Diverse frå Førde Internasjonale folkemusikkfestival 2000

Den 11. festivalen vart opna av Knut Vollebæk torsdag 6. juni og vart avslutta søndag med steppdans med The Scottish Stepdance Company. Trass i nokså dårleg ver var det mykje folk på tilstellingane. I alt var det 28500 besøkande mot 30500 i fjor. Det deltok 230 artistar frå 25 land med over 80 programpunkt.
  
Keltisk kultur stod i sentrum, 
og det famnar om område både i Spania, Frankrike, Storbritannia og Canada. Frå Hebridane kom til dømes sekkepipevirtuosen Fred Morrison, gruppa Filska kom frå Shetland og The Scottish Stepdance Company frå Skottland.
  
Munnharpe var det å høyre fleire stader, både våre eigne Erik Røine og Hallgrim Berg og to virtuosar frå Aust-Sibir.
 
Eit tregt norsk byråkrati 
gjorde at ei spennade gruppe Ghat Tuareg Ensemble frå Libya med  forestillinga "Det blå folket" ikkje kunne kome. Trist at slikt skal skje!
 
Dans og dansemusikk 
er eit viktig innslag på festivalen, og grupper av beste merke deltok: Årets spelemann- privinnar Kvarts var der, likeeins hedemarksgruppa Over Stok og Steen og Bolstad-ensembelet frå Nordfjord med Arne Sølvberg i spissen.  Bolstadensembelet spelar slåttar i tradisjon etter Per Bolstad
 
Gruppa Vestafolk er ei nyskaping innan norsk folklore. Gruppa består av 15 unge musikarar og dansarar, og dei fekk vist seg fram på festivalen. Dei har arbeidd i eit halvt år med sikte på å skape ei spennande sceneframsyning. Meir om dei her.
 
Ikkje alt går for seg i Førde
Fleire av tilstellingane var utanbygs, ikkje minst i Jølster. I år var det også vandring frå Huldrefossen til Movika, og heile 300 deltok.
 
Mange kurs var det også i år
både innan dans, spel og song. Ikkje minst stod stepdansen sentralt.
 
På dansefot gjennom Europa
var eit prosjekt som Kulturby Bergen støtta, og hadde dansarar og musikarar frå fleire land i Europa. Dei møttest i forkant av festivalen og laga ei særskild framsyning som vart vel motteken

 
Meir om festivalen i Førde  her.