Ein del bilete Jørn Hilme-stemnet på Fagernes 2002

Jørn Hilme  stemnet 2002 sers vellukka
Hilme-stemnet på Fagernes har utvikla seg til å bli eit av dei store mønstringane av folkemusikk og folkedans - ikkje minst med vekt på dansen. Eit strålande ver gjorde sitt til å lage ei gild ramme om det fine stemnet. Ikkje berre er det kappleik, men like mykje også konsertar, buskspel, gamaldans, godkarstykkje, dans i mange stover på museet og kurs. I år var det om lag 5000 besøkand, det same som på rekordåret 2001.
  
Heilt fullt på Grunke-konserten
Det var heilt fullt og svært varmt på konserten der vi fekk oppleve at Margit Sandemo fortalde om overnaturlege ting frå stølen Grunke. Brøtagutadn Ole og Knut Aastad Bråten spela fleire slåttar i samspel på langeleik, og Jan Arne Sæbuødegård spela fela og las frå ei bok om far til Sandemo, Anders Underdal.

  
Per Anders Buen Garnås beste spelemann under Jørn Hilme stemnet
Han vann hardingfele klasse A med 137 poeng føre Jan Beitohaugen Granli (134), Gro Marie Svidal (133) og Erland Joplassen (131). I spel fele klasse A vann Torill Aasegg (131 p), føre Andreas Ljones (129) og Tore Rødølen (126). Spel hardingfele klasse B vann Britt Pernille Frøholm (121 p) føre Johanna Lone Rognved (117)  og Ingvild Kleiveland Vevle (111), og spel fele klasse B vann Kari Grøsland (116 p) føre Mari Skeie Ljones (110) og Anne Eidsann (93). I spel langeleik solo senior vann Ole Aastad Bråten med heile 138 poeng føre Ingvild Lie. Beste kvedar i A-klassen vart Camilla Granlien (125 p) med Olav Semb på neste plass (123 p). Heile resultatlista her.

   
Bestillingsverk til Jørn Hilmestemnet gjorde stor lukke
Avisa Valdres fortel at det vart ei stor oppleving å høyre bestillingsverket "Mellom himmel og hav"  som vart framført under stemnet. Dei somlaga verket, og også framførte det, er Vegar Vårdal (Bærum), Kjersti Vindal (Trondheim) og Henning Andersen (Valdres). Vårdal og Andersen spela fele medan Vindal, som er klassisk skolert og spelar i symfoniorkester i Trondheim og Helsinki, spela harpe.
  
Kafe Briskeby eit nytt lokale
Her spela mellom andre Majorstuen spelemannslag ein frisk konsert som eit fullsett publikum sete stor pris
på.
    
Her er ein del bilete frå stemnet.
  
 
Folkefest på Folkemuseet laurdag
Både fredagskvelden og laurdagskvelden var det folkefest og dans på museumsområdet. Mest folk var det laurdag. Røstad jr laga skikkeleg gamaldansstemning på Slidrehuset. Og det var fleire konsertar og dans i mange stover. 
Det var også kappdans på friluftsscena - lagdansen var eit friskt innslag mange sette pris på i det fine veret.
 
Ole Aastad Bråten best på langeleik
Han fekk heile 38 poeng og var langt føre neste kvinne som var Ingvild Lie (115 p).
 
CD-slepp: Gamle opptak med Harald Fylken
Plateselskapet Talik ga også dette året ut ein CD med opptak av Harald Fylken (1910-1963) frå Vestre Slidre. Han var ein svært god dansespelemann og er rekna som viktigaste læresveinen til Ivar Ringestad.
 
Ingar Ranheim fekk Haldor Røines ærespris - den høgste folkemusikk-utmerkinga i Valdres. Han har vore ein av våre fremste dansarar og langeleikspelarar og har vore aktiv organisasjonsmann både lokalt og sentralt. Han er no styrar på Valdres Folkemuseum
Dans hardingfele  
Geir-Helge Espeseth/Gunnlaug Lien  Myhr beste dansarar på Jørn Hilme stemnet. Dei vann i hardingfele klasse A med 100 poeng føre Vidar Underseth/Leikny Aasen (95 p) og Erik Onstad/Ellen Persvold (94). I B-klassen dans hardingfele vart Erik Onstad/Ellen Persvold/Tone Voldhaug  best (98 p) føre årets norgesmeistrar på landskappleiken Ami Pettersson/Håkon Dregeli som kom både på 2. plass (rudl 96 p) og 3. plass (springar 93 p). I  C-klassen vart Torkjell Lunde Børsheim/Eli Børsheim best (springar 86 p) og nestbest (rudl 81p) langt føre dei neste. I dans B-klassen fele vann Anne Eidsand m/fylgje (80 p). I lausdans klasse A vart Martin Myhr best (99 p) føre Rolf Bjørgan (92 p). I lausdans imponerte likevel Torkjell Lunde Børsheim mest -  som C-klassing fekk han heile 92 poeng! Alle resultata her.
 (11/8-02)


Jørn Hilme-statua på Valdres Folkemuseum

Open klasse i spel
Denne klasse vart halden 3. året, men ikkje så mange deltakarar. Torill Aasegg/Terje Rusten var best, medan  to av Strunkelærarane Annlaug Lien Myhr og Hege Nylund kom på 2. plass og Helena Wright på 3. plass.
    
Lausdans - få deltok
Det var skuffande få deltakarar i halling. I klasse A berre tre: Martin Myhr vann (101p)- 1. premie, og Rolf Bjørgan på 2. plass (92 p) og Tor Bøhle  på 3. plass.
I lausdans imponerte likevel Torkjell Lunde Børsheim mest -  som C-klassing fekk han heile 92 poeng! Alle resultata her.