Kvadriljetten sitt ball 11. juni 2005

Eit fint gjennomført ball
Det var 100 dansarar til stades på Sommarballet til Kvadriljetten 11. juni 2005. Som i 2004 var ballet lagt til Fredfoss Kulturpark i Vestfossen, og det var ein svært fin stad og ein flott og luftig danseplass, med god plass til dansarane. Christiania tour og runddansensemble sytte for fin musikk. Og Magne er Marita leia ballet på ein framifrå måte. Folk gler seg allereide til neste sommar! Frå vertslaget var det over 30 dansarar, og mange var det også frå Symra. elles var det folk frå mange lag både frå Sverike og frå Sørlandet.
Eit stort danseprogram var sett opp, og vi kom gjennom nesten heile. Programmet såg slik ut:
Angläs, Fransese, Colombine, Rufty Tufty, Mølledansen, Gammelpolka, Feuerfestpolka, Firetur på rekkje, Stora Menuetten, Picking of sticks, Kvadrilj ny 1819, Engelsk nr 4, Engelsk nr 6, Menuett-polonese, Grefinna Brahe, Lancier frå Vardø, Signora Aurettis dans, Firetur II, Sekstur II, Kvadrilje (Le Prince Imperial ),  Prinsesse Alexandrine, Molevit fra Ærø,   Indian Queen,  Spielman (Les Lanciera).
   

Eit lite glimt frå det fint pynta middagsbordet.
 

Utsnitt frå eit av kaffeborda. Erna og Anna Marie i front.
   

Erik og Anna i kaffipausen
    

Anna Marie i sin finaste stas. Familie-medaljongen er godt synleg.
   

Staselege dansarar. Det var ikkje trøyttleik, men ein sløv fotograf, som førde til attletne augo.
     

Sonja og Leif er nesten alltid å sjå på ball med sine elegante drakter.
     

Perder, Grethe, Inger og Einar i sofakroken
  


Her ser vi drakta til Per Kristian på nærare hald.



Dette biletet yter ikkje full kreditt til den ljose fine salen og den stilige polonesen. Men lysekronene viser i alle fall.


Utsnitt frå eit av dei andre kaffiborda.
     

Magne (til venstre) var ballmeister og slappar her av under kaffipausen. Tor til høgre.
       

Ja, ein skal ha det moro på ball! Bjørg og Jan Erik.
  

Sissel og Ludvik i flotte drakter.
      

Ludvik er ein galant herre!
  

Per Kristian hadde fått seg ny drakt - ein stilig franskmann frå 1700-talet (?).
      

Per Kristian har fått langt hår for anledninga.