Bilete frå BLS-stemnet på Folkemuseet på Bygdøy  2. juni 2008

Det var strålande ver då Bygdelagssamskipnaden i Oslo hadde sitt tradisjonsrike sumarstemne på Folkemuseet på Bygdøy. Stemnet starta kl 12 med tog frå torget til den nye festplassen, der barnelaga i BLS og BUL viste fram dans. Så var det grilling i eit par timar, og deretter skulle alle laga i BLS få 20 min til å vise sin dans på den nye scena. Veret var strålande, men det kunne godt ha vore meir folk. Kanskje dei fleste låg på badestranda? Om kvelden var det folkedanskveld.
 

Stemnetoget på veg gjennom Teletunet til Festplassen

Stemnetoget på nytt - dei fleste var barn frå BLS og BUL sine barnelag.
 

Den nyvalde leiaren i BLS opnar stemnet
   

Her er dei aller minste i gang med dansen - den yngste er 3 år.
   

Her er alle borna og ungdomane i ein stor ring
  

Eit av dei mange oppsetta med barn
  

Her er det full fart - dei litt eldre.
  

Her er det mange som slappar av med sol og niste etter at barnelaga var ferdig
  

Her dansar Sogn og Fjordane ringen - Solvor og Benjamin spelar
  

Så er det Symra sin tur - fotografen hadde fått standin til å ta bilete
  

Symra er nesten på plass
  

Her er det visst pariserpolka Symra dansar
   

Skal tru om det er Sandsværsril? Igjen er Symra i aksjon
  

Symra - framleis Sandsværsril
  

Også her er det samdsværsril - og nå var kamera-minnet fullt!
  

Vidar Lande spela til fleire av danegruppene - han spela også litt til slutt