Glimt frå Nordlek 2006 i Gøteborg 24/7 - 29/7-2006

Eit fint stemne i Gøteborg!
Nordlek 2006 i Gøteborg vart eit svært vellukka nordisk stemne
Det gode veret og dei fine lokala gjorde sitt til at det vart eit svært vellukka stemne i Gøteborg i slutten av juli 2006. Det var færre deltakarar enn åra før, ca 4000 om vi forstod det rett. Det var ingen frå Færøyane og ingen frå Åland. Det meste av aktivitetane foregjekk i det flotte messeområdet "Svenska Mässan" like ved Liseberg. Her var det også hotell der mange budde. Dei som budde på skular, budde også i gangavstand frå "Svenska Mässan". Elles var det ein del ting som foregjekk andre stader i byen, opninga gjekk føre seg i parken Trägårdsforeningen, og avslutninga på stadion i Slottsskogsvallen. Nokre av kursa gjekk også føre seg i dess parkane. I det fine veret var det sjølvsagt populært med utferder og omvisningar i byen.

Frå Leikarringen Symra var vi vel 30 dansarar, så mange av bileta viser situasjonar der Symra-folk er med. Knapt halvparten av Symragjengen låg på klasserom på Hvitstensskolan, og der hadde vi det fint. Ikkje minst må vi takke vaktene som var blide og hyggjelege til alle tider og som stilte med gratis kaffi.
   


Symra hadde eit rom for seg sjølv med 16 mann, og nokre budde saman med finnane på naborommet. Her ser vi korleis rommet såg ut første dagen måndags kveld.   

Slik såg det ut på Symra-rommet tysdag
  

Slik såg rommet ut onsdags kvelden.
 

Dette er også onsdag.
     

Her er Grethe og Einar på besøk på romet - dei budde på hotell og ville sjå korleis vi hadde det.
  

Her er rommet på fredag. Inger har alt fått ballkjolen på.
    

Vi var på besøk hos Grethe og Einar på hotellromet og fekk fin servering.
  

Slik så rommet ut laurdag. Då var det betre plass, for nokre hadde reist.
    

Ein dag var Helge og Vebjørn på "Trikketur" byen rundt. Her studerer Helge kartet.
  

Frå midnattskonserten i Vasakyrkan. her er det Vegard som spelar.
    

Vi dansa Menuett frå Oravais med finnane, men Inger Frøydis skada foten og fekk god hjelp av to finske damer.
     

Ein del frå Symra ventar på middag
 

Nokre til som ventar på middag
     

Nokre får seg baguett i pausen under balldansøvinga
  

Symra skal har framsyning i parken fredag, og her er nokre komne u bunaden på gangen.
   

Her er dei som var med på framsyninga på fredag.
     

Her går Symra gjennom framsyningsprogrammet
 

Her øver vi også på framsyningsprogrammet
      

Her er vi i gang med framsyninga - vi blir introdusert.
    

Torsdag øvde vi føre framsyninga dagen etter.
   

Torsdag øvde vi litt føre framsyninga på fredag
  

Her er det ei gruppe utviklingshemma som dansar i "Norden dansar".
  

Onsdag var Symra med i programmet "Norden dansar", men vi fekk ikkje tatt bilete av oss sjølve. Her er det danskane som dansar, gruppa heiter "Danseben", og dansa fint.
    
 
 

Flaggborga på veg gjennom parken Trägårdsforeningen.
   

Flaggborga under vegs til scena.
  

Frå innmasjen under opninga.
  

Frå opninga. Her er det stemnegeneralen Urban Lind som ynskjer velkomen. Han var også spelemann og dansar.
  

Under opninga tysdag var det nasjonalsongar og programinnslag innimellom. Her syng vi Ja vi elsker
  

Her er det Landshøvdingen som klipper over snora og dermed er stemnet opna.
  

Eit utsnitt av folkemengda under opninga.
  

Eit bilete til som viser folket under opninga.
  

Her er tre islendingar Åsta, Kolla og mannen hennar Bendt (Pedersen).  ..


   

Nokre frå Symra ser på opninga.
  

Her er nokre frå Symra - vi ventar på at opninga skal ta til.
  

Andeers Sakshaug i full bunad ventar på at stemnet skal opne.
  
 
Tre blide Symra-jenter i Romsdalsbunad.
  

Ein del frå Symra på veg til opninga
    

Glimt frå øvingane i stildans. Det var lange øvingar både tysdag og onsdag.
  

Nokre frå Symra på veg til ballet fredag kveld.
  

Frå middagen under ballet fredag.
    

Frå middagen under ballet fredag.
  

Frå middagen under ballet fredag.
   

Frå middagen under ballet fredag.
   

Frå middagen under ballet fredag.
  

Frå middagen under ballet fredag.
  

Ein del av dei norske deltakarane på ballet.
    

Ein del av dei norske deltakarane på ballet.
    

I ballsalen vart vi møtt med sekkepipe og tromme-musikk
      

Ballorkesteret sytte for framifrå musikk.
  

To staselege balldeltakarar frå Noreg. sonja hadde heilt ny kjole.
    

Ei fin finsk jente mellom to norske deltakarar på ballet.
     

Eit oppsett viser dansen Alexandrine som hjelp for oss andre.
    

Fire staselege par viser siste dansen - Gavott
  

Den siste valsen. Vistnok nordens største dansegolv i Kongresssalen.
  

Leiaren i Forumet for balldans Elonora.
  

Danseleiarane fekk velfortent takk for godt arbeid både under ballet og under øvingane.
 

Her er det orkesteret som får velfortent takk:
  

Kveldens ballmeister og den lokale organisatoren for ballet takkar for innsatsen.