Schous Kulturbryggeri

Den 5. mai 2007 vart Schous Kulturbryggeri offisielt opna med stor utekonsert i bakgarden til Schou-kvartalet i Oslo.Nedanfor kan du skjå nokre bilete frå opninga.

I Schou-kvartalet skal det vere plass for mange ulike kulturaktivitetar. Ein av dei er Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans.

Sjå nærare omtale av dei ulike aktivitetane for senteret på Grünerløkka.

Øvingshotellet og Kulturstasjonen skal vere klar for opning i 2008, resten i 2009.
   


Frå opninga av Schous Kulturbryggeri 5. mai 2007. Byrådsleiar Erling Lae og Kulturbyråden Anette Wiig Bryn og programleiaren Geir Schau
  
Mannskoret og Valkyrien Allstars er også på scenen.
  

Lars Lillo Steenberg spelar på det pianoet han ga bort til Schou senteret.
 

Lillo Steenberg avsluttar sin vesle konsert
  

Det var eit stort publikum som var med på opningskonserten.
  

Valkyrien Allstars hadde ein sentral plass i programmet
 

Her takkar Valkyrien for seg
  

Unni Løvlid, Bacaye Aw, Ingor Ante Ailu Gaup hadde ei avdeling saman.
   

Unni Løvlid syng
  

Ei gruppe Capoeira ekspertar fekk publikum med på notane.
  
Schous Kulturbryggeri

Dette er samlenamnet på eit nytt kultursenter på Grünerløkka i Oslo. Senteret skal bestå av  element.
 
Øvingshotell
Her blir det 50 små og store øvingsrom for både amatørar og profesjonelle
 
Senter for populærmusikk
Dette blir eit "museum" for alle som vil vite meir om norsk populærmusikk - historia i nåtid og fortid.
 
Riksscena
Riksscena for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Dette er ein ny nasjonal institusjon som vart oppretta vinteren 2007.
I eit lite flygeblad for scena står det: "Riksscenen er etablering av en ny nasjonal institusjon for et voksende miljø av utøvende kunstnere innen folkemusikk og folkedans. riksscenen skal bli en fremtidsrettet møteplass for norsk folkemusikk og dans inkludert sammisk musii, og folkemusikk og dans med opphav og tilknytning til innvandrermiljøene i Norge. Riksscenen i Schous kulturbryggeri skal få en hovedarena med plass til 300 personer og stort dansegulv, en intimscene, prøverom, seminarrom, pluss pub og treffsted."
 
Oslo musikk og kulturskole
Kulturskolen for barn og unge som kan tilby opplæring i biletkunst, dans, teater og musikk.