Kvadriljettens sommerball, Tyrifjord Hotell, 2001

Ein vellukka kveld
Det var drygt 100 deltakarar på sommarballet som stildansgruppa Kvadriljetten i Drammen skipa til på Tyrifjord Hotell. Det var ein svært fin sumarkveld, maten var god, dansen var god - musikken og dansegolvet og, og danseleiinga var fin. Sjølve dansinga kunne ikkje avviklast på hotellet, men dei hadde skaffa kinosalen på kulturhuset tvers over elva, og der var det fint. Vi fekk ein passeleg 5 min busstur dit, så det gjekk svært fint. Som plaster på såret buad hotellet på spekemat etter dansen - som nattmat, og det var svært populært. Svært mange av deltakarane overnatta. Det var Christiania Tour og runddansensemble som spela, så musikken var i gode hender. Det var deltakarar frå 8 ulike lag, dei lengstreisande var frå Sverike. Laga var: Assker stildans, Bærum balselskab, Caprifolium, Grenland stildansgruppe, Kvadriljetten stildansgruppe, Leikarringen Symra, Modum spell og danselag og Moulineten stildansgruppe.
 

Ved inngangen til Tyrifjord Hotell
 

Nokre av dansarane frå Symra
 

Frå bordsetet
 

Eit anna utsnitt av bordsetet
 

Og eit tredje bilete frå middagen.
 

Maten var god! Her er eit glimt av desserten.
 

Eit utsnitt frå kaffibordeseta.
 

Her er eit anna utsnitt frå kaffien.
 

Her er eit bliete av alle frå Symra - den nest største gruppa på ballet - 12 par.
 

Her er alle frå Kvadriljetten samla - dei var 14 par i alt denne kvelden.
 

Her er eit bilete til av symra-flokken - det er visst litt skeiv fordeling av bileta.

Utsikt over dansegolvet


To av para i sin finaste stas poserer for fotografen før middagen tar til
 


Har du sett på maken til klednad?
 

Her er også eit staseleg par!
 

Her er folket i ferd med å gå inn i kulturhuset, der dansen var.
 

Her er norkre velkledde par utanfor kulturhuset. Hornsrud i bakgrunnen.
 

Turdansensembelet treng også ein liten pause!
 

Her ser vi dei staselege festleiarane frå Kvadriljetten
 

Var dette gruppa frå Grenland?
 

Dei kom heilt frå Sverike!