Junikveld i Børli 7. juni 2015
tilbake til startsida

 Her er nokre bilete frå "Junikveld" i Børli den 7. juni 2015.
Dette året hadde vi planlagt ei ekstra avslutning på vårhalvåret med å delta på "Junikveld" på småbruket der Hans Børli budde, Oppistun Børli søndag 7. juni 2015. Vi var i alt 13 frå Oslo Songdanslag. Til saman var det ca 750 deltakarar, langt færre enn normalt, sikkert fordi veret var usikkert. Då programmet skulle starte kom ei langvarig tordenbyge med hagl og regn, og mange vart våte og kalde. Men det vart likevel ein fin dag. Etter ein halvtime letna skydekket og det vart sol. Programmet frå scena ved låvebrua var fint: Vi fekk høyre opptak av diktet "Duften av fersk ved" ved diktaren sjølv, Sverre Eier ønskte velkomen, Solveig Hem Sørli m. fl. song "Junikveld", Lars Saabye Christensen og Stian Carstensen underheldt med opplesing og musikk og etter pausen hadde Trond Granlund med trio ein lang konsert. Elles var det fine utstillingar i nokre av uthusa på garden. Elles var det ei oppleving i seg sjølv å gå rundt på den gamle husmannsplassen, som var nesten heilt slik som då diktaren budde her. Staden låg så fint til på ein bakketopp ved sida av eit vatn. Her er nokre bilete frå Junikvelden.


Seks av oss, med to bilar, møttest på bensinstasjonen på Bøler, f.v. Inger Frøydis, Gro, Per, Anne-Marie og Inger.
 

Dei fleste hadde med stol og regnklede. Det vart bruk for begge deler!
 
 
Gro hadde berre sitteplate.
 

Brit, Anne, Tor, Per, Anne-Marie og Inger sat litt lenger bak.
 

Eit lite utsnitt av forsamlinga
 

Desse framførde diktet Junikveld. Vokalisten Solveig Hem Sørli hadde også laga melodinen. Fint!
  

Lars Saabye Christensen og Stian Caarstensen hadde eit fint program.
 

Her ser vi scena ved sida av låvebrua. Det er leiaren i Børli-selskapet Sverre Eier som ynskjer velkomen.
 

Her ser vi litt av tunet og vatnet nedafor. No er veret fint!
   

I pausen traff vi også Gunnar og Liv, her saman med Tor og Gro.
 

Liv insisterte på at også fotografen måtte få bli med så her er han bytt ut med Liv.
 

Statua av Hans Børli var sentralt plassert på tunet. Tenkte eg skulle få med nasedråpen og hakedråpen. Sjå nøye etter!
 

Her er to av dei tre husa der det var utstilling av kunst.
  

Gamle garadsreidskap var å sjå her og der. Nesten rart at dei hadd bruk for høyrive på ein så liten plass?
 

Den tredje utstillinga var i fjøset som var bygt inntil høyløa.