"Spelemenner" av Rikard Berge
Eit stykke frå "Norges Musikkhistorie" 1921

Rikard Berge (1881-1969) frå Rauland var ein av våre fremste folkeminnesamlarar. I mange år var han styrar for Telemark fylkesmuseum, og han gav ut ei rad viktige verk om folkeminne og folkemusikk, til dømes "Norsk visefnugg", "Stev frå Telemark", "Myllarguten", "Haavard Gibøen", "Norsk Bondesylv", "Norsk sogukunst", "Telemarksfela", "Fanitullen eller Daudningen"og bygdeboka "Vinje og Rauland". Han samla ei mengd viser, stev, slåttar, og gjorde noteoppskrifter og tidlege fonografopptak med gode spelemenn. Stykket "Spelemenner" stod opprinneleg i "Norges Musikkhistorie" som kom ut i Kristiania i 1921 (red.: O.M.Sandvig og Gerh. Schjelderup). Artikkelen vart også oppattrykt i "Årbok for norsk folkemusikk 1994", og der med kommentarar av Magne Myhren. Myhren peikar på visse feil i artikkelen (sjå til slutt), men legg til at "ingen har skreve om spelemenn og hardingfelespel med slik sakkunne, innsikt og pedagogisk evne til klårt oversyn - og med slik velflidd målhegd som Rikard Berge".
Vi har halde på same rettskrivinga som i originalartikkelen.
Innhaldet i kommentarane til artikkelen som Magne Myhren skreiv i 1994 er teke med til slutt.

Musikklivet paa bondebygderne for 200 aar sidan og der fyre var ei svært primitiv kunst imot no. Rettnok var musikkreperoiret i mykje det same; dei gamle slaattarne var ein livande arv i folket daa som no. Men mangt av det som daa livde, er gløymt, og av det som ikkje er gløymt, hev ein storpart fengje ein heilt annan karakter.Sume slaattar er so umskapte at dei snaudt er attkjennande. Dette høyrer til det særmerkte ved folkemusiken; han hev livt sitt tradisjonsliv som andre folkeminne, som folketonen, folkevisa, folkeeventyret o. dl. Han gror og veks, folnar og visnar, for so atter aa renna av si eigi rot og spretta i ny blom. Han er ikkje som kunstmusiken fest til papiret og dermed eit konstant kunstverk for alle tider. Han gjev det friaste rom til ei leikande brigding og ombrøyting; difor kann bondekunstnaren nettupp leggja alt sitt musikalske lynde inn i dikting og umdikting. Eit slaattevek var lenge aa likna med ei stevstrofe; det kunde knytast til eit vek or ein heilt annan slaatt, liksom stevstrofa vart lausrivi fraa sitt upphavsstev og lagd til strofe fraa eit anna. Eller innaat eit einstaka vek vart dikta ei ny vending, plent som eit par nye stevlinor vart dikta til eit par eldre. Detslag celledeling er vanleg i alt tradisjonelt liv, difor og i folkemusikken. Den som vil læra aa kjenna slaattemusiken til botnen, maa difor læra aa skyna denne livslovi. Ut av den kann ein tyda baade ustødleik og stødleik i musiken; ut fraa den som grunnlag gjeng det neste voksterstig: ein fast utforma slaatt, eit musikalsk arbeid med sikre umrit. Enno er der og skal vera rom til umbrøyting (variation) av kvart vek; men hovedmomenti i temaet og skipnaden desse imellom er ein gjeven ting. Me fær slaattar med tvo vek eller tak. Men slaatten veks vidare. Kunstnaren kjenner trong til aa skapa noko større og meir fullkomelegt enn fyremannen hadde gjort; han gjer det kannhenda ved aa skyggja (nuancera) kvart tak i den eldre slaatten og slaa fast desse skyggjingar som noko konstant til slaatten høyrande; dette vert ein ornamental vokster. Men kanhenda nøgjer spelemannen seg ikkje med det; han vidkar ut slaatten med tilbygningar; ein slaatt som fyrr var paa eit eller tvo vek, fær tvo eller tri, ja upp-til fire. Tvo stutte slaattar fær finna seg i aa verta samanstøypte til ein, ja i "Ligangaren" (Telemarki) uppliver me aa sjaa ein slaatt laga av tri eldre.

Det vilde vera misvisande aa segja at alle slaattar vert standande i denne skora. Sume slaattar kann eingong vera so gjennomarbeidde av ein genial musikgivnad at dei vert fiksera, dei gjev ikkje rom til fri brigding lenger. Det er karakteristisk det Haavard Gibøen sa um Myllarguten, daa dei spurde honom kvi ikkje denne laga paa "Kivlemøyarne" som paa alle andre slaattar. "Aa nei", sa Haavard, "det er ikkje meir aa gjera, der". Av dette skynar ein at slaatten naar eit toppmaal der han vert uppehalden av traditionen i ei konstant form; freistar nokon aa ganga yver toppmaalet, vert det forfusking, uekte interpolartionar, sundstykking og skjemming. Og baade kunstnaren og vitskapsmannen maa daa søkja attende til den klassiske formi, den formi ein lukkeleg musikkgivnad eingong fann.

Det er greidt at dei ytre virkeraader, serleg daa instrumenti hev havt uendeleg mykje aa segja for slaattevoksteren. Ein tulla (sungen) slaatt maa ha ein annan karakter enn ein spela, eit blaaseinstrument som luren gjer ein heilt annan slaatt enn ein strengjeleik, og ein einfeld strengjeleik (som langeleiken) krev ikkje det same av musik   stykkjet som ein meir fullkomen (som fela). Etter kvart som slaatten vart yverførd fraa den eine framføringsmaaten til hin, hama han seg um, meir eller mindre. Det kjem ikkje under uppgaava som ligg fyre her, aa syna denne periodiske voksteren. Eg vil berre faa peika paa eitt instrument som hev vore epokegjerande i slaattemusikken: det er hardingfela. Daa me fyrr hev høyrt um denne, skal eg einast nemna eit par ord um koleis ho hev vunne seg rom.

Fraa Hordaland kom hardingfela fyrst til Telemarki. Som tidleg som ikr. 1700 set det ut til ho hadde naatt Vest-Telemarki. Med samferdsla yver fjellet fylgde og kjennskapen til felorne. Ymse stykke av baade Jaastad-felor og Botne-felor fann nok vegen til Telemarki med handelskarar. Og med sin medfødde kunstsans tok snart telemaringarne etter arbeidet. Dei lærde noko av kvar. Turke-hovudet tok dei upp etter Jaastad-felorne; i talet paa understrengjer fylgde dei Botne-felorne; men i bru-innlegg og utstasing fylgde dei snart den eine, snart hin, og skapte snart sin eigen sermerkte stil.

Paaa den visi hev felemakararbeidet lang tradition i Telemarki med, endaa me no veit namn paa berre faae av dei gamle felemakarane. Paa andre halvpart av 1700-talet arbeidde Karl Matisson Rude i Kviteseid og Olav Nilsson Gullbekk i Selgjord hardingfelor, og noko seinare kjem Helland-ætti i Bø med sine gjæve arbeid. Under hender av Hellandarne blømde hardingfela fram i fager blom.

Eldst av Hellandarne er Jon Eiriksson Helland (1790- 1862), som arbeidde dei smale, smaae felorne liksom Karl Rude. Men serleg maa nemnast Eirik Jonsson Helland (1816 - 1868); han arbeidde dei beste felorne til Myllarguten og andre av storspelemennerne. Fyre hans tid heldt felemakarane paa det smale, høgbygde laget paa feleskrotten; han tok paa aa gjera felorne større, breidare og ikkje so høge. Han fylgde meir dusinfelebygnad.  Felorne hans er sterke i maalet. Meir veikmælte, men med endå linnare tone, var felorne til Eiliv Jonsson Steintjørndalen, Bø (1821 - 1876). Helland-ætti forsynte ei tid heile det hardingfelespelande Noreg med felor, og ætti arbeider i same handverket enno. Men i seinare aar hev baade valdrisar, sæbyggjer o.a. kappa med deim  um felemakingi, som no so aa segja ikkje lenger er eit bygdelagsarbeid.

Hardingfela med sine 4 understrengjer og sin nye klangfarge gav større tilgjengje til variation av temaet og nuancering av tonen. Denne underduren fraa liksom sjølve naturi hev tiltala folkelyndet; difor vann fela etter kvart so stort rom. Og dei bygdelag som tok upp bruket av den, vann snart framum hine i spel. Medan byfela ("dusinfela") hev halde seg i alle Austlands-bygder (umframt alle flatbygder og Øystredalen og Gudbrandsdalen), Agdir-bygderne med Sætesdalen, Nordvestlandet fraa Fjordarne og heile landet nordanfjells, so gjorde hardingfela Hordaland og Telemarki (sienare Hallingdal og Valdres) til sitt centrum, og det er ein aalkjend ting at spelet i Hardang, paa Voss og i Telemarki til dato hev bore fram det rikaste bondespel me haev. Dette er ikkje minst instrumentet aa takka. Just der hardingfela hev lengst tradition, just der er feleslaatten mest utarbeidd og kultivera.

                                                                  DEI ELDSTE SPELEMENNERNE
veit me lite um. Ein kjenner nok einskilde namn som gjeng tilbake til 1600-talet; men ein veit mest berre namnet, lite og inkje kva dei dugde til. Fyrst fraa 1700 og utetter tek ein til aa timja større spelemenner, verkelege kunstnarar.

Det var dengongen mindre bygdemun i spelet. Men det er vel meir eit høve at me daa finn beste spelemanns-namni paa Austlandes-flatbygderne; kunstnarane der gjorde seg meir vidspurde enn bygdespelemenner til avsides, anten for di det var storfolk som interessera seg for aa hjelpa deim eller dei sjølve skapte seg eit herostratisk gjetord.

Den eldste me veit um av storspelemenner paa Austlandet var Hallvord "Fanden" (ikr. 1700). Biskop Pontoppidan fortel han var fraa Branes-kanten, medan inventarlista i dansk kunstmuseum segjer han var fraa Kristianssands stift. Hallvord er mest kjend for treskjerararbeidi sine; han hev jamvel skori ut si eigi byste. Denne syner oss eit andlit som godt kunne høyra til ein svirebror og ein i ymse maatar mangslungen kar, ein so væl var trudd til aa faa eit slikt kjenningsnamn. Han var ei egte kunstnarnatur. Det syner seg umframt av bilætarbeidi hans og av at han var baade byggmeister, spelemann og visekvedar. 1685 er han i Kristiania; "med sine døtre" kved han for kongen; berre dette viser at han ikkje var nokon vanleg mann, og at han i alle fall aatte musiksans.

Ein mannsalder seinare livde Arne Svensson Lindal (f. 1751) fraa Høland, aalkjend med namnet Arve "Brakar". Han var i si tid den fælaste stortjuven som fanst paa Austlandet, og han var so vidfarig at han dreiv sitt handverk i Sverike og Danemark med. Dei sette honom fast mange gonger. Men allstødt fekk han røma att. Seinstpaa kom han paa Kronborg festning, og der var han som ein "far" for fangarne; alle saag upp til homom og lydde i høgvyrnad til alle sogorne han fortalde um brotsverki sine. Men han rømde fraa Kronborg og, og ingen veit væl kvar han enda sine dagar.

Arve var tvillaust som so mange brotsmenner av dette slaget ein gaaverik kar, med kunstnarhug. Ein god forteljar, ein flink spelemann og dansemeister. "Arve" Brakars halling" (Intno tel stue, intno el mat) liver etter honom.

Av same ulli og fraa same tid som Arve var Malise-Knut. Det heitest han var felagen hans Arve; dei stal ihop og tura ihop og spela ihop. Knut var trollmann og kunne synkverva folk, og venteleg var dette nyttug kunst for ein stortjuv. han var vel med i den flokken av brotsmenner som herja Austlands-bygderne under førarskapen til Arve Brakar, og deila vel og lagnad med dei. I spelemannssoga er namnet hans livande av slaatarne han leivde etter seg, serleg daa springarane (polsdansarne). At gjetordet hans som kunstnar ikkje var litet, skynar me m.a. av det Henrik Wergeland segjer i brev til Frederika Bremer: "Der er same alf i Ole Bulls og den berygtede Malice-Knuts Violin og Kompositioner". Slaattar etter Malise-Knut og Arve Brakar er upskrivne av Anders Heyerdahl.

Ein kunde fra paa lag same bilom nemna mange dugande spelemenner, som Fille-Vern, Kristian "Felar", o.a. Men for det fyrste veit me litet um deim, og for det andre er dei so "internationale" i bygdespelet, at ein vandt kan heimstadfesta kunsti deira. Dei var farande fantar, og deira største innsats i bygdemusiklivet er den at dei kolportera slaattar utyver heile landet. Paa den maaten vanka slaatten ikring liksom visa og folketonen. Det let oss skyna kvi telemarkspelemannen hev baade "Jomfru Lisken" og "Skuldalsbruri" paa sitt repertoire, kvi sæbyggjefelaren spelar baade Strømsing-spel og "Skjoldmøyslage" kvi ein gudbrandsdals-leikar slær upp "Ka'l fant"-slaattar og "Bessleiken" etter einannan. Tatarer og kringreisande handverksfolk attaat hermenner som "laag ute", var nettupp deim som kom med friske gufsar utanfraa og soleis gav nye impulsar til bygdespelet. Og sitt store auditorium hadde dei paa marknadsplassen, i auktiosstova, i brudlaupsgarden, i dansarsalen.

Alle desse spelemennerne bruka "dusinfele"; slaattarne deira var mykje importvare; men attaat hadde dei daa og noko sjølvgjord og bygdeskapt kunst. Mest sermerkt i so mate er "springleiken" eller polsdansen, som baade austanfjells og nordanfjells hadde ein tolleg sjølvstendig heimevokster. Men det er greidt at alle bygder som laag nære byarne for det meste var underbruk under bymusiken, noko som m.a. notebøkerne etter Hans Balterud, Anders Haneborg, og Ole Aamot (alle fraa 1700-talet, sjaa "Norsk folkekultur" 1918, s. 130) er vitnemaal um. Det som millom anna gjer Telemarki og Hordaland til so gode spelemannsstrok, er at dei laag lenger undan bylgjeslaget av byinnverknad og fekk meir ro til aa forma ut sitt eige; til dette hjelpte hardingfela munsamt, som alt sagt.

Den gamle musikkultur i Telemarki greip med takksemd hardingspelet, og musikalske talent tok for seg slaattematerialet liksom fraa nytt av, førde det yver paa det nye instrumentet, maata det til og rika det upp.

Det var inkje noko snaudt materiale aa taka av. Alt fyrst paa 1700-talet var telemarksslaattarne mange hundrad; me hev den dag i dag rim til eller namn paa nokre hundrad av desse, og der var likso mange namnlause. Mange slaattar er komne burt; plent som folkevisorne døydde uskrivne paa lipporne av mange av dei største kvedarane, soleis døydde slaattarne paa strengen aat mangein spelemann. Til eit døme skal eg nemna at me eingong hadde 7 Kivlemøyslaattar; no hev me att 3. Sameleis hade dei i Sætesdalen ein heil flokk "Skjeldmøy-slaattar", og det er snaudt tvil um anna desse var andre versionar av Kivlemøyslaattarne. Dette tyder paa at vaar bondetradition fraa millomalderen heldt uppe heile smaaae cyklusar av musik; atter analogt med folkevisa, som knippa saman fleire kvæde i ein krins, rundt eitt og same emne. Som i so mangt anna so hev desse bygderne i folkemusiken med halde uppe ein eldgamal tradition.

Paa 1700-talet hadde ein i Telemarki som andre stader "forpagterspelemenn", som dei kallast, d.v.s. dei "forpagta" seg til eller leigde spelemannsretten innan eit visst bygdelag; det er den herlege privileg-tidi maavita, og kunsti med skulde patenterast i visse distrikt. Frå denne tidi kjenner ein mange spelemenner, men berre faae rekk høgdi.

I Kvitseid var tvo meiterspelememmer i andre halvpart av 1700-talet. Det var Paal Kristiansson (f.ikr. 1750) og Gunnar Torgeirsson Grjotnes (1748-1804). Deira spel rokk høgt i samtidi, og det ser ut til at tradisjonslina for deim nokolunde var sams. Dei hadde eit sers gamalslegt og rikt spel, og reint merkelegt var det at dei hadde mange slaattar ihopknippa til heile musikcyklar so aa segja, noko som mogleg peikar attende paa ein musikvokster som ikkje no ligg klaart i dagen. Det var dei som spela "Kivlemøyarne" i 7 avdelingar (slaattar). Dette er ikkje lett aa tyda no; men det sereigne samhøvet millom "Kivlemøyarne" og "Systerslaatarne" - eit samhøve som til dato ikkje er klaarlagt heilt ut - peikar tolleg avgjort paa at segni er sann. Desse karane spela hardingfele og bruka gjerne Karls-felor (av Knut Rude).

Litt yngre enn desse var Jon Kvammen eller Kjos i Aamotsdal (1754-1826). Han var "forpagterspelemann" eller "stænderspelemann", som det og kallast i nokre bygder i Vest-Telemarki, og spela i yver hundrad brudlaup. Han ser ut til ha vore ein som heldt si kunst i agt og ære og arbeidde ho fram. Slaattarne etter homom er fagre, greide og fastbygde. Han kunde mange, og sume av dei ber hans namn (Kvamshallingen, Kjos-jasen o.a.) hev han venteleg sett sin stempel paa.

Av andre fraa same tid eller noko eldre hev me Brynjulf Olssson paa Tinn og Torkjell Jonsson i Hjartdal, baae grepa spelemenner for si tid. Etter baae deim er ein slaatt som enno er mykje aa vange, og som snart kallast etter den eine, snart etter den andre (L.M. Lindeman, Fjeldmelodier 452; Halvorsen, Slaatter s. 8; R. Berge, Norske visefnugg, s. 180). Dette ber bod om at slaattematerialet alt den gongen var sams for spelemennerne, og at dei visseleg daa som seinare var mykje umeinannan og lærde av einannan. At Telemarki og fekk spel fraa andre kantar, m.a. fraa Agdir-kanten, vil ein skyna av at mange av dei arbeidskarane som paa 1600- og 1700-talet kom til bygderne, var spelemenner.

Ein med dei eldste hardingfele-spelarar me kjenner fraa sjølve Hardang, er Jakup i Asko (død 1788), plassmann under Tokheim i Odda. Han var ein glup spelemann; men meir namngjeten er han vorten av den syrgjelege avferd han fekk. Eit baatlag med "12 bruder", heiter det, rodde Sørfjorden og skulde til kyrkje. No skulde kvar gard hava sin salut, og til det bruk hadde dei i den eine baaten eit krutfat aa lada av. Komne midtfor Frøynes fata det eld i krutet, og den eine brudebaaten sprang i hundrad fillor. 6 mann drukna, millom desse spelemannen, han Jakup. Brudi berga seg av di bruka halmkrune og fløytte hovudet ei stund med den.

I Granvin  var Erik Meaas beste spelemannen der og bygderne rundt; han spela ei mengd brudlaup, og serleg er huldreslaattarne hans spurde. Ein sermerkt kunstnar fraa noko seinare tid var Olav Hildal fraa Odda med di han dikta so mange slaattar sjølv. Han vanka i Telemarki med, og Hildal-spelet er enno til der, medan det er litet kjent i heimbygderne. Desse spelemennerne bruka det gamle, einfelde hardingspelet. Men fyst paa 1800-talet kom det store umskiftet.

                                                                        LURAAS-TIDI
kann ein i spelemannssoga kalla fyrste fjordeparten av 1800-talet, med di Luraas-kararne fraa Tinn daa set sterkaste merket paa spelet. Dei heldt fram med byggjingi av det store spelet, som alt Grjotnesen og Jon Kvammen o.a. hadde teke til med. Fremst av Luraasarne og ein med dei største bondespelemenner Noreg hev fostra, var Knut Øysteinsson Luraas (1782-1843). Han var son til den kjende folkeføraren Øystein Ingusland, venen av Kristian Lofthus, eit urolegt hovud, ei brennande aand med godt vit og mod i mengdevis. Denne arven gav han gutarne sine i fullt maal. Det var urolege karar, flogvit og villheilar, geni og galningar, med ein utøymeleg kunstnarhaatt. Tri av deim (Knut, Øystein og Tomas) var soleis baade musikarar, rosemaalarar og treskjerarar.

I spel var Knut basen. Han var sovidt eg veit den fyrste norske bondespelemannen som "nationaliserar" spelet, den fyrste som freistar aa lyfte bygdespelet upp til ei landskunst ved aa samla tilfang fraa mange bygdelag og setja sams stempel paa det. Paa rosemaaling for han yver halve Noreg, og det vil ikkje segja so litet i dei dagar, naar ein reknar med at han hefte vikesvis i kvar bygd og soleis verkeleg livde seg inn i folkeliv og folkekunst paa kvar stad. Han spela ihop med dei beste spelemennerne i kvar bygd, heile Vestlandet like til Nordfjord, og paa Austlandet i alle fall so langt som til Hallingdal og Sigdal, men truleg heilt til Valdres. Fraa Nordfjord tok han med seg den aalkjende slaatten "Nordfjordingen", og det er vel han og seinare Myllarguten som hev arbeidt denn fram til det han er no.

Ein noko spædare, men leikande fin musikgivnad var Øystein Luraas (1785-1832), bror til Knut. Som broren for han vida paa rosemaaling, baade i aust og vest; sumtid fylgdest brøderne. Som broren gjorde han og sitt til aa vera millommann i spelet. Han spela  ikkje so dristugt som Knut, men liljande mjukt. Den slaatten han dikta daa gjenta hans sveik homom ("Gjerke Haugland") - han var trulova med ei staut bondegjente tett med Bergen, er fager, himelblaa i fargen, grøteleg, men med utløysing i kjensla; han ber bod fraa ein fin, gjennommusikalsk hug. I Numedal liver denne slaatten avbrigda med namnet "Sindroen"; paa Voss spelar dei han med namnet "Luraasen".

Den største spelemannen i Telemarki samstundes med Luraasarne var Øystein Langedrag fraa Selgjord (1786-1848). Han hadde mykje dei same slaattar som Luraasarne; dei slaattar som ein tinndølspelemann kallar Luraas-slaattar, heiter hjå ein selgjording Langedrag-slaattar. Vissa er at han hadde sers gode traditionar aa bygja paa i desse bygder. Han heldt seg mykje til sitt bygdebundne spel og kom ikkje stort utanum Telemarki paa speleing. Men dentid han laag utkommendera var han saman med spelemenner fraa ymse kantar, serleg vossingar og sogningar, og lærde venteleg av deim liksom dei av honom. Han komponera daa "Prinsemarsen".

Det er trulegt at Langedragen var likso god spelemann som Knut Luraas; og spelet hans var likso trygt og velbygt, likso kultivera. Men han hadde ikkje vengjefang som denne, ikkje dei braade kast i lynde som er so nykveikjande, og heller ikkje den evna til aa utforma nytt paa gamalt grunnlag. Han hadde daa heller ikkje slikt fond av musikmateriale aa bygja av og er ikkje so vaagall i umdiktingi. Likevel er det nok sikkert at Langedragen hev sett djupe merke paa spelet i Midt-Telemarki, og at han heldt uppe ein stor slaatterikdom som er nedervd til vaar tid; i so maate var han arvtakar etter Jon Kvammen.

Ihop med Olav Raamundsson Soterud (1782-1828), sambygdingen sin, spela Langedragen ofte, og dei tamde einannan upp. "Skarsnuten" kallast ein slaatt dei høyrde i berget, og som skal daa heitast vera deira dikting.

Av spelemenner paa Vestlandet i denne tid maa m.a. nemnast Nils Olavsson Rekve (f. ikr. 1778, død 1830-aari?); han var fælaste spelemannen paa Voss daa, og ein av dei gjævaste spelemenner Vestlandet hev fostra. Han samla i fela si heile det gamle vossespelet og var ein traditionsberar av fyrste rang. Serleg var han meister paa rullar og lausdansar, og til spelemann maa han fullt setjast jamhøgt med Knut Luraas. Knut fortalde sjølv fyrste gongen han var hjaa Rekveen: "Då e´ fysste gaangen kaam ti Nils Rekve", sa han, "da tott' e' dæ let saa godt at e' visste kje om dæ va' nokko gjøvaa se' ut fe spølemann hell ikkje. Men da 'n begjynna me springaran', da hørd' e' naa han skji' paa veslekrakk", la han til. Knut Luraas sa aldri meir enn han meinte, heller mindre; so denne domen gjev oss ei greid meining um kor jamspela kararne var. Men Rekveen kom aldri so vidt som Luraasen og fekk fylgjeleg ikkje so stor innverknad. Livevel held "Rekve-slaattarne" seg merkeleg godt i andre bygdelag, serleg er dei vel lika i Telemarki.

Mest aa segja fekk Rekveen for Myllarguten; det er sikkert at det smeiselege, lette og leikande vossespelet fall saman med huglyndet hans. Den makelause dansande bogeføringi og dei fyssande eldfulle kast i spelet hev fraa Rekveen (um Luraasen og Myllaren) gjenge iyver i telemarkspelet.

Rekveen og jamaldringen hans, Nils Bygdetraaen fraa Vossestrandi, var dei mes nytta spelemennerne i alle gilde brudlaup paa Voss og i Hardang i si tid. Dei hadde mange læregutar, den sværaste var Per Bulko.

Per Bulko eller Bulken (1795-1876) maa reknast for sambygding av desse. Han var fødd paa Voss, men livde si meste tid i Sørfjorden. Daa han ei tid budde paa Sekse, talar dei um Sekse-slaattar; og elles liver baade i Telemarki og paa Vestlandet Bulke-slaattar, anten no desse er hans dikting eller ber namnet for han spela deim mykje.Visst er det at han komponera ikkje so lite; ein av kompositionarne hans skal "Kongsslaatten" vera; han spela den for kongen dentid han "laag ute", difor namnet.

Ei tid var visseleg Per Bulko den største spelemann der var i Hardingfjorden. Han spela mykje saman med Luraasarne og elles andre telemarksspelemenner. Han var den mest vyrde lagspelemannen i Hordaland daa, og liktest Jon Kvammen i si fine og sætelege framferd. Baae desse var ulike spelemenner flest med di dei agta seg for drykken og aldri slepte uvyrdskapen paa seg; dei var daa og sers mykje nytta, og meir enn andre dei trygge brudlaupsspelemenner.

Spelet til Bulkoen var mjukt, fint og skirt og soleis eit klaart bilæte av hans fine lynde. Alt i 1820-aari stod han paa høgdi, og daa Myllarguten ikr. 1830 kom fyrste gongen paa Vestlandet, fekk han eit sterkt inntrykk av hardingspelet hjaa honom.

                                                   MYLLARGUTEN OG HANS SAMTID
Per Bulko nådde ikkje lenger enn til bygdespelet, han som Langedragen. Den som skulde taka arven etter Knut Luraas og føre han vidare, var Torgeir Audunsson. Torgeir var fødd i Sauherad prestegjeld i Telemarki i 1801. (Ikkje 1802 som alle leksika segjer.) Han flakka i sin ungdom bygdelaget yver, budde lenge i Vinje og kaupte seg til slutt gard paa Rauland. Han var son til ein mylnar, og fekk difor kjenningsnamnet Myllarguten (avstytt: Myllaren). Under det namnet hev han gjenge inn i soga.

Det fyrste merkelege med Myllarguten var han umettelege hug etter slaatar. Han lærde alt han kunde yver koma. Ein av hans fyrste læremeistrar var Mattis Flathus i Sauherad (etter honom "Flathusen"); og elles var far hans med spelemann. Men sin fyrste store kveik fekk han daa han som hjuringgut høyrde Jon Kvammen; daa fekk han tanke um kva storbygde slaattar hadde aa segja, og han lærde bogeføring og ymse knip med fingrarne. Sidan spela han med Langedragen, Luraasarne, Sagafossen frå Heitdal og mange andre. Daa han ikr. 30 aar gamal kom paa Vestlandet, hadde han ei musikalsk niste so stor, ein teknik so fullkomen attaat sin lærehunger og nyfiknad, at han var paa det beste rusta til aa taka imot og verdsetja inntrykki av spelkunsti i eit nytt bygdelag.

Av Luraasarne hadde han lært vestlandsspelet aa kjenna og høyrt um vestmennerne. Han hadde lengta etter aa raaka berarane av eit spel som stod jamhøgt med hans eigen bygdetradisjon, og han fekk stille lengten. Han søkte alle spelemenner der var vestanfjells og det segjest han slo deim alle.

Myllarguten saug no inn heile vestlandsspelet; med sit flognæme lærde han likso fort musiken der vest som heime. Men naar spelemennerne der skulde faa valuta i telemarksslaattar, var han ikkje alltid so greid. Anten heldt han for godt eller so kasta han um slaatten i braade avbrigde som han aldri fyrr hadde spela og som ingen fyrr hadde høyrt. Difor het det seg at Myllarguten var umogleg aa læra av; for han spela aldri same slaatten likt. Men noko hekk det sjølvsagt att, og det hev sidan Luraasen, Rekveen og Myllarguten stødt og stendigt vore kastebyting av telemarksslaattar og vestlandsslaattar millom spelemennerne. Dette hev vore til stor bate for baae bygdelagsspeli, og gjort sitt til liksom aa støypa deim saman; vestlandsslaatten hev fenge noko av det lyrisk-mjuke, maalande fraa telemarksslaatten, og umsnutt hev denn fenge noko av sin dramatiske styrke og sprækleik fraa hin. Det er ei heppeleg blanding, og den som med musikalsk geni skyna seg paa aa støypa dei tvo speli ihop som ingen annan, det var Myllaren.

30 aar gamal (1831) raaka han Ole Bull i Bergen og spela mykje for honom. Det er trulegt det var fyrste gongen Bull for aalvor gauma etter bondespelet, og naar fyrst interessa var vekt, sovna ho aldri att. Kva dette hadde aa segja for Ole Bull, veit alle. Men det hadde minst like mykje paa seg for folkemusikken. Gjenom den kveiken Bull fekk av Myllarguten kom han til aa verta primus motor allstad naar det galdt aa leita fram og halda i ære den norske folkemusiken. 1849 førde han Myllarguten fram for eit kræse musikpublikum i hovudstaden og 1850 vigde han Bergens nationale scene, med bondespel og bondedans. Dette vart seinare stempla for romantik, og reaktionen som kom fraa dei realistiske straumdrag i kunst og litteratur, gjorde alt han kunde for aa læja ut Ole Bull og hans bondenorske syn. Ettertidi har synt og vil endaa meir i framtidi syna at det nok ikkje berre var romantik i vanvyrdsleg meining; det vil sannast at Bull hadde eit genialt framsyn som ingen annan, og det maa medgjevast at Myllarguten ikkje var "fjeldets raa søn", men den fagraste blomen som endaa den bondenorske musikkultur hadde sett. Det musikelskande publikum i 1850-aari saag naturgeniet, men dei hadde ikkje fyresetnader til aa skyna at der laag verkeleg musikalsk kultivering bak. Det var daa heller  ikkje aa venta; til det laag denne for langt undan det vanlege.

Naar Myllarguten kunde trollbinda Ole Bull, naar han var den fyrste spelemannen i alle bondebudlaup i Telemarki, Voss, Hardang og Ryfylke i ein mannsalder, naar han kom til å faa eit gjetord som ingen hittil, so laag det fyrst og fremst ikkje i tilhøvi - endaa dei gjorde mykje -, men det laag i den musikalske magt der var i spelet hans. Som exekutør var han makelaus, og serleg hadde han ein boge so meisterleg fast, sterk og fljotande, at han rann saman med fela i ein organisme. Han dreiv fela til ho mest sprengdest; det kom vel noko av at freista ho med svært høg stilling, men det kom mest av at han røynte all hennar evna til det yttarste. Men elles er det eit par andre gaavor ein maa setja høgre hjaa honom, det er inspirasjonen og evna til aa byggja um spelet.

"Spel-raseriet" til Myllarguten er kjent nok; han spela seg i rein ekstase, og denne øsingi kunde liggja yver honom som ein tung draum jamdøgeret rundt. Og naar den "ramme slaatten" tok honom, var det ikkje lenger boge paa strengjer, ikkje lenger slaattar - fela var ein klump av livande liv, og musikken eitt einaste stykke, rettnok med motiv fraa kjende slaattar her og der, men i røyndi fraa fyrst til seinst ei leikande tonemaaling fraa sjæli aat spelemannen. Han kunde daa føre fram dei venaste tonestykke; men det hende og at han skjemde spelet med altfor mange vridekast, so den storlagde kompositionen kom for mykje burt. Dette var visseleg hans største lyte, som krotingi og kunde vera ein styrke, maateleg bruka.

 Kompotionsevna til Myllarguten kjem kanskje ikkje so sterkt fram i dei einskilde slaatarne som skriv seg fraa honom, som i heile den stempelen han sette paa spelet. Hans mektige hand tykkjest vera allstad framme, utfyllande, samanbindande, umbygjande, nyskapande. Me kjenner døme paa ymse slaattar slik som dei var fyre hans tid, og slik som dei no spelar deim, med hans merke paa seg. Det er liksom at fosseflaumen er slept inn i faret av eit stillfarande bekkjesikl. Dei gamle taki som song mjukt og spædvore med klangen fraa ein langeleikstreng og med eit tonespel i ein einaste farge, dei bryt no paa som eit lite orkester, slengjer sin fossande tonelikam hit og dit, so veki vert brigda og umbrøytte, kløyver seg og bind seg ihop att, medan hovudstraumen durar fram lysande i sol og spelande i alle fargar. Grunnkjensla i spelet hans er det fyssande, fløymande, grunnbrjotande, samanrunne med det milde og leikande lyriske. Det er Vestlands-brudgomen som held brudlaup med Telemarks-brudi, Myllaren er presten som vigjer deim. Difor er det sagt raakande nok at den sermerkte Myllar-slaatten "Siklebekken" er ein "telemarkisera Rekve-slaatt"; Myllaren fann eit emne i ein vestlandsslaatt og bygde sin av. Visst er det at fossen fraa Myllar-spelet bryt seg veg vidare enn gjennom bygdelaget. Difor vert dette spelet den mest fullkomne feistnaden paa aa skapa eit mynsterspel av den norske bondeslaatten. Og det er bygt upp baade ved gjennomreflektera restitution og leikande inspiration, produkt av gamall musiktradition og ungt geni.

Torgeir Audunsson fekk seg for konsert-innkomorne i Kristiania og Bergen pengar til aa kaupa seg gard paa Rauland; men daa han ingen jordbrukar var, gjekk det ut med honom; han maatte ifraa og døydde 1872 paa ein plass under garden sin, het Kosi. "Eg æ fødd paa ein plass hette Kaasa, aa dæ ser ut ti eg ska døy paa ein plass heiter Kaasa", sa han paa det seinste. Det var som eit bilæte paa heile livet hans: fraa husmannsstand upp i betrestand, i ære og gjetord, og so nedatt same vegen. Livet hans er eit tungsamt bilæte av von og vonbrot; men kunsti han skapte, den vil halda seg.

Haavard Knutsson Gibøen fraa Møsstrandi (1810-76) var den Myllaren sette mest pris paa av samaldringane sine. Haavard var av gamall spelemannsætt, med di baade godfaren (Havard Gibøen) og ættfaren (Tore Knapen) var bra spelemenner. Læremeisteren til Haavard var Knut Luraas. Kvar gong Knut tok vest i Telemarks-bygderne eller paa "Nordlandet" paa maaling, for han yver Møsstrandi og hefte gjerne paa Gibøen. Og daa han fann ein uvanleg lærehug hjaa Gibøen-guten, so vart det til det at han hefte lenger og lenger kvar gong der paa garden; til slutten tok han seg reint fyre aa læra Haavard alt det han kunde, og heldt av honom som sitt eige barn. I Haavards-spelet hev me ned til i dag den trygganste traditionslina fraa Luraas-spelet, noko som hev serleg mykje aa segja til greidt aa døma um den innsatsen Luraas-karane gjorde. Men attaat dette hadde han fraa godfar sin mange sermerkte slaattar, som er lite kjende i notidi.

Haavard Gibøen var ingen vidreist mann og kom mest ikkje utan-um Telemarki; men der reiste han (eller sat til bunads) mangstad, og spela ihop med alle som var noko, mest daa med Myllarguten. Desse tvo var som brøder; men i spelet so ulike som dei kunde. Medan Torgeir var den brusande fossen, var Haavard den stille straumen fraa blenkjande, djupt fjellvatn. Det var noko brennande og braadt hjaa Myllarguten, og det kunde hende han spela hardvore; hjaa Haavard var alt mildt og blautt, med ein hjartetakande mjukleik som sjølve Myllaren ikkje hamla upp med.

Haavard var ei poetisk natur, um han no ikkje hadde det diktarlynde som han Torgeir. "Haavards draum" (Halvorsen, Slaatter s. 16, jfr. Grieg, op. 72, s. 40) er det beste prov paa verkeleg komponistevna. Liksom Myllar-kompositionarne oftast er sermerkte triol-bygde springarar med durklang, er Gibøen-slaattarne (baade sjølvgjorde og nedervde) meir rolegskridande, molldæmde slaattar, med styrken i gangararne; det framandslage dæme fraa naturtoneskalaen i mange av deim peikar tvillaust paa høg alder, og dertil med liksom Kvams-slaattarne paa framifraa tradition.

Nokre av Haavard Gibøens slaattar vart i 1860-aari uppskrivne av Bergens-violinisten Chr. Suchow, som var paa Møsstrandi til honom.

Av andre Telemarks-spelemenner fraa same tid maa nemnast Olav Kollsrud fraa Heitdal og Hans Hellos fraa Bø (1807-73), baae med eit sers godt og stødt spel, tradisjonsbunde til og sermerkt for nedre bygderne i Talemarki. Dei hadde mykje av same slaattetilfang som Myllarguten i hans fyrste periode. Bøheringsspelet er nedervt gjennom sønerne til Hellosen, Kollsrud-spelet gjennom Fykerudarne.

Ein heilt annan karakter hadde spelet til Hans og Anders Fiskestig i Holla. Det sermerkjer seg ved sine tidgjengde, kvike springarar, med meir svip av Austlandet. Men spelet deira høyrer likevel Telemarks-unkvervet til, og Myllarguten drog det inn i sing ring.

Noko skyldt er spelet i Sud-Telemarki, der Peter Veum (1811-89) og Olav Napper (f. 1833), baae fraa Veum i Fyrisdal var dei fremste. Peter Veum var jamgamall med Haavard Gibøen, og var mykje saman med dei beste Telemarks-spelemmenner, helst Langedragen. Spelet hans var sers stødt og fint, og han var beste spelemannen paa dei kantar i si tid. Han tok seg av det unge spelemanns-emnet Olav Napper (den eldre) og lærde honom av sitt beste, so denne vart ein med dei finaste Telemarks-kunstnarar i seinare tid. Han spela ofte ihop med Myllarguten, og det var faae denne lika so godt som "Trasken", so kalla dei Napperen. Ja i blautt og skirt spel var det deim som totte Napperen var vel so god. Men han var mest spelemannen (exekutøren), og slaattarne som ber han namn ("Trasken", "Napperen"), er i grunnen gamle slaattar.

Hardang hadde paa denne tidi, umframt Bulken, mange hage spele-menner. Ein med dei mætaste var Asbjørn Reinsnos i Odda (død ikr. 1850). "Han va' so kvasso kar ti spela at han bussegjekk Bulkjen", heiter de. Han spela mykje ihop med Myllaren og var jamvel aust i Telemarki til denne; spelet hans var mykje paaverka av Myllar-spelet og bar i det heile telemarkssvip.

Nils Reisæter i Ullensvang spela mykje ihop med Myllaren og var endaa aust hjaa honom. Ein annan av læregutane Myllarens var Olav Persson Folkedal i same bygdi; han er meir kjend for at ymse gode slaattar ber hans namn enn for serleg godt spel.

Heilt frigjord for telemarkspaaverknaden var Oddmund Urheim (1816-95), den velkjende visediktaren frå Kinsarvik. Han spela noko smaatt, men var ein mykje bruka lagsspelemann og kunde det gamle hardingspelet reint. Han var so slaaterik han kunde yvi hundrad springarar, segjest det.

Mykje meir til spelemann og likso rik paa god slaattetradisjon var Olav Haastabbe (1826-99), som og var harding (Kinsarvik). I mangt og mykje minte han om Leiv Sandsdalen i Telemarki, same fingrelage, med eit stødlegt, velkultivera spel, ikkje noko sprakande, men dess tryggare i sessen, kvilande murfast paa gamall tradition.

Paa Voss var denne tid som allstødt mange glupingar paa fela. Dei fremste i Mylllar-tidi er Olav Rekve, son han Nils, Lars Lofthus (1798-1880-aari?), Nils Gjerde (1803-92) og Isak Rokne, læremeistaren aat Olav Mosafinn. Som eit døme paa godleiken er fortalt at Rekveen, Lofthusen og Gjerdeen spela i kvar sitt brudlaup av fem brudelag som møttest ved Vangskyrkja. Spelemennerne kappast, og alle totte Lofthusen bar bjølla. Olav Rekve kunde ikkje mæla seg med far sin, men heldt godt uppe spelet hans. Lofthusen var sers stød og noko tung i spelet sitt, ein maatehalden og vyrdleg kar, vel lika og mykje nytta til lagsspelemann. Men korkje han eller Rekveen var vidare ute paa spelferder utanum Hordaland.

Det var derimot tilfellet med Nils Gjerde. Han førde valdresspelet inn i vossespelet. I sin pure ungdom var han i lære hjaa Jørn Hilme, og kom m.a. med "Rengjorne" til Voss. Han lika all sin dag godt Hilme-spelet og i karakter er det nokon skyldskap millom desse speli, med di baae er so drivande og blodheite; men lyriken i vossaspelet var framand for valdresspelet. Gjerde-guten vart ei tid rekna for den fyrste spelemann paa Voss, ja det er deim som set honom fyre Olav Mosafinn. Serleg var han meister paa springarar.

Mosafinn sjølv sette derimot Isak Rokne fremst. Han var litt eldre enn han Nils og var ein svært nytta brudlaupsspelemann. Hans slaattar er sermerkt vossespel, og det er vel gjennom honom, Hans Skutle og Mosafinn at notidi hev fenge nedervt so mange merkelege slaattar; men det er likt til Mosafinn meir gjekk sine eigne vegar, medan Rokneen var traditionsbunden. Rokne hadde mange læregutar, m.a. Johannes Fossmark (1812-98) i Bruvik. Han spela mjukt og fint, og hadde fraa læraren sin ei mengd Myllar-slaattar. Jamaldring med Fossmarken var Martinius Gjelsvik frå Masfjorden, som spela mykje saman med Myllaren og gjorde sitt til aa halde Myllar-spelet i live paa Vestlandet. Desse kararne peikar i so maate fram mot Hans Skutle.

                        SÆBYGGJESPELET. NERID NESET OG HARDINGFELA I SÆTESDALEN
Sætesdalen hev liksom Telemarki aatt ei mengd med gode og gamle slaattar. Mange av deim er dei same som i Telemarki, berre med andre namn. Ein som "Skjoldmøyslaget", som no skal vera burtkomen, var rimelegvis eit sætesdalsk avbrigde av "Kivlemøyarne". Ymse Faremo-slaattar (t.d. Bordstabelen) kjenner ein i Telemarki o.s.b.

Som i Telemarki var det i Sætesdalen brukelegt aa tulla til dansen. Etter som Johannes Skar segjer kom fela fyrst upp i dalen med Faremo-kararne, eller i alle fall paa 1700-talet. Det var berre dusinfele, og spelet i Sætesdalen hadde difor ein annan karakter enn i Telemarki og i Hardang. Knut Heddi, som kjenner sæbygjespelet so godt, segjer um det gamle spelet i dalen likna med hardingfelespelet: "Sætesdalspelet dundrar og rullar meir kraftig, med grove enkle, likeframme tonar, i di at ein fingar mes paa ein streng i senn og let dei hine strengjerne - med tolleg flat notehest - høyrast med etter gehør".

Dalen hadde paa same tid som Kvams-spelet herska i Telemarki mange gode "felarar". Fremst av alle var Olav Faremo (f. 1786, død ukj.), eit verkeleg musikalsk geni, som baade var framifraa spelemann og merkeleg slaattediktar. Slaattarne hans kallast gjerne "Faremoane", og av desse er kannhenda "Gorrlausane", som gjeng med kaldleg slak ("gorrlaus") bas, av dei raraste.

Umfram Olav var brøderne hans Torgeir Faremo (f. ikr. 1790) og Olav Minemo (yngre enn fyrre) md dei mætaste. Vardals-fanten Peter Strømsing kom paa deira tid med ikkje lite framandspel til dalen., baade bondespel (Austlands-spel) og byspel. Den som meistra baae og bar med seg baade egte gamall Sætesdals-tradition og som ogso kunde Strømsing-spel, var Torkjell Aslaksson Austad (f. 1803), som av sume vert rekna for beste spelemannen i dalen, medan andre tek Olav Faremo fyre. Austaden kappspela med Myllarguten, og vann paa honom med den høgmælte dusinfela si. Han spela fælt stødt, heldt slaattarne reine og hadde makelaust slaatteminne. Han vilde aldri spela anna dusinfele; hardingfela let ikkje noko totte han.

Den som førte hardingfela til inn i Sætesdalen var Neri Gunnsteinsson Neset fraa Byggland (1838-83). Han kom med "austmannsspelet", segjer sæbyggjen, d.v.s. han tok sin lærdom i Telemarki. Fela hadde lysti hans fraa liten. Som han vart vaksen, fekk han slik utferdshug; han vilde høyra gode spelemenner. Han var til Lisle-Tovdal og høyrde Hallvord Kjarranlid og til Gjevedal og spela med Aadne Smedland. Men mest gjetord stod det den gongen av Telemarksspelet, og han laut daa aust aa høyra Telemarkingarne. Av desse var han i lag med baade Myllarguten, Gibøen og Napparen; men mest hadde han att av aa lyda paa Peter Veum. Spelet hans Peter var so skirt og greidlegt; han var god til aa læra ifraa seg og hadde slikt ute-paa vit paa spel, totte Nerid.

I nie vikor var Nerid ute paa spelemannsferd, og daa han kom heimatt, var han slik kar paa fela at han slo deim alle; Austaden var ikkje i hæve lenger, og ingen torde bjoda seg mot honom; mot dei lange og drustelege slaattarne utkrota i finaste filigran, vart det eldre bygdespelet klumput og tungt og barnslegt, totte folk. "Austmannspelet" gjekk sin sigergang etter heile dalen, og drap ned mykje sermerkt sæbyggjespel, som hadde vore ein betre lagnad verdt. "Daa kom Skjallmøyslaget" burt, segjer Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal I).

Endaa Nerid Neset ikkje var so fræg ein spelemann som Torkjell Austad eller Olav Faremo, so er hans innsats i sætesdalsspelet likso stor som deira. Fraa hans tid vart hardingfela den dei fleste spelemenner bruka. Slaattmaterialet skifte karakter; sumt var tilmaata og halde i live, sumt gamalt kom burt, mykje nytt kom til. Det nye spelet bruka Eivind Frøyrak, seinare brorsonen hans Eivind Aakhus og dei fremste no. Men dei tek og til aa leite uppatt det gamle sermerkte sæbyggjespelet og halda det i ære. Millom desse må nemnast Knut Heddi. Han er baade spelemann og granskar, han hev skrive upp mange slaattar og greidt ut um sitt bygdelagsspel.

                                                    HARDINGSPELET I AUSTLANDS-DALFØRI
Ein annonym innsendar i "Aftenbladet" 1861 byter bygdespeli soleis: "Slaattemusiken adskiller sig nu i to temmelig forskjellige Grene, nemlig Thelemarksspillet, der hører hjemme i Thelemarken, Sætersdalen, Numedal, Hardanger og tildels Voss, og Valdresspillet, der bruges i Valders og Sogn, og mødes med Thelemarksspillet paa Voss, hvor der er en Blanding af begge Dele, hvilket ogsaa er Tilfeldet med Hallingspillet, skjønt dette staar Valdersspillet ulige nærmere". Han syner seg aa hava merkeleg god greida paa spelet i bygderne, og eg trur det er fyrste gongen det er kome paa prent eit so greidt og klaart yversyn. Det er ikkje so stort ein den dag i dag kann fokka paa dene inndeilingi av hardingfelespelet. Han hev peika paa dei tvo typiske spel og lagt dei nærskylde under kvar av desse. Han hev og havt auga for det sermerkte vossespelet, som ein gjer rettast i aa rekne i ser. Einaste som treng retting er, at ein kann heller rekna Numedal til valdresspel-umraadet. For med Numedal tek ein heilt annan taktkarakter til. I springaren hev telemarksspelet eit samantrengt seinste slag, ein ujamn tribytt takt (jamfør. s. 99), som alt L.M. Lindeman hev havt øyra for (sjaa hans "Indberetning 1948, prenta i "Norske Universitets- og Skole-Annaler, rekkje 2, V). Men i Numedal tek den jamne 3/4 takt til og denne raader umframt i valdresspelet allstad der bondespelet gjeng paa dusinfela.

Valdresspelet skil seg ut ved eit meir dramatisk fyredrag og hev tidgjengd karakter; det er i so maate meir likt vestlandsspelet. Det kann heller ikkje neiktast anna detter gjer slaattarne noko knivharde og turrare, men kanskje endaa meir seneberre og kipne. "Rotnheims-Knut", typisk halling, er godt døme paa staalfjøri i dette spelet. Her med gjev eg ordet til "Aftenblad"-skribenten, daa han som alltid er raakande fordomsfri: "Medens Thelemarksslaatterne i Regelen bestaar af fem til ti, ja endog tyve Repetitioner, indeholder Valdresslaaterne høist tre og somoftest kun to saadanne, ja mange Slaatter indeholder kun een Repetition, som da spilles paaa de høie og de lave strenge. Hallingen er ligesom Springdansen fattig og kort, men meget livlig, ligesom man ideheletaget maa indrømme Valdersspillet Friskhed og Kraft, men ikke Følelse og Afvexling". Denne domen treng ein modifikation, til bate for valdresspelet. Det einfelde spelet md dei faae veki og attertaki (repetitionarne) er ikkje berre serkjenne for valdresspelet, men for heile det gamle bondespelet; slik var telemarksspelet og, fyrr dei store kunstnarane tok til aa arbeida det ut. Og liksom dette, fekk valdresspelet ogso sin nybyggjar, i Jørn Nilsson Hilme fraa Aurdal (død 1854).

Brennande lærehuga som han var, saug han fyrst i seg alt han kunde av heimbygdsspel, og daa han - som alle andre Valdres-unggutar - møtte upp på Lærdals-marknaden aar etter aar, kom han mykje burt i sogne-spelet. Som med Knut Luraas, so med Hilme-guten: han tok til aa mengja saman austmannspel og vestmannspel, og laga seg so aa segja sin eigen stil og sine eigne slaattar, snart med vyrke meir mekanisk samanskøytt (jfr. O.M. Sandvik, Folkemusik i Gudbrandsdalen, s 9), snart organisk ihoprent. Det maa segjast sume av Hilme-slaattarne i allefall er ei heppi utkrystallisering av det beste baade i lynde og i materiale som valdresspelet hev. Men den store tekniske hagleiken og sansen for den ytre gang i slaatten som karakterisera Hilme-guten, gjorde at han stundom gløymde det lødige musikalske sjælsinnhald. Men han tok spelemannslærdomen med aalvor og tukt; han visste at meisterskapen kom ikkje utan stræv. Eit godt døme paa kva han la i kultivering og uppsemjing fortalde Nils Gjerde, læreguten hans. Nils hadde eit ulag medan han spela; han lyfte den eine oksli so mykje. Daa sette læraren eit band yver armen hans. Og til aa høyra koss fela hans Nils let, bruka han gjerne aa ganga uti eit anna rom. Ristetaki vilde Jørn endeleg at Nils skulde faa i bogen sin, og "eg matte læra dobbelristen og tao han Jørn, dao du!" sa Gjerde-guten.

Valdresspelet fekk ved Jørn Hilme ikkje lite aa segja i ymse bygder, helst vestanfjells, men i Hallingdal og Numedal, ja like til Telemarki. "Rengjorne" kom dit alt med Knut Luraas, er det lydande til, og ein slaatt som "Prillaren i Osen" (Halvorsen, Slaattar nr. 5) er truleg ein Hilme-slaatt 1. (1. "Prillaren i Osen" er ikkje "Prillaren fra Os Præstegjeld" (Halvorsen), men "Prillaren fraa Ulsnes" (Ulsnesbygdi i Aurdal), der Hilme var ifraa.)

Paaverknaden utanifraa naadde sjølvsagt ikkje berre fraa Vestlandet, endaa ein serleg i springaren merkar at det flyt sogneblod. Valdres tok ogsaa imot innverknad fraa gudbrandsdølen og hallingen; til dette hjelpte fyrst og fremst dei store sumarstemnorne paa fjellet, som "Vasetdansen", "Lykkjedansen", "Kambedansen", "Beinedansen" o.m.a. Her møttest ungdom fraa tvo bygdelag, til kapping i spel og dans og karstykkje. Daa det fylgde fælt til drykk og ulivnad med desse dansarne, kom dei meir og meir ut av bruk. Seinste Lykkjedansen stod i 1851, og dei fleste var vel avlagde ved 1800-talet. Dermed var og spelkapping og slaattebyte utum inkje i yver ein mannsalder.

Hilme-spelet liver i Valdres baade i Hilme-kompostionarne ("rengjorne", "Spelemannsprøva" o.a.) og hitt spele, som læregutarne hans tok i arv, soleis sonen Nils (Jørn-Nils), Gullik Teigstolen, Olav Hamre i Slidre og Olav Strand i Vang; desse hadde spelet anten beinveges eller andrehands fraa "Skjegle-Jørn" (vednamn paa Himle-guten).

Eit spel med noko annan karakter enn Aurdals-spelet (Hilme-spelet) er Slidre-spelet. Millom dei fremste i det maa nemnast Jøger Sagahaugen (f.ikr. 1809, død ikr. 1891) med umaateleg greide og klaarbygde slaattar og ei meisterleg boging til aa nytta berre dei gamle "rundbogane". I lydarspel var Krysshaugane velso gode; serleg spela dei eldste eit med dei mest krulla spel i Valdres. Han for som skræddar paa Voss og i Sogn, og kom heim med mykje vestlandsspel, han som Hilme-guten. Deira spel er nedervt hjaaa Jørn Røn i Slidre, medan yngre spelemenner som Olav Moe (f. 1872) vel hev halde seg meir til Hilme-leidi. Han hev arbeidt Valdres-spelet upp til konsertspel og hev vanka vidt paa spelferder, m.a. halde konsertar i Amerika.

Nærskyldt valdresspelet er hallingspelet. Men daa hallingen i det heile hev stor sans for maaling, so er slaattarne hans meir lyriske og mjukare enn valdresslaattarne.

Det gamle hallingspelet var smaafint og einfelt, plent langeleikdæmt. Gjennombrotet fraa den gamle strengjeleik- og blaasemusikken til hardingfelespelet kom noko seinare i Hallingdal og Numedal enn i Telemarki; sjølve hardingfela er visseleg kome aat desse bygdelagi ved telemarksspelemenner, serleg ved Luraasarne og andre tinndøler.

Heilt paa den gamle gjerdi, men med upptak til meir stortenkt spel, nærast aa likna med Kvams- og Langedrag-spelet i Telemarki, var spelet til Knut Toen fraa Nes, Knut Strand i Aal, Gutorm Grimelid i Sigdal (etter honom "Grimeliden"), Olav Moe eller Moguten i Eggedal (etter honom "Moguten") og ikkje aa gløyma Knut Fosslida i Krødsherad. Knut drog til Amerika i 1841, i sin friskaste ungdom, og innverknaden han paa bygdespelet vart mindre enn han kunde vorte. Men han var ein merkeleg gaaverik kar, makelaus fingerrapp i spelet, greidskoren i tonen, god i traditionen. Attaat var han vanleg kjøkemeister, bygdediktar og felemakar. Av slaattar laga han m.a. "Den halte merra".

Ola Kleiven i Krødsherad (1817-90) hadde godt kryllingspel. Han maa nemnast for di han baade spela for Ole Bull og fekk hjelp av denne, men serleg for di han visst er den fyrste norske bondespelemann som held konsertar utanfor Skandinavia; han var soleis i Engelland og spela, men spann ikkje silke av ferdi. Som det gjekk Myllarguten i Danemark, so gjekk det Kleivguten i Engelland, dei skyna ikkje spelet hans.

Det kunde vera mang andre som fortente umtale, um det hadde vore rom til det, som Hans Hagen (f. 1825) og Kjetil Langbakke (f. 1826) fraa Krødsherad; den seinste fraus i hel 1858 etter han hadde spela ein av "fjelldansane". Men me lyt nøgja oss med aa peika paa den verkelege snunaden i spelet som Gudbrand Skjellerud fraa Nes, gjorde; han var til Myllarguten og tinndølerne i lære og førde inn telemarkssvip i hallingspelet. Denne innsatsen hev havt ikkje liten verknad, og den fremste spelemannen i seinare aar, Vilhelm Sorteberg (1832-1912) lika best telemarksspelet.

Spelemannssoga i Numedal fell paa lag saman med soga i Hallingdal. Slaattarne hev same karakter og framvokster. Dusinfela heldt seg seig i søre bygderne, og dei største spelemenner Numedal hev havt, Løytnantsdrengjerne (Knut Øyanhaugen i Nore med dei 4 sønerne hans, Paal, Torstein, Hallvord og Gunnar) lika best dusinfela. Numedøler og telemarkingar makeskifte spel paa Kongsberg-marknaden, og Luraas-karane førde mykje slaattar til og fraa desse bygdelagi. Difor kann ein finna telemarkisera numedalsslaattar og numedøl-dæmde telemarksslaatar i kvart av bygdelagi ("Veggligjenta", "Grimeliden", "Moguten", "Torstein Brunsdalen", "Sindroen" o.m.a).

              DEN SUDNORSKE MYNSTERFORMI. LÆREGUTARNE TIL MYLLARGUTEN.
"Dæ hjølper ikkje haa' go 'n æ te spela har 'n kje komme i opprop", hermer dei etter Myllarguten. Det hjelpte lite kor godt Myllarguten og hans samtidingar arbeidde ut slaattarne hadde dei ikkje havt hjelparar til aa gjera spelet kjent, og arvtakarar til aa føra det vidare. Men heppa fylgde kunsti deira so ho vann uventa stor magt i folkemusiklivet vaart.

Dette er serleg tvo mann aa takka. Namnet aat den eine straalar i vaar folkemusiksoge som ei sol; det er Ole Bull. Namnet aat den hin ligg i skuggen, endaa um det nok er landskjent fraa vaare politiske stridsaar; men berre dei faae kjende veit kva for ein klang dette namnet hadde millom spelemennerne for eit par mannsaldrar sidan. Mannen fortener aa minnast. Det er yverrettssakførar, seinare byfut og stortingsmann Livius Smitt (1840-90), "Prestesonen" som Myllarguten kalla honom. Han var son til presten A.E. Smitt, fødd i Vinje i Telemarki, kom 12 aar gamal til Voss saman med far sin, og livde paa den maaten like fraa barndomen til studentaari midt i centrum for felespelet austan- og vestanfjells. Dei minni han hadde um Myllaren - og han høyrde nok honom baade i Telemarki, paa Vestlandet og paa konsertar i byarne - hev vore ugløymande. Han var gjennommusikalsk og lærde aa bruka hardingfela mykje godt (etter honom slaatten "Prestesonen" eller "Prestegangaren"). Men viktigare var det at han baade med munn og penn heldt fram for publikum kor viktigt og verdfullt bondespelet var. Og serleg var det han som slo fast kor mykje Myllar-spelet hadde aa segja. Den fyrr nemnde artiklen i "Aftenbladet" (1861) er visst og sant av honom, og den er - etter min kjennskap - det fyrste vitskaplege utsyn yver dei ymse bygdespeli.

Spelet i Telemarki samlar seg meir og meir i større straumdrag fraa 1850 og utetter. Me hev ein deil spelemenner som held fast paa den gamle traditionen og som bryr seg mindre um Myllarspelet. So hev me sjølve Myllarskulen. O endeleg kjem eit nyare straumdrag upp i 1880-aari med Fykerudspelet.

Nestor mellom dei traditionsbundne spelemennerne er Leiv Sandsdalen (1825-96) i Selgjord, son til Langedragen. Leiv var eit meisters klokt hovud og kunde vore det beste emne til ein vitskapsmann i kunsti si. Han var dessutan ein god kunstnar i andre ting enn musik, snikkar og treskjerar, klassisk forteljar og litt av ein uppfinnar; serleg eksperimentera han med aa betra hardingfela. Han var ei tungfør natur, og so og i spelet. Det var korkje sprakande eller nyskapande; men so var det so fjerre stødt og gjennomarbeidt. Kvar einaste slaatt hadde hjaa honom si konstante form, og denne heldt han heilag. Aa rupla med den var synd mot det innste i musiken, totte han. Sandsdalen hadde lært ei usturteleg masse slaattar, og han kunde um lag alle stillingar som nokon telemarksspelemann hev kunna. Nokre av slaattarne hans er uppskrivne av L.M. Lindemann.

Heldt Sandsdalen uppe Langedrag-spelet, so vart Gibøen-Luraas-spelet uppehalde av Knut Dale (f. 1834) fraa Tinn. I spelkunsti si minner han i mange maatar um Sandsdølen. Han heldt seg med stor truskap til den gjevne formi, eig ein merkeleg stødleik og kultur i spelet og hev avgjort vyrdnad for traditionen. Si store slaatemengd - den kan teljast i hundradtal - hev han aldri halde for god, som Sandsdølen gjorde, men viljugt mynta ut til læregutar og granskarar (Joh. Halvorsen, Edv. Grieg, Torkjell Haugerud, Arne Bjørndal o.a.) Dale hev heller ikkje vore utan komponistgivnad; "Rjukanfoss" er ein eldre slaatt som han hev gjeve den fagre skapnad han no hev.

Jamnsides Knut Dale maa nemnast Kjetil Haavardsson (død 1920) fraa Møsstrandi, son av Haavard Gibøen; han gøymde slaatarne av far sin godt. Smedal-kararne fraa Flatdal, som er av same ætti, hev i nyaste tid halde uppe same lina, og av deim maa Eiliv Smedal utpeikast for sitt malmfulle spel.

Noko nære traditionslina, men meir modernisera er "Myllarspelet", d.v.s. det som fylgde Myllargutens leid. Det er serleg bøherdingane og til deils vesttelemarkingarne som hev halde denne lina, attaat ymse vestlendingar.

Av bøherdingar maa fyrst og fremst nemnast Flatlandarne (Hans, Olav og Hallvord Flatland), sønerne til Hellosen. Dei hev æra av aa hava gjeve dei lange, svært utarbeidde Myllar-slaattarne i arv til notidi. Basen av deim var Hans Flatland d.y. (f. 1846), som ei tid var slik spelemann at han forgjekk sjølve meisteren (som elles daa var gamall). Han fekk gamalt bøherdingsspel i arv av far sin, men totte det var stuttvore og lite utarbeidt. Han traadde etter aa raake Myllarguten, og var so heppen han raaka Sigurd Høgetveit i Vinje, son til ein av deim som spela mest ihop med Myllaren, Aslak Høgetveit. Sigurd var eit flognæme paa slaattar; daa han ikkje maatte taka i fela, munnlærde han dei lange Myllar-slaattarne, so han kunde tulla kvar krik og krok i deim. Hans Flatland sat nidlærde av han Sigurd, og rusta paa den visi kom han so til Myllaren, som med undring kjende att sine eigne vridekast. "Ja du Sigur, du Sigur! Du tar mæ deg ælle taakje au, du!" sa han. Soleis kom Hans til meir enn nokon annan telemarking aa faa nista seg med Myllar-spel.

Av Hans lærde so brøderne, og dei førde spelet vidare daa Hans drog til Amerika. Hallvord Jørnsson Lid (ikr. 1862-1907) fraa Bø lærde og heile dette spelet, og freista paa aa komponera slaattar i same stil og aand ("Lidgangaren"). Hallvord Flatland (f. 1853) er den som hev lært upp notidsspelemennerne i dette spelet, og millom hans læregutar er daa serleg aa nemna som den fremste Torkjell Haugerud (f. 1876) fraa Bø.

Myllarguten hadde og i Vest-Telemarki duglege læregutar, som Aslak Gotuholt i Kvitseid, Olav Leirlid og Bjørn Hovdestad i Vinje. Dei naadde ikkje Flatlandarne i kunst; men deira traditionsline er likso trygg og ovleg mykje verd.

I mannsalderen etter Myllarguten og fram til no hev spelkunsti fraa det eine bygdelaget bylgja inn i det andre. Døl og sogning, halling og numedøl, valdris og vossing, telemarking og harding hev mynta ut kunsti si med einannan. Mest markande hev kanhende telemarkiseringi av vestlandsspelet vore, med di Myllaren paa Vestlandet med skapte seg ein heil flokk spelemenner som fylgde honom i føte og spreidde hans slaattar og spel vidare.

Ingen var vel so svær til det som Olav Bergsland (død ikr. 1900) fraa Aamotsdal. Han tok mest som eit slag tenestegut for Myllarguten, var med honom paa nærsagt kvar vestlandsferd i seinare aar, vadde fjellelvarne fasla for ein barnsunge eller ein kornsekk, traska med feleskrinet sitt og Myllarens, reidande honom til rettes det han kunde, alt for di han vilde læra heile spelet hans. Og Bergslanden kom daa og til aa læra ein usturteleg brote, so vel faae hev kunna meir. Dette gjekk yver paa den fornemste læresveinen hans.

Det var Hans Skutle paa Voss (1821-93), sikkert den største etterfylgjar Myllaren fekk i sitt musikalske normaliseringsarbeid. Skutlen hadde og spela ihop med Myllaren, sovidt ein kann skyna; men det han fyrst fekk av meistaren, tok han sidan imot i mengd av læredrengen, og soleis kom Skutlen til aa femna heile det musikalske umraade som desse hadde.

Hans Skutle var fødd paa Selland i Granvin og vart ei tid kalla Sellanden; difor møter me paa konsertprogrami til Myllaren tidt slaattar etter Sellanden, men aldri etter Skutlen. Dette at Myllaren stødt bruka Sellandslaattar gjev oss ein tanke um kor vel denne lika spelet hans.

Skutlen var som Myllaren fødd med spelet, og spela han var so liten dei laut bera honom fraa lag til lag; 13 aar gamall spela han brudlaup. Av fyrste læremeistrarne hans maa nemnast Eirik Selland (f. ikr. 1790) og Otte Haukenes fraa Granvin, og sidan telemarkingarne. I Bergen raaka han fyrste gongen Myllaren; dei vart snart gode bussar. Gjenom han Torgeir var det rimeligvis han kom til aa kjenna Ole Bull. Skutlen spela for honom og, og han lika spelet hans godt, so det tyder m.a. paa at Torgeir hadde gjeve det kytor.

Det var knapt nokon lagsspelemann meir nytta i Hardang og paa Voss enn Hans Skutle. Han var godlynd og greid, var stød og agta seg for drykken og var velsedd allstad. Som Myllaren kunde han liva i berre spel i vikevis, gløyma seg sjølv og alle sine songer i musiken. Av nolivande som kjende honom er det sagt at ingen hev sett make til interesse for spel. Og det røynde paa i heimen. Han fekk ei gardgjente fraa Skutle paa Voss; baade ho og heile huslyden vart i seinare aar sterkt pietistiske og trudde fela var synd. Han kunde difor ikkje spela heime lenger, ja maatte endaatil gøyme fela utangards. For aa stilla sin store tørste etter musik laut han kvar helg traska lange vegar for aa finne folk som vilde lyda paa honom.

Karakteristisk for Skutlen var hans næme og uendelege glede ved aa læra nye slaattar. Han høyrde og lærde av dei allrafleste, gamlekarar som Bulkoen og Rekveen og unge som Haastabben, Gjerde-guten o.a., so det er sagt han kunde 300, andre meiner 500 slaattar, med smaatt og stort. Han kunde spela paa 13 stillingar. Av slaattarne gøymde han kvar taket, og dei vart baade lange og rike; den eine brudemarsjen hans hadde 43 lekkjer, talde folk; i so fall maatte vel alle umbrøyte (avskyggingar i same taket) vera tekne med. Hadde Skutlen havt aalmannkunnskalp som han hadde spelkjennskap, kunde han visseleg vorte ein granskar av rang, attaat han var kunstnar. Spelet hans var ei merkeleg skir samanstøyping av vossespel, hardingspel og telemarksspel; han heldt som sagt lina til Luraasen og Myllarguten og hev paa Vestlandet ikkje gjort lite til aa festa og byggja vidare ei landsgild kunstform, den sudnorske mynsterformi, som telemarkingarne hadde skapt. "Uten at tape sig selv bidrog dette til at hans spil i alle dele blev mer fuldkomment end de fleste andre spillemænds. Han støpte dette i en form som i skjønnhet overgik alt det andre. I utførelse og virtuositet stod han adskillig tilbake for Ola Mosefinn, men i klang og frave stod han paa høide med denne, om ikke over, i en rik og vekslende toneflom. Hans ovrgange var som de vvar meislet isammen". (Karakteristik av yverrettsakf. L Istad.)

           DUSINFELA AUSTANFJELLS OG PAA NORDVESTLANDET. JAKUP LOM.
Det er eit stort strok av landet dit hardingfela og hardingspelet aldri hev naatt. Nordfjord er seinste utpost for hardingspelet paa Vestlandet; Møre og Romsdalen, Trøndelag og alt nordanum, liksom alle Austlands-flatbygderne, (Gudbrandsdalen og Øystredalen medtekne), høyrer til dusinfele-umraadet. I landvidd er det soleis stort; men i musikalsk kvalitet, i diktande rikdom og sjølvstendig musikkvokster stend dess bygdelagi i det store og heile langt tilbakar. Lett framkjøme paa sjø og land, liggjande i dei store farleiderne og med bykulturen lik innpaa seg hev desse stroki, i musiken som i annan bondekultur, vore underlagde sterk paaverknad fraa byen. Sumstad, som i dei store Austlands-dalføri, hev raadi vori so god og farvegarne so greide at dei hev ikkje lege lenge eller nyaste bymote.

Mest avstengd og difor mest gamalvoren og sermerkt hev kulturen i Gudbrandsdalen vore; difor hev folket halde paa meir baade av den gamle arven og havt betre høve til aa bøygja framandt straumdrag inn under sitt lynde; det hev gudbrandsdølen synt paa andre kunstumraade og, serleg daa i formkunsti.

I dalen er ikkje hallingen og gangaren serleg utepaa; den mest bygdenationale slaatteform er "springleiken", og den merkjer seg av baaade ved fastbygde tak og lyrisk farge. Men springleiken er aldri lang, og stend den dag i dag paa det standpunkt som telemarksmusiken gjorde fyre Luraasen og vestlandsmusiken fyre Rekveen. Han hev endaa den einfelde karakteren. Det kann elles i mange maatar vera ein styrke. Det musikalske byggverk stend i klaarare umrit, og ornamentiken skyggjer ikkje burt formi. Det er plent som ein liknar gamall lesje- og lomværingsskurd med sin klaare ornamentale originalitet innaat Jakob Klukkstads drysjande rokokko-renæssanse.

Av spelemenner som heldt den gamle slaatteformi, maa i Gudbrandsdalen nemnast Spelemanns-Vangen (1700-talet) og Sjugurd Larsson (f. 1810) i Lom, Olav Skaar og Nils Strand, baae forpagtarspelemenn, og serleg Gamle-Holen i Vaagaa, Hans Slettmo (f. ikr. 1805) og Øystein Lien fraa Hedalen, Aamund Slaastugun i Kvikne og elles mange andre; kvart einaste sokn hadde sine meir eller mindre dugelege spelemenner.

I Øystredalen tykkjest "langhorpa" ha vore det mest populære indtrumentet i eldre tid; paa 1600-talet kom dusinfela meir aalment i bruk. Hallingen var mykje i hæve; paa 1700-talet fekk han ein hard konkurrent i polsdansen. Kring 1800 trengde meir moderne slaatteformer inn, her som i Gudbrandsdalen. Spelretten vart burtforpakta, og av dei gamle pagtarspelemenner veit me i alle fall namnet paa ein, Anders Tøraasen (1700-talet). Paa 1800-talet hev me Erik Barstad i Rendalen. Per Kroken og Jørn Bjørn i Kvikne o.y.a. framifraa bondespelemenner. Lenger sud i dalen hadde musiklivet meir bytilskurd, med kvartetar, musik av samverkande strengje- og blaaseinstrument; repertoiret var daa allstødt nyaste bynytt, sovidt raad var.

Største slaattematerialet og vel og det mest bygdeegte hev me fraa grensebygderne millom Øystredalen og Trøndelag. Serleg er uppskrifterne til Anders Reitan og Anders Haugen (100 norske Polskdanse) vigtige tilskot til vaar kjennskap um denne musiken. Mykje var etter spelemannen Eiliv Holm. Av spelemenner sidan maa nemnast Jon Støa (1880-1914) i Kvikne som den gjævaste arvberar av det gamle springleik-spelet.

I Trøndelag gjeng det ord av Krok-Lars i Støren, Bess Spelemann i Meraak o.a. Bra spelemenn paa Nordvestlandet var Lars Melid i Sunndalen og Martin Sagen i Vestnes.

Kvar av dess spelemennerne naadde lite utanum si bygd, so slett ikkje utanum bygdelaget. Bygdespeli nordanfjells var ikkje samanspela, fyrr gudbrandsdølen Jakup Lom fraa Sjaak (1821-1876) kom. Han var lausunge og kom tidleg ut millom framande. Fela hadde han i hand fraa liten, og dei gamle bygdespelarane, serleg Sjugurd Larsson og Olav Skaar, hadde mykje aa gjeva honom. Men mest fekk han likevel av Karl Fant. Karl var av fanteætt; ein framifraa spelemann, som det liver mange slaattar etter (O.M. Sandvik, Folke-musik i Gudbrandsdalen). Karl og Jakup tok paa spelemannsferd isaman. I 1830-aari farta dei yver gudbrandsdalen,  Øystredalen og mykje av Trøndelags-bygderne, Romsdalen og Møre. Ja, Jakup aka seg sudvestetter heilt til Nordfjord, og naar ein tek undan Myllarguten og Luraas-kararne, so er det nok ingen som hev fari so vidt med fela si av dei eldre spelemennerne.

Som vanleg gjorde han baade lærde og lærde ifraa seg der han for. Men aa læra av var han lik Myllarguten; han vreid um spelet, krota slaatten so ingen kunde fylgja honom.

Han var millommann og utjamnar, og spelet hans hev verka som ein restituitions-freistnad av nordfjellsspelet, ei samansveising av det sermerkjelege, under ei hand. Kor mykje dette hev lukkast er endaa ikkje lett døma um, daa me ikkje paa langt nære kjenner musikmaterialet. Men at hans innsats er megtig i desse bygdelagi, som mykje er alt no sjaande.

Jakup Lom aatte baade den fyssande kraft og den leikande ynde som høyrer til eit rikt spel. Han var mangfeld i huglag, ei improvisationsnatur som kunde binda aahøyraren heilt. Det heiter seg han komponera ikkje lite ("Vindfluguleiken", "Loms-vogga"), og endaa upplysningane er noko uklaare, so er det tolleg visst at han stelte med mange gamle slaattar og gjorde deim ut.

Likevel er det ein skade med Jakup Lom. Spelet hans var ikkje lite byspel; han kom med ei mengd valsar, fireturar o.dl. til bygderne. Dei gamle lomværsslaattarne heldt han nok paa "villfelestilling", dei kalla; men han lika velso godt "bystilling". Han dreiv med europæisering av bondeslaattarne. Detter er lett aa skyna, med di han ei tid var i lære hjaa ein organist i Molde, ja det heitest han jamvel var med i bymusiken i Aalesund. Medan det hardingar, vossar og telemarkingar i hans samtid lærde seg av byspel berre vart noko tukl, var det heilt annarleis for Loms-Jakup. Karakteren i musiken og slaatterepertoiret i desse bygdelagi laag so mykje meir upp mot bykunsti, so ei blanding var mogleg, noko hardingfelemusiken i Sud-Noreg aldri hev fare vel av og difor og hev halde seg rein for.

Loms-spelet, men endaa meir det eldre laget av gudbrandsdalsspelet, er berga til notidi av so ypparlege traditionsberarar som Olav og Jakup Ringnes, og allvisst av Ivar Braataa i Vaagaa (1827-1916), ikkje stort yngre enn Loms-Jakup og likevel ei livande musikkjelde like inn i notidi. Slaattarne til Braataa-guten er uppskrivne av lektor O.M. Sandvik. Nettupp at med ved Braataa hev traditionslina jamsides Jakup Lom, fraa same tid, vert i framtidi eit viktigt dokument til studiet av denne musiken.

                                                                          OLAV MOSAFINN
Det er sume kunstnarar som heilt fylgjer sine eigne vegar. Dei lærer det gamle dei bryr seg um, men finn seg ikkje nøgde med det. Dei hev ikkje lett for aa samspela med sine samtidingar, og kunsti deira skil seg so sermerkt ut at ho ikke er lett aa fylgja for ettertidi heller. Ein slik sergivnad og einstøding i spelet var Olav Sjursson Mosafinn (1828-1912). Han livde og døydde paa Voss, og jamsides Nils Rekve og hans skutle er vel han den største spelemannen Vestlandet hev fostra. Han hadde alle dei serdrag som fylgjer det geniale huglyndet. I mykje likjest han Knut Luraas, slik som folk enno veit aa segja han var; men Mosefinn var nok meir stivlynd.

Han var, som Magnus Dagestad segjer (Syn og segn 1913) "ein merkeleg selle, klok og logande, braa og snartenkt, full av lystige, kvasse, spitige hugskot um kvarandre, og ein trollmann til aa setja dei i verk". Han livde eit sterkt liv i ei sterk tid, og var som eit attlivande minne um den straalande feststemning i dei gamle brudlaupi, baade i kunst, lote og personleg framferd.

Fraa barnsbein av spela han og like upp i sin høge alder. Fela var livet og livsmeiningi for honom, til henne gav han sitt beste. Han spela ihop med mange, og lærde nok noko av den og hin; men elles var og vart han Mosafinn. Hans spel var typisk vossespel, og slaattarne hans like eins. Dagestad skriv: "I Ola Mosafinn var vosseelementi sterkt fortetta. Som han sjølv var - harmonisk og vel utrusta paa sjæl og likam - var ogso spelet hans. Lika høgbore  og aandfullt som snaudt og snarraadigt. Det var eit sprakande aandfullt spel som let seg lite rekna ut fyreaat! Det yrde av stas i krot og lunefengde vendingar".


Det merkelege med Mosafinn var denne sameining av kunnskap, intelligens og inspiration. Medan Myllarguten, Lars Fykerud o.a. - som elles var intelligente nok - ofte var reint barnske i det som laag utanmed kunsti deira, so var Mosafinn ein mann med vel gjennomarbeidd aalmannkunnskap; mogleg hadde det sitt grunnlag fraa han ei tid var skulemeister. Men nettupp denne medvitande aand er det som lyser so klaart i spelet hans; ein fin sans for grensa i slaatten gjer slaattebygnaden hans mynstergodt avrunda og tettslutta. Difor er det spelet Vestlandet hev i arv fraa denne mannen noko av det best bygde me hev; men i tradition var derimot Skutle-spelet tryggare; Mosafinn laut liksom stempla kvar gamal slaatt med sitt firmamerke, og han likjest i sa maate dei største telemarksspelemennerne. Men hans umraade var meir bygdebunde, og han hadde ikkje so lett for aa taka upp spel hjaa andre; difor er slaattarne hans typiskt og speglklaaart bygdelagsspel; men serfargen er ofte etter hans maate det mest charmerande.

Ein innsendar i "Søndre bergenshus Amtstidende" 1886, som baade i stil og skyn syner seg aa vera skyld "Aftenblad"-forfattaren fraa 1860-aari (altså Livius Smitt) skriv um Mosafinn daa: "Vi mener, etter det temmelig udstragte bekjendtskab vi har havt anledning ril at gjøre med landets første hardangerviolinister i andre bygder, saa som Hardanger og Sogn, Valders, Hallingdal og fornemmelig Thelemarken, ikke at sige formeget ved at betegne ham som den første nulevende repræsentant for ægte norsk folkemusik. Vistnok eier han ikke hin rige kompositionsevne, som i sin tid udmærkede Møllargutten, hvis kanske vel saa storslagne spil vi har havt anledning til at lære at kjende meget nøie, men har paa den anden side det utvilsomme fortrin endog frem for denne, at medens Møllarguttens spil midt i al sin rigdom ikke var frit for smagløsheder eier Ole Mossefin (foruden sin af hardangerviolinister uovertrufne bue- og fingerfærdighed) en ganske mærkelig evne til af slaatterne at udrenske alt, som støder øret, og til at indflette og gjengive dem i sin smukkeste form."

Desse ordi av ein som kjende dei gamle spelemenner i si beste magt vil verta standande. Mosafinn teiknar seg difor for oss som den meisterlege restitutøren av sitt bygdelagsspel. Det vert difor heilt rett aa tala um "Mosafinn-slaattar", baade naar desse var hans eigi dikting og naar dei var uppblenkt Rekve-spel eller anna gamalt vossespel. Detter er kannhenda det centrale i givnaden hans. "Hans største musikgivnad laag ikkje i aa skapa, men mykje meir i aa faa vaart nationalspel finare utforma" (Dagestad). Han freista ikkje som Myllarguten aa skapa eit nationalt mynsterspel bygd paa spelkunst i mange bygdelag, han femnde ikkje so vidt, og held seg til sitt heimekjende; men der var han og suveræn.

Eit prov paa kor godt lika Mosafinn-spelet var, er det at so mange næmingar var i lære hjaa  honom, og mange utlærde søkte honom og; sidan Rekveane hev soleis ingen utanbygdes havt større gjetord austanfjells enn han, endaa han var der paa spelferd.

Ein stor part av hans veldige slaattemengd er berga til ettertidi av Arne Bjørndal (Norske Slaattar 1 - 5 og uprenta samlingar).

                                                DEN FYKERUD-HELGELANDSKE LEIDI
Eit vanlegt bypublikum hev alle dagar anka yver at slaattemusiken var so trogrømd; han kjende ikkje onnor form enn danseslaatten, og difor vart det for øyra det same uppatt stødt. Denne anken kann vera noko sant i. Slaattemusiken som musikalsk form er framalen i ei tid daa kunstformerne var færre, instrumenti ufullkomnare og motivi einfeldare samanbygde. Til det kjem at kunstformi ikkje er framvoksi som fri musik; men som musik til praktisk bruk, til dansen. Paa dette standpunktet slaattemusiken i det heile vorte standande. Og um ein medgjev at han der hev vakse fram til ei høg kunstnerisk form, so  vert formi  heller avgrensa likevel.

Det var, trur eg, dette ankemaalet Ole Bull vilde møta daa han av slaattar og folketonar laga sitt "Sæterbesøg". Den nye musikformi han dermed førde inn hev fenge ikkje faae efterlikningar. Dei spelemennar som hev teke upp denne formi, hev i heile spelet sitt fenge ein svip av ho, og kjem derfor til aa stemna si eigi leid i bygdespelet. Fremste repræsentanten for denne spel-leidi  er Fykerudarne i Telemarki og Sjur Helgeland paa Voss.

Lars Fykerud (1860-1902) og broren Hans Fykerud er fraa Sauherad, som Myllarguten, sønerne til ein kjend spelemann, Hans Fykerud d.e. Mori var og musikalsk; ho bles fint paa sjøfløyte.

Sidan Myllarguten hev ingen spelemann vekt slik aatgaum som Lars Fykerud. Han var for sovidt av ei heilt onnor støyping enn denne og kann ikkje liknast ihop med honom. Fykeruden var den staselege verdsmannen med flott framferd, konsertmann paa sin hals, medan Myllarguten stod midt uppi umskifte av instrument, han bytte den smale fela i den større, fekk seg som ein midaldra mann lang boge, medan han fraa fyrste bruka stutt. Fykeruden hadde fraa fyrste stund heilt moderne fele og boge, og kunde daa og nytta gogni ut so det muna. Bogen hans var meisterleg, og fingringi hans med var fælande mjuk. Som dei beste spelemennerne var han sers næpen med rein tone i fela; han aatte og ein kjenslenæm hug, med evna til fantasera fritt og umbrøyte gamalt, gjeve. Ja, ein kunde segja at hans lyriske trong var so stor at han helst bruka det slik. Kannhenda dette gjer at ein no i tidi finn mindre merke etter hans slaattar og innverknad paa slaattarne. Men stundom gaar ein daa arbeidet hans likevel. "Fykeruden" dei kallar no er soleis ein utpensla Kollsrudslaatt (etter Olav Kollsrud).

Ingen bondespelemann i samtidi kunde meir byspel enn Lars Fykerud. Medvitande eller umedvitande hev karakteren i dette verka paa slattarne hans. Han var i grunnen den som heldt fram leidi etter Ole Bull med aa laga "stykke" av norske folketonar, slaattar, naturljod o.di. Hans stykke "Budeigjorne paa Filefjell" er etterlikning av "Sæterbesøget".

Hans Fykerud komponera i same leid "Gjenta ved vogga", bilæte fraa folkelivet paa Kongsberg.

Fykerudane hev æra av at dei førde "folketonen" inn i spelet og nytta han i konsertane. Det var ikkje mange som kunde spela folketonarne so fint som Lars Fykerud, og det hadde han vel fraa han dreiv med stykki. Han freista og aa dikta yver paa fela slaattar og folketonar og var stundom rett heppen, som med den friske springaren "Signe", som i grunnen er umdikting av folketonen "Stusle sundagskvellen".

Men Lars Fykerud var heller ikkje fri for smakløysor, og sume av stykki ber merke av det; einskilde som "Kristina Nilssons minne", er beintfram variationar yver ein kjend tone, med litt miks attaat. Og ymse parti i slike stykke som "Budeigjorne" (molking, rauting o.dl.) høyrer heime paa varieteen, ikkje i konsertsalen.

Den striden det hev stade millom dei tvo spel-leiderne, Myllar-spelet og Fykerud-spelet, syner til fullnad kor sterk magt Fykerudarne verkeleg hadde med seg. Dei var dei fyrste som braut ut av den traditionelle raama, ut av danseslaatten. Lars Fykeruds store tanke tru eg var at han vilde gjeva folkemusiken vidare vengjefang, større himel. Og naar det berre halvveges lukkast for honom, so laag det i sjølve tilhøvi, ikkje i vant paa givnad og dugleik hjaa mannen. Det som lukkast betre for Jakup Lom med hans bygdespel, lukkast klenare for Fykeruden med hans, for di den sudnorske kunstformi var meir sereigi utarbeidd, meir avslutta. Med detter er ikkje sagt at ikkje Fykerudarne og bruka det gamle slaattespelet; det var det dei fyrst tok til med, og dei heldt det alltid uppe. Men serleg Lars var ei so igjennom lyrisk natur at han laut leika med slaattarne etter sin eigen hug og spela deim snart paa heilt ny vis. Soleis liktest han dei eldre store spelemennerne. Naar so faae av desse er fiksera for ettertidi ligg det vel i at fantaseringi høyrde augneblinken til.

For den praktiske utnytting av bondespelet gjorde Fykerudarne mykje. Dei festna den tradition som Myllarguten tok til med: aa spela mykje konsertar. Fraa den tid hardingspelet ber til aa verta konsertspel, vert det noko umlagt. Fela heldt dei gamle mot bringa; Lars Fykerud tok paa leggja ho under hoka, etter europæisk vis, so som flestalle gjer no. Tramping og sitjande stelling ver og meir avlagde. Gamle slaattenamn ver uppatt-skjerpte og nye laga; serleg var Fykerudarne svære til aa laga nye namn paa eldre slaattar; det var drustelegare for eit konsertprogram, måvita. Spelemannskunsti er vorte ein liveveg.

I Telemarki fekk Fykerud-spelet mange dyrkarar, serleg daa i 1888-90-aarei m.a. Hallvor Borgen fraa Bø (1855-1907), som og synte Lars Fykerud den seinste æra og kosta jordferdi hans. Ymse av dei yngre dikta tonestykkje i same leid; soleis komponera Haugerud "Huldregjentas lokketonar", som sitt tilskot til denne straumgangen. Men han kom elles til aa fylgja Myllar-lina. Den einaste som med heppa hev fylgt same vegen som Fykerudarne, er

Sjur Helgeland (f. 1858) fraa Vossestrandi. Han er tvo aar eldre enn Lars Fykerud og høyrer enno til dei beste spelemennerne me hev. Spelemanns-voksteren hans er heilt sjølvstendig; men i lynde likjest han Lars Fykerud, og som denne hev han freista brote seg ut or den tronge ringen for danseslaatten. I den vegen er han heilt ulik læraren sin, gamle Mosafinn. Medan denne vidka umrøme innamed sjølve slaatteformi, arbeidde dristugt paa grunnlag av traditionen, søkjer Helgeland veg utanum.
 I sjølve spelkarakteren er og Helgeland ulik Mosafinn. Han er meir mildlynd, tonarne hans flyt i drøymande lyrik; der eg magt i spelet, men ikkje den brennande braahug.

Kompositionarne hans gjeng i same leid som Fykerudarnes. "Budeigjorne paa Vikafjell" er i grunnen ein make til "Budeigjorne paa Filefjell". Langt meir originale er hans huldrelyriske stykke, som baade i instrumental farge (stilling) og fantasileik gjev ei forundeleg rik og naturtrollsk tonemaaling. Serleg er "Sivlefossen" straalande, snart sprettande i braade Mosafinn-kast, snart drøymande i lange Helgeland-strok.

I Valdres-spelet sporer ein og denne uppløysingi av det faste dansespelet. Serleg tok runddans-slaattarne (bymusiken) til aa paaverka det gamle Valdres-spelet, og det var mykje Ulrik Jensestogo (f. ikr. 1840, død ikr. 1905) i Aurdal aa takka, ei merkeleg vill-lynd og lyrisk natur.

Olav Moe, som fyrr er nemnd, hev og til deils vore inne paa denne vegen; den utformingi av "Tomaskolkkorne" som høyrer den nyare konsertspel-voksteren til og som vel og Moe hev gjeve tilskot til, er etter mitt skyn eit grepa tak, ein freistnad paa sameinging av gamall tradition og ny lyrisk utvidking. Men elles dyrkar Moe baade valdrisspel og sudnorskt spel.

                                           KAPPLEIKARNE.  SLAATTEMUSIKEN NO
Bondespelet hev aldri havt lett for aa vinna eit bypublikum, som fyrr sagt. Grunnarne, er mange og dei er naturlege nok. Ofte er tonebygnad og harmoniar heilt framande for eit europæisk kultivera musikøyra; det er det same som tidt gjer folketonen so framand for ei notidsøyra. Dinæst verkar bondeslaatten med sine stendige attertak heller trøyttande. "Dette gjælder ogsaa for en stor Del hvad Takten og Anordningen angaar," segjer "Aftenblad"-forfattaren. "Alt gaar i fire eller fem forskjellige taktarter, men ikke destomindre er i Regelen de bedre Slaatter i sin Karakter grundforskjellige. Ligesom denne Del av Folkemusiken er den nyeste med Hensyn til Mængden av Frembringelser, saa er den det ogsaa med Hensyn til Afvexling af de forskjellige Themata. - Alle de Følelser, som Livets mangehaande forskjelligartede Forhold kan fremkalde hos Fjeldbonden, finder man nedlagt i disse Slaatter, snart klager de lig Folkemelodien over Tabet af, hvad der er kjært i Livet, over Lykkens Forgjængelighed og Livets Usselhed, snart bruser de i kraftig Selvfølelse, i Følelsen af Ungdom og Manddom; ja stundom finder man i samme Slaat de mest forskjellige Stemninger, men med en saa naturlig Overgang, at man tydelig kan følge Tankegangen." Musiksjæli er til alle tider tolk for det menneskjelege, dei store grunnkjenslor. Men musikformi, det ytre aparat, tilhøvi, skifter. Ved gransking i framtidi er det ikkje tvil anna ein vil koma til at mykje av det edlaste i folkemusiken var høgrestandskunst, plent likesom folkevisa var adelsdikting fyrr ho vart folkevise. Det er tidsformi som hindrar notidsmusikaren fraa fullt aa skyna og verdsetja bondeslaatten, attaat fordomen mot miljøet.

Aa gjera slaattemusiken til aalmenn nationaleige er difor eit arbeid av allrastørste verd for vaart nationale musikliv. Alt arbeid i den leid byggjer oss eit heimemusikalskt medvit, gjev historisk grunnvoll i vaar musiktenkjing; og det meislar vaart lynde til fullnorsk kjensleform. Der er serleg tvo vitskaplege arbeid som trengst fyrr slaattemusiken vaar kan verta verdsett for det nationalklenodium han er: innsamlingi av materialet, og den musikalske restitutionen.

Innsamlingi er ikkje gamall. Um ein ikkje reknar "Underjordiske Klippe-Concert (1695, prenta 1740) og samlingi til Laborde (1780) med, so høyrer heile innsamlingsarbeidet 1800-talet og notidi til. I grunnen spring alt ut fraa Ole Bull og hans samvær med Myllarguten 1831. Han skreiv nokre slaattar daa, og vonleg sume seinare daa han raaka han Torgeir, i 1849 og 1850.

Vaar tids spel stend i eit vende i musiken. Dei gamle slaattarne vert nok uppehaldne og reindyrka av sume; men andre let deim gro fulle av ugras. Tidi set seg større maal enn paa Myllargutens tid. Ho krev voksteren lagd dagklaar. Og ho krev meir medvitande bygging paa det gamle. Difor er spursmaali som atter og atter melder seg: Koss var slaatten fyre stormeistertidi? Koss var han trast etter? Kvar stend han no? Kvar er - relativt sett - grunnformi? Og kvar er - æstetisk sett - mynsterformi?

Stormengdi av Spelemennerne hev vel ikkje reflekteraa yver dette. Men dei beste hev tenkt saki igjennom mange vendor. Luraasen og Rekveen, Skutlen og Mosafinn, Jørn Hilme og Jakup Lom, Leiv Sandsdalen og Lars Fykerud, men fyrst og fremst Torgeir Audunsson hev arbeidt med desse spursmaali, løyst sume, stade fast i andre, restituera paa eigi hand eller reinska burt forfuska restitutionar. I vaar tid hev granskarane og komi med i arbeidet, Cath. Elling, O.M.Sandvik, Arne Bjørndal o.a. Det er likt til at dei beste spelemennerne restituerar paa eigi hand, vel og vrakar millom mange variantar, plukkar ut eit tak og set ind eit betre. Soleis ser det ut til Torkjell Haugerud gjer no. Han hev musikkjennskapen til det, skynet og smaken med; men me krev for notidi dokumenti paa bordet, alt tilfanget framlagt attaat restitutionen. Dette vil nok baade han og andre som arbeider i same leid syrgje for.

Med ei fastslegi grunnform og restituera mynsterform festa paa papiret kann spelet gro vidare. Dette maa vera vegen, som det er vegen med alle folketradition. Men daa denne vegen er lang og mødesam, og daa bondefolket i millomtidi treng aa halda uppe sin tradition som ein livande arv, liksom det krev ei aandsnæring paa det musikalske umraadet, so gjeld det aa halda uppe spelet paa den beste maaten, tilmaata etter notidi.

Her hev kappleikarne vore ein viktig faktor, og dei hev alt gjort mykje godt. Dei hev no vore til i 40 aar. Fyrst i 1880-aari tok dei i Hallingdal og Telemarki upp kappleikar for lur, langeleik og prillarhorn; det er vel fyrste kappleiarne i landet. Den fyrste telekappleik vart (etter G.O. Nordbø) halden 1888 i Bø i Telemarki (Telemarks-festskrift 1914), den næste i 1892. Fraa 1896 kjem Vestmannalaget i Bergen med sine kappleikar, og seinare tek mange ungdomssamskipnader kappleiarne paa festprogrami sine. Mest hev kannhenda Telefylkets ungdomssamlag ofra paa saki; fraa 1919 er uppsett meisterskapsmedalja i gull; domarane er pligta til aa føra bok yver dømingi og lesa upp domspræmissarne for spelemennerne.

Eit lag "til nationalmusikens fremme" er skipa av Herbrand Hagen; det held aarlege landskappleikar, og her hev møtt av dei fremste spelemennerne no. Daa dei fleste av dess enno ikkje høyrer historia til, skal eg nøgja meg med berre aa nemna namni paa nokre av dei beste. Skulde nokon kjenna seg gløymd, fær han trøysta seg med at romet er lite og at her i denne avhandlingi er utelatne minst hundrad spelemenner av dei eldre, som heller ikkje kunde koma med. Av gode spelemannsnamn hev me no umfram fyrr nemnde, fraa Sætesdalen med Agdir Jon Nergaard, Frøysaa-karane og Dreng Ose; fraa Telemarki Svein Løndalen, Harald Manheim, Aslak Lundtveit, Hans Smeland, Kjetil Flatin, syskinpare Einar og Kristiane Lund, brødrane Borgen, Johannes Dale, Olav Groven; fraa Hallingdal Tor Grimsgaard, Sevat Satøyen og Truls Ørpen; fra Valdres Olav Okshovd, Engebret Beitohaugen, Olav Fyrsto; fraa Hardang Nils Tjoflot (død), Nils Rogde og Halldor Mæland; fraa Voss Per Berge og vidare fraa Vestlandet Lorents Hop, Torfinn Litlere, Per Bøtun, Anders Re, Gunnar Lundekvam, Henrik Gjellesvik, Jon Rosenlid, Gudmund og Ivar Eide (død), Tobias Tveiten, Ivar Kjellstad; nordanfjells Daniel Heggstad o.m.a.

Denne mengdi av verkeleg gode spelemenner, og den aukande interessa for bondespelet i det heile, torer vera det beste prov for at slaattemusiken endaa hev livs rett i folket vaart.

Hovudkommentarar/rettingar til "Spelemenner", byggjer på Magne Myhrens kommentarat i "Årbok for norsk folemusikk 1994".
- Det kan sjå ut til at Rikard Berge vantar noko kunnskap om hardingfelespelet nord for Telemark. Det Berge skriv om spel på fele byggjer i stor mon på opplysningar frå Ivar Kleiven og O.M. Sandvik.
- Berge ser på spelet i Telemark som det mest "normale" og "landsgilde" - dvs at spelet i Telemark bør gjelde som eit mønster for andre hardingfelespelemenn.
- Berge reknar Numedal til "valdresspel-umrådet". Når det gjeld springarrytme høyrer Numedal meir til Telemark-området.
- Det er vågalt å hevde at Ola Mosafinn har ein tryggare spel-tradisjon enn Hans Skutle.
- Det er liten grunn til å hevde at hardingfela kom seinare i bruk i Hallingdal og Valdres enn i Telemark, og at fela heldt seg seig i søre bygdene i Numedal.
- I dag kjenner ein ca 400 slåttar i Telemark. Kanskje overdriv Berge når han hevdar at det tidleg på 1700-talet var mange hundre slåttar i Telemark.
- Slåtten "Nordfjorden" har ikkje noko med Nordfjord å gjera.
- Det ser ut til at Berge blandar saman personane Per Bulko (1795-1876) og Ola Person Folkedal (1823-1896).
- Slåtten "Prillaren Osen" er knapt nokon Hilme-slått.
- Forfattaren av eit stykke i "Aftenbladet" i 1861 kan vere Max Sagen og ikkje Livius Smitt.
- Slåtten "Signe" kan også vere ei utforming etter Håvard Gibøen.
- Myren meiner at Berge er merkt av kulturpolitiske synsmåtar i tida når han talar om "fastslegi grunnform og restituera mynsterform festa på  papiret".