske. Etter kvart kom det stadig nye utgåver, og det vart ein serie på tre volum. Det første volumet kom i 18 utgåver frå 1651 til 1728, fire utgåver av volum 2 (1710 - 1728) og to av volum tre (1719 - 1726). Dei siste kom såleis lenge etter at John Playford var død. Sonen Henry Playford tok over utgjevingane i 1684 og John Young i 1709. Dei tre voluma av dansebøkene inneheld i alt 1053 ulike dansar med musikk. Mange dansar vart kopiert frå ei utgåve til neste, så i alt inneheld bøkene 6217 dansar, medrekna 186 tonar utan dans og 3 songar. Seinare var det andre utgjevarar som tok over og det vart ofte gjeve ut bøker med "country dances" til framover til 1850. (Biletet er frå framsida av "The Dancing Master".)

Dansane som vert kalla "Playford-dansar" er nok ikkje slik som vanlege folk på landsbygda dansa sine dansar. Det var middelklasse og "høgre stand" som praktiserte Playford-dansar. Det vart også komponert mange meir kompliserte country-dansar av danselærarane. I dag skil ein difor mellom dei relativt kompliserte Playforddansane på den eine sida og dei meir genuine "Dances from the Village" på den andre side (dansar slik dei faktisk vart praktisert av vanlege landsens folk).

Tidleg på 1900-talet var det ein del personar i England som forstod at det var viktig å redde folkedansen frå å bli heilt borte. Mellom dei står Cecil Sharp i fremste rekkje. Han reiste rundt i landet og samla dansar. Han publiserte i 1909 samlinga "The Country Dance Book". Eit par år seinare kom ei ny samling "The Country Dance Book II" og seinare heilt opp til nr VI. I desse samlingane gjekk han attende til dei eldste dansane, dei  som Playford publiserte i 1651.The English Folk Dance Society tok så desse dansane i bruk på liknande måte som Noregs Ungdomslag tok i bruk norske turdansar.

På Internett finst det fleire utgåver av Playford-dansane. Lekkja http://www.izaak.unh.edu/nhltmd/indexes/dancingmaster inneheld til dømes scanna versjonar av dansane. Lekkja http://www.pryanksters.org/playford.html#TOC inneheld også notar og dansebeskrivingar. Her er ei anna lekkje: http://www-2.cs.cmu.edu/afs/andrew.cmu.edu/org/Medieval/www/src/contributed/pc2d@andrew.cmu.edu/dance/playford.html#playford-1651.
Her finst også MIDI-versjonar av den tilhøyrande musikken.