Diverse frå Nordleik 2000 i Stavanger

Eit vellukka stemne!
Stemnet opna tysdag kl 19 og vart avslutta med nattdansen natt til søndag. Det var 4000 påmelde detakarar på stemnet - noko mindre enn arrangørane hadde vona, og færre enn på dei siste stemna. Stemnet var svært godt organisert - det aller meste gjekk føre seg på Siddis-senteret i utkanten av byen - med mange hallar og salar tett ved kvarandre. Hovudsalen Hall B var stor og romsleg og hadde fått eit godt dansegolv som ikkje støva. Bra! Dansegolvet i Turnhallen var også framifrå - her var det mange dansekurs. Avstanden til sentrum, der nokre av tilskipingane gjekk føre seg, var ikkje lang, og det gjekk ofte gratis bussar - så det var lett å ta seg fram.

Men det var kaldt i Stavanger desse dagane. Både hovudstemnet på laurdag, dansemyldringa i sentrum vart prega av det, og bryggjedansen laurdagskvelden vart flytta til Hall B.
 Lenger nede på sida er det mange bilete!

Også NU-stemne
Samtidig med Nordleik var det NU-stemne (årsmøte), og "Framsynings- kappleiken" og "Kven veit" kom difor som ekstra-innslag. Johan Einar Bjerkem vart vald til leiar i NU og det var stor utskifting i styret.
Fin oppleving på Utstein kloster.
Det var stor interesse for desse turane. Vi køyrde med båt eine vegen og bil den andre. Vi fekk sjå oss litt om i klosteret, var med på konsert i kyrkja, og opplevde draumkvedet (Leikarringen i BUL Oslo) og færøydans i borggarden. Svært bra! Men mange vart forkjølte i det kalde veret. Her er glimt frå båtturen.
 
Fin midnattskonsert i domkyrkja.
Konserten varde i halvannnan time og var opplagt med innslag frå alle dei nordiske landa. Eit variert program med fin kvalitet. Frå Færøyane fekk vi høyre salmesong. Elles var det ulike innslag med song og musikk. Her syng Kjedjan frå Stockholm
 
Viktigast: Å møte att folk
Mange av deltakarane på Nordleik har deltatt mange gonger før. Dei siste gongane har difor Veterantreff blitt eit fast innslag. Å møte gamle vener er viktig for svært mang av deltakarane. Og treffe nye!
 
Ny NU-leiar tok sin tørn
På Tjensvoll skule der vi budde var det to på vakt døgnet rundt, så det trongst mange vakter rundt om. Ein sein kveld var nyvald NU-leiar Johan Einar Bjerkem på plass og tok si vakt. Han melde seg som friviljug, då det var mangel på folk. Ein god start på leiaroppgåva! Sjå bilete.
 
Dansemyldring i sentrum
Det vart dansa på nokre ulike stader - nordmennene ved Olje-museet, og regnet heldt seg stort sett unna. Så var det marsj til Vågen der "alle" møtte, og det vart trongt om plassen. Torghandlarane hadde ikkje fått melding om at det skulle vere samling her, og det vart litt klabb og babb. Men slett ikkje alle var med - det kunne godt vore fleire! Her er glimt frå folkemengda.
Mange former for overnatting
Deltakarane på Nordleik bur på nokså ulik vis under stemnet. Nokre bur på hotell, nokre hjå vener og kjenningar, nokre i telt eller campingvogn på stemne-campingplassen, og nokså mange bur saman på sovesal på skular. Sjølv budde eg saman med Symra på Tjensvoll skule. Vi var 32 stk fordelt på to rom - så det vart nokså trangt. søvn blir det lite av - men det spesielle miljøet på eit slikt klasserom gjer at mange likevel held fram med denne tradisjonen. Nytt slagord i NU: Lite søvn er rus nok!
Her er glimt frå eit av romma.
 
Ei fin bunadutstilling!
Målfrid Grimstvedt hadde ansvaret for den flotte bunadutstillinga, som hadde fått ei fin plassering i Hall B. Eit svært stort arbeid var lagt ned for å gjera utstillinga instruktiv og innbydande
 
Gild avslutning på stadion
Sjølv om det var kaldt, var det fint ver på avslutninga på Stadion. Programmet på avslutningane er tradisjonelt - prega av innmarsj og utmarsj og danseformasjonar på stadion: Først felles nordiske dansar og så nokre dansar frå kvart land. Dessutan deltar eit samansett spelemannslag med samspelslåttar. Vi kunne nok tenkje oss større variasjon frå stemne til stemne. Folke Flatland leidde daseinnslaga på ein fin måte. Dag og Vegar Vårdal leidde samspelet.
Som vanleg var det langt færre nordmenn som deltok på stadion enn det ein kunne vente.
 
Fine turar - varierande ver
Det var mange utferder under stemnet, særleg til Lysefjorden (Preikestolen og Kjerag), men også til Utstein Kloster, og andre stader. Vi var med til Preikestolen på laurdag - og den turen vart ei fin oppleving. Veret var strålande - nærast skyfri himmel. På toppen av preikestolen fekk vi endåtil ei økt med songdans! Onsdag var det også turane til Lysefjorden men då var veret dårlegare. Bilet av preikestolen.
 
Nordisk folklore i konsertsalen.
Ca 15 minutts innsalg med folklore frå dei nordiske landa er eit fast programinnslag på Nordleik. Slik også i år. Det vart eit fint samansett program. Frå Noreg deltok Ungdomgruppa i BUL Oslo, med det programmet som dei fekk publikumsprisen for på  framsyningskappleiken. Brit Håland og Tor Stallvik leidde programmet på ein ledig måte.

 
Nordleik 2003 på Sjelland
Neste Nordlek vert i Danmark i Næstved kommune på sørkysten. Vi gler oss alt til varme dagar i Danmark!
 
Mange på allsongkvelden
Det var nesten fullt på allsongen! Kjente og ukjent songar vart brukt og friska opp att. Kanskje kunne vi få ein renesanse for allsong? Det var ikkje så mykje allsong elles på stemnet.
 
Mange også frå USA og Canada
I tillegg til dei nordiske landa, var det nokså mang frå USA og ein del frå Canada. Dei var ivrige og flinke folke- dansarar. Her er glimt av nokre.
 
Mykje å lære på stemnet
Som vanleg var det ei rad kurs å delta på under stemnet. Sjølv var eg med på kurs i  svenske polskor og på stildanskurs. Begge deler godt gjennomført og vel planlagt og med svært mange deltakarar. Nesten  for mange for slike kurs!
Eit vellukka ball på hotell Atlantic
Det var visstnok ca 250 som var med på stilballet - så her var det masse fine kjolar og mykje stas. Vi fekk god mat først og tale for damene og om ball i Stavanger i gamle dagar. Så var det dans til langt over midnatt inndelt i bolkar med korte pausar imellom. Tor Stallvik og Vidar Fanavoll var danseinspektørar og Christiania Tour og rounddansensemble sytte for fin  musikk.

"Overklasse-kulturen" har ikkje hatt særleg rom i Nordleik-samarbeidet - det er folke- kulturen som har stått i sentrum. Dette ballet innleier truleg ei tid då også stildansane blir gjeve noko rom. Den same tendensen ser ein elles i NU.
Her er eit av dei finaste para (Anne Marie og Lars Steensgaard) 
Og her er glimt frå ein av dansane
  
Kråkevisa var sentral
På fleire av tilstellingane var det kråkevise. Lengste innslaget var det på opninga av stemnet tysdag. Her fekk vi eit langt dansespel om kråkevisa. Imponert var vi også av færøyingane som på siste nattdansen viste at dei hadde lært kråvevisa frå Rogaland - dei har visstnok ikkje kråker eller kråkeviser på Færøyane.
 
Gild færøydans
Som venta var det nokså mange frå Færøyane på stemnet, og færøydans fekk vi høyre og sjå på mange tilstellingar. Likast er det likevel når ein kan delta i dansen! På siste nattdansen var det mange fine viser - og både færøyingar og andre var med med liv og lyst. Kjekt var det å sjå at dei aller yngste frå Færøyane deltok - også som skiparar - med fart og styrke. Etter det vi skjønar synest færøyingane at det er gildt at andre vil delta saman med dei i færøydansen. Eit høgdepunkt under stemnet!

 
Framsyningskappleiken
Dette er ei norsk tilskiping som normalt høyrer heime på NU-stemna. Det var 9 lag som deltok - av dei 3 ungdomsringar. Ungdomane især la stor vekt på danseglede og kreativitet og det var morro å sjå på. Det var Tromsringen som fekk førsteprisen, medan Ungdomsringen i BUL Oslo fekk publikumsprisen.
 
Lite i avisene om Nordleik
Når eg ser gjennom riksavisene er det svært lite å lese om Nordleik. I Aftenposten, Dagbladet og VG finn eg ikkje noko. Sjølvsagt var det litt i Stavanger Aftenblad, men ikkje særleg mykje. På tide at riksavisene tar seg på tak når det gjeld folkekulturen?