Jubileumsboka
tilbake til startsida

I 1975 kom jubileumsboka "Oslo Songdanslag 1922 - 1972". Boka var ferdig til jubileet i 1972, men på grunn av pengevanskar vart ikkje boka trykt før i 1975. Det var Grethe Tanding Sørensen, mangeårig medlem i laget og bibliotekar, som redigerte/skreiv boka. Saman med seg i boknemnda hadde ho Annemor Knutsen, Per Dugstad og Olav Øraker. Boka er på i alt 230 sider og fortel om livet i laget år for år. I tillegg er det nokre helsingar frå sentrale personar i ringen: Einar Øygard, Einar Johansen, Karl Hellqvist , Rolf Børresen (Børre), Oddvar Eggen. Seinare har Grethe haalde fram med historieskrivinga, og årlege kapittel om Oslo Songdanslag har kome i Fantefølje.

Ein del av opplysningane og bileta på denne heimesida er henta frå jubileumsboka.
Grethe Tanding Sørensen

Vi synest at helsingane frå dei sentrale personane i ringen er svært interessante, og fortel mykje om tilhøva for folkedansen i hovudstaden i mellomkrigstida, ikkje minst om den spanande tida kring 1920, då folkedansrørsla i Noreg var i sterk vokster, og heldt på å finne faste organiseringsformer. Vi har difor kopiert desse helsingane og lagt dei ut her i full tekst.