Isleik 2010 - bilete frå stemnet - Del 10 Diverse.

Eit flott stemne på Island 6 - 18 juli 2010
Det var ca 370 deltakarar totalt på stemnet. Av desse var 145 frå Noreg, og 36 av dei att frå Symra. Det var også mange frå Færøyane og Grønland (ca 25 frå kvart land). Færrast var det frå Sverike. Stemnet hadde sin base på Hagaskoli nokså nær sentrum av Reykjavik. Dei fleste ting foregjekk der eller tett ved, til dømes i Nes kyrkja og i konsertsalen til Filharmonien. Elles var det framsyningar i sentrum av Reykjavik laurdag og på Folkemuseet på andre sida av byen søndag. Det meste av tida var det strålande ver, men laurdag regna det litt. Elles var det som vanleg mange turar å vere med på. Før sjølve stemnet byrja var det også turar, den lengste av dei varte i 4 dagar og gjekk til Vestfjordane på nordvestkysten. Her var det mange nordmenn med. Heile stemnet vart eit gild oppleving for alle, og folkedanslaget i Reykjavik la ned eit stort arbeid for at alt skulle fungere bra, både før og under stemnet.


Nokre diverse-glimt frå Isleik 2010.

Fleire deler av Isleik 2010 (kjem snart):

Firedagars tur til Vestfjordane
Turen til Tingvellir, Geysir og Gullfoss.
Turen til Vestmannaeyar.
Turen til Den blå Lagune.
Glimt frå Hagaskoli
Glimt frå Opninga, Høgmessa, Nordisk framsyning, spelemannskonserten og Avslutninga.
Framsyningar i sentrum av Reykjavik
Framsyningar på Folkemuseet
Glimt frå Reykjavik
Diverse

Helsing Vebjørn

  


Inger Frøydis prøver vikingutstyr på Nasjonalmuseet.
 

Inger Frøydis slappar av saman med Sigurdjon og Aasta.
  

Vi er komne til flyplassen Keflavik måndag 6. juli.
   

Frå Islands Nasjonalmuseum. Det var fint oppussa for nokre år sidan. Peder, Ingr Frøydis, Helge Kari og Inger.
   

Frå ei av utstillingane på Nasjonalmuseet.