Aktivitetane
tilbake til startsida

I Oslo Songdanslag er folkedansen det sentrale, men det er også mange andre aktivitetar å vere med på.

Øvingskveldane er den sentrale aktiviteten. Det er øving kvar måndag kl 20.00 - 22.00 i Halli i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22.  (Dei siste åra har det berre vore 4 samlingar per semester). Det er alltid levande musikk og ein rettleiar som seier frå om kva som skal dansast. Vi øver inn nye dansar og repeterer det som dei fleste kan frå før. Største delen av tida blir brukt til turdans, men songdans er også viktig. Stordans (færøydans) og bygdedans har også vore viktige innslag på øvingskveldane. Eit par gonger for året - gjerne som avslutning på kvart semester - har laget kaffikveld i staden for øvingskveld, og då er det bordsete med mat og kaffi og uderhaldning, før det blir variert dans til slutt.

Offentlege kurs i gamaldans eller folkedans blir skipa til dei fleste halvår. Som regel startar det eit nybyrjarkurs i gamaldans i byrjinga av september og i midten av januar. Kursa er i Halli i Bygdelagshuset og er normalt kl 19.00 - 20.30. Det er alltid levande musikk, enten trekkspel eller fele. Rettleiaren (instruktøren) er alltid ein flink rettleiar, oftast ein av medlemene i ringen.

Spesielle kurs i større og vanskelegare dansar er det med ulike mellomrom. Det kan vere dansar i pols eller vestlandsspringar eller større rekkjedansar eller songdansar/songøving. Dette er kurs for medlemene, men andre er også velkomne. Det kan gjerne vere helgekurs.

Nordiske seminar har ringen ein gong for året, og er saman med laget sine venskapsringar i Sverike (Kjedjan i Stockholm) og Finland (HUF i Helsinki). Desse seminara går på omgang mellom dei tre landa. På desse samkomene, som varer ei helg, lærer vi dansar av kvarandre og har mykje sosialt samvær og dans.

Utanlandsturar har ringen av og til. Det har vore turar til Frankrike, England, Nederland, Sveits, Østerrike og Færøyane i tillegg til dei nordiske landa. Nærast kontakt har det vore med Østerrike og Færøyane.

Stemne detar ringen på ofte. Av dei årvisse stemnene har vi Bygdøystemna på Folkemuseet første helga i juni og NU-stemnet som er ca 1. juli. Dessutan har vi dei nordiske stemna, som er kvart 3. år.

Kven veit er ei kunnskapstevling som ringen har vore med på i mange år, og laget har alltid hevda seg godt. Både i 1999 og i 2000 vart det finaleplass, og både på  Sunndalsøra og i Stavanger vart laget nr 2 i finalen.  Bilde: Frå finalen 1999: Inger Frøydis Bakken, Ola Nyberg og Anne Marie Brenaas

Framsyningar er ein aktivitet som laget har hatt i alle år. Det kan vere framsyningar for turistar (mot betaling), eller framsyningar på eldreheimar, sjukehus eller liknande institusjonar. Den 17. mai dansar ringen på Dikemark Sykehus, og på Bygdøystemnet på Folkemuseet har ringen alltid framsyning.
Bilde: Inger Frøydis og Vebjørn Bakken dansar springar på Folkemuseet

Andre tilbod blir det også lagt til rette for. Det kan vere songseminar, teaterturar, fjellturar, markaturar kulturturar eller liknande.