|
Oslo
Songdanslag
er ein av dei eldste leikarringen i Oslo.
Ringen legg vekt på
- høg kvalitet på øvingane - gode spelemenn og
instruktørar
- å drive med alle former for norsk folkedans
- å tilby kurs med høg
kvalitet både offentlege og interne
- å kunne tilby framsyningar med høg kvalitet
- å tilby kulturaktivitetar i tillegg til folkedansen
Dei faste øvingane i ringen er
normalt kvar måndag, i Halli i
Nordahl Brunsgt. 22, kl 20.00 - 22.00.
Dette semesteret er det redusert aktivitet.
Programmet dette halvåret.
|
Oslo
Songdanslag satsar på alle dei vanlege norske folkedansformene
- turdans av alle slag
- songdans
- gamaldans (vals, reinlender, polka, masurka, springpols, ...)
- bygdedans (pols, vestlandspringar, rull)
|
Dei
viktigaste aktivitetane i Oslo Songdanslag er
- øvingar i alle typer folkedans kvar måndag kl 20.00 - 22.00
- offentlege kurs i gamaldans eller folkedans kvart år
- kveldskurs, helgekurs eller seminar i songdans eller musikkdans
- danseturar innanlands og utanlands
- framsyningar med folkedans gjennom heile året
- kulturtilbod ( teaterturar, utflukter, ...)
Dette semesteret er det redusert aktivitet,
og ikkje øving kvar måndag, sjå programmet.
|
Siste
nytt
Her kan du lese om siste nytt frå
livet i ringen
Årsmøtet 2007 vedtok å leggje om drifta av laget slik at det blir ca 5
kaffikveldar/øvingar/temakveldar per halvår.
|
Ta
kontakt dersom du vil vite meir!
Thore Granseth (leiar)
E-post: to-grans@frisurf.no
Har du ikkje e-post, send
melding her.
Lagsadresse: Oslo Songdanslag, Nordahl Brunsgt. 22, 0165
Oslo
|
|
|