Siste nytt
tilbake til startsida

Her vil du finne diverse nyheter frå livet i Oslo Songdanslag. Den som veit om ting som bør kome med, kan sende e-post til Vebjørn Bakken (e-post).

Hyggjeleg men våt og kald junikveld på Børli
Dette året hadde vi planlagt ei ekstra avslutning på vårhalvåret med å delta på "Junikveld" på småbruket der Hans Børli budde, Oppistun Børli søndag 7. juni 2015. Vi var i alt 13 frå Oslo Songdanslag. Til saman var det ca 750 deltakarar, langt færre enn normalt, sikkert fordi veret var usikkert. Då programmet skulle starte kom ei langvarig tordenbyge med hagl og regn, og mange vart våte og kalde. Men det vart likevel ein fin dag. Etter ein halvtime letna skydekket og det vart sol. Programmet frå scena ved låvebrua var fint: Vi fekk høyre opptak av diktet "Duften av fersk ved" ved diktaren sjølv, Sverre Eier ønskte velkomen, Solveig Hem Sørli m. fl. song "Junikveld", Lars Saabye Christensen og Stian Carstensen underheldt med opplesing og musikk og etter pausen hadde Trond Granlund med trio ein lang konsert. Elles var det fine utstillingar i nokre av uthusa på garden. Elles var det ei oppleving i seg sjølv å gå rundt på den gamle husmannsplassen, som var nesten heilt slik som då diktaren budde her. Staden låg så fint til på ein bakketopp ved sida av eit vatn. Her er nokre bilete frå Junikvelden.
 
(9/6-2015)

Avslutning 1. juni 2015
Vi var ikkje så mange på avslutningskvelden 2015, men vi hadde ei triveleg økt ved bordet med prat og mat og kaffi, og Inger Frøydis spela to langeleiklåttar. Her er to bilete frå kvelden. Vi minner om at vi startar opp att med kaffikveld 7. september i Halli kl 20.00.
( 9/6-2015)

Årsmøtet 2015

Årsmøtet vart avvikla 9. februar med 11 til stades. Årsmelding og rekneskap vart godkjent. Sameleis budsjett og planar for 2015. Medlemspengane for 2015 er kr 300 det same som i 2014. Styret arbeider vidare med ein mogleg dagstur i juni 2015. Det var attval av alle. Planane for våren 2015 står på heimesida under "Program".

Kaffikvelden 9. januar 2015
Det var ein hyggjeleg kveld, med gode julekaker, songdans og musikkdans. Og Vebjørn las Prøysen-dikt på sunnmørsvis.
(Større bilde dersom du trykkjer på det.)

Fin avslutning på hausthalvåret 2014
Den vanlege nemnda (Inger og Per, Liv og Gunnar) hadde stelt fint i stand til juleavslutninga 8. desember 2014. Vi vart ikkje så svært mange men det vart ei hyggjeleg stund ved matbordet, der Per las opp og Inger Frøydis song, og alle song vi to julesongar av Prøysen (Prøysenåret!). Karstein delte ut årsmerke til Brit (45 år), Hans Petter og Gro.Så var det dans, Inger Frøydis leia songdansen, Vebjørn musikkdansen og Solvor spela. Spelkvinne og rettleiarar fekk til slutt blomar, før vi song avslutningssongen. Her er nokre bilete frå kvelden.

Årmøtet 10. februar gjekk snøgt og greitt

Det var 12 som møtte på årsmøtet. Årsmeldinga vart vedteken med eit par små endringar. Rekneskapen likeså. Medlemspengane for 2014 blir kr 300 som før. Opplegget for året blir det same som dei siste åra. Vala gjekk greitt: Attval på alle punkt. Første øvingskvelden 17. mars blir det turdansar/musikkdansar.

Oppstart 2. måndagen i januar - 13. januar 2014

Vi minner om at andre måndagen i januar 2014 startar vi med kaffikveld i Halli. Velkomne! Samtidig minner vi om at det er årsmøte 10. februar.

Fin juleavslutning i desember 2013

Det vart ei fin avslutning på hausthalvåret i Halli 9. desember. Nemnda hadde stelt så fin i stand for dei drygt 20 som møtte. Det var også fin underhaldning og merkeutdeling. Grethe fekk merke for 50 års medlemskap, og Inger Frøydis for 45 år! Elles var det dans, mellom anna Aka på isen håle og Åsmund Frægdegjeva. Her finn du nokre bilete frå juleavslutninga.

Måndag 11. november er det songdanskveld i Halli kl 20.00
Velkomne alle til hyggjeleg dans!

BLS feira 90 år fredag 8. november 2013
Fredag 20. november var det uformell jubileumsfeiring i Halli. Ca 60 personar møtte fram til champange, bløtkake og dans. Fanteladdane sytte for musikken. Det var sett ut bord rundt veggane i Halli, så danseplassen var litt begrensa, men dansen gjekk lystig likevel. På jubileumskaka stod det "BLS 98 år", men ho smakte like godt for det. Her er nokre få bilete frå feiringa.

Framsyning med Ivar Aasen-songar i Teatersalen
Midt i september var dansarar frå Oslo Songdanslag og Symra med på ei lita framsyning i Teatersalen i BUL. Som opning på eit minnemøte om Ivar Aasen dansa vi 7 ulike Aasen-dansar, mellom dei Aka på isen håle og Mellom bakkar og berg. Det var Vebjørn Bakken som hadde ansvaret for fra msyninga. Her er nokre bilete frå framsyninga.

Fin start på hausthalvåret
Trass i at kaffikvelden fall på valdagen, var det bra med folk på kaffikvelden 9. september. Vi var ca 20 til saman. Vebjørn hadde teke ein del av årets moltefangst og laga moltekrem, som dei fleste sette pris på. Birgit kom heilt frå Trondheim. Solvor kom også, så vi fekk både litt songdans og musikkdans. Brit kom også og var med i dansen, og det er lenge sidan sist. Det var nytt golv i Halli, og det var godt å danse på.Veggane hadde også fått ein lys farge, men vi sakna bilet på veggen!

Hausthalvåret 2013
Vi har bestilt Halli til desse arrangementa hausten 2013:
Måndag 9. september Kaffikveld kl 20.
Måndag 14. oktober, temakveld musikkdans- øving kl 20.
Måndag 11. november, temakveld - songdans- øving kl 20.
Måndag 9. desember, kaffikveld kl 20.
God sumar til alle!

Strålande fin helg på Stenudden 14. - 16. juni 2013
Som kjent fekk Oslo songdanslag som gåve på 90-års dagen eit helgeopphald på Stenudden, hytta til Hembygdsgillet i Karlstad litt utafor Karlstad. Som mange veit er dette ein eineståande fin plass på ein odde ute i den store innsjøen. Det var 7 frå Oslo som drog fredag ettermiddag og 2 som drog laurdag morgon. Vi vart mottekne på aller beste måte, og det vart eit opphald som vi vil minnast lenge, saman med gode vener frå Karlstad. Her er nokre bilete frå Stenudden.


Fin avslutning på vårhalvåret
Det var over 20 medlemer til stades på kaffikvelden siste måndagen i mai. Det var laga til mykje og sunn mat - salat, frukt, kake og kanelbollar. Johs. delte ut medlemskort til alle, både dei som hadde betalt og andre, Vebjørn sa nokre minneord om Gudny M. Flatabø som nyleg var gått bort 93 år gamal, og fleire fortalte små episodar frå samværet med Gudny. Elles fekk vi høyre om nokre andre lagssaker, og Solvor fekk blomar og godord fordi ho fylte 60 år og har spela så trufast dei siste 10 åra. Så var det dans den siste timen. Ein hyggjeleg kveld!
 (27. mai 2013)

Gudny M. Flatabø vart bisett 15. mai
Det var nokså mange frå Oslo songdanslag då Gudny vart bisett 15. mai i Nye Kapell på vestre Gravlund. Det var ein fin begravelse med fin song og musikk. Det var blomehelsing frå laget, og Vebjørn sa nokre minneord. Mange av oss var også med på minnesamværet etterpå, og Inger D. fortalde litt frå samværet med Gudny. Vi dansa også etter oppfordring to songdansar. Bileta viser f.v. frå minnesamværet, OSL-folk i kapellet og Kapellet med kista og alle blomane.
 (18. mai 2013)


Songdanskvelden 11. mars vart fin
Songen gjekk fint denne kvelden sjølv om det ikkje var så mange til stades. Heldigvis kom det 7 frå Moss leikarring, så til saman var vi ca 20.Vi dansa mellom anna fleire Aasen-dansar sidan det er Aasen-år i år. Her er eit bilete frå dansen.
Neste øvingskveld er 15. april 2013, og då står musikkdans på programmet: "valsekveld". Sjå plakaten.
 (18/3-13)
Dans på dagtid måndag 25. februar gjekk fint
Det var rett nok ikkje meir enn 14 til stades, men vi hadde ei triveleg danseøkt. Hallvar Opheim på torader og Erik Skogen på PC/CD sytte for fin musikk. Vebjørn leia leiken. Den neste Dans på dagtid er 18. mars kl 12.00 - 14.00.
 (26/2-13)
Årsmøtet avvikla på vanleg vis
Det var 12 som møtte til årsmøtet i Halli 11. februar 2013. Møtet gjekk snøgt og greitt. Det vart vedteke å halde fram drifta om lag som dei siste åra. Det vart attval på alle plassar, bortsett frå at Gro L. Kitmitto kom inn som vara i staden for Grethe T. Sørensen.

"Dans på dagtid" hadde vellukka samling måndag 21. januar
Dette er eit nytt tiltak som Symra og Oslo Songdanslag er saman om. "Dans på dagtid" skal ha 5 samkomer utetter våren. Den første var 21. januar, og det var 26 som deltok, og det er vi godt nøgd med. Dei fleste var frå Symra, Oslo Songdanslag og Sogn og Fjordaneringen, og også nokre andre. Hallvar Opheim sytte for musikken, men vi hadde også CD-musikk. Den neste samlinga er måndag 25. februar kl 12.00 - 14.00. Dette er tenkt som eit tilbod til dei som kan litt folkedans frå før. Mottoet er: Kos med dans!

Første kaffikveld 14. januar 2013
Det er årets første kaffikveld. Som vanleg kl 20. i Halli. Kaffi og kaker og dans! Møt opp!
Laget er også med på 5 gonger med "Dans på dagtid", måndagar kl 12.00 - 14.00 i Halli, ein gong for månaden. Sjå Program.

Fin juleavslutning 10. desember
Det var knapt 30 til stades då laget avslutta jubileumsåret med julefest og lansering av boka "Oslo Songdanslag 90 år". Nemnda - Liv og Gunnar, Inger og Per - hadde stelt fint i stand og kunne servere gode julekaker. Vebjørn sa minneord om Bodil Loftsgarden som nyss var gravlagt, og viste lysbilete av Bodil og Magne Østerhager. Magne døydde i september i år. Så var det boklansering. Vebjørn fortalde litt om boka og DVD'en. Det var utlodning, der ei nummerert bok var hovudgevinst saman med mange andre fine ting, og det kom inn ca 2000 kr til inntekt for bokprosjektet. Gunnar og Per framførte kjente viser på gitar på sin sjarmerande måte. Alle fekk utdelt sine eksemplar av boka, og av DVD'en. Heilt til slutt vart det tid til litt dans. Solvor spela til musikkdansen, berre to (!) og vi dansa tre songdansar. Her er nokre bilete frå denne kvelden.

Vebjørn Bakken fekk kongens fortenstmedalje i sølv laurdag 8. desember
På julefesten til Symra fekk Vebjørn Bakken overlevert kongens fortenstmedalje i sølv av leiaren i NU Endre Kleiveland. Fleire av slektningane til Vebjørn var til stades og dei hadde også to programinnslag til ære for prisvinnaren. Elles var det mange helsingar, blomar og talar, frå Symra, Oslo Songdanslag, Sogn og Fjordaneringen, Hordaringen, Leikarringen i BUL, BLS, Folkedansnemnda i BLS, Rakne og Hunar og frå Viljan. Det var også helsingar frå Egil Bakka, Johan Einar Bjerkem og ordføraren i heimekommunen til Vebjørn, Haram. På biletet ser vi prisvinnaren saman med leiaren i NU Endre Kleiveland og (t.v.) leiaren i Symra, Erik Haugros, som styrde seremonien.

Fin bisettelse for Bodil Loftsgarden
Fredag 7. desember 2012 vart den siste æresmedlemen vår, Bodil Loftsgarden, bisett i Bekkelaget kirke. Det var ei fin gravferd. Det var bra mykje folk både frå Oslo Songdanslag og andre. Halvor Håkanes framførte tre songar, svært fint. Vebjørn sa nokre minneord frå Oslo Songdanslag. Det var ein bårebukett frå laget med påskrifta "Takk for innsatsen. Oslo Songdanslag". Det var også blomar frå vener i og utanfor laget. Fana til laget stod framme i kyrkja med svart band. Då dei bar kista ut or kyrkja, stod medlemer i laget æresvakt nedetter kyrkjegangen. Dei fleste hadde bunad. Bodil skal gravleggjast ved Seljord kyrkje saman med Eivind.

Juleavslutning 10. desember, og boklansering!!
Dette skal bli ein jubelkveld i laget. Laget si jubileumsbok "Oslo Songdanslag 90 år 1922 - 2012" skal presenterast. Møt fram og kjøp! Utlodning og underhaldning.

Dans på dagtid, måndag 26. november
Dette var andre gongen Oslo Songdanslag og Symra saman arrangerte hyggjeleg dans midt på dagen ein måndag. Det var same opplegget som første gongen, med matøkt, levande musikk frå Hallvar Opheims torader og Vebjørn som danseleiar. Det var litt færre deltakarar enn gongen før.

Laget har songdanskveld måndag 19. november.
Då blir det variert dans med runddans, turdans og songdans. Alle er velkomne!

Måndag 5. november
lanserte Oslo Songdanslag og Symra saman om eit nytt tilbod: "Dans på dagtid". Det er i Halli kl 13-15. Det blir litt kaffi/kaker og variert dans, men mest hyggje og koseleg samvær. Det var ca 20 personar som møtte fram, mest frå OSL og Symra. Sjå biletet.

Valsekvelden vart fin!
Det var over 20 som kom, dei fleste frå laget, men også nokre frå andre ringar. Det var svært mykje gode kaker, mange hadde baka. Vebjørn viste bilete og videosnuttar frå feiringa på Klækken. Liv Horne, Inger og Per Dugstad og Vebjørn Bakken hadde teke bileta, og Liv videosnuttane. Vi fekk også høyre siste nytt om jubileumsboka. Etterpå var det dans, mest vals i ulike former. Vebjørn styrde dansen og Solvor Sundsbø spela.

Musikkdanskveld 29. oktober
Vi minner om at det er øvingskveld med musikkdans måndag 29. oktober i Halli kl 20 - 22. Velkomen alle!

Vellukka jubileumsfeiing på Klækken
Helga 5-7 oktober hadde laget ei svært vellukka jubileumsfeiring. Sume kom til middag fredagskvelden, og hadde ein koseleg kveld saman. Laurdag var det mimring med bilete frå tidlegare tider, og om kvelden jubileumsfest: Først middag og deretter dans , kaffi og kaker, og meir dans. Det var ca 60 til stades. Under bordsetet underheldt Kirsten Bråten Berg med fine stev og viser. Solvor Sundsbø og Benjamin Kehlet sytte for fin musikk til dansen, og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken leia leiken. Mange fekk eit hyggjeleg gjensyn med vener frå "gamle dagar".

Kaffikveld tidleg i september
Det var ca 20 til stades på kaffikvelden 3. september. Bordsete med kaffi og kaker og dans etterpå som vanleg. Solvor spela.

Kaffikveld i 12 mai vart vellukka
Siste kaffikvelden før sumaren i jubileumsåret vart ei hyggjeleg samling av knapt 20 medlemer og nokre tidlegare medlemer. Ekstra hyggeleg var det at Hans Kveiland dukka opp - han har ikkje vore i lagt på lenge. Det er ingen no lenger som var med så tidleg som han. Han kom til Oslo frå Solør som 16-åring og byrja i Oslo Songdanslag hausten1946 17 år gamal. Det blir 66 år sidan! Også nokre andre tidlegare medlemer var å sjå, og det var hyggjeleg. Per Dugstad fortalde ein Vossastubb, Inger Frøydis song eit par viser, alle var med på allsangen og Vebjørn fortalde om ei helsing som Oslo Sangdanslag sendte til Hulda Garborg på 61-års dagen hennar i 1923. Vebjørn hadde fått kopi av den flotte helsing på Nasjonalbiblioteket. Ho skal kome med i jubileumsboka som er i emning. Anne delte ut invitasjon til 90-årsfeiringa på Klækken 6. oktober. Så var det litt dans, både songdans og musikkdans, og Solvor spela. På biletet ser vi dei som var med i laget heilt tilbake på 50-talet. Frå venstre Inger og Per Dugstad, Inger Johanne Holm, Hans Kveiland og Anne Skomedal.

Songdanskveld 16. april 2012
Den 16. april kl 20.00 er det songdans/stordans i Halli. Alle er hjarteleg velkomne til ein hyggjeleg kveld!

Forestilling Liti Kjerti i Teatersalen 25. mars
Den 25. mars var ein del av dansarane i OSL, saman med ein del frå Symra og Sogn og Fjordaneringen, med på forestillinga Liti Kjersti i Teatersalen. Liv Hege Skagestad var primus motor for forestillinga, der også Bygdelagskoret og to skodespelarar frå BUL deltok saman med dansarane. Vi dansa mellom anna Liti Kjersti, Margit Hjukse, Villemann og Magnill og Trolldans. Det vart ei fin forestilling! På biletet ser vi dei fleste av dansarane.

Hyggjeleg musikkdanskveld 12. mars
Semesterets "valsekveld" vart avvikla på vanleg måte, med hyggjeleg bordsete først - gode kaker kaffi og te - og musikkdans etterpå. Solvor spela og Vebjørn styrde dansen. Ca 15 (?) deltakarar.

Årsmøtet avvikla 13. februar
Det var 14 til stades på årsmøtet, som gjekk føre seg på normal vis. Årsmeldinga vart godkjent med ei endring: medlemstalet er 34 (28 hadde betalt). I budsjettet for 2012 vart det ført opp 25 000 til jubileumsfeiringa og 30 000 til jubileumsboka. Vebjørn Bakken vart valt til leiar etter Tore Granseth. Dei andre i styret er som før: Johs Kolltveit kasserar, Anne-Marie Brenaas og Gretehe Tanding Sørensen vara. Anne Skomedal fortalde om opplegget for jubileet på Klækken hotell 6. oktober 2012, og Vebjørn fortalde om arbeidet med boka. I vår blir det valsekveld 12. mars og songdans/stordans 16. april.

Vårhalvåret starta 16. januar 2012
Det var vel 20 til stades på denne første kaffikvelden. Eit nytt Fantefølje såg dagens lys etter 5 års fråvere. Det var via Fanntefølje sjølv, og med Gudny i sentrum. Elles var det mat og dans som vanleg. Solvor spela. Også gudny var til stades, 91 år gamal. Her er nokre bilete frå kvelden.

Vårhalvåret 2012 startar opp att 16. januar i Halli kl 20.00
Møt fram alle, det blir også ei lita overrasking denne gongen!

Julemøtet 5. desember vellukka og bra med folk
Vi var ca 25 til saman - alle dei "faste" og ein del av dei som møter opp i blant. Nemnda hadde gjort ein fin innsats med god mat og drikke, og vi var ein ganske stor ring i dansen etterpå, som Inger Frøydis leia og Solvor spela til. Elles var Gunnar og Per flinke med gitar og banjo, hyggeleg og med liv og lyst som vanleg. Inger Frøydis song julevers og Vebjørn fortalte litt om gamle dokument som hadde dukka opp i samband med bokprosjektet ved 90-års jubileet. Her er mange bilete frå julefesten.

Vi minner om at måndag 5. desember er det julemøte - kaffikvelden føre jul. Då må alle møte fram!

Songdanskveld 14. november
Det var visstnok 16 til stades, av dei 2 frå Moss, og ein del utafor ringen. Eit fint bordsete med kaffi og kaker halvvegs som vanleg på temakveldane. Dansen gjekk fint med ei bra blanding av lette dansar, lengre folkeviser og mest stordans.

Musikkdanskveld 17. oktober
Det var valsekveld med innslag av reinlenderrytmer. Det var ca 16 til stades, men nokså få gutar, så det var stort jenteoverskot. Men under dansen var sume av jentene flinke å danse gut, så alle fekk vere i sving heile kvelden. Som vanleg var det mykje gode kaker til kaffien, og praten gjekk livleg. Ein god del av dei frammøtte var "utanfrå".

Lite folk på kaffikvelden i september 2011
På kaffikvelden den 12. september var det lite folk, men fin stemning og god mat ved bordsetet. Til slutt prøvde vi eit par dansar, men då var vi berre 2-3 par, så vi slutta ør klokka var 10. Musikkdans var det ikkje.

Utover våren 2011
Vi minner om at det er Årsmøte måndag 14. februar, måndag 14. mars er det songdans/stordans-kveld og måndag 11. april er det musikkdans i varierte former.


Fin start på 2011 i Oslo Songdanslag
Det var ikkje så svært mange som møtte opp til den første kaffikvelden i laget i januar. Men dei som møtte fekk god kaffi og te og gode kaker. Solvor kom og sytte for fin musikk, og det vart mest musikkdans og litt songdans til slutt. Vi ser to bilete frå kvelden. På det eine biletet ser vi at dei to trugne spelemennene Jon Tryti, Knut Trøen og Kåre Limset har fått plass på kortveggen i Halli. Klikk på bileta så blir dei større.
 

 

Hyggjeleg juleavslutning 6. desember 2010
Det var bra med folk denne litt kalde desemberkvelden. Ekstra hyggjeleg var det at Gudny Flatabø var til stades. Ho takka mellom anna for gåve og frammøte på 90-års dagen hennar. Ho var også litt med i dansen. Per og Inger, Liv og Gunnar var nemnd for kvelden, og det gjorde dei fint. Per fortalde historier, Per og Gunnar spela duo gitar, gamle hyggeleg songar, og Ingr Frøydis song ein salme. Inger Frøydis leia dansen og Solvor spela. Anne Marie las opp eit brev frå Olav Thon om BLS-garden.
 (07/12-10)

Vellukka songdanskveld
Det var bra frammøte på songdanskvelden 8 november. Mellom andre var det nokre også denne gongen frå Moss. Bra! Vi dansa mest stordans, men også nokre vanlege songdansar, mellom andre eit par frå heftet til Vebjørn. Ein triveleg kveld der dansen gjekk godt!
(09/11-10)

Songdans og stordans måndag 8. november
Måndag 8. november  2010 kl 20 er det songdanskveld i Halli. Det er sendt ut på epost ei liste over stordansar og songdansar som er aktuelle, i tillegg til andre mindre dansar. Stordansane er desse: Aksel Tårn, Stolt Signhild, Fanitullen, Sinclar, Kråkevisa, Nordenfor Trondhjem, På Dovrefjell, Kleng Spelemann, Villemann og Magnhild, Iddane Hermund. Alle som likar songdans må kome!
 (04/11-10)

Kvelden med turdans og vals gjekk fint
Midt i oktober 2010 hadde laget ein temakveld med turdans,  særleg ulike dansar med vals. Det var bra frammøte, Solvor Sundsbø spela og Vebjørn Bakken styrde dansen.
(04/11-09)
Vi dansa med Kirsten Bråten Berg
Kirsten Bråten Berg har nyleg gjeve ut ny CD - Songen. Det er songar som vi brukar i songdansen, til dømes Eg gjette tulla, Eg veit ei lita jente, Ung Åslaug, Eg gjekk meg opp til sæterli. I slutten av oktober hadde Berg og orkesteret konsert på Riksscena. Då dansa Oslo songdanslag til to av songane: Eg gjekk meg opp til seterli, og Ung Åslaug. Dansinga gjekk fint og vi fekk skryt for innsatsen. Harald Aadnevik var også med. Det er Harald som har illustrert coveret til plata og tekstheftet som fylgjer med.
 (04/11-10)
Vellukka dansing på Dikemark 17. mai
Oslo Songdanslag dansa på vanleg vi på Dikemark og Vardåsen 17. mai. I år var det fem par og to jenter, så vi hadde bra mannskap. Sigurd Gjerde sytte for musikken. Her er nokre bilete frå dansinga. Veret var litt surt, men opphaldsver. Vi dansa inne begge stadene, så det gjekk fint. På Dikemark var det mykje folk - nesten heilt fullt, på Vardåsen litt mindre.

Årsmøtet avvikla på vanleg vis
Måndag 8. januar 2010 var det årsmøte i Oslo Songdanslag. Det var ca 12 frammøtte. Årsmelding og rekneskap vart godkjent, og samaleis planar og budsjett for 2010. Ein vil prøve å danse på Dikemark 17. mai. Det vart attval på alle ombod i laget. Etter årsmøtet orienterte Tor om mulige tiltak for å sikre drifta av BLS-huset i framtida. Johs lufta tanken på nytt om seniordans på dagtid, og det vart nedsett ei nemnd for å tenkje på jubileumsfest i 2012. Foreløpig er Brit Håland og Anne Skomedal med i nemnda.

Kaffikveld måndag 11. januar 2010

Vi minner om kaffikvelden måndag 11. januar kl 20-22. Vel møtt!

Fin juleavslutning 7. desember 2009

Det var mange som hadde funne vegen til Halli denne kvelden. Det vart eit triveleg bordsete leia av Inger og Per. Liv og gunnar var også med i nemnda. Per og Gunnar spela gitar, Rolf Bjørn spela hardingfele, Inger og Per fortalde historier og Inger Frøydis song. Vebjørn fortalde at Knut Trøen hadde fått kongens fortenstmedalje. Så var det dans, og Solvor spela. Vi avslutta som vanleg med Det var i kveld. Her kan du sjå nokre bilete frå avslutninga.

Knut Trøen fekk Kongens fortenstmedalje i sølv

På Julefesten i Symra 5. desember 2009 fekk Knut Trøen overlevert Kongens fortenstmedalje i sølv for sitt lange og gode arbeid for folkemusikken. Han var fast spelemann i mange ringar, i Oslo Songdanslag frå 1996 til 2006. Knut spelar ikkje så mykje offentleg lenger men på festen i Symra var han med å spela saman med dei to brørne sine Kjell og Jørgen. Knut flytta til Fagernes i 2008. Alle medlemene i ringen kjenner Knut godt som ein trufast spelemann og ein god ven. Vi ynskjer Knut lukke til med heideren. Her er nokre bilete til av Knut i større format: Bilete1   Bilete2   Bilete3

Juleavslutning 7. desember 2009
Vi minner om juleavslutninga i Halli 7. desember kl 20. Fint om alle møter fram tilhyggjeleg prat og litt dans.

Ein fin valsekveld i november 2009

Det var bra med folk på temakvelden som OSL hadde i november. Ekstra gilt var det at 7 stk møtte opp frå Hobbøl Leikarring. Det var valsar i alle fasongar. Solvor spela og Vebjørn instruerte.

 

Triveleg første kveld hausten 2009
Det var ikkje så svært mange som møtte på første kaffikvelden 14. september. Men det vart eit hyggjeleg bordsete. Vi snakka litt om gamle dagar, og så kol leiaren og då vart det snakk om hautprogrammet. Det blir songdans/stordanskveld i oktober og turdanskveld i november. Og i desember er det juleavslutning. Den siste halvtimen dansa vi songdans, og vi kom velberga gjennom så vanskelege dansar som vardevakt og Strid for fred. På dei to bileta kan vi sjå dei som var til stades minus fotografen, som var Vebjørn.





Hausthalvåret 2009

Det startar med kaffikveld 14. september, så er det songdans/stordans-kveld 12. oktober, 18. oktober har Oslo Songdanslag folkedanskvelden, 9. november er det temakveld (tema ikkje bestemt) og 7. desember er det juleavslutning.

Det vart 17. mai dansing likevel - og det gjekk fint!

I fjor var det ikkje dansing på Dikemark den 17. mai, men i år skulle det bli på nytt. Men det var vanskeleg å skaffe nok dansarar. På avslutninga måndagen før var 3 1/2 par klar, men den siste guten , som vi burde ha, var vanskeleg å finne. Anne Marie strev med å få det til, men på 17. mai var det berre desse 3,5 para. Men vi let osss ikkje stoppe. Vi øvde litt på førehand med bruk av einsleg jente i 4-par-dansar, og det fungerte fint.Solvor køyrde seg bort, men kom på rett spor att, og rakk fram heldigvis. Og sjølve framsyningane gjekk heilt fint. I det strålande veret vart det utedans både på Dikemark og på Vardåsen. På Dikemark vart det også tid til ei pølse eller hamburger på kafeen før vi måtte dra til Vardåsen. Ei takk til alle for fin innsats. Her kan du sjå ein del bilete frå 17. mai.

Fin avslutning på vårhalvåret den 11. mai 2009
Det var ikkje så svært mykje folk, men det vart ei fin avslutning på vårhalvåret. Det var bordsete med gode kaker og mange songar, det vart dans og Solvor spela som vanleg, Inger Frøydis leia leiken fint, og Tore sa nokre ord til oss alle.

Vellukka songdanskveld 20. april 2009

Det var nokså mange som møtte frampå songdans-temakvelden den 20. februar. Det var også 6 stykker som kom frå Moss.Vi dansa ei blanding av små og store songdansar og ein del stordansar. Det heile gjekk med liv og lyst frå 20 til 22. Vi hadde også eit gildt bordsete med kaffi/te og gode heimebaka kaker (Liv og Gro?). Vebjørn leidde songen, og vi hadde sendt ut tekstar og program på førehand. Det er lenge sidan vi var så mange på songdans i Halli. På bilete kan vi sjå at det er mange i songdansringen, og her hadde  nokre gått, som skulle rekkje toget til Moss.

Roleg årsmøte utan store endringar

Det var eit roleg årsmøte i Oslo Songdanslag måndag 9. februar. Det vart attval på alle plassar, og det var semje om å halda fram drifta slik det har vore siste året, dvs med 1 folkedanskveld per semester og ca ein temakveld eller kaffikveld per semester.


Fin juleavslutning i Oslo Songdanslag 8. desember 2008

Det var ikkje så svært mange som møtte fram til juleavslutninga, men mange nok til at det vart ei hyggjeleg samkome.Den vanlege julefestnemnda hadde stelt fint i stand og det var gode julekaker til kaffien. Vi song mange songar ved bordet, Inger Frøydis song julestev, Inger D. las dikt og så var det årsmerke-utdeling. Som vanleg var det Karstein som stod for det. Det var heile 5 medlemer som fekk 25 års nåla: Karstein, Gudny, Mari, Bjarne og Hans Petter. Dessutan fekk Inger Frøydis 40 års nål og Grethe 45 års nål. Leiaren Tore fekk 5-års nål. Så vart det dans resten av kvelden. Solvor spela som vanleg, og Inger Frøydis og Vebjørn styrde dansen. På biletet ser vi dei fem som fekk 25 års merket. Her kan du sjå fleire bilete frå kvelden.



Songdanskvelden 10. november 2008 vart vellukka
Det var ikkje så svært mange som kom på songdanskvelden den 10. november, men mange nok til at det vart ein fin kveld. Kanskje var det 12-13 par. Mellom dei var det også 7 personar frå leikarringen i Moss, og det var ekstra hyggjeleg. Det var lagt vekt denne kvelden på stordansviser og større folkeviser, og mellom visene var Ormen Lange, Nordenfor Trondhjem, På Dovrefjell, Sinclarvisa, Stolt Signhild, Fanitullen, Kråkevisa, Krist gjeve, Liti Kjersti og Elvekongen, Spelemannen Kleng og andre. Men det var også ei rad mindre viser innimellom. Vebjørn hadde også funne fram ei fin vise av Vidar Sandbeck - Regnbågåbrua - som vi song og dansa.

Fin kveld med springleik frå Vågå

Månadag 13. oktober var det springdanskveld i Oslo Songdanslag. Mari og Bjarne Jensløkken var instruktørar og Kristin Kolden dugande spelkvinne frå Lom. Som Bjarne seier det er det mykje lettare å danse springleik når musikken har den rette svipen, og det sytte den unge spelkvinna for (ho går 4. året på Norges Musikkhøgskole). Det var omkring 15 par som var med på dansen - dei fleste frå andre lag og ringar. Som vanleg var det også kaffi og kaker og bordsete. Ein knapp halvtime var det også litt gamaldans - masurka, vals, reinlender og hamborgar til skotsk-musikk. I det heile ein svært vellukka kveld.På biletet ser vi Kristin Kolden saman med Mari og Bjarne.


Vellukka turdanskveld 22. september
Måndag 22. september var det turdanskveld i Oslo Songdanslag. Det vart ein triveleg kveld for dei som var der, men det kunne godt vore endå fleire. Men vi var 8 par så vi fekk danse også 8-par-dansar. Solvor sytte for musikken og Vebjørn for danseutvalet. Det var også kaffi og gode kaker, sjå biletet.
  

Starten på Hausthalvåret 2008 er 8. september kl 19.30
Hausthalvåret startar med Kaffikveld og dans måndag 8. september kl 19.30 i Halli. Etter kaffien blir det variert dans. Vel møtt alle/mange!

Rolf Grønnerud er død

Rolf Grønnerud døydde 19. desember 2007 og vart gravlagd frå Eidskog kirke 28. desember. han vart 69 år gamal. Rolf var sjuk den siste tida og døydde på Lovisenberg. Det var 5 medlemer og vener frå Oslo Songdanslag som var med i gravferda, og det var blomar frå laget. Rolf og kona Torild har vore medlem i Oslo Songdanslag i mange og og har lagt ned eit verdfullt arbeid i ringen. Rolf var godt likt av alle og hadde mange vener i ringen, og mange ber med seg gode minne om Rolf vidare.

Triveleg juleavslutning I Oslo Songdanslag måndag 3. desember

Det var ein hyggjeleg kaffikveld i laget denne måndagskvelden. Det var brukbart med folk - ei hadde vi ikkje sett på 20 år (?). Då tenkjer vi på Turid Fischer Johansen. Elles var både Gudny og Bodil på plass. Gudny var også med i dansen heile kvelden. Det byrja med kaffi/te og kaker som vanleg. Så var det songar, undeerhaldning ved Per og Gunnar og informasjon ved leiaren Tore som fortalde om planane for vårhalvåret. tanken er å drive laget om lag slik det har vore i år. Det var også utdeling av medaljer - 25 år til Kjersti Foss. Resten av kvelden var det dans - og Solvor sytte for god dansemusikk. Så var det takk og blomar til nokre utvalde. Neste samkome blir Årsmøtet i februar 2008. Her kan du sjå nokre bilete frå avslutninga.


Søndag 4. november var det vellukka dansing i Halli med færøydans

Den 4. november 2007 var det ein fin kveld med færøydans i Halli. Ei gruppe på 6 dansepar frå Nolsøy på Færøyane var på nordisk rundreise. Først i Oslo, Så til Helsinki, så Stockholm og heim att via Kjøpenhavn. I Oslo var dei laurdag gjester hjå Norsk Færøysk lag på årsfesten, og denne søndagskvelden ("minikurs") var det Oslo Songdanslag som var vertskap for ein dansekveld med færøydans. Det var bra med folk som ville vere med på dansen, nokre dansarar kom heilt frå Hamar, to frå Elverum og ei heilt frå Stockholm! . Dei færøyske dansarane innleidde med ei fin framsyning, der dei viste vanleg dans, men også nokre av dei variasjonane som dei brukar. Seinare vart det felles dans for alle, ei økt med mat med færøysk sauerull. Så vart det igjen mykje og gild dans. Til slutt vart det songdans i Storsalen, med innslag av norsk songdans, norsk stordans og færøydans. Og mange av færøyingane vart også med på turdansane etterpå.  Ein svært vellukka kveld for oss som fekk vere med!  Her kan du sjå mange bilete frå kvelden.

Vellukka dansing på Dikemark og Vardåsen 17. mai

Også dette året vart det tradisjonell dansing på dikemark og vardåsen 17. mai. Fint ver - ikkje svært varm - men fint dansever. Vi var 6 par så vi fekk dansa dei vanleg framsyningsdansane. Litt annleis var det forresten i år - vi fekk mat til slutt etter at vi hadde dansa begge plassane. På biletet ser vi dei fleste av deltakarane. Solvår spela til framsyningane. Her er nokre bilete til frå 17. mai.




Det blir dansing på Dikemark 17. mai
Det er nå klart at Oslo Songdanslag også i år skal danse på Dikemark 17. mai. Det er klart med 5-6 par, og dansen startar kl 11.00, med farammøte ein halv time før og litt øving. Er det fleire som har anledning å kome er det berre å møte opp. Veret skal også bli bra!


Gildt "Minikurs" i songdans på folkedanskvelden 13. mai

Det var Oslo Songdanslag som hadde ansvaret for denne folkedanskvelden. I tillegg hadde laget Minikurs i songdans, eller ei økt med songdans og stordans frå 18.00 til 19.45. Vi la vekt på stordans, Sivlesongar og vårviser. Det var bra med follk til stades, nokre kom heilt frå Hamar. Vi song mest slike stordansar som vil bli brukt når dansegruppa frå Nolsøy på Færøyane kjem på vitjing til Oslo den 4. november 2007. Det var Nordenfor Trondhjem, Ormen Lange, Sinklarvisa, Ole Morske og Stolt Signhild. I tilleg song vi Fanitullen. Det var også bra med folk på songdansen i pausen og dansen gjekk fint.

Valsekveld 23. april kl 19.30 2007
Dette er ein av vårens temakveldar. Det blir vekt på vals i alle varianter, pardansar, turdansar og rekkjedans. Vi håper også på oppmøte frå folk "utanfor" laget.

Hyggjeleg kveld på OsloFOLK 26. mars 2007
Denne måndagskvelden hadde Kirsten Bråten Berg sin første fulle solokonsert - på Fabrikken i Oslo - ein dryg time med stev, balladar, slåttestev og slikt som høyrer setesdalsregionen til. Fint samanbude av historier og glimt frå hennar kvedarlund. Ikkje ein einaste gong laut ho ty til masnuskriptet - alt vart framført på finaste måte slik ho kan det - med ro og tryggleik og varme. Det vart ein fin konsert og det var bra mykje folk - vistnok rekord for sesongen. Kirsten er som kjent ein "gamal" medlem og rettleiar i Songdanslaget frå tidleg på 1970-talet. Før konserten var det folkemusikkquiz - 46 lydopptak med ulike kvedarar og Oslo Songdanslag stilte med lag - 5 deltakarar denne gongen, sjå biletet. Denne gongen var det 4 deltakande lag - og vi vart nest sist - 21 av 46 rette. Men vi hadde det hyggjeleg!

Fin kaffikveld i Oslo Songdanslag 19. mars 2007
Det var bra med folk og fin stemning på kaffikvelden - den første etter at det vart slutt på dei vanlege øvingane. Gro Kitmitto heldt eit interessant kåseri om grunnlaget for nokre av våre broderte bunader, og det vart informasjon frå leiaren om nokre lagssaker. Mellom anna var det snakk om den kvelden vi skal ha i november (4. november ) saman med 12 dansarar frå Færøyane (Nolsøy). Leiaren Gunnar i norsk-færøysk lag var til stades og fortalte om gruppa frå Færøyane. Desse dansarane skal gjennomføre ein turne i Norden, og i to dagar er dei i Oslo som start på turneen. Så denne søndagen blir det mykje færøydans - både viser på færøysk og norsk/dansk. Elles ser det ut til at det blir ein ekstra dansekveld måndag 23. april, då vi skal sette fokus på ulike valsevariantar, både pardans, bytedans og ringdansar. Elles har vi folkedanskvelden 13. mai, med "minikurs" i songdans på førehand. Det skal offentleggjerast kva dansar vi skal legge vekt på - truleg blir det vårdansar, Sivle-dansar og stordans. Meir info seinare.


Historisk Årsmøte i Oslo Songdanslag månadag 12. februar 2007
Denne dagen er ein merkjedag i Oslo Songdanslag si 85-årige historie. Årsmøtet gjorde for første gong (?) vedtak om at i resten av året skal det ikkje lenger vere vanleg øvingar i laget. Frammøtet har i lang tid vore såpass dårleg (5-8 par typisk), at alle var samde i at det no var rettast å slutte med dei faste øvingane for ein periode, og i staden satse på kaffikveldar og temakveldar der ein vel ut eit bestemt tema som ein vil konsentrere seg om den kvelden. Ein tenkjer seg ulike tema, til dømes stordans, songdans, gamaldans, stildans eller andre ting som ein vil prøve. Det var ca 15 frammøtte på årsmøtet der Gunnar Gvein var ordstyrar. Heile styret vart attvald, og årmøtelyden var glade for at dei tok på seg denne oppgåva. Elles var det uråd å finne kandidatar til dei ulike nemndene som normalt skal veljast, bortsett frå valnemnd og revisorar. Styret hadde laga framlegg om endring av lover og føresegner slik at det vart betre samsvar med den faktiske drifta i laget. Men etter litt drøfting, fann styret at ein like gjerne kunne la lover/føresegner vere uendra, så dei trekte framlegget. Elles vil laget prøve å danse på 17. mai på Dikemark dersom vi blir invitert. Men på Bygdøystemnet stiller ein ikkje med eiga framsyning. Folkedanskveldar vil ein også halde fram med. Sidan det no ikkje blir regelmessige samkomer, blir det viktig at det blir sendt ut påminning til alle føre kvar kaffikveld /temakveld. Det vil skje ved hjelp av e-post og på annan måte. Det går også an å følje med her på heimesida. Referat frå Årsmøtet vil bli sendt til alle medlemene så snart som råd slik at alle veit om den nye situasjonen. Biletet viser årsmøtet i full aksjon. Trykk på biletet så blir det stort.

Vellukk
a folkedanskveld med Oslo Songdanslag søndag 12. februar 2007
Denne kvelden var det Oslo Songdanslag som var teknisk arrangør for folkedanskvelden. Det var også minikurs i rørospols der Rolf og Anne Grete Bjørgan instruerte for ca 20 deltakarar. På folkedansen etterpå var det ca 70 deltakarar, og det er ganske bra. Nokon meinte det var rekord for dette halvåret så langt. Nokså mange var også med på songdansen i pausen, der Johs Kolltveit og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken leia leiken. Østerdølenes Spelemannslag sytte for framifrå musikk, og det var god anledning å danse pols ikkje minst. På biletet ser vi eit glimt frå kiosken der det som vanleg var sal av nysteikte vaflar og nytrekt god kaffi. (Trykk på biletet så blir det større!)

Hugs Årsmøtet i Oslo Songdanslag måndag 12. februar 2007
Denne dagen er det årsmøte, og det byrjar som vanleg kl 20.00. Alle blir oppmoda om å møte fram til dette viktige møtet.


Lite glimt frå øvinga 5. februar 2007

På nyåret har øvingane gått sin vante gang i Oslo Songdanslag, sjølv om frammøtet ikkje har vore det aller beste, så har det vore triveleg og mykje god dans. Den 5. februar var det 7 par, og det er vel litt over gjennomsnittet for 2007 så langt. Gro og Liv hadde med seg kamera og deltakarane vart foreviga. Denne kvelden øvde vi også på ein ny dans - Anna visa - som Søren Karin frå Kjedjan i Stockholm hadde lært oss. Det gjekk veldig bra, og spelkvinna vår Solvår hadde på kort tid over telefonen lært den fine valsen av Gunnar.



Triveleg avslutning på haustsesongen 4. desember

Det var ca 25 til stades då Oslo Songdanslag hadde juleavslutninga si og kaffikveld. Som vanleg var det kaffi og kaker, og det var songar. Elles var det programinnslag om Jacob Sande. Vebjørn las diktet som Hartvig  Kiran skreiv då Sande døde i 1967. Og leiar for bordsetet Bjarne fortalde om Jacob Sande og las nokre av dikta hans. Elles fekk spelkvinna Solvor og rettleiarane Inger Frøydis og Vebjørn blomar for vel utført arbeid. Inger Frøydis kvitterte med eit jolestev frå Setesdal. Leiaren i laget Tore sa litt om korleis styret ser på situasjonen i laget, og fortalde at dei på årsmøtet ville foreslå endringar i måten vi driv laget på. Så var det merkeutdeling. Bortimot 10 personar fekk merke, mellom dei 60-års jubilanten Anne (45 år) og Tor. Mest applaus fekk sjølvsagt dei 4 som faktisk fekk 50-årsmerket! Det var Ellen, Bodil, Inger og Per. Dei ser vi også på biletet. Til slutt vart det litt tid til å danse nokre dansar, mellom dei var Skreddarsveinen og Tale ved Kleng Spelemanns grav. Og så song vi bursdagssongen for Anne.


Kurset i gamaldans/folkedans er av lyst på grunn av dårleg frammøte.


Kurs i gamaldans/folkedans startar måndag 4. september

Vi får håpe at det blir godt frammøte på kurset i haust. Det er viktig at alle gjer det kjent mellom vener og naboar og på arbeidsplassen, slik at vi kan få eit gildt kurs som også kan gje rekruttering. Kurset går over 4. kveldar og er frå kl 18.30 til kl 20.30. Det kostar berre 200 kr.

Øvingane startar med kaffikveld 28. august

Då vonar vi at mange møter opp til semesterstart. For mange har det vore ein lang pause frå dansen, så det skal bli kjekt å møtast att. La oss håpe på mange frammøtte og god stemning!


Oslo Songdanslag dansa på BLS-stemnet på Folkemuseet også i år
Truleg var veret for fint i år - for det var færre dansarar og mindre publikum på Folkemuseet enn det har vore i dei siste åra. OSL og Symra skulle danse etter kvarandre på Torget dette året, og ein fann ut at då var det like godt å slå seg saman, så vi dansa i nærpå ein time. Fem par var med frå OSL. Vi fekk høve til å ta bilete av den fine bunaden til Mari Jensløkken - ein bunad som ho er nesten åleine om i "verda", og som kjem frå harildstad i Heidal. Denne bunaden er heller ikkje å finne i det nye Bunadleksikonet, så difor har vi laga eit lite oppslag om det på framsida av www.folkedans.com.


Oslo Songdanslag hadde framsyning 17. mai også i år
Vi var 5,5 par og spelemannen Knut Trøen som møtte opp på Dikemark litt før kl 11 17. mai 2006. Det var litt regn og vi laut danse inn på den vesle kafen. Her var det bra med folk, og liten plass, men framsyninga gjekk bra for det. Ikkje alle følgde så vel med på det som skjedde, og det var litt snakk og ein del røy i romet, men det gjorde ikkje noko. Etterpå fekk vi både pølse og bløtkake og kaffi, og det smakte godt. Kl 13 var det dans på Vardåsen, i den fine samlingssalen der. Etter kvart kom det mange som ville sjå på, og dei vart benka i ein ring rundt dansegolvet. Framsyninga gjekk svært fint og vi hadde intrykk av at dei som såg på likte dansen og musikken. På biletet til venstre dansar vi på Vardåsen. Her kan du sjå fleire bilete: Dans på Dikemark-kafeen. Vi er samla kring kaffibordet. Det er vi her også. Og endå ein gong.

Oslo Songdanslag hadde framsyning i 50-års lag på Ormøya
Vi var 5 par og spelkvenne Solvor som møtte opp på Ormøya laurdag 13. mai i fint vårver. Vi skulle danse for ein som fylte 50 år, og hadde selskap i den gamla villaen på Ormøya der Harriet Backer Grøndahl ein gong budde. Solvor hadde spela folke om bord på ein båt ved Rådhuset, og etter 2 timar på fjorden la dei til ved brygga ved ormøya. Derifrå masjerte vi flokken opp til villaen, og etter ei stund var det dans. Vi dansa ute på grasbakken. Sjølv om bakken var hard, var det litt "nedover" og nokså tungt å danse. Men det gjekk vel stort sett bra. På biletet ser vi dei 5 para som deltok og Solvor som spela. Her er eit par bilete til frå framsyninga.    Vi ventar på kaia.   Vi marsjerer gjeste over til Ormøya. Her er eit bilete til av dei som dansa.


Hyggjeleg framsyning på eldresenteret til Gudny på Ekeberg
Det var 5 par frå ringen med Knut som spelemann som var med på den trivelege framsyninga i Ekeberg Eldresenter, der Gudny er ein av støttespelarane. Vebjørn leia framsyninga som vart godt motteken av dei nokså mange frammøtte. Gudny fekk ekstra applaus for ho var med på mange av dansane. Etterpå fekk vi kaffi og kaker og fekk vere med på dansen til fin dansemusikk frå dei to dugande musikarane dei hadde leigd inn. Biletet viser dansarasne og spelemannen.



Vanskeleg å få nye tillitfolk på Årsmøtet 2006
Det var ikkje så svært mange som møtte på Årsmøtet i laget. Årsmøtesakene vart gjennommgått på vanleg måte, med Per Tuft som ordstyrar. Det var ein del diskusjon om øvingskveldane, og resultatet vart at vi skal halde fram med øving kvar 14. dag i vår, og så kvar veke att frå hausten. Det vart også understreka av fleire at vi måtte satse på kurs for nybyrjarar for å kunne rekruttere nye medlemer, og bruke TV-interessa for dans som eit "agn". Alle var glade for at Tore hadde sagt seg viljug til å vere ny leiar, og han vart sjølvsagt valt under stort bifall. Det synte seg vanskeleg for valnemnda å finne ny kasserar, og ein drøfta saka att og fram. Men dette løyste seg på ein god måte då Johs sa at han kunne vere kasserar. Og dermed vart han valt! Biletet syner årsmøtelyden.

Bra frammøte på juleavslutninga 2005 den 5. desember
Det var bra frammøte på juleavslutninga. God mat og triveleg bordsete som vanleg. Hyggjeleg å sjå nokre av dei som normalt ikkje er på øvingane. Leiaren Johs summerte opp haustsemesteret med at det totalt sett ikkje var betre frammøte enn det var i vårhalvåret. Så var det fin dansemusikk ved Knut og Inger Frøydis og Vebjørn leia dansen. Dei tre fekk også blomar for utført arbeid i dette halvåret. Biletet viser to veteranar - Gudny og Bodil. Gudny har nyleg fylt 85 år. Her finn du nokre bilete til frå avslutningskvelden.

Hyggjeleg kaffikveld i slutten av oktober 2005

Det var Per Dugstad og co som hadde ansvaret for kaffikvelden, og dei gjorde stor innsats for å samle så mange som mogleg - dei ringde rundt til medlemer som ikkje går så ofte på øvingane. Det vart ein triveleg kveld. Kveldens høgdepunkt fekk vi då Gudny Flatabø (bilete) fekk blomar og takk av leiaren Johs Kolltveit fordi ho nyleg hadde feira sin 85 års dag. Eit triveleg underhaldningsinnslag fekk vi også då Per Dugstad og Gunnar Gvein spela gitar saman. Klikkar du på biletet, vert det større. Her kan du sjå fleire bilete frå den trivelege kaffikvelden.

Søndag 26. september har laget Nybyrjarkurs i gamaldans/folkedans

Kurset er altså på søndag frå kl 11 -15.30 i Halli. Knut Trøen spelar og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken rettleier. Vonar alle seier frå til kjentfolk slik at vi kan få ein god flokk dansarar på kurset.

Ringen hadde framsyning for foreningen Norden på Opera hotell

Det var 4 par og Knut som spelemann som var med på framsyninga for Foreningen Norden på hotell Opera. Framsyninga gjekk fint, og det var god respons frå dei ca 80 medlemene i foreninga Norden.

Øvingane har starta for hausten 2005

Denne hausten blir det som kjent øving kvar 14. dag. Vi starta allereide i slutten av august, og då var det ikkje så svært mange som møtte. Så mange var det heller ikkje på den neste øvinga, men det var same kvelden som det var Stortings-val, så det kan nok forklare det. Vonar det blir mange på den neste øvinga som er 27. september.

Ikkje mange på avslutningskvelden

Den 6. juni var det såpass få som møtte til avsluttande øving, at alle saman tok turen til ein nærliggande utestad, medrekna våre to spelemenn Solvor Schneider og Knut Trøen. Det er no viktig at så mange som råd møter opp til Bygdelagsstemnet 12. juni.

Hugs at det blir ekstra øving måndag 6. juni 2005
Sidan dei vanlege øvingane slutta tidleg i år, er det bestemt at måndagen føre Bygdøystemnet blir det ekstra øving. Då går vi gjennom dansane for stemnet, og så tar vi turen opp til St. Hans Haugen og avsluttar sumarsesongen der.


Oslo Songdanslag dansa på 17. mai også i 2005
Også dette året vart det dansing på Dikemark og på Vardåsen. Veret var fint, om enn litt kaldt. Vi var ca 6 par og Knut Trøen var som vanleg ein framifrå spelemann. Kjøkkenet på Dikemark har avvikla drifta, så dette året vart det ikkje middag. Men etter dansen på plenen på Dikemark, fekk vi kaffi, pølser, kake etc inne på kafeen. Etterpå barst det opp til Vardåsen og der dansa vi også ute, på den vesle hellelagte plassen i hagen. Dansen og songen vart godt motteken, og dansarar og spelemann hadde ein triveleg føremiddag. Biletet syner dei som var med på dansen (minus fotografen).

Årsmøtet var måndag 14. februar 2005

Johs. Kolltveit vart attvald som leiar i Oslo Songdanslag. Med i styret kom også Tore Granseth (for 2 år). Marit Fleichmann vart attvald for eitt år , medan Grethe Tanding Sørensen og Arild Steen ikkje var på val. Gro Kitmitto vart vara.
Årsmøtet vedtok at ein i vårhalvåret skulle drive laget etter dei planane som er lagt, men om hausten vil ein prøve med øvingar annakvar måndag. Talet på medlemer er no nede i 49.

Kurset i Rørospols/gamaldans vart avslutta måndag 14. februar 2005
Kurset gjekk over 4 kveldar. Solvår Schneider var spelemann og Vebjørn og Inger Frøydis Bakken var rettleiarar. Det var ca 10 deltakarar på kurset.


Første øvingskvelden 2005

Første øvingskvelden i 2005 blir månadg 10. januar. Då får vi vone på stort frammøte!


Fin avslutningskveld med i Per Sivle i sentrum

Det var bra med folk og fin stemning då Oslo Songdanslag hadde avslutning på hausthalvåret. Det byrja som vanleg med mat og kaffi og song frå utdelt songhefte. Sidan 2004 er Sivle-år, det er 100 år sidan han døydde, skulle dette bli ein kveld med Sivle i sentrum. Viktigast i så måte var kveldens kåsør - Karl-Anders Hovden - som på ein levande og nær måte fortalde om det dramatiske og tragiske livet til diktaren Sivle. Karl-Anders Hovden er soneson til Anders Hovden, som var beste venen til Per Sivle. Han kunne dermed krydre kåseriet sitt med "personlege" minne om Sivle - minne som bestemora fortalde då han var liten. Han har også gjeve ut på ny den boka som Anders Hovden skreiv om venen etter at han var død. Det var ein avtale dei to venene hadde, at den som levde lengst skulle skrive eit minne om den andre. Elles dansa vi dei dansane av Per Sivle som vi kan: Vesle lerka, Vardevakt, Ormen Lange (som Sivle omsette 13 vers av frå Færøysk) og Det var i kvled. Det vart også utlodning - blomster som vanleg -  men i tillegg nokre bøker som laget fekk i gåve av Hovden. Det var også utdeling av merke til dei som hadde fortent det. Mest hadde Kollbjørn Røste fortent: han fekk 50-års-merket!! På biletet ser vi Magne Østerhagen overrekkje merket til Kollbjørn, medan leiaren i laget Johs Kolltveit ser på. Knut Trøen sytte som vanleg for fin dansemusikk. Nemnast må det også at årets andre utgåve av Fantefylgje kom ut. I dei heile ein fin kveld som festnemnda hadde all ære av.

Svært vellukka minikurs i pols på folkedanskvelden i november

Folkedanskvelden midt i november hadde Oslo Songdanslag ansvaret for og det vart svært vellukka. Det var minikurs i pols frå kl 18, og det var heile 54 betalande deltakarar. Det byrja i Halli, men ein laut flytte til Storsalen sidan det var så mange. Det var Anne Grethe og Rolf Bjørgan som var instruktørar. På folkedanskvelden etterpå var det også mykje folk - 101 betalande, og det er truleg ny rekord for hausten. Det var også ein stor ring som fylte golvet då Inger Frøydis og Vebjørn Bakken leia songdansen. Østerdølenes Spellmannslag sytte for fin musikk - svært mykje pols som ventandes var.

Springleik frå Vågå på øvingskveldar i november

På 2-3 av øvingskveldane i november sytte Mari og Bjarne for at alle fekk lære seg springleik frå Vågå. Først var det ein kveld med innføring, neste kvelden øvte vi vidare på det vi hadde lært (Mari og Bjrane hadde forfall), og neste gong att var det repetisjon og gjennomgang av nokre variasjonar. Knut hadde fått låne ein CD av Bjarne med nokre leikar på, og hadde lært seg iallfall to stykke, som han brukte på øvingane. Springleiken fall godt i smak mellom deltakarane. På biletet ser vi frå den første øvingskvelden.


Oslo Songdanslag dansa med bygdelagskoret på bygdelagsstemnet

Oslo Songdanslag hadde søndag 13. juni to framsyningar på Folkemuseet saman med Bygdelagskoret. Først var det dans på Torget, og litt seinare på friluftsteateret. Koret og ringen hadde to korte avdelingar for seg sjølv og så dansa ringen medan koret song i to avdelingar. Vi trur det heile gjekk bra, sjølv om vi gjerne skulle ha øvt endå meir saman. Vi vart også litt færre par enn vi hadde håpa på - vi vart 6 par. Men dette var så vellukka at det gir grunnlag for eit vidare samarbeid. Eit liknade samarbeid veit vi det også var då koret og OSL var på Cuba hausten 2003. På biletet syng Bygdelagskoret på Torget. Her er eit par bilete til.
   

Oslo Songdanslag med program på Hamar 12. juni
Oslo Songdanslag var laurdag 12. juni på Hamar i samband med at Sølja har 30 års jubileum og har ei heil songdansveke. Dei har kalla songdansveka "Danse mi vise - teikne min song", og teikningane til Harald Aadnevik og Kjell Klausen av norske folkeviser er ustilt i sentrum av Hamar. Veka vart opna på laurdag, og Oslo Songdanslag hadde fått æra av å opne utstillinga med ei framsyning. Det var lagt opp slik at Vebjørn snakka litt om den historiske utviklinga av songdansen i landet vårt og laget dansa ein del folkeviser for å illustrere utviklinga og også for å illustrere ein del av dei visene som var utstilte. Det heile gjekk fint, og det var bra at heile 9 par stilte opp og dansa. Desverre var det ikkje så svært mange som såg på - det var langt fleire som sat på uterestauranten i fineveret utanfor. Etterpå fekk alle lunch på "skøyteløperkafeen" "Siste indre". På biletet ser vi Harald Aadnevik snakke om illustrasjonane sine. Her er nokre fleire bilete frå Hamar-ferda.

    
Kurs i Vestlandsspringar laurdag 27. mars kl 10 - 16.

Kurset blir arrangert i samarbeid med Symra. Knut Trøen skal vere spelemann og Vebjørn Bakken rettleiar. Dansen blir gjennomgått frå grunnen av, men kurset høver også godt for dei som kan dansen frå før.

Vårsesongen 2004 er i gang

Det blir same gode spelemannen - Knut Trøen - som syter for musikken, og rettleiar i vår blir Vebjørn Bakken. Tanken var å få i gang eit nybyrjarkurs i gamaldans, og det vart satsa ein del på annonsering, men likevel vart det for få til at kurset kunne kome i gang.

Kurset blir arrangert i samarbeid med Symra. Knut Trøen skal vere spelemann og Vebjørn Bakken rettleiar. Dansen blir gjennomgått frå grunnen av, men kurset høver også godt for dei som kan dansen frå før.

Vårsesongen 2004 er i gang

Det blir same gode spelemannen - Knut Trøen - som syter for musikken, og rettleiar i vår blir Vebjørn Bakken. Tanken var å få i gang eit nybyrjarkurs i gamaldans, og det vart satsa ein del på annonsering, men likevel vart det for få til at kurset kunne kome i gang.

Kurset blir arrangert i samarbeid med Symra. Knut Trøen skal vere spelemann og Vebjørn Bakken rettleiar. Dansen blir gjennomgått frå grunnen av, men kurset høver også godt for dei som kan dansen frå før.

Vårsesongen 2004 er i gang

Det blir same gode spelemannen - Knut Trøen - som syter for musikken, og rettleiar i vår blir Vebjørn Bakken. Tanken var å få i gang eit nybyrjarkurs i gamaldans, og det vart satsa ein del på annonsering, men likevel vart det for få til at kurset kunne kome i gang.


Vårsesongen 2003 er godt i gang!

Øvingane er i gang igjen. Som hausten blir det Knut Trøen som spelar til øvingane, og Vebjørn Bakken og Jon Låte vil vere rettleiarar. Vebjørn tar første delen av halvåret. På første øvinga delte Vebjørn ut eit stensil med 15 ulike songdansar, og tanken var at det skulle leggjast vekt på desse i tida framover. Difor er det viktig at folk les og lærer versa. Nokre av desse dansane finn vi også i Harald Aadneviks illustrerte danseviser. Kurset for nybyrjarar i gamaldans starta også 14. januar. Det var 12 nye daltakarar, så det er fint dersom fleire kan kome med og at medlemer møter opp og hjelper til. Gunnar Gvein og Tor Skomedal spelar på kurset, og Inger Frøydis Bakken har overteke som kurslærar i staden for Brit Håland som har problem med beina. Vi oppfordrar alle til å møte på øvingane. Kurset varer frå 19.00 til 20.30, men øvingane startar som vanleg kl 20.00 slik at vi øver ein halv time saman med kursdeltakarane.
  
Fin start på vårsesongen med kaffikveld
Måndag 6. januar var det kaffikveld som start på vårhalvåret. Det var som vanleg først mat og kaffi og underhaldning - god mat og drikke og fint pynta bord og songar. Knut Trøen spela og Inger Frøydis Bakken leia leiken. Som underhaldning var vi så heldige å få høyre Gjermund Kolltveit fortelje om munnharpa - om historia og om ulike typer instrument i mange land, og han demonstrerte korleis ein spelar. Han hadde med seg ei heil samling instrument, og det var moro å høyre på. Han er søskjenbarnet til Johs. Kolltveit og skriv på doktorgraden sin om historia til munnharpa.
Du ser bilete av Knut Trøen, Gjermund Kolltveit og samlinga av mange munnharper på bordet.


   

Harald Aadneviks folkevise-illustrasjonar blir bok!
I jubileumsåret skal Harald Aadnevik og Oslo Songdanslag gje ut bok! Harald har som kjent i mange år illustrert ein del av folkevisene våre. No gjer han det på nytt i fargar, og boka kjem no i haust 2002. Boka kjem i to variantar: Ei fin utgåve med stive permar og ho kostar kr 160. Den andre blir einklare innbunda og kostar kr 120. Det er naturleg at alle vener av norsk folkedans kjøper ei eller fleire eksemplar av boka, som kan bli ei fin gåvebok, både til jul og andre høve. Dei som vil tinge boka (til den låge prisen) kan ringe til Johs Kolltveit tlf 22306162.


Vellukka feiring av 80-års jubileet

Det starta fredagskvelden den 11. oktober med songdanskveld i Nordens Hus, der Inger Frøydis og Vebjørn Bakken leia songdanskvelden. Det var styremedlem i Foreningen Norden Anne Skomedal som gjorde opptaket til denne kvelden
Laurdag 12. oktober var det jubileumsfest i BLS-huset. Eit triveleg bordsete gjekk føre seg i Halli, der det var talar, underhaldning, god mat og fint pynta bord. Dansen både før og etter bordsetet var i Storsalen.  Det var ca 65 til stades på festen. Knut Trøen, Åge Grundstad og Kåre Limseth sytte for framifrå musikk. Brit Håland og Jon Låte var gode leikleiarar, og Johs Kolltveit leia bordsetet. Det var til saman 6 frå Kedjan i Stockholm. Elles var det triveleg å sjå ein del "eldre" medlemer som ikkje normalt er å sjå i laget. Her er ein del bilete frå festen. På biletet les Per Dugstad prologen sin og Knut Trøen ventar på å sleppe til med fela.
   
Øvingane hausten 2002 startar 26. august

Styret satsar friskt og det blir sesongstart allereide i slutten av august - 26. august. Då vil det vere gilt om mange både nye og gamle medlemer møter opp. Få gjerne med deg andre også! Her er programmet. Første halvdelen av hauten er det Vebjørn Bakken som rettleiar, og så overtar Jon Låte andre delen av hausten. Knut Trøen syter for musikken heile hausthalvåret.

Sommaravslutning med god oppslutning 27. mai
Det var bra med folk i laget denne siste kaffikvelden i vårhalvåret. Borda var fint dekka med blomar, og det var mykje mat å drikke å få. Cecilie  Steen på 7 år spela saman med Knut Trøen, og dei fekk mykje applaus. Lodd vart selde og trekte og mang vann fine premiar, dine både å sjå på og til eitkvart anna. Gull hadde teke vegen heilt frå syden, og syntest det var moro å vere tilbake i laget. Elles var det dans etter maten, både song og musikk. Knut Trøen sytte for god musikk, slik han også vil gjere det til hausten. Alle fekk også eit nytt Fantefylgje i handa, med mykje gild lesnad. Og ein ny aktivitetsplan vart også utdelt til alle, med plan for både hausten og neste vår. Øvingane til hausten startar 26. august. Både då og seinare vonar vi det blir godt frammøte på øvingane. Med mykje folk blir det meir fart og trivnad over øvingskvelden. I midten av oktober blir det 80-årsjubileum for laget. Dette står i programmet. Her kan du sjå nokre bilete frå avslutninga.


Kurs i Gamaldans/Folkedans hausten 2002

Kurset startar måndag 2. september kl 19.00 - 20.30 og går over 6 kveldar. Brit Håland blir lærar og det blir levande musikk. Gjer kurset kjent mellom dei du kjenner!  Meir om kurset her.

Sommeravslutning måndag 27. mai
Ja, dette vert siste øvingskvelden i år, med mat og det som høyrer med, så då gjeld det berre å møte fram. Og hugs, det er Knut Trøen som spelar til dansen!


Dans på Dikemark også i 2002

Laget var også i år invitert til Dikemark for å danse 17. mai, og ei bra stor gruppe på 8-9 par møtte opp og dansa. Først nede i sentrum av det gamle Dikemark kl 11, så var det god middag, og etterpå kl 13 var det dans oppe på Vardåsen. Spelemann i år var ei ung jente, Maja, frå Bærum Spelemannslag, og ho gjorde sine saker på ein fin måte. Middagen vart elles ei triveleg stund både fordi maten og kaffen smaka godt som vanleg, og fordi det var ei fin stemning under bordsetet, med både gode historier og allsang. Vi nytta også høvet til nokre songdansar etter maten. I det heile vart det ei gild stund for oss som dansa, og vonleg også for dei som såg på. Veret var strålande fint og varmt, og publikum såg ut til å kose seg. Her kan du sjå eit par bilete til frå dansen. Her er eit gruppebilete av dei fleste dansarane (nokre få lurte seg unna), og her dansar vi

Olav Øraker døde 30. april

Æresmedlem i laget, Olav Øraker, døde 30. april og vart gravlagd frå Melbu kyrkje 8. mai. På øvinga måndag 6. mai var det ei kort minnestund for Olav. Han byrja i laget i 1954 (?) og har såleis vore med i ca 50 år. Han har lagt ned eit svært stort arbeid for laget på mange område,  som leiar og styresmann, som ein framifrå dansar, ikkje minst toppdansar i Valdresspringar, som framsyningsdansar, som underhaldar på festar og samkomer og ikkje minst ein som trufast møtte opp på alle øvingar i ringen. Laget sendte blomar til båra hans. Mange i Songdanslaget minnest Olav som ein god ven og som ein trufast lagsmedlem. På biletet til venstre kan du sjå at Johs. seier nokre minneord om Olav Øraker.
  

Knut Trøen 70 år
I februar fylte spelemannen vår Knut Trøen 70 år. Han er fast spelemann både i Songdanslaget og i Symra, og jubileet vart markert på kaffikvelden til Symra den 27. februar. Harald Aadnevik laga ei svært fin karikaturteikning av Knut, med hunden, alle hardingfelene, bandspelarane og mangt anna på plass. Leiarane i Songdanslaget Johs. Kolltveit og i Symra Marianne Dahl heldt korte talar for jubilanten og Vebjørn Bakken las eit hyllingskvad. Her kan du sjå nokre fleire bilete frå feiringa: Johs og Marianne, Johs med biletet, Johs og Knut og Knut med biletet.
   
Årsmøtet 2002

Måndag 11. februar var ca 20 tilstades på årsmøtet. Det heile gjekk snøgt og greitt unna, med Bajarne Jensløkken som god møtestyrar. Det vart ein del meiningsutveksling om øvingskveldane og om kva ein kan gjere for å rekruttere fleire medlemer. Johs. Kolltveit vart vald til ny leiar etter Karstein Martiniussen. Elles var det attval på dei fleste plassar. Oversikt over alle tillitsvalde (med bilete) finn du her.
På biletet blir den nye leiaren gratulert av den gamle.

Juleavslutning hausten 2001
Det var mykje folk til stades på avslutninga måndag 3. desember. Det var mange programinnslag, utdeling av merke og mykje god mat. Per Dugstad fekk 45-årsmerket. Her kan du sjå nokre bilete frå avslutninga.

Rettleiarar hausten 2001

Jan Oluf Johansen er rettleiar hausten 2001. Trøen syter for god musikk.

Rettleiarar våren 2001
Anne Marie Brennaas og Inger Frøydis Bakken er rettleiarar på øvingskveldane i vår - Anne Marie tar songdansen og Inger Frøydis musikkdansen. Knut Trøen syter for god musikk.

Polskurs våren 2001 laurdag 24. mars

Kurset i år blir på laurdag kl 10 - 15 i Halli Nordahl Brunsgt 22. Sei gjerne frå om kurset til andre slik at det blir mange deltakarar. Kurset vil høve både for nybyrjarar og øvde dansarar. Spelemann blir Knut Trøen og instruktørar Inger Frøydis og Vebjørn Bakken. Sei gjerne frå til Inger Frøydis dersom du vil vere med (tlf 22620103) eller berre møt fram.

Årsmøtet 2001 blir måndag 12. februar kl 20
Vi minner om årsmøtet. Det er viktig at mange møter fram og også på den måten støttar laget, og er med å drøftar framtida i laget.

Tur til Færøyane 25. juli - 1. august 2001
Laget arbeider med å få til ein tur til Færøyane siste veka i juli, for blant anna å delta på den storstilte olsokfeiringa i Torshavn. Vi reknar med å ta fly til og frå Oslo - flyturen tur/retur vil koste ca kr 4500 (foreløpig pris). Det blir overnatting i Torshavn på eit rimeleg hotell. Vi prøver å få kontakt med danselag der borte, og legg opp til turar til andre øyar. Dei som er interessert kan ta kontakt med Inger Frøydis så snart som råd, tlf 22620103 eller e-post.

Lilleba Lund Kvandal med fin Folkevisebok
Hausten 2000 gav Lilleba ut ei stor og fin samling norske folkeviser. Lilleba er som kjent medlem i songdanslaget, og møter trottig på øvingane. Her er bilete av Lilleba med boka. Ho hadde også foredrag om boka på kaffikvelden hausten 2000.

Vellukka polskurs 11. og 12 mars 2000
Som året før hadde Spongdanslaget polskurs denne helga - 4 timar laurdag og 4 søndag. Det var Inger Larsen frå Hamar/Østerdalen som var lærar og dotter hennar Marit Larsen  som spela. Begge gjorde ein framifrå jobb - det er moro å danse pols til slik musikk! Det var knapt 15 betalande personar pluss eit par støttespelarar frå laget. Dei fleste deltakarane var ikkje frå laget. Alle var samde om at det var eit svært godt og hyggjeleg kurs. Vi ser her nokre bilete frå kurset.

Kaffikveld måndag 6. mars
Det vart ein triveleg kaffikveld, der "veteranane" stod for tilskipinga. Per Dugstad leia bordsetet i kjent stil, med god hjelp frå kona Inger, frå Olav Øraker og Ellen og Kolbjørn Røste og andre. For første gong på lenge vart "I stekkja nedsnøa" sungen og dansa. Tor (Skomedal) og Gunnar (Gvein)  sytte for fin dansemusikk. Her er bilete av nokre av dei som er nemnt.

Årsmøtet er 14. februar
Årsmøtet er måndag 14. februar kl 19.00 i Halli. Det er viktig at flest mogeleg møter fram! Denne måndagen er det difor ikkje øving.

Vikarspelkvinne for Knut Trøen
Som kjent skal Knut operere  kneet og blir borte nokre veker. Laget har vore så haldig å få ei ung spelkvinne som vikar: Tuva Syvertsen. Ho spelar i Bærum spelemannslag. Måndag 7/2 var også Halvard Kvaale med og spela.