Bilete frå Oslo-kappleiken 2002

Her er ein del bilete frå Kappleiken i Oslo 26. oktober 2002. Bileta er ev eit nokså tilfeldig utval av deltakarane. Det var etter måten få deltakarar i A-klassane, men alle A-klassingar fekk 1.-premie. Full premieliste finn du her.
    



Anne Hytta var einaste deltakar i A-klassen hardingfele. Ho fekk 117 poeng og 1. premie.
   

Britt Skram frå Dåm og Drag var nest best i A-klassen spele fele med 122 peoeng og 1. premie.
 

Aslak Brimi frå Lom vart nest best i spel klasse B med 116 poeng og 1. premie.
 


I lagdans vsenior var det desse som vart best - Numedalslaget i Oslo dansa Numdalsspringar og fekk 93 poeng og 1. premie.


Her er Hellik Dokka og Ingeborg Herigstad i sving med Numedalsspringar. Dei vart nr 3 i dans hardingfele A-klassen med 92 poeng og 1. premie. Bernt Balchen spelar.


Knut Aastad Bråten og Gina I Hagen vart nr to i dans hardingfele klasse A med 96 poeng og 1. premie 


Her dansar Frida Andersdotter og Bjørn Sverre Haugen frå "Grenselaust" til fele i klasse B. Dei vart best og fekk 94 poeng 

Astrid Sulheim frå Lom vart nr 3 i spel fele klasse A med 121 poeng og 1. premie.
  

Torstein Gjeldokk frå Geilo vart nr 3 i bygdedans durspel senior med 93 poeng og 2. premie.
 

To jenter frå Småjondølane, Karin Toeneiet og Hege Jonsrud dansa i hardingfele klasse C og fekk 63 poeng og 2. premie.
  

Her spelar Birgit Kollandsrud Friis frå Numedal i klassen Fløyte senior. Ho rekk 114 poeng og 1. premie og kom på 2. plass av to.
 

Rolf Bjørgan var einaste deltakar i lausdans klasse A  og fekk 85 poeng og 1. premie. Andreas Ljones spelar.
  

I langeleik solo senior var Ingvild Lie frå Øystre Slidre einaste deltakar og fekk 115 poeng og 1. premie.


Dette er ZEB Spelemannslaget - dei som held til i ZEB-bygget på Blindern. Dei var einaste deltakarane i gruppespel hardingfele senior, fekk 84 poeng og 2. premie.


Ei lita jente spelar saman med læraren sin.


"To begrædelige Piger" vart best i open klasse og fekk 117 poeng og 1. premie.

Mona Hansen, LfS, fekk 116 poeng og 1. premie.
 

Karin Toneiet, Numedal, var einaste deltakar i klasse C, og fekkheil 109 poeng og 2. premie.
 

Her dansar Østerdølens folkedanslag  i lagdans senior. Dei fekk 78 poeng og 2. premie. Blixstad spelar.
 

Valdreslaget i Oslo fekk 2. plassen i lagdans senior med 86 poeng og 1. premie.
  

Nina Owren Furuli, Sør-Fron, vart best i fele klasse B med 120 poeng og 1. premie.
 

Her har vi ein av dei to programleiarane - Magne Myhren. Han hadde som vanleg mange morosame soger å fortelje.
 

Her dansar Unni Myrheim og Ole Aastad Bråten valdresspringar i dans hardingfele klasse A. Dei vart best og fekk 99 poeng og 1. premie. Det var høgste poengsum i dans.

Elin Bråstøyl, Fossegrimen, vart nr 6 i vokal klasse B.
 

Her dansar Anne Grete Bjørgan og Rolf Bjørgan springleik frå Heidal som einaste par i klasse A fele. Dei fekk 96 poeng og 1. premie. Andreas Ljones spelar.

Her er yngste deltakar i rekruttklassen - Cecilie Steen i Bærum spelemannslag. Turid Spildo Nerdrum er spellærar. Turid song med tonefylgje også i Åpen klasse og fekk 78 poeng og 2. premie.

Britt B. Totland og Rune Hammarbäck frå Oslo dansa Valdresspringar i dans hardingfele klasse B og fekk 83 poeng og 2. premie og 5. plass i klassen.