NRK TV: Kva skjedde med bygdelaga i
Oslo?
Litt før jul hadde Laaurdagsrevyen eit innslag der dei
spør kva som har skjedd med bygdelaga? Programmet er å
finne på NRK sine sider, både video av programmet og
omtale av programmet. Det er opptak frå øvingar i Symra og
i Hallinglaget, og intervju med medlemer i Finnmarkslaget.
Det er også intervju med Vebjørn Bakken og leiaren i BLS
Aase Bjorli. Vi ser også gamle opptak med Talleiv
Røyseland og frå dans på 1950-talet.
Her kan du sjå porgram og programomtale.
(31/12-07) |
KVARTS i gang med 2 CD-produksjonar
På heimesida til KVARTS
les vi at dei i 2008 skal gje ut to ulike CD'ar:
"I januar går Kvarts i studio, og skal spele inn ei plate
saman med Per Sæmund Bjørkum og Jon Faukstad. Materialet
på plata er musikk av trekkspelaren Oddvar Nygaard. Meir
informasjon følgjer etter kvart!
Kvarts cd-produksjon er også i gang med å gje ut konserten
med Kringkastingsorkestret og Kvarts! Dette markerer også
i høgste grad at Kvarts i 2008 feirar 10-års jubileum."
(30/12-07) |
Støtte til folkemusikkfestivalar for
2008
Den store vinnaren er Jørn Hilme festivalen som aukar
støtta frå 400000 til 700000 kroner i 2008.
Haukelifestivalen får 10000 kr og kjem med for første
gong. Telemarkfestivalen får mest med 850000 kr.
(Førdefestivalen får aller mest men dei får direkte over
Statsbudsjettet - knutepunktsfestival).
Her kan du sjå heile lista. I atl fekk 79 ulike
festivalar støtte for 2008, til saman 27,6 millioner
kroner.
(30/12-07) |
Ensemblestøtta for 2008
Norsk Kulturråd si støtte til ensemble for 2008 er i år på
1,2 mill kroner, som er litt mindre enn for 2007. Ingen
nye grupper har kome til og nokre har falle ut. Støtta
varierer mellom 50000 kroner og 200000 kroner. Mellom dei
som har fått er Majorstuen (200000 kr) Kvarts,
Bruvoll/Halvorsen, Fiflet/Hamre, Flukt, Karl Seglem,
Karlberg/Røine, Rosa i Botnen, Rusk, Spindel, Tindra,
Sturla/Andreas.
Sjå meir her.
(30/12-07) |
Lene Furuli ny styreleiar i Rådet for
folkemusikk- og folkedans
Under
representantskapsmøtet i oktober vart det ei omfattande
utskifting av medlemer i Rådet. Sentrale personar i dei
tre folkemusikk/folkedans-organisasjonane vart vald inn,
og desse organisasjonane får dermed ei meir sentral
stilling i rådet. Den nye leiaren Lene Furuli er dagleg
leiar i NFD, Magnar Sundt (dagleg leiar for LfS) vart
nestleiar, Marit Jacobsen (generalsekretær for NU) vart
medlem. Medlemer vart også Kari Margrete Okstad
(Undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet), Ove Larsen
(førsteamanuensis ved høgskolen i Nesna), Vegar Opheim
(leiar i Bergen Ungdomslag) og Marit Westling (musikar og
kulturskolelærar).
(29/12-07) |
Anne Kristin Moe ny seksjonsleiar for
Bunad- og folkedraktrådet
Frå 1. januar 2008 blir Bunad- og folkedraktrådet
omorganisert, og blir administrativt underlagt
Valdresmusea på Fagernes. Då sluttar den noverande
direktøren Gunn Jensberg, og Anne Kristin Moe (27) frå
Ålesund, busett i Oslo, tar over som seksjonsleiar. Moe
har mastergrad i kultur- og idehistorie og har mellom anna
arbeidd ved Ibsenmuseet og Norsk Folkemuseum. Frå 2008 er
den statlege løyvinga til Rådet utvida med 1,2 mill.
kroner til totalt 6,85 millionar.
(29/12-07) |
Talentskole for unge i spel på fele og
hardingfele
Folkemusikksenteret i Buskerud set i gang eit heilt nytt
type prosjekt for unge som viser spesiell givnad for spel
på fele eller hardingfele. Tilbodet vil vere for 10-15
elevar frå 13 år og oppover. Det er tenkt ei samling kvar
månad frå september til mai, 9 samlingar per år.Info ved
Jan H. Lislien,
Folkemusikksenteret 3350 Prestfoss. Tlf 32711304/92615515
jan.lislien@folkemusikksenteret.no
(29/12-07) |
Gjermund Larsen intevjua av Trønderavisa
Larsen har saman med Majorstua vore på konsertturne i
Belgia, og der har avisa intervjua han. Larsen er ein av
dei folkemusikarane som også i år har gjort det godt, og
vunne fleire prisar.
Les meir om han her.
(29/12-07) |
Bør Landskappleiken og Landsfestivalen i
gamaldans slåast saman?
Det har vore problem med å skaffe lokale arrangørar til
både Landskappleiken og Landsfestivalen i gamaldans i det
siste. Enno har ein ikkje funne arrangør for
Landskappleiken 2009. Øyvind Kvile foreslo på iste
årsmøtet i Landslaget for Spelemenn å slå saman dei to
festivalane. Nationen har laga ei "sak" av spørsmålet og
intrevjua ein del sentrale personar.
Les om det her.
(29/12-07) |
Folkedanslaget Sølja på Hamar har fått
kulturpris
Sølja fekk nett før jul Hedemarken interkomunale
musikkpris for 2007 for sitt arbeid for folkedansen i
distriktet. Prisen består av eit diplom og 35 000 kroner.
Sølja arbeider spesielt med tradisjonar frå Hedemarken,
særleg turdans, songdans, kontradans og bunadstradisjonar.
Laget opptrer ofte rundt om i dei ulike kommunene i
distriktet, og har ofte vore på festivalar i inn- og
utland med dansen sin. Prisen blir overrekt utpå nyåret.
Heimesida er her.
(27/12-07) |
Riksscenen søkjer etter 2 nye
medarbeidarar
Riksscena for folkemusikk og dans søkjer etter to nye
medarbeidarar. Den eine er produksjonsleiar (100%).
Vedkomande vil ha ansvaret for planlegging og
gjennomføring av riksscenas arrangement, og vere med i
oppbygging og tilrettelegging av drifta. Den andre
medarbeidaren er økonomi- og dekretær (50%) og vil ha
økonomi og rekneskapsansvaret. Stillinga kan bli utvida.
Løn etter avtale og tiltredelse er snarast. Full utlysning
på www.ballade.no.
(27/12-07) |
Seminar om organiseringa av
folkemusikkfeltet 10 januar 2008
Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk og
-Danselag, i samarbeid med Riksscenen og
Musikkinformasjonssenteret, inviterer til ope seminar
om den framtidige organiseringa på folkemusikkfeltet.
Seminaret er kl 11-16 i Musikkinformasjonssenteret, Henrik
Ibsensgt. 110 i Oslo. Mellom innleiarane finn vi mellom
andre Randi Skeie og Åshild Vetrhus (leiarane i LfS og
NFD), forskar Georg Arnestad, Dagleg leiar i Norsk
Jazzforum Tore Flesjø, direktør Svein flesjø, musikar
Sigrid Moldestad og dagleg leiar i Kalottspel Terje
Foshaug. Påmeldingsfrist er 9. januar. Påmelding til
jorun@folkemusikk.no
22 00 56 22.
(20/12-07) |
Britt Pernille Frøholm har plateslepp i
Hornindal
Den 26. januar 2008 blir det plateslepp i Hornindal. Det
er bygdejenta Britt Pernille Frøholm som gjev ut sin
første CD på Talik. Britt Pernille har gått Ole Bull
Akademiet og studert folkemusikk med fleire kjende
spelemenn. Vann Vestlandskappleiken i 2002, B-klassen på
Landskappleiken 2003 og har vunne det landsomfattande Jørn
Hilme-stemnet tre år på rad.I 2006 kvalifisert ho seg for
A klassen (eliteklassen) for hardingfele.
Les meir her.
(09/12-07) |
Stord Folkedanslag feira 30 år med gild
fest
Laget heitte til å byrje med Stord gamaldanslag, og kunne
no feire sine 30 aktive år med ein gild førjulsfest.
Les meir om festen og laget her.
(09/12-07) |
Symra og Hallinglaget på Laurdagsrevyen
8. desember
Det er ikkje kvar dag at vi har innslag på Dagsrevyen frå
livet i leikarringar og folkedanslag. På Laurdagsrevyen 8.
desember 2007 på NRK 1 var det eit innslag som skulle
belyse utviklinga av Bygdelaga i Oslo. Det var opptak frå
øvingane i Symra og i Hallinglaget og frå ei samkome i
Finnmarkslaget. Det var dessuten mellom anna korte
intervju med leiaren i Symra Aase Bjorli og ein av
instruktørane i Symra Vebjørn Bakken, og intervju med ein
franskmann som deltok på øvinga i Hallingspringar. Det var
også eit par historiske innslag der vi mellom andre høyrde
Talleiv Røyseland.
Her kan
du sjå dette innslaget på Laurdagsrevyen.
(09/12-07) |
Årsmeldinga for Landslaget for Spelemenn
ligg på Internett
Heile årsmeldinga frå oktober 2006 til oktober 2007 ligg
ute på nettet..
Du finn henne her.
(08/12-07) |
Også Camilla Granlien og Marit
Mattisgard fekk Opplands kunstnerstipend
Normalt deler Oppland fylkeskommune ut 6 stipend til
kunstnarar i fylket, men i år vart det to ekstra stipend
og dei gjekk til folkesongarane Camilla Granlien og Marit
Mattisgard.
Les meir her.
(08/12-07) |
Sogndal kommunes kulturpris for 2007 til
Judith Vestreim
Judith Vestreim har fått Sogndal kommunes kulturpris på kr
5000 for si mangeårige formidling av norsk folkesong.
Les meir her.
(08/12-07) |
Johannes Sundsvalen fekk Telemarks
kulturpris for 2007
Telemark Fylkeskommunes kulturpris på 50 000 kr og eit
bilete vart nyleg tildelt spelemannen Johannes Sundsvalen
for sitt mangeårige opplæringsarbeid i hardingfelespel.
Sundsvalen er ein av våre fremste spelemenn og vann
landskappleiken i 1990. I 1987 starta Johannes Sundsvalen
med opplæring i hardingfele i regi av musikkskolen. Etter
det har han vore engasjert i seks av musikk- og
kulturskulane i Telemark: Sauherad, Bø, Seljord,
Nome, Notodden og Porsgrunn. Han har hatt kjente spelemenn
som Per Anders Buen Garaås og Torgeir Straand som elevar.
Les meir her.
(08/12-07) |
Vellukka folkemusikkseminar på
Prestfossen
Buskerud folkemusikksenter feirar 15 år med rekordstort og
vellukka seminar med 50 deltakarar. Det var mange dugande
instruktørar, mellom dei Arne M. Sølvberg frå Stryn.
Steinar Ofstad underviste i fløytespel, Egil Syversbråten
frå Ål på hardingfele, Eilif Gundersen frå Ål på lur,
Håkon TKjøntveit på durspel og Gunnlaug Lien Myhr
lærte bort sang og kveding.
Les meir her.
(08/12-07) |
Etnisk Musikklubb med ny dobbel-CD:
Viser på vandring i Norden
Det har teke lang tid før dette dobbelt-albumet kom ut med
romanisongar frå Noreg, Sverike og Finland. Og det er
fleire grunnar til at det har teke lang tid. Men gledeleg
er det at dette stoffet no har blitt teke vare på og
utgitt på CD. Det skal vere første gongen at romanisongar
har blitt presentert samla frå dei nordiske landa. Her er
det snakk om feltopptak som gjev eit breitt tverrsnitt av
denne songtradisjonen, sæleg den delen som har viktige
element av romanispråket.
Les meir her.
(02/11-07) |
Leif Ryan har fått Wilsemedaljen for å
leite fram follkemuikk i Østfold
Ved sitt arbeid har Leif Ryan funne ein god del
folkemusikk frå Østfold fylke, eit fylke der det tidlegare
har vore lite kjent folkemusikk. Leif Ryan har budd i
Halden i mange år og har skreve ei rad artiklar om
folkemusikk både i Norge og Sverike. For nokre år sidan
skreiv han også ein interessant biologi om musikaren
Friedrich Reissinger, som var svært sentral i
musikkmiljøet i Halden på midten av 1800-talet.
Les meir om prisen til Leif Ryan her.
(02/12-07) |
Vinterkappleiken på Rauland avvikla?
Raulandakademiet har bestemt at det ikkje lenger skal
arrangerast Vinterkappleik som før (dei siste 10 åra),
fordi det har vore for mykje fyll og bråk og skadeverd i
samband med kappleiken. I staden er det meininga å få i
stand ein festival i vek 7. No er ein aksjon i gang på
Internett for å får avgjerda omgjort.
Les meir her.
(02/12-07) |
Landslaget for Spelemenn søkjer ny
prosjektleiar for Folkelarm
Landslaget søkjer ny prosjektleiar i 40-60% stilling.
Primær oppgåve blir å planlegge og gjennomføre neste års
Folkelarm. Løn etter avtale. Søknadsfristen er 15.
desember.
Meir info her.
(02/12-07) |
Intens diskusjon om melding av Valkyrien
si plate i Dagbladet
Det har oppstått ei nokså intens og oppheita ordveksling i
samband med Dagbladet si melding av den første plata til
"Valkyrien Allstars". Det var musikkansvarleg Sven Ove
Bakke som skreiv meldinga. Spelemann og professor Tellef
Kvifte
skreiv i Spelemannsbladet ein litt kritisk artikkel
til til meldinga i Dagbladet, og har
fått svar frå Bakke som kallar Kvifte for
tradisjonalist.
Tellef Kvifte svarar på dette i Ballade. Seinare har
Hilde Bjørkum og Elisabeth Kværne kasta seg inn i
debatten og forsvarar Kvifte.
Deira innlegg finn du her.
(02/12-07) |
Diskusjonar på folkemusikk.no
For ei tid sidan vart det på heimesida for Landslaget for
Spelemenn oppretta eit
diskusjonsforum. Reint teknisk er forumet ikkje av dei
beste, men det har kome i gang ein del diskusjonar og
meiningsutveksling, mellom anna om Landskappleiken, om
bunadbruk når vi dansar og diverse anna. I tillegg til
innlegg direkte i forumet, blir det lagt inn
debattinnlegg, kronikkar og redaktørens leiarartiklar. Det
er ikkje særleg mange som har meldt seg inn foreløpig.
Dette er det einaste furumet på Internett for diskusjonar
innan dette feltet, så her bør det bli langt større
aktivitet og friske diskusjonar!
(02/12-07) |
Førjulskonsert på Musikkhøgskolen
laurdag 8. desember
Som før om åra inviteter studentar og lærarar ved
folkemusikkstudiet på Musikkhøgskolen til førjulskonsert
og dans. Det er i Lindemansalen kl 18.00 Etter konserten
blir det råd å kjøpe mat og drikke og så blir det dans til
fin dansemusikk framover til midnatt.
(26/11-07) |
Forum for utøvarar med fokus på: honorar
eller statlege tilskot
Den 3. desember kl 17.00 i Kirkegt 20 i Oslo vil Forum for
utøvarar ha ei samling der dei drøftar økonomien i det å
lever som musikarar. Bakgrunnen for møtet er at Trond
Giske har sett ned eit utval
(Løken-utvalet leia av Lene Løken)
som skal gå gjennom all statleg støtte til kulturlivet.
Første delrapport skal kome 1. februar
der dei
presenterer framlegg til eit nytt tilskotsregime for det
rytmiske feltet; jazz, rock og folkemusikk.
Det vil på møtet bli særleg
fokus på statens kunstnarstipend.
(26/11-07) |
Camilla Granlien band med plateslepp i
Oslo 30. september
Camilla Granlien band har plateslepp på Mir i Oslo 30.
november. På plata tolkar dei tekster av Tor Jonssen og
Olav Aukrust. Med i bandet er Anders E. Røine (div.
strengeinstrument og munnharpe) Harald Høyvik (kontrabass,
el.bass og Fender IV), Camilla Granlien (vokal).
Medd på plata: Jorun Marie Rypdal Kvernberg - fele Andreas
Skeie Ljones - fele Fridtjof Lindeman - orgel og div.
rytmeinstrument Niels J. Røine - vokal.
Les meir her.
(18/11-07) |
Rolf Gammlengpris til Unni Løvlid
Unni Løvlid er tildelt Rolf Gammlengs pris som fond for
utøvande kunstnarar deler ut. Ho fekk prisen i sjangeren
folkemusikk og var ein av i alt 10 prisar.
Les meir her.
(18/11-07) |
Kjetil Løndal heidra med gild
minnekonsert i Oslo
Fredag
16. november var det minnekonsert for meisterspelemannen
Kjetil Løndal (1907-1987). Løndal var frå Tuddal, son av
storspelemannen Svein Løndal (1864-1949)og bror til
spelemennene Einar og Olav Løndal. Kjetil er ein av dei
som har ført det typiske lyriske Løndal-spelet vidare. Frå
1939 og resten av livet budde Kjetil Løndal i Oslo der han
var vaktmester i ei stor boligblokk i Casparis gate.
Løndal var i mange 10-år ein sentral spelemann i Oslo og
landet elles. Han var særleg aktiv i Laget for spelemenn
og i Telelaget, men spela også for andre lag og
leikarringar. Heimen hans vart ein samlingsplass for
spelemenn i byen. Han vart norgesmeister i spel 4 gonger
og vann også landskappleiken i dans. Han vart æresmeldem i
mange lag og fekk mange utmerkingar, også kongens
fortenstmedalje i gull. På minnekonserten var det fleire
gode spelemenn som fortalde om Løndal og spela, til dømes
Hauk Buen, Hallvard T. Bjørgum, Erik Sollie og LilleBjørn
Nilsen. Kjell Midtgaard fortalde om opplæringa si hos
Løndal og om særdrag ved spelet hans. Magne Myhren heldt
festtalen og Dagne Groven Myhren var programleiar. Det var
også danseinnslag av medlemer i Telelaget. Storsalen i
Bygdelagshuset var stappfullt under konseren. I etterkant
av konserten var det plateslepp. CD'en inneheld 20 slåttar
som er gjort av NRK i perioden 1962-1976. Eit par av dei
er kappleikopptak, mellom anna det kjente opptaket av
Sevlien i Posgrunn i 1964. Det er Bjørn Wibe og Kjell Chr.
Midtgaard som har valt ut slåttane og plateselskapet er
Talik.
(17/11-07) |
Ny helgesamling i "Lea
de"-- prosjektet i Oppland 23-25 november
Arrangørane
håpar at alle som var med på den førre samlinga kjem att,
og at dei tek med seg mange danseinteresserte venner. I
tillegg vil me ynskje hjarteleg velkomne til alle andre
som har lyst til å vera med på ei super helg med mykje
dans og moro! Og alt er gratis.
Det kjem mange danseinstruktørar på besøk, mellom dei
Hallgrim Hansegård, Silje Onstad Hålien, Nina Fjeldet,
Tone Voldhaug,
Grabukkadn (lausdansarar frå Valdres) med Solveig
Hårdnes, Ingar Ranheim, Bjørn Strand med fleire for å vera
med å danse litt laus/halling på laurdagen. Her vil det
vera mogleg å snappe opp mange triks!! Hallgrim Hansegård
skal ha eit eige opplegg i løpet av helga.
Og speltimar på torader med Tom Kjetil Tørstad.
Påmelding
innan
tysdag 20. november til Stian Roland. (90722690).
(18/11-07) |
Gruppa Sver med ny CD
Gruppa SVER med basis i Røros kom fredag 16.november med
sin første plate.Ho er innspela hos Hallibakken Studio på
Nesbyen i september. Ho inneheld 15 spor som spenner fra
tradisjonslåter fra Røros og Hallingdal til nye
komposisjoner. SVER set tradisjonsmusikken i
høgsetet, men gjerne i ei ny ramme.
Instrumenteringen ligger nært irske folkemusikkgrupper,
men med den kraftfulle Rørosmusikken som grunnlag blir
lydbildet eit heilt anna.SVER består av Olav Luksengård
Mjelva frå Røros (fele, hardingfele og bratsj), Leif
Ingvar Ranøien frå Røros (torader) og Vidar Berge frå
Strandebarm i Hardanger (gitarer og munnspel).
SVER var i fjor ein av finalistane i NRKs nettsjansen. I
år var dei med i Rikskonsertanes prestisjetunge
lanseringsprogram INTRO-folk der dei kom heilt til
finalen.
(18/11-07) |
Tysk musikkpris til Etnisk Musikklubb
Albumet fra Etnisk
Musikklubb med Abdulrahman Surizehi mottok 15 november den
prestisjefylte kritikerprisen i Tyskland som den beste
CD'en innan kategorien etnisk musikk. Tidligere har plata
fått Folkelarmprisen for 2006 i Noreg. dette er ein gjev
pris i Tyskland. Den består av ein flott diplom, samt
stikkers/klistremerker til å klistre på platen. Det er
berre 6 album totalt som har fått denne prisen innan
kategorien Traditionelle ethnische Musik i 2007.
(18/11-07) |
Flott framsyning i Oslo: TAUS med Sigrid
Moldestad
Saman
med Sigbjørn Apeland (trøorgel), Andreas Hall (feler),
Jørgen Sandvik (gitat etc) har Sigrid Moldestad frå Breim
gjort stor lukke mange stader i landet med
konsertforestillinga TAUS, som byggjer på historier om
kvinnelege spelemenn frå Norfjord og Sunnmøre på
1700-talet og framover. Torsdag 16. november hadde dei
forestilling i Jacobs kirke i Oslo, og det vart ei flott
oppleving for dei nokså mange som var møtt fram (ca 150?).
Sigrid Moldestad har sjølv skrive teksten til
forestillinga, og komponert nokre av slåttane. Sigrid
Moldestad var den heilt sentrale personen i forestillinga,
med sitt fine spel, sin song og si sikre sceniske
framføring. Men dei andre bidrog på ein fin måte både med
musikken, men også på andre måte (song, opplesing etc).
Denne forestillinga er noko av det beste vi har hatt i
sitt slag - ei forestilling der musikken blir sett inn i
ei scenisk ramme med humor og humør. På biletet ser vi dei
4 aktørane tar mot velfortent applaus.
(16/11-07) |
Bjørgum og Stubseid opna Riksscena med
konsert
Tysdag
14 november arrangerte Riksscena sin første "norske"
konsert - og det var to framifrå spelemenn frå Setesdal
som fekk den æra. Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid
spela setesdalsmusikk, mest i solo, og også litt samspel.
Dei avslutta såleis med å spele "Gravbakken" i lag.
Konserten vart halden i det nyoppussa Cafeteateret på
Grønland i Oslo. Dagleg leiar for Riksscena ynskte
velkomen til konserten, men det kunne godt ha vore fleire
frammøtte. Det vart ein fin og morosam konsert med mange
historier og godt humør og fint spel. Gunnar spela også på
gamle feletyper med kort boge slik dei gjorde i Setesdal
for ca 200 år sidan. Bå biletet ser vi Gunnar Stubseid og
Hallvard T. Bjørgum i samspel.
(16/11-07) |
Randi Skeide attvald som leiar i
Landslaget for Spelemenn
Dermed tar Randi Skeide fatt på sitt 6. år som leiar i
landslaget. Ho sa samstundes frå om at dette blir hennar
siste år som leiar. Desse er med i det nye styret:
Randi Skeie (leiar)
Jan Lislien
Solbjørg Tveiten
Mari Eggen
Jon Ellingsen
1. vara: Torunn Raftevold Rue
2. vara: Thomas Nilsen
3. vara: Martin Myhr
Hallingdansaren Jon Ellingsen er den nye i styret. Torun
Raftevold Rue ynskte seg ned på varaplass, og slik vart
det.
Elles gjekk Landslaget med kr 190 000 i underskot for
2006, men det såg ut til at ulike sparetiltak no var i
ferd med å betre økonomien.
Les meir her.
(11/11-07) |
Bort att med poengsummane på
Landskappleiken?
Under Årsmøtet i Landslaget for Spelemenn var det igjen
drøfting av spørsmålet om ein skulle fjerne poenga frå
Landskappleiken. Leiaren Randi Skeide var positiv til det.
Les meir her.
(11/11-07) |
Samanslåing av Landskappleiken og
landsfestivalen?
På Årsmøtet i Landslaget for Spelemenn vart det fleirtal
for å greie ut om ein skal slå saman dei to store
tilskipingane, Landskappleiken og Landsfestivalen i
gamaldansmusikk. Bakgrunnen for vedtaket er at det har
vore vanskeleg å få arrangør til Landskappleiken for 2009.
Det var ulike meiningar om saka på årsmøtet.
Les meir her.
(11/11-07) |
Nytt undervisningsopplegg for norsk
folkedans i skuleverket
Etter lang tids arbeid har Noregs Ungdomslag kome i mål
med sitt undervisningsopplegg for folkedans i skuleverket.
NU har gått sman med Musikk i Skolen for å få dette
materiellet i bruk i skolekvardagen. Opplegget heiter
Danselyst, eit undervisnings-opplegg for bruk i
grunnskolen, men som òg er nyttig for andre som vil lære
meir om norsk folkedans. Danselyst består av ei bok med 40
detaljerte danseforklaringar, to CD-ar med musikk og ein
DVD med eksempel. Dei omtalte dansetypane er Bygdedans,
Runddans, Turdans, Songdans og Songleik. Opplegget blir
presentert på ei pressekonferanse 13. november kl. 14.30 i
Kirkegata 20, Oslo. Pressekontakt Synnøve Jørgensen,
Folkedanskonsulent, Noregs Ungdomslag
Pb 414 Sentrum, 0103 Oslo, Tlf.: 41 61 71 98 - Fax: 24 14
11 01
synnove@ungdomslag.no
(10/11-07) |
Riksscena presenterer programmet for
hausten 2007
Riksscena for folkemusikk og folkedans er i funksjon, men
har enno ikkje fått ferdig eigne lokale. Konsertane dei
arrangerer er difor i leigde lokale i Oslo (Jacob
kirke og Cafeteatret i Oslo) eller i samarbeid med lokale
arrangørar rundt om i landet. Opningskonserten var fredag
9. november i samarbeid med Hilmarfestivalen med musik frå
Baluchistan og Afghanistan. Abdulrahman
Surizehi/ Heidar Wali.
Tysdag 13. november spelar Hallvard T. Bjørgum og
Gunnar Stubseid musikk frå Setesdal. Torsdag 15. november
viser Sigrid Moldestad forestillinga si "Taus" i Jacob
kirke. Seinare blir det mellom anna joik,
danseforestillinga "Laus", kveding frå Setesdal og
Majorstuens juleforestilling.
Les meir her.
(10/11-07) |
Ein gild kveld med færøydans saman med
færøyske dansarar
Den
4. november 2007 var det ein fin kveld med færøydans i
Halli i Oslo. Ei gruppe på 6 dansepar frå Nolsøy på
Færøyane var på nordisk rundreise. Først i Oslo, Så til
Helsinki, så Stockholm og heim att via Kjøpenhavn. I Oslo
var dei laurdag gjester hjå Norsk Færøysk lag på
årsfesten, og denne søndagskvelden ("minikurs") var det
Oslo Songdanslag som var vertskap for ein dansekveld med
færøydans. Det var bra med folk som ville vere med på
dansen, nokre dansarar kom heilt frå Hamar, to frå Elverum
og ei heilt frå Stockholm! . Dei færøyske dansarane
innleidde med ei fin framsyning, der dei viste vanleg
dans, men også nokre av dei variasjonane som dei brukar.
Seinare vart det felles dans for alle, ei økt med mat med
færøysk sauerull. Så vart det igjen mykje og gild dans.
Til slutt vart det songdans i Storsalen, med innslag av
norsk songdans, norsk stordans og færøydans. Og mange av
færøyingane vart også med på turdansane etterpå.
Her kan du
sjå ein del bilete frå dansekvelden.
Ein svært vellukka kveld for oss som fekk vere med!
(05/11-07) |
Minnekonsert om Kjetil Løndal i Oslo 16.
november 2007
I
år er det 100 år sidan meisterspelemannen Kjetil Løndal
(1907-1987). Han hadde røtene sine i ei musikarslekt i
Tuddal, men budde det meste av livet i Oslo, der han
gjorde eit stor innsats på mange område, i Laget for
folkemusikk, som spelemann i leikarringar, som domar,
dansar, læremeister, men først og fremst som den dugande
spelemannen. Heimen hans i Oslo vart på mange måtar eit
senter for felespelarar i Oslo. På minnekonserten blir det
mange kjente som vil bidra, mellom dei Erik Sollid frå
Valkyrien AllStars, Hallvard T. Bjørgum, Hauk Buen, og
Lillebjørn Nilsen (som sjølv lærte hardingfelespel hjå
Løndal). Konserten blir i BLS-huset i Nordahl Brunsgt 22
kl 19.30 I samband med konserten er det også plateslepp på
CD'en Løndalsspel II med opptak av Kjetil Løndal (Talik).
Det er Telelaget, Laget for Folkemusikk og Talik som
arrangerer minnekonserten.
(04/11-07) |
Osa-festivalen 2007 vart svært vellukka
I år vart det ny publikumsrekord og fulle konsertsalar.
Tema var "tradisjon og fornying". Det var i år ei brei
mønstring av tradisjonell og "ny" folkemusikk i ulike
variantar, frå danseførestillinga KRUK til tingingsverket
"Mellom fjell" av Terje Isungset.
Les meir her.
(03/11-07) |
Vellukka sjokoladefestival i Prestfossen
samfunnshus
Det var 80 deltakarar på sjokoladekappleiken som Buskerud
Folkemusikklag og Folkemusikksenteret snart har arrangert
i 20 år.
Les meir her.
(03/11-07) |
Det blir dansestudium ved Ole Bull
Akademiet
Staten har no bestemt at Ole Bull akademiet skal få dei
pengane som trengst for å starte med dansestudium på Voss.
Og alt neste haust kan seks studentar ta fatt på
bachelorstudier i utøvande folkedans, Akademiet og Rådet
for folkemusikk og folkedans har i fleire år freista å få
i gang eit slikt studium, og nå lukkast det.
Les meir her
(03/11-07) |
Vals etter sending i "Nytt på nytt"
I sendinga i førre veka spelte programleiaren Jon almås
trekkspel, då redaktøren for Trekkspelnytt Nils Kåre
Nesvold var med i programmet. Etter sendinga spelte
Nesvold opp til dans.
Les meir her
(03/11-07) |
Gratis konsert i NRK med Benedicte
Maurseth
Benedicte Maurseth vann INTRO-folk 2007. Onsdag 7.
november kl 19.00 spiler ho konsert for P2-scenen i
NRK. Og du kan vera publikum ved å melde deg på til NRK!
Konserten blir sendt i Folkemusikktimen søndag 18.
november kl. 18.03. Påmelding til
P2scenen@nrk.no.
(03/11-07) |
Årests
Gautefallfestival blir den største til nå
Festivalen er den 16. i rekkja, og ca 20 orkester skal
delta. Det blir fleire ulike sjangrar frå
trekkspel, gamaldans, danseband, shadows og
rock.
Les meir her.
(03/11-07) |
Dansegruppa Fant og Fente får 50000 kr av Norsk Kulturråd
Dansegruppa der det er 4 spelemenn og 4 kvinnlege dansarar
har fått kr 50 000 av Norsk Kulturråd for å utvikle eit
nytt danseprosjekt. Vegar Vårdal er leiar i gruppa.
Les meir her.
(03/11-07) |
Agnes
Buen Garnås vekas P"-artist i NRK
I veka 5-9 november er det kvedaren Agnes Buen Garnås som
er vekas P"-artist. I mange 10-år har ho stått i fremste
rekkje mellom norske kvedarar, og gjort norsk vokal
folkemusikk kjent både i vårt land og utanlands. Ho har
samarbeidd med ei rekkje norske musikarar, mellom dei Jan
garbarek, og har vore med på ei rad plateutgjevingar. Ho
har halde ei rad seminar og kurs.
Les meir her.
(03/11-07) |
Hilmar
Alexandersens musikkpris 2007 går til spelemannen Knut
Buen
Knut Buen har gjenom ei årrekkje står som ein av våre
fremste spelemenn. Han har dreve eige musikkforlag og
gjeve ut ei rekkje plater, både kassettar og CD'ar. Han
har også gjeve ut arkivopptak med Hilmar Alexandersen.
Knut Buen er også ein kulturarbeidar i brei tyding, som
rosemålar, lyrikar, sogeforteljar, skribent ,
foredragshaldar og mykje meir.
Les meir her.
(03/11-07) |
Vil du
oppleve ekte Færøydans i Oslo 4. november?
Det kan du i Halli i Nordahl Brunsgt 22 i Oslo søndag 4.
november kl 17- ca 20. Då kjem det 12 dansepar frå Nolsøy
på Færøyane og vil vere med oss å danse Færøydans. Denne
dansegruppa er på ein nordisk turne, og er her i Oslo på
gjesting hjå Norsk færøysk lag. Det blir mest dans både på
norsk/dansk og på færøysk, mest slike viser som er mykje
brukt som Ormen lange, Stolt Signhild, Sinklarvisa etc.
Det blir også litt mat og eit lite foredrag om færøydans.
Oslo songdanslag er arrangør i Halli, og det er eit
såkalla "minikurs". Inngangspris kr 100 som vanleg.
(03/11-07) |
Hilmar
Alexandersen og P.A.Røstad ut på remixa CD
Under Hilmarfestivalen i Steinkjer blir ein remikas CD med
Hilmar Alexandersen og P.A.Røstad kvartett lagt ut for
sal.
Platen vart laga som deltakarpremie til Landsfestivalen i
gammeldansmusikk i Melhus i 2001, og har ikkje vore i sal
før. Dette er noko av det beste som finst av norsk
ganaldansmusikk. Og det blir arbeidd med å gje ut fleire
Cd'ar med musikk som desse karane ga ut på 1970-talet.
Les meir her.
(03/11-07) |
Sigrid
Moldestad med CD og konsertserie: Taus
I Førde onsdag 7. november kl 20 i Førdehuset får publikum endeleg oppleve
forestillinga Taus - om kvinnelege spelemenn i Nordfjord
og på Sunnmøre på 1700- 1800 og 1900-talet. Stykket hadde
premiere i Bergen i mars 2007 og nypremiere under
førdefestivalen. med i gruppa er
Sigbjørn
Apeland på trøorgel og piano; Jørgen Sandvik på gitar,
banjo og mandolin Anders Hall på bratsj og fele. utover i
november er det forestillingar mange stader i Sogn og
Fjordane, i Ørsta og i Oslo.
Sjå
spelestadene og lytt til musikken her.
(03/11-07) |
Han har laga ei lang rekkje
stildanskjolar
Stildans
har vore ei populær grein innan folkedansen dei siste 10
åra. Ein sentral person i dette dansemiljøet er Per
Kristian Elvestad. han er ein dugande dansar og
instruktør, og er ei drivande kraft i Oslo historiske
dansegruppe. Men han er også ein framifrå skreddar.
Sjølvsagt har han laga historiske drakter til seg sjølv,
men han har også laga ei lang rekkje kvinnedrakter med rot
i 1700- og 1800-talet På Storballet i Vestfossen nyleg var
det samla ikkje mindre enn 9 ballkjoler som han har hatt
ansvaret for. På biletet ser vi Per Kristian i midten med
sine flotte kjolar rundt seg.
(03/11-07) |
Også hardingfele på Oslo World Music
Festival i Oslo
I desse dagar går Oslo World Music Festival av stabelen i
Oslo, og denne gongen kan vi også høyre hardingfele på
festivalen. Valkyrien All Stars skal spele 2. november og
Karl Seglem 1. november. Elles er det sjølvsagt mange
flotte artistar og grupper å høyre og sjå. Altså
Karl Seglem, Belleville 1. november
kl. 20:00
Valkyrien Allstars, Belleville 2.
november kl. 20:30
Desse kan du lese meir om her:
Om Karl Seglem i Norsk
folkemusikkatalog.
Om Valkyrien Allstars i Norsk
folkemusikkatalog.
(31/10-07) |
Vellukka stildansball med innpå 200
deltakarar
Laurdag
27. oktober vart eit svært vellukka stildansball
gjennomført på Fredfoss Kulturpark i Vestfossen. Det var
over 190 dansarar til stades, og det er langt meir enn det
som er vanleg på stildansball i Noreg. Deltakarane kom frå
ei lang rekkje med lag som driv med stildans i heile
austlandsområdet og vidare om, og det var også deltakarar
frå Sverike og Danmark. Musikken var av det beste vi har i
Skandinavia, og det var det Den danske kvadrilletrio som
sytte for. Ballet har vore planlagt i 2 år, og primus
motor for tiltaket har vore Marita Ramstad frå Hamar (sjå
biletet). Fredfoss Kulturpark høver svært godt for slike
ball, og det har også tidlegare vore arrangert fleire ball
der. Her kan du
sjå mange bilete frå ballet.
(28/10-07) |
Oslo historiske dansegruppe får fin
omtale i Aftenposten
Annankvar
tysdag øver Oslo historiske dansegruppe i Kampen
menihetshus i Oslo. Dansegruppa er eit par år gamal og
primus motor er instruktøren og entusiasten Per Kristian
Elvestad (sjå biletet, saman med Sonja). I
Aftenposten
Aften for 22/10 står det ei sides omtale av dansegruppa
som nettopp også ha fått
heimeside på
Internett. her er det også eit par fine bilete frå då
gruppa dansa for kongen i samband med opninga av Bygdø
kongsgård. Medlemer av gruppa reiser også på ball i
england, og nyleg hadde dei framsyning under eit ball i
Bath i england. No arbeider dei med å arrangere eit Jane
Austen-ball.
(22/10-07) |
Biletreportasje frå trekkspelhelga på
Spåtind
Siste helga i september var det trekkspelhelg på Spåtind
høyfjellshotell.
Her kan du sjå biletreportasje derifrå.
(20/10-07) |
Springarprosjektet i Hallingdal avslutta
med ungdomsfest
Ingen ringare enn Hallingdal kraftlag spelar opp. På
festen blir det ikkje berre gamaldans men også mykje
springar.
Les meir her.
(20/10-07) |
Naustedalen Spelemannslag inviterer til
VM i reinlender 20. oktober
Det har tidlegare i år vore VM i Rørospos og VM i
Innherredspols, og no blir det også VM i reinlender.
Reinlender har lange og gode tradisjonar i Naustdal fortel
leiar i spelemannslaget Einar Eimhjellen.
Les meir her.
(20/10-07) |
Denne helga er det toraderfestival på
Voss
Oktoberfestivalen i toraderspel foregår denne helga på
Voss. Det er grupper for solistar, grupper, duettar og
orkester. Det er 19. gong festivalen blir arrangert. Neste
år vonar dei også å få Kongepokal.
Les meir her.
(20/10-07) |
Vellukka konsert med Håkon Høgemo og
Synnøve Bjørset
Sist
laurdag hadde dei grovaste spelemennene på Vestlandet
konsert på Folkemusikkpubben Fabrikken i Oslo. Med i
denne "gruppa" er Håkon
Høgemo, Frank Rolland og Synnøve S. Bjørset. Frank Rolland
hadde sjukdomsfråfall, men Håkon Høgemo og Synnøve Bjørset
ga ei stor oppleving for dei få som hadde møtt fram denne
kvelden. Dei spela mest kvar for seg slåttar frå sine
heimetrakter, men dei spela også nokre slåttar i lag. Og
dei fortalde morosamt mellom slåttane. Før denne konserte
var det ein minikonsert med Vegar Vårdal og Patrik
Andersson som spela slåttar frå den nye CD'en dei nettopp
har gjeve ut med stof frå Finnskogsområdet, på begge sider
av riksgrensa. Det var også fint å høyre på.
(19/10-07) |
Susanne Lundeng gjer stor lukke i Asia
Susanne Lundeng er på konsertreise i Asia. Ho spelar i
hovudstaden i Sør-Korea, der ein av slåttande hennar er
blitt voggesong for barna. Og så reiser ho vidare til
Kina.
Les meir her.
(19/10-07) |
Spennande program på Hilmarfestivalen
2007
Det blir eit spennande program på Hilmarfestivalen i
Steinkjer 8-11 november 2007. Mellom artistane finn vi
Annbjørg Lien og Sondre Bratland. Småviltlaget, som vann
folkelarmpris i år, kjem også og sameleis P.A.Røstad jr.
orkester. Dessutan blir det kurs med Frigg og samling for
Hilmars ungdomsring.
Les meir her.
(14/10-07) |
Vegar Vårdal/Patrik Andersson med ny CD:
Finnskogen brinner
Den nye CD'en med stoff frå Finnskogsområdet har slåttar
frå begge sida av grensa. Det blir plateslepp tysdag 16.
oktober i Teatersalen i BUL, Oslo. Og det blir førslepp
måndag 15. oktober på Fabrikken kl 20.15.
Les meir her.
(14/11-07) |
Magnar Sundt: Statsbudsjettet skuffande
for sektoren
Dagleg leiar Magnar Sundt er ikkje nøgd med
Kulturbudsjettet når det gjeld folkemusikk og dans. Rådet
for folkemusikk og folkedans får ein auke på 0,9 mill,
Riksscena får 1 mill kr, Førde Internasjonale
folkemusikkfestival får 0,6 mill kr i auke og Bygda dansar
får 0,15 mill kr i auke. Ein del andre
støtteordningar som har fått auke, og som også kjem
folkemusikken til gode: Musikkverkstadordninga som er
styrka med 2,5 mill og Frifond som er styrka med 4,4 mill,
sistnemnde spesielt til ei satsning på barn og unge med
innvandrarbakgrunn.
Les elles her.
(14/10-07) |
Kjell Bitustøyl: Folkemusikken tener på
nyskaping
Til Vest-Telemark blad seier den tidlegare redaktøren av
Splemannsbladet at nyskaping innan folkemusikken ikkje
lenger er omstridd. Det kom ein snunad omkring 1990.
Les intervjuet
her.
(14/10-07) |
Årsmøte i LfS i Bærum med flott konsert
med bæringar
Årsmøtet i Landslaget for Spelemenn er 3-4 november og
Bærum Spelemannslag er lokal arrangør. Dei haar planlagt
ein gild konsert i samband med årsmøtet, mellom andre med
Valkyrien Allstars, Vrang, Lucky Loop, Håkon Asheim trio,
Øvrevoll spelemannslag, Bærum spelemannslag og Bærum
juniorspelemannslag, og det er fredag 3. november.
Meir her.
(14/10-07) |
Kunstnerstipend eller garantiinntekt`?
Måndag 15. oktober går fristen ut for dei som vil søke om
statens kunstnerstipend eller garantiinntekt. I fjor var
det også nokre innan folkemusikk og dans som fekk stipend,
mellom dei fekk Ragnhild Furholt, Geir Egil Larsen, Jan
Beitohaugen Granli og Hallgrim Hansegård kvart sitt
arbeidsstipend på 168 500,- Les meir på
www.kunstnerstipend.no.
(14/10-07) |
Sven Ahlbäck første folkemusikkprofessor
i Sverike
I ei pressemelding framgår det at spelemannen, pedagogen
og forskaren Sven Ahlbäck er utnemt til professor ved
Kungl. Musikhögskolan
" Det är ingen tvekan om att Ahlbäck tillhört dem som i
Sverige skapaten ny estetisk kanon på traditionell grund.
Det säger professor emeritusJan Ling om Sven Ahlbäck, som
nu befordrats till professor i svenskfolkmusik vid Kungl.
Musikhögskolan.
Sven Ahlbäck är dessutom Sveriges förste professor i
folkmusik som fått titeln på både konstnärliga,
vetenskapliga och pedagogiska meriter.
Sven Ahlbäck, född 1960 och uppväxt i Norra Uppland,
tillhör den generation spelmän som skolades under
”folkmusikvågens” tidevarv, en unik epok inom svensk
musikhistoria som förändrade såväl estetiska som
musiksociala normer och föreställningar, enligt professor
Jan Ling, en av de sakkunniga bakom Ahlbäcks befordran."
Les meir her
(14/10-07) |
Grappas debutantpris for 2007 til
Gjermund Larsen
Det
er andre gong denne prisen blir delt ut - ein pris for
utøvarar under 30 år. I fjor gjekk prisen til Valkyrien
Allstars. Prisen vart då også utdelt i samband med
lanseringskonserten for Valkyriens nye CD. Gjermund Larsen
(1981) har vore med på mange CD'ar, mellom anna i gruppa
Majorstuen, men har ikkje gjeve ut solo-CD. Den vil kome
til neste år med stoff som han har laga sjølv.
Les meir
her.
(14/10-07) |
Vinnarane av Spelemannsprisen på
Folkelarm 2007
Folkelarm vart avvikla i Oslo siste helga i september, og
vart igjen ein stor suksess for tilskiparen som er
Landslaget for Spelemenn.
Vinnarane av Spelemannsprisane vart:
Soloklassa
Daniel Sandén Warg og
Sigurd Brokke – Rammeslag (Etnisk musikklubb)
Dokumentasjonsklassa
Stev for dagen: Kirsten Bråten Berg, Astri
Rysstad og Kari Rolfsen (Heilo)
Open klasse:
Sondre Bratland og Javed Bashir – Dialogue
(Kirkelig kulturverksted)
Nyskapande:
Bruvoll Halvorsen- Trillar for to (Grappa)
Gammaldans:
Småviltlaget – Pols (Norilds)
Årets nykommar:
Krøklun – Krøklun (Kvarts)
Årets folkemusikkartist
Hallgrim Hansegård
Les meir her.
(14/10-07) |
Vellukka Vestlandskappleik i Jølster
Arrangøren Indre Sunnfjord Spelemannslag er vel nøgd med
kappleiken der 170 deltakarar var i elden. Best i spel
hardingfele klasse A var Øivind Vabø frå Bergen. I open
klasse vart Jorun Marie Kvernberg best - ho spela mellom
anna på to feler samtidig.
Les meir her.
(14/10-07) |
Oline Løvlid i Hornindal på kappleik med
to av sine mange elevar
På Vestlandskappleiken i Jølster nyleg var Oline Løvlid
(57) frå Hornindal der med to av sine 13 år gamle elevar.
Dei gjorde det godt som einaste deltakarar i vokal yngste
klasse. I Hornindal har Oline 74 songelevar med alder frå
2 til 18 år. Den eine av dei to kvedarane er Sondre
Leivdal som alt har mange kappleikar bak seg.
Tippoldefaren, Elling Seljeset, gjorde mange opptak for
NRK. Den andre er Kristoffer Haugen. I vinter var han ein
av tre unge kvedarar frå Hornindal som song under
den kongelege bursdagsfeiringa i Oslo Rådhus. Tidlegare i
år fekk han Drømmestipendet på 10.000 kroner. Norsk
kulturskoleråd og Norsk Tipping .
Les meir i BT.
(14/10-07) |
Oppdal Spell og dansarlag Årets
Oppdalambassadør
I Oppdal har det nyleg vore Fjell- og Fårikålfestival
-helg med innpå 20 000 deltakarar. På denne festivalen var
Oppdal spell- og dansarlag og spelemannsgruppa Nordafjells
utnemnt til årets Oppdal-ambassadørar. Spelemannslaget har
i mange år vore eit av dei mest aktive i landet. Mellom
anna har dei etablert eit musikkarkiv med 10000 slåttar.
Dei siste åra har dei vore svært aktive som arrangørar: 3
distriktskappleikar, 3 Landsfestivalar og tre
landskappleikar! Spellmannslaget har dessutan to
ganger på rad gått til topps i Landskappleiken.
Nordafjells vart i år Norgesmester i gamaldansmusikk. Dei
har også gitt ut CD som fekk Folkelarm-pris og vart
nominert til Spelemannspris. Les
meir her. Les
meir her.
(14/10-07) |
Snart første samling for "Bygda dansar"
i Oppland
Det nye prosjektet for Bygda dansar heiter i Oppland "Lea
de". Stian Roland er lokal prosjektleiar og Sigurd Heide
frå Rådet for folkemusikk og folkedans. Samlinga er 12-14
oktober på vinstra vidaregåande skole. Stian Roland og
Sigurd Heide vil stå for opplegget denne helgen, der både
runddanser og bygdedanser fra Oppland er tema.
Vi vil også ha en valgfri økt på lørdag der ungdommene kan
velge mellom Nina Owren Furuli på fele, Silje Onstad
Hålien med moderne dans, og Stian Roland og Sigurd Heide
som tar seg av folkedansen. Resten av helga går med til
dans, dans, dans, film, soving, mat og bli kjent.
Oppmøte er på Vinstra vgs mellom 19.00 og 20.00 på fredag,
og vi avslutter ca 15.00 på søndag.
Reise må ungdommene dekke selv, men mat, instruksjon og
alt annet er dekket av Lea de.
Overnatting blir på klasserom på skolen, og ungdommene må
ha med sovepose og underlag.
Ungdommer og andre interesserte kan ta kontakt med
prosjektledelsen, og se gjerne på nettsiden til Lea de
www.bygdadansar.no eller
www.rff-sentret.no for utfyllende informasjon.
Innbydelse som kan deles ut og henges opp ligger vedlagt.
Kontaktinformasjon til Stian Roland: mobil 907 22 690
eller
stian.roland@hf.ntnu.no
(11/10-07) |
CD'en til Valkyrien Allstars med
rekordsal
Den første veka etter lanseringa vart det selt 3000
eksemplar av den nye plata til Valkyrien Allstars. Dette
er nær rekord for ei debutplate i Musikkoperatørenes
historie. Musikkoperatørene dibribuerer den nye plata. Det
er dessutan meir enn dobbelt så mykje som Kaisers
Orchestra selte første veka med si plate "Ompa til du dør"
i 2001. Valkyrien Allstars er med på å bane veg for
folkemusikk hjå større platekjeder som Platekompaniet og
Free Record Shop. Frå 2005 til 2006 auka salet av
folkemusikkplater med 34%, og ein ventar ny framgang i
2007. Den nye plata til Bruvoll/Halvorsen dreg i same
retning. Det er plateselskapet Grappa som er kjelde for
desse opplysningane. Sjå elles omtale av
plata på Ballade.
(14/10-07) |
Ein million meir til Riksscena i
Statsbudsjettet
Styreleiar i Riksscene for nasjonal og internasjonal
folkemusikk joik, og folkedans Karl einar Ellingsen
er tilfreds med at kulturminister trond Giske har plussa
ein million kroner i statens tilskot til Riksscena. Også Rådet
for folkemusikk og folkedans, Førde internasjonal
folkemusikkfestival og ensemblestøtteordninga får
påplussing på sine budsjett, i tillegg til at det samiske
kulturfeltet og ei rekkje institusjoner som arbeider innen
det flerkulturelle feltet.
(11/10-07) |
Seljordkappleiken 21 og 22 september
2007
Fredag vert det ein gild konsert til minne om Sigurd Nes
og Jørund Telnes "Ei vise vil eg kveda, som meg i hugen
renn". Mang folkemusikarar skal i aksjon, mellom dei Hæge
Manheim, Per Anders Buen Garnås, Ingvill Marit Buen
Garnås, Ingebjørg Harman Bratland, Ragnar Haugstøl, Randi
Øverbø og Kjell Hove. Etterpå vert det dans. Laurdag er
det Seljordkappleik med tevling i alle klassar.
(17/09-07) |
Dei nominerte til Folkelarmprisane 2007
Dei nominerte til folkemusikkens eigne spelemannsprisar er
no offentleggjort. Ein jury har plukka ut deltakarar i dei
6 klassane.
Solo
Karen Anne Buljo /
Ábifruwá IDUT
Daniel Sanden Warg og Sigurd Brokke / Rammeslag ETNISK
MUSIKKLUBB
Jorun Marie Kvernberg / Album TA:LIK
Gamaldans /tradisjonelt samspel
Krøklun / Krøklun KVARTS
Småviltlaget / Pols NORILDS
Over Stok og Steen / Frekke fyrer KVARTS
Årets dokumentasjonsplate
Div. artistar / Fillevern TA:LIK
Kirsten Bråten Berg, Kari Rolfsen og Astri Rysstad / Stev
for dagen HEILO
Div. artistar / Gjenklang HEILO
Open klasse
Sondre Bratland og Javed Bashir / Dialogue KIRKELIG
KULTURVERKSTED
Koame Sereba / Dodo KSG PRODUCTION
String Sisters / Live HEILO
Nyskapande/eksperimentell
Vajas / Sacred Stone VAJ AS
Bruvoll/Halvorsen / Trillar for to GRAPPA
Berit Opheim og Sigbjørn Apeland / Den blide sol NORCD
Ingunn Bjørgo Band / Borderland ASKERLADDEN KULTURVERKSTED
Majorstuen / Juledrøm MAJORSTUEN FIDDLERS COMPANY
Nykommar
Jorun Marie Kvernberg / Album TA:LIK
Daniel Sandén Warg og Sigurd Brokke / Rammeslag ETNISK
MUSIKKLUBB
Karen Anne Buljo / Ábifruwá IDUT
Krøklun / Krøklun KVARTS
Les meir på Folkelarm.no
(17/09-07) |
Lene Furuli konstituert som dagleg leiar
i NFD
Den tidlegare leiaren i Norsk folkemusikk og danselag Jan
Lothe Eriksen starta i dag som dagleg leiar i Riksscena,
og Lene Furuli er konstituert som dagleg leiar i NFD. Ho
har vore leiar for Norsk folkemusikkformidling.
(17/09-07) |
Jan Lote Eriksen startar i Riksscena i
dag
Den tidlegare leiaren i NFD Jan Lothe Eriksen startar i
dag som dagleg leiar for Riksscena for folkemusikk og
folkedans. Til no har han vore utleigd prosjektleiar frå
Norsk folkemusikkformidling.
(17/09-07 |
Felemarkarbok til Hardingfelesenteret i
Bø i Telemark
"Bø i Felemark" er namnet på feleprosjektet i Bø, med
Kjell Bitustøyl som dagleg leiar. Nyleg fekk dei dagboka
til den kjente felemakaren Gunnar G. Helland (1889-1976)
frå slektningar i Amerika. Boka syner notat av feler
Gunnar G. Helland selde frå 1903 til 1958. Tidleg på
1900-talet reiste Helland til USA og starta firmaet
Helland Brothers saman med bror sin Knut G. Helland.
Les
meir her.
(08/09-07) |
Osa--festivalen på Voss legg vekt på
folkemusikk og klassisk
Det gjer dei forsåvidt kvart år, men i år står også jazz
sentralt. I år står Griegs opus 72 i fokus, og dei
vil vise korleis dette verket vart til basert på
Halvorsens nedteikningar av slåttar etter Knut Dahle.
Årets tingingsverk har Terje Isungset laga. Elles står
folkedans og historisk dans sentralt i år.
Les meir her.
(08/09-07) |
Mary
Barthelemy med bok om Karl Fant
Boka vart lansert ved Rørosmuseet der Mary har vore
tilknytta i mange år. I ca 10 år har ho arbeidd med å
finne stoff om Karl Fant, og det har nå vorte til bok.
Boka inneheld også mykje stoff om dei reisande sin musikk
og deira lagnad. Glåmos Spellmannslag spela under
lanseringa.
Les meir her.
(07/09-07) |
Fond for utøvande kunstnarar har delt ut
pengar
Fondet har delt ut saman kr 3.162.450, av dette 272 000
til folkemusikkføremål. Folkemusikklista ser slik ut:
REISESTØTTE
Brennesvik, Karin W. HOVIN I
TELEMARK 6.000
Hamre, Knut GRANVIN 6.000
MUSIKK
Halvorsen, Jon Anders OSLO
20.000
Hytta, Anne OSLO 20.000
Landslaget for Spelemenn OSLO 20.000
Manheim, Hæge SELJORD 15.000
Osafestivalen VOSS 15.000
OsloFolk OSLO 20.000
Tindra OSLO 15.000
FONOGRAM
Borlaug, Christian HØNEFOSS
25.000
Frøholm, Britt Pernille OSLO 35.000
Glima SELJORD 25.000
Gullikstad, Harald RØROS 20.000
Morken, John Ole LOFTHUS 30.000
(07/09-07) |
Sturla Eide med sin første solo-CD
Sturla Eide har i mange år vore ein av våre fremste
folkemusikarar. Sidan 1998 har han vore musikar på heiltid
som utøvar og pedagog. . I 10 år har han spela i Gruppa
"Flukt" og i duoen "Sturla/andreas". Den første soloCD'en
heiter "Murru" og blir slept i Orkdal 17. september.
Etterpå blir det turne. På CD'en spelar Sturla Eide både
fele, hardingfele og bratsj. Plata inneheld både eigne
komposisjonar og tradisjonelle låtar.
Les meir
her.
(07/09-07) |
Jan
Petter Blom får Rff-prisen for 2007
Professor jan Petter Blom får i år Rff-prisen for sin
langvarige innsats for bygdedansen. Prisen er på 15 000 kr
og eit steinmotiv, og blir utdelt i Trondheim 20. oktober.
Blom var den første akademikaren her i landet som hadde
sterkt fokus på bygdedansen. I 1960 presenterte han nye
metodar for å analysere og beskrive strukturar i
bygdedansen. Blom sitt fagfelt er sosialantropologi og har
frå 1963 vore tilsett ved Universitetet i Bergen. Han har
gjort feltarbeid både i Norge, India og på Bahamas, og
musikk- og danseperspektivet har ofte stått sentralt i
dette arbeidet. I 1996 blei Blom knytta til det
nyetablerte Griegakademiet ved Universitetet i Bergen som
leiar for hovedfagsstudiet i folkemusikkvitskap. Blom har
hatt mange verv innan folkedans og
folkemusikkorganisasjonar og har vore mykje nytta som
forelesar og som domar.
(04/09-07) |
Bygdedanslaget i Bergen med allsidig
haustprogram
Vi har fått tilsendt det allsidige haustprogrammet til
Bygdedanslaget i Bergen.
Heile
programmet her.
(04/09-07) |
Dansaren og pedagogen Reidar Warme er
død
Reidar
Warme døydde tysdag 7. august 82 år gamal. gjennom eit
aktivt liv la han ned eit stort arbeid for folkedansen og
den historiske dansen i landet vårt. Faren Rolf Warme var
ein aktiv folkedansar og framifrå rettleiar i BUL i Oslo
og Oslo Songdanslag gjennom mange år, og Reidar Warme var
med foreldra på dansen frå han knapt kunne gå. Etter
krigen var han i 13 år ein inspirerande rettleiar i Oslo
Songdanslag. Han vart landets første lektor i dans ved
Foss videregående skole i Oslo. Han reiste rundt om i
Europa og skreiv opp ei mengd dansar. Han ga ut bøker med
danseoppskrifter, han hadde koreografi og undervisning for
Nasjonalballetten, Den norske opera og Nasjonalteateret.
Han var også breitt kulturinteressert i historie,
fotografi, smykkedesign, orkidear og sopp og mykje anna.
Han var også dansemeister i mange år på dei såkalla
Operaballa i Oslo. Først og fremst vil ein minnast han
som den dugande og insprerande danselæraren som visste å
sette dansen inn i ein rett kulturell og historisk
samanheng.
(03/09-07) |
Ny musikk-konkurranse på NRK TV i haust:
Lyden av lørdag
I fjor var det Kjempesjansen, og i år blir det "Lyden av
lørdag" som er NRK si musikkonkurranse denne hausten. Tore
Strømøy skal vere programleiar og det er også
folkemusikkartistar med mellom dei 24
gruppene/artistane.Det er Geitungen, Lillebror Vassåsen og
Ingebjørg H. Bratland. Det blir 6 kjende artistar som skal
hjelpe dei ulike gruppene på vegen mot finalen.
Programstart er 15. september.
Les meir her.
(01/09-07) |
Stian Roland prosjektleiar for Bygda
dansar-prosjektet i Oppland
"Lea
de" er det lokale namnet på det tredje prosjektet i serien
"Bygda dansar" som rådet for folkemusikk og bygdedans står
bak. Stian Roland er ein kjent dansar og kvedar frå
Valdres. Han har fått jobben som lokal prosjektleiar medan
Sigurd Johan Heide er prosjektleiar frå Rff. Stian Roland
har utdanning frå Høgskolen i Telemark, Rauland, frå
Dansevitskap ved NTNU og ved Ole Bull-akademiet.
Prosjektet startar opp med ei samling på Vinstra vg skole
21-23 september, med ei etterfølgjande rundreise på dei
vidaregåande skulane i fylket. Den 19-21 oktober blir den
første helgesamlinga i prosjektet.
Les meir her. På
biletet dansar Stian Roland Valdresspringar med Tone
Voldhaug.
(01/09-07) |
Askerladden var med på TV2 frokosttv
Fredag hadde TV2 sending frå Langøyene i Oslofjorden på
frokostTV. Der var Askerladden ei av gruppene som spela på
Langøyenetreffet.
(01/09-07) |
VM i Rørospols 6. oktober på
Vauldalen Fjellhotell
Den 5.-7. oktober er det dansehelg på Vauldalen
Fjellhotell, og då er det også VM i Rørospols. Det blir
mange gode orkester som spelar mellom dei
Dalakopa, Småviltlaget, Brekken spell- og
danselag, Lassie ’n the Lads, Peder Persson m/orkester.
Andreas Lunnan skal vere konferanseier. Les meir her.
(20/08-07) |
Karita Bekkemellem sin opningstale
på Landsfestivalen i Vågå
Her kan du
lese heile talen som likestillingsministeren heldt då
ho opne Landsfestivalen i Vågå i sumar.
(20/08-07) |
15 år og hekta på hardingfele
Den 15 år gamle
Lars Ingar Meyer Fjeld har vore på kurs i
hardingfelespel i Seljord.
Les kan han synest om hardingfela.
(20/08-07) |
Variert og spennande program på Columbi
Egg i Bergen denne hausten
Det er i alt 11 ulike tilskipingar med i alt 18
artistar/grupper som vil opptre på folkemusikkpubben i
Bergen, der Gabriel Fliflet er leiar. Det startar 3.
september då kjem legendene innan engelsk folkemusikk;
ekteparet Waterson: Carthy. Av andre kan nemnast
Bruvoll/Halvorsen, Ragnhild Furebotten trio og
Eidfjord-jenta Benedicte Maurseth og Hallgrim hansegård.
Les meir her.
(20/08-07) |
Også norsk folkedans på Bollywood i Oslo
Fredag 10. august gjekk den indiske film og
dansefestivalen Bollywood føre seg på kulturslottet Soria
Moria i Oslo. Byrådsleiar Erling Lae og kulturminister
Giske var tilstades, saman med den indiske ambassadøren og
kjente indiske filmstjerner. Det var 500 tilstades. På
denne opningssermonien var det også norsk folkedans -
"Kjerringa med staven" frå Nittedal deltok med musikarar
frå Nitelva. Framsyninga vart sett stor pris på.
Les meir her.
(20/08-07) |
Valle kommune sin kulturpris til Kirsten
Bråten Berg
Prisen vert delt ut annakvart år og gjekk dette året til
Kirsten for det store arbeidet ho har gjort for
folkemusikken og songen og dansen.
Les meir her.
(07/08-07) |
Solfrid Nestegard Gjeldokk og Anders
Aasberg brudepar på Holdagen
Dei gifta seg ikkje på rett, men han viste eit imponerande
hallingkast.
Les meir her.
(07/08-07) |
Kroer-spelemannen Tormod Gjermundrud på
NRKs Jukeboks
Den allsidige spelemannen spelar i mange orkester og er nå
også aktuell på NRK
Les meir om dette her.
(07/08-07) |
Marianne Terum Dalen (17) tok bronse
under Landsfestivalen
Marianne frå Aurland går på Folkemusikklina på Vinstra, og
ho spelar torader. Les intervju
med henne i Porten.no
(07/08-07) |
Prosjektet Snu Nordvest får rosande
omtale også i Tidens Tegn
Avisa har sett framsyninga Tru og utru som ungdomane frå
Nordvestlandet har vist under Moldejazz. Avisa er full av
lovord om dei unge dansarane og musikarane.
Les
her.
(07/08-07) |
Dalakopa har hatt suksess i 22 år
Det har gått 22 år sidan den spede starten på Dalakopa. I
løpet av desse åra har det blitt 10 CD'ar og ei mengd
ulike prisar. Og dei har ikkje tenkt å gje seg no, fortel
dei til Hamar dagblad.
Les meir her.
(07/08-09) |
Forskarar ved NTNU deltar i stort
nordisk forskningsprogram i dans
Ei gruppe nordiske forskarar knytt til den nordiske
mastergraden i dansevitskap, mellom dei Anne Fiskvik
og Egil Bakka ved NTNU har fått ei løyving på 500.000 Euro
til eit 4-årig forskingsprosjekt frå Riksbankens
jubileumsfond og programmet Nordic Spaces. Danseprosjektet
har tittelen Dance in Nordic Spaces. Formation of
Corporeal Identities og vil starta i oktober 2007. Det er
heimesida til Rådet for Folkemusikk og folkedans som
melder dette. Les
meir her.
(06/08-07) |
Fleire norske grupper spelar i utlandet
i sumar
Vi får opplyst at Karl Seglem spelte på Festival de
Musicas do Mundo i Portugal i juli. Majorstuen spelte
tidlegare i sommar på TFF.Rudolstadt i Tyskland og reiser
til Bidasoa folk festival i Baskerland i august. Spindel
reiser til Vancouver, Canada denne veka og skal ha fleire
konsertar på Festival Vancouver.
Les meir om dette her.
(06/08-07) |
Mange gode opplæringstilbod for unge
innan folkemusikk og dans
Det er mange gode opplæringstilbod for unge som vil lære
folkemusikk og folkedans. I Valdres er
Strunkeveko nett
avslutta, og dei har også i år feira 10 års jubileum.
Denne veka er det to ulike kurs som blir haldne. Det
eldste av alle er
Mo-kurset i Sogn og Fjordane og
Ungfolk i Telemark. Og neste veke er det klart for
Barentsungdom i
Troms under Kalottspel. Slikt målretta godt arbeid med dei
unge vil heilt sikkert gje gode resultat.
(31/07-07) |
Referat frå siste møte i Rådet for
folkemusikk og folkedans
Møtet var 7-8 juni og møtereferatet er
å lese på Rådet sine heimesider. Det er mange
interessante ting rådet arbeider med, til dømes den
immaterielle kulturarven, Kulturskolen (det finst 378
kulturskolar i landet!), nytt utval for
instrumentbyggartradisjonen, tiltaksmidlar, møte med
folkemusikk- og danseorganisasjonane og mykje anna.
(31/07-07) |
Svært vellukka Jørn Hilme stemne på
Fagernes vart avslutta søndag
Festivalen
på Fagernes varte i mange dagar og vart avslutta med
kappleik for A-klassen på søndag. Det samla
publikumsbesøket på arrangementa vart ca 9000 som er 1500
meir enn i fjor. Det var mykje folk både på konsertar,
dans, kappleik og kurs. Laurdagskvelden var heile 1500 til
stades på Valdres Folkemueum der mellom andre Lillebjørn
Nilsen og Valkyrien Allstars hadde konsert saman (sjå
biletet). Elles vil vi gjerne trekkje fram
kyrkjekonsertane "Som lilja rein" som var ei svært fin
konsertoppleving, der eit nyskrive tingingsverk av Nils
Henrik Asheim også inngjekk. Fin var også
jubileumskonserten for Strunkeveko (10 år).
I hardingfele klasse A vart Jan Beitohaugen Granli best og
fekk dermed felebogen som Niels Røine har laga til odel og
eige (vunne tre gonger). I dans hardingfele klasse A vart
Håkon Tveito og Sissel Rudningen frå Ål spel- og
dansarlag og Hemsedal spelemannslag best. I spel fele
klasse A vart Nina Owren Furuli frå Sør-Fron best. I
lausdans klasse A var Ulf-Arne Johannesen frå Ål best.
Her kan du lese alle resultata frå kappleiken. Om
festivalen elles kan du
lese her.
(30/07-07) |
Ola Hilmen frå Valdres fekk Torleiv
Bolstads minnestipend
Under Jørn Hilmestemnet fekk Ola Hilmen årets minnestipend
etter Torleiv Bolstad. Ola Hilmen spelar mellom anna i
Valkyrien Allstars og fekk prisen særleg for han var med å
nå nye grupper med folkemusikken.
Les meir her.
(30/07-07) |
Intervju med Arild Andersen føre
Telemarks-forestillinga
Under Folkemusikkfestivalen i Bø nyleg hadde Kirsten
Bråten Berg og Arild Andersen "reprise" på to
forestillingar som dei hadde for over 10 år sidan, nemleg
"Sagn" og "Arv". I forkant av forestillinga var det eit
interessant intervju med Arild Andersen i Ballade, der han
mellom anna fortel om samarbeidet mellom dei to
kunstnarane.
Les intervjuet her.
(30/07-07) |
Stort intervju med Annbjørg Lien i
Ballade
Under Telemarksfestivalen vart tingingsverket "Waltz With
Me" framført. Det gjorde stor lykke, men det var også
kritiske merknader, les
konsertmeldinga til Ida Habbestad. Nokre dagar før
hadde Ballade eit langt intervju med Annbjørg Lien som er
verdt å lese.
Les artikkelen her.
(30/07-07) |
Spennande artikkel i Ballade: Andre
generasjon Lindemangranskarar
Under årets Telemarkfestival i Bø var det eit møte mellom
kvedarane Øyonn Groven Myhren og Ingvild Buen Garnås - eit
slags vidareføring av det Lindeman-prosjektet som vi hadde
for ei tid sidan. Før denne konserten hadde Ida Habbestad
iet intervju med dei to kvedarane i Ballade. Her kjem det
fram mange interessante tankar og synspunkt som
folkemusikkinteresserte vil ha glede av å lese.
Heile artikkelen her.
(30/07-07) |
Ny publikumsrekord under årets
Telemarkfestival i Bø
Det var nær 7000 deltakarar på årets festival, og det er
ny publikumsrekord. Telemarkfestivalen engasjerer om lag
150 artistar som deltar i 20 konsertar/arrangement. Og det
blir meldt om eit vel gjennomført og vellukka arrangement.
Les meir her. Her kan du også lese
ei konsertmelding av opningskonserten på festivalen.
(29/07-07) |
Gjermund Bråthen vart vinnar av Eckbos
Legats folkemusikkpris
Den 16 år gamle dansaren frå Ål i Hallingdal har
utmerka seg som ein framifrå dansar. Han van også årets
Landskappleik i laus i C-klassen. prisen vart delt ut
under Telemarksfestivalen.
Les meir her.
(29/07-07) |
Vellukka NM i gamaldansmusikk i Vågå -
Landsfestivalen 2007
Det blir rapportert om eit vellukka stemne og svært mange
unge deltakarar på Landsfestivalen 2007. Heile 700
spelemenn deltok i 7 ulike klassar. Mestvinnande vart
Øyvind Sandum frå Lalm som vart norgesmeister både i solo
durspel og saman med gruppa Nordafjells i klassen
for grupper. Sør-Fron spelemannslag vart best i lagspel. I
solo andre instrument senior vart Marit Rusten (Otta)
best.
Her finn du full resultatliste.
(29/07-07 |
Benedicte Maurseth vart best i IntroFOLK
2007
Den store lanseringstevlinga for unge folkemusikarar, som
mellom andre Rikskonsertane står bak, vart vunnen av
hardingfelespelaren Benedicte Maurseth. Finalen på
tevlinga gjekk føre seg under Telemarksfestivalen. Juryen,
som vart leia av Åse Kleveland, var einstemmige i at
Benedicte var best fordi ho viste stor orginalitet
og svært god formidlingsevne. Les meir om det på
Ballade.
(29/07-09) |
Artistane til årets Folkelarm er nå
klare
Det er ei lang rekkje av våre fremste grupper og artistar
som vil vise seg fram på bransjetreffet i Oslo 28. og 29.
september på Cosmopolite og Belleville.
Her finn du heile lista over dei som skal vere med.
(17/07-07) |
Postens kulturpris for 2007 tildelt
Sigmund Eikås frå Jølster
Denne allsidige spelemannen har lagt ned eit stort arbeid
på mange felt innan norsk folkemusikk, som spelemann,
organisator, lærar og mykje meir, både lokalt og
nasjonalt. I fjor var det Oline Løvlid frå Hornindal som
fekk prisen.
Les meir om dette her.
(17/07-07) |
Egil Storebekkens musikkpris for 2007
tildelt Leif Løchen
Leif Løchen (f 1921) frå Vågå fekk årets pris. Les kva dei
skriv om han: "Prisvinneren, som er utdannet arkitekt, er
en av de virkelige pionérene innenfor dagens
folkemusikkmiljø, både som utøver, organisator, innsamler
og som lærer. Etter krigen la han som medlem av Laget for
Folkemusikk i Oslo ned en kjempeinnsats med å reorganisere
Landslaget for Spelemenn (LfS), og han ble valgt inn i
styret i LfS som sekretær på årsmøtet i 1946. I tillegg
redigerte han Spelemannsbladet i de første årene etter
krigen. Senere satt han som styremedlem i LfS fra 1955
til 1970, de to siste årene også som formann. Leif Løchen
har vært mye benyttet opp gjennom årene som dommer både
under Landskappleiken og andre kappleiker, spesielt på
e |