Kvadriljetten sitt kurs i Stora Menuetten, jan 2002

Eit vellukka kurs
Det var 25 par med på kurset som Kvadriljetten heldt i sitt vanlege danselokale i Drammen laurdag 20/1-02. Kurset var meint som eit internt kurs, men ryktet om kurset gjekk, og dermed kom mange også frå andre lag: Symra, Leikarringen Noreg, Hønefoss dansering, Bærum balselskap og Hamar. Meste av tida gjekk til den store menuetten - ein svensk dans som sume i Grenland hadde lært i Sverike, og som hadde lært han vidare på eit kurs hausten 2001. Dansen vart gjennomgått roleg og grundig, med mange repetisjonar og fin progresjon. I tillegg fekk vi også lære kvadriljen Retour de Spa og pardansen Pas de Quatre. Magne - den faste rettleiaren i Kvadriljetten - var ein dugande og munter rettleiar og gjorde mykje til at kurset vart ei feststund. Bileta viser nokre glimt frå kurset - mest frå matøkta.
 

Nesten alle kursdeltakarane samla etter matøkta
 

Dette var visst nesten det same?
 


Frå eit av borda

Eit anna bord. 

Og eit tredje bilete frå matpausen 

Maten var god!

Her er det berre folk frå Symra

Rettleiaren  fremst til høgre.

Desse var vel frå Hønefoss?

Her smakar også maten godt!