Utdrag frå talen til Kronprins Olav
på NU-stemnet, Stiklestad 7. juli 1946

Det første stemnet etter frigjeringa var i Trondheim. Hovudstemnet var på Stiklestad 7. juli, og det var 15000 tilhøyrarar. Her er eit lite utdrag frå talen:

"Aldri før har vi tenkt på, tale om og planlagt så mykje for framtida som i desse dagane - som rett er. Men vi byggjer og vidare på det gode vi har fått i arv. Lat meg seie det med slagordet som no skal gå over landet: Hatten av for fortida, jakka av for framtida!

Og framtida - det er ungdomen, som ikkje berre skal så og skape eit åndeleg og materielt nybrot, men som og skal leve lenge nok i landet til å hauste fruktene av arbeidet sitt. Eg torer seie så mykje at ingen landssamskipnad har med seg betre ungdom enn den som finst i Noregs Ungdomslag. Den store styrken til Noregs Ungdomslag ligg i at den samskipnaden har med alle - utan omsyn til politisk syn, klasse eller yrke. Og det er det vi treng mest av alt i dag - eit samarbeid av alle krefter i landet vårt.

I dei 50 år som Noregs Ungdomslag har arbeidt, har laget gjeve prov på at det har makta dei oppgåvene det sette seg. eg vil fyrst og fremst peike på kva den frilyndte ungdomsrørsla har gjort for å vekkje det nasjonale og demokratiske medvitet i norsk ungdom - eigenskapar som fullt ut stod styrkeprøva under krigen. Også i framtida vil det vere naudsynt å arbeide vidare i denne leida"

Kjelde: Ung i 75 år. Jubileumsskrift til NU 1971.