Nokre bilete om "Haralds Illustrerte danseviser"
tilbake til startsida

 I jubileumsåret 2002 (Oslo songdanslag 80 år) fann styret på at dei ville gje ut ei bok med dei folkevisene Harald Aadnevik hadde teikna og publisert ein del av i "Fantefylgje" - lagsbladet til Oslo Songdanslag. Harald Aadnevik synest dette var ein god tanke, og på kort tid teikna han på nytt ein del av illustrasjonane. Det vart også utpeika ei bok-nemnd: Johs Kolltveit, Harald Aadnevik, Brit Håland og Vebjørn Bakken. Saman med Harald var Johs., som også var leiar i laget, den drivande krafta i dette arbeidet. Han hadde kontakten med trykkeriet, hadde hovudansvaret for å søkje om stønader, stod for det meste av salet og passa økonomien. Boka var ferdig til jul i jubileumsåret.

Boka har fått mykje velfortent omtale. det vart arrangert ei utstilling på Deichmanns filial på Grünerløkka,  der også Oslo Songdanslag hadde framsyning. Likeeins vart det utstilling på biblioteket på Hamar. Boka fekk også fin omtale i "Norsk Ungdom" og vart seldt i kommisjon i NU.

På årsmøtet i Oslo Songdanslag i februar 2004, vart endeleg rekneskap for prosjektet lagt fram, og det ga også eit fint overskot til laget.

Her er samal nokre bilete frå ulike samanhengar - bilete som har med boka å gjere.




Johs Kolltveit syner fram "reklameplakaten" for boka på 80-års festen til Oslo songdanslag hausten 2002.


Også ein del av "reklamemateriellet" for boka.

Styret syntest boka passa fint for dei nyfødde kongelege og både Märta og Behn og Kronprinsparet fekk si bok. Her er Harald Aadnevik med takkekortet som laget fekk frå kronprinssessa.

Her ser vil leiaren Johs Kolltveit med det same takkekortet.